Svar på brev fra Jon
Eg veit at trakassering og hets er nedbrytande. Det kan godt vere at det er viktigare å skrive, forklare og vise dette i ålmenta enn det er å prøve å skrive noko om Bertheussen og Sløseriombudsmannen. Men er det ikkje plass til begge deler?
Debattinnlegg. Publisert fra 14. april 2021.
Følg denne debatten: «Åpent brev til Olaug Nilssen» av Jon Refsdal Moe.
Gode Jon Refsdal Moe,
Takk for brev! Eg har lest det med interesse. Men eg forstår ikkje kvifor det er eit brev til meg; det er vel meir ein refleksjon over teksten min i Bergens Tidende, og over Tord Torpe sin illustrasjon. Denne illustrasjonen var ikkje bestilt av meg, han var bestilt av avisa. Eg hadde ikkje sett han før han var på trykk; denne teikninga er ikkje mi ytring, han er ein kommentar til mi ytring.
Eg forstår heller ikkje kvifor du har ei uttalt målsetting om å få meg over på di side. For det første trur eg ikkje eg er særleg usamd med deg. For det andre oppfattar eg ikkje meg sjølv som på noko bestemt «side». Kva slags «sider» er det snakk om her? For eller mot kunst? Eg er for kunst. For eller mot offentleg støtte til kunst? Eg er for offentleg støtte til kunst. For eller mot trakassering og hets? Eg er ikkje heilt ukjent med å bli utsett for trakassering, og eg er difor heller ikkje heilt ukjent med å kjenne på ein type press som dyttar meg i retning mot å sjølv bli usakleg og nedrig. Akkurat desse mekanismane interesserer meg, både som menneske, samfunnsborgar og kunstnar.
Du skriv at viss du blei utsett for ei krenking av noko slag, så ville du reagert på ein sunn måte: «Jeg ville satt meg ned og skrevet noe. Jeg ville lest en bok. Jeg ville løpt en tur i skogen. Åpnet en flaske vin og skravlet hull i hodet på kjæresten min. Låst døra til badet og danset utagerende til «Break Ya Neck» av Busta Rhymes. Noe sånt. Jeg har en kanal. Et fritt ytringsrom om du vil.» Det er kjempeflott! Du ville reagert lurt. Men eg er ganske sikker på at du forstår at det finst fleire måtar å reagere på, ut frå til dømes klassetilhøyrsle, livserfaring og privilegium. Det finst fleire måtar å agere på, fleire måtar å vere i verda på, eg er heilt sikker på at du veit at det også finst andre uttrykksmåtar. Vi veit ikkje alltid kva vi sjølv ville ha gjort viss sånn og viss slik, men i etterkant av vanskelege erfaringar, kan vi reflektere, viss vi har tid og muligheit til dette.
Men eg er mot trakassering og hets. Eg veit godt at trakassering og hets er nedbrytande, for den som blir utsett for det. Det kan godt vere at det er viktigare å skrive, forklare og vise dette i ålmenta enn det er å prøve å skrive noko om Bertheussen og Sløseriombudsmannen. Men er det ikkje plass til begge deler?
Eg skal ikkje påstå at teksten min er perfekt og dermed ikkje mogeleg å misforstå. Mi eiga overskrift til teksten var «Kunstmisunnelse», og eg ser at eg kunne latt vere å seie ja til BTs framlegg til overskrift, nemleg «Kvifor er det berre kunsten som får lov til å vere fri?». Men eg synes begge overskrifter peikar på det same – det at nokon prøver å skaffe seg den same typen fridom som kunsten har. Det er også grunnen til at eg brukar uttrykket «fritt ytringsrom» om Are Søberg si anonyme Facebookside.
I teksten nemner eg veskene Laila Anita Bertheussen brukte i rettsaka mot henne. Eg nemner også ytringane hennar i samtaletråden gjort offentleg av Filter Nyheter. Eg skryt ikkje av nokon av delane, men eg prøver å tolke det ho uttrykker. Eg forsvarer ikkje dei lovstridige handlingane ho er dømt for å ha utført.
Når det gjeld tildelinga av Fritt Ord-prisen, så kan eg garantere at ho ikkje hadde med denne teksten i Bergens Tidende å gjere. Du kan lese grunngjevinga på Fritt Ord si nettside, om du er interessert. Om du vil lese den siste boka mi, er det berre å ta kontakt, så kan vi avtale bokbytte.
Beste helsing frå
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.