Kven er det eigentleg som er naive?
Emnet for denne teksten er korleis det står til med naivismen idag.
Essay. Publisert 23. juni 2004.
Vel, eg er ikkje så sikker på kva det vil seie å vere naiv, men lat oss byrje med «byrjinga», nemleg Erlend Loe og romanen Naiv.Super. frå 1996. Det er ganske lenge sidan 1996, men etter alt å dømme står det svært bra til med romanen. Naiv.Super. har blitt omsett til mange språk, og han blir så grundig lesen på ungdomsskular og vidaregåande skular at han fekk vere med i eit sangnummer i den norske handelshøgskulen sin revy under Uken i vår. Der vart det nemleg framført ein rap, og denne blei presentert som eit forslag til korleis norsktimane kunne bli sprita opp. Det var «the four great ones and the new kid in town» som framførte sketsjen. Ein av the four great ones rappa om Synnøve Solbakken, og då heitte det at «she was very pretty, but she grew up on the wrong side of the city». The new kid in town kom med denne meldinga: «Hey, everybody, I'm Erlend Loe. The cat says miaow and the cow says moo.»1
På norsk: Katten seier mjau og kua seier mø. Det er naivt å komme med slike sjølvsagte påstandar. Viss eg får lov til å vulgarisere Friedrich Schiller, så meiner eg å hugse at han påsto at den naive diktaren er ei som er overeins med naturen, og difor enkelt og greitt kan gjengje naturen som den er – ei som kan etterlikne røynda som ho «er» for henne, heilt uproblematisk. Katten seier mjau og kua seier mø. Den sentimentale diktaren, derimot, er kultivert i så høg grad at ho ikkje synest ho kan påstå noko sikkert om kva natur er. Difor klarer ho ikkje å gjengje røynda utan å problematisere henne, og ho prøver i staden å heve røynda opp til ei idealrøynd, det skulle vore slik, sutrar den sentimentale diktaren, eller så påstår ho: Det er slik!, sjølv om alle ser at det ikkje er sant.
I ein slik forstand (ein vulgærschillersk forstand), er ikkje Erlend Loe ein naiv diktar. På første side i Naiv.Super. seier hovudpersonen at «mitt liv har vært merkelig i det siste. Det kom til et punkt hvor jeg mistet interessen for det hele.». I resten av romanen prøver hovudpersonen å forstå kvifor interessen manglar, og han prøver å få den tilbake. At han gjer dette i eit enkelt språk, er så si sak; eg skjønar godt at dette språket fortener merkelappen «ny-naivisme», slik eg har sett at den har fått i Per Thomas Andersen si Norsk Litteraturhistorie frå 2001. Der står det også at hovudpersonen slit med mangel på samanheng i tilværet, og søker «det barnlige og førproblematiske» som løysing på dette problemet. Men det er skilnad på å søke «det barnlige og førproblematiske» og å vere i ein barnleg og førproblematisk tilstand, og ein roman som opphøger det barnlege og førproblematiske til eit ideal, er ikkje naiv, men sentimental. Å påstå at ein skulle ønske ein var naiv, er ikkje det same som å vere det.
Fire år etter at Naiv.Super. kom ut, kritiserte litteraturvitaren Eivind Tjønneland Loe for å vere unnvikande ettersom han prøvde å erstatte meiningstapet med «rein, naiv harmoni». Tjønneland har også hevda at «Det er helt greit å melde seg litt ut av samfunnet som 25-åring, men holder du på med det for lenge, blir du lagt inn på institusjon. Det holder ganske enkelt ikke.».2 Tjønneland kritiserte også fleire andre forfattarar, og det han var irritert over, var at alle presenterte enkle løysingar på det tilsynelatande altomfattande meiningstapet. Og då må eg spørje: Er det naivt å tru på enkle løysingar? Fortener ei bok som presenterer enkle løysingar merkelappen ny-naivisme? Og kva med bøker som skildrar meiningstap utan å finne noka løysing, eller med å finne løysinga: «Eg må vere dekadent»? Kva med bøker som knyter meiningstapet direkte til den aukande graden av kultivering av samfunnet, til dømes til deltakinga i det «overflatiske» by-livet? Kva med bøker med hovudpersonar som knyter meiningstapet til dei ufjelgt gjennomborande analyse-evnene sine? Er skildring av meiningstap naivt, er alle nittitalsbøker naive? Er det naivt å tru at det er nokon som vil lese fleire slike bøker? Er det slutt på desse bøkene? Har vi funne løysinga? Kan vi finne løysinga?
Slutt med denne tøysinga!3
Emnet for denne teksten er korleis det står til med naivismen i dag. Viss vi påstår om naivisme at det er «en kunstretning som dukket opp mot slutten av 1800-tallet», kan vi halde fram med å seie at «den kom som en reaksjon og et opprør mot den etablerte måten å male på. Disse kunstnerne ville ikke lenger følge de strenge reglene for bildekomposisjon som regjerte på den tiden. De tok i stedet utgangspunkt i barns måte å tenke på når de malte; deres oppfatning av omverdenen og begeistringen for ting og farger. Skyggelegging og perspektiv var ikke viktig for de naivistiske kunstnerne. De var mer opptatt av farger og detaljerte gjengivelser.».4
Altså: Den naive kunstnaren, den naive diktaren er ein diktar som brukar barnespråk/barneperspektiv. I så fall står det bra til med naivismen no til dags, ettersom svært mange, særleg unge forfattarar har brukt barneforteljarar i bøkene sine dei siste åra. Men eg synest ikkje dèt heller er særleg naivt å gjere. For dersom ein forfattar skal få lesaren til å tru på at stemma i boka ho har skrive er stemma til eit barn, må forfattaren gjere det klart at barnet ikkje forstår røynda på same måte som ein vaksen gjer det. Forfattaren må la forteljaren mistolke teikna til dei vaksne, forteljaren må bruke eit mindre avansert språk enn dei vaksne og forteljaren må gjerne gje barnet eit uvanleg biletspråk. Det uvanlege biletspråket kan vi tenke oss at barnet kjem til å slipe av seg i takt med danning, desillusjonering og tilpassing til samfunnet, men så lenge barnet framleis er eit barn, kan vi gle oss over det reine og ubesudla ved det uvanlege biletspråket. Men det er likevel forfattaren som står bak det naive språket; forfattaren konstruerer naivitet, og det er ikkje naivt.
Tilsynelatande meiner eg altså at ingen er naive. Likevel skal eg foreta ei overflatisk analyse for å sjå om to av fjorårets bøker kanskje er naive likevel. Den første boka heiter Glassblåserens munn, og er skriven av Frøydis Kvåle. Ho kalte den første boka si for Ping Pong Luftballong, og der drøymte hovudpersonen om Erlend Loe. Den andre boka har eg høyrt er naiv, nemleg Frank O. Anthun sin andre roman Vaya con Dios. Vi får sjå.
1)
Glassblåserens munn – Frøydis Kvåle
Glassblåserens munn handlar om Nina på ti elleve tolv tretten, som bur saman med sin eksentriske og humørsvingande kunstnarfar i eit stort, kråkeslottaktig hus. Dei høyrer til eit kristent felleskap i nærleiken, men faren kjem etter kvart i konflikt med forstanderen fordi han meiner det blir snakka for mykje om den strenge og dømmande Jesus, og for lite om sosialisten Jesus. Far og Nina har også mykje å gjere med dei tidlegare narkomane, som skal bli trygge og rusfrie i nabohuset, og det er der Nina møter den vaksne Einar, som ho etter kvart blir forelska i. Sjølv om ho også har ei «vanleg» jamgammal veninne som heiter Rosa, er ho i store delar av romanen mest saman med far og Einar. Spenninga og framdrifta (eller fram-og-tilbake-drifta) består først i korvidt far klarer å halde «Begeistringen» oppe, eller om han skal synke ned i mørke depresjonar. Mor er død, og Nina føler ansvar for at far skal ha det bra, noko som stel mange av kreftene hennar, særleg ettersom ho også må slite med dårleg samvit dei gongane ho tenkjer på at det er urettvist at ho skal vere omsorgspersonen. Dernest blir fokuset flytta meir og meir over på forholdet mellom Nina og Einar. Kjem dei til å bli kjærastar, og synest lesarane/dei sjølv/omgjevnadane at det er greitt?
Slik eg les romanen, handlar han mest av alt om Nina sin måte å utforske og fortelje om verda på. Ho får kjeft av læraren fordi ho er «for original» når ho skriv stilar, og sjølv om faren blir rasande, synest han ho skal vere glad for å vere nettopp original, ettersom «Original betyr: opprinnelig, opphavelig, ekte, særpreget, forbilde, førstehåndsarbeid. Altså noe å være svært stolt av.». (19) Eit motiv som blir nevnt fleire gongar i romanen, er eit kart faren teiknar etter å ha blitt inspirert av bibelsitatet «himmelriket er inne i eder»; han teiknar eit kart over bygda på matpapir over eit bilete av overkroppens indre organ. Eit kart er eit skjema over verda, og eit kart som har fleire enn eitt lag, er ein klar illustrasjon på at det ikkje held med ein type framstilling av noko som det er. Nina leikar også mykje med dukker; ho lagar eit dukkehus som tilsvarer huset ho og far og etter kvart Einar bur i, og så leikar ho at dukkene gjer det ho håpar skal skje eller skulle ønske hadde skjedd. Det blir altså presentert fleire alternative måtar å nærme seg ei hending på, og Nina blir også oppmoda om å ikkje la seg tilpasse normalen – noko ho av og til gjerne vil likevel, for å få gøyme seg der og sleppe unna den problematiske unormaliteten.
Kva er naivt med dette?
Historia er fortalt av eit barn. Barnet kan ikkje alle dei same orda som ein vaksen kan, så barnet må forklare kva det meiner på andre måtar, som her, når ho ikkje kjenner til omgrepet sarkastisk: «Pappa myser på meg og spør hva læreren syntes om innholdet. «Han syntes ikke den var for original, vel?» sier han og vrir munnen sin litt når han sier ordet original, vrir den litt nedover på den ene siden.» (27) Men som sagt: den som brukar barnestemmer i romanane sine, er sjeldan naiv. Som regel kan lesaren sjå avgrensingane til barnet i måten barnet fortel på, og ofte er det dette som gir klangbotn til barnestemmeromanane: lesaren lar seg gripe av misforholdet mellom røynd og oppfatting av røynd – barnet tar som regel rett og slett feil, men er rørande uskuldig i sine truer og voner. Og forfattaren kjenner til misforholdet, forfattaren gjer seg sjølv mindre verdsvand enn ho er for å oppnå ein effekt av uskuld, eller naivitet. Og vi kan sjølvsagt kalle diktverket naivt då, sjølv om det eigentleg slett ikkje er det.
Men når det gjeld Glassblåserens munn, så er barnet påfallande ikkje-naivt. Ho lærer tidleg at den alternative måten å fortelje om verda på, er nettopp alternativ, og det er ikkje naivt å velje eller reflektere over måtar å framstille seg sjølv på. Ein kan derimot seie om romanen at han er opptatt av det naive, ettersom det på mange måtar handlar om å søke det umiddelbare og det ekte, om å ikkje la seg styre av samfunnets trange normer og i staden stole på det som kjem innanfrå ein sjølv. Men det å ha slike ideal, er ikkje uproblematisk i romanen, og ei bok som er så rik på refleksjonar, kan ikkje kallast naiv, sjølv om språket er «barnsleg». Dessutan er den «naive» biletbruken rik; han viser til noko vi kjenner igjen, samtidig som det utvidar betydninga både av seg sjølv som bilete og det vi kjenner igjen.
2)
Vaya con Dios er Frank O. Anthun sin andre roman, og tilliks med den første romanen hans, Ut av bassenget frå 2000, er det Glenn Laastad som er forteljar og hovudperson. Glenn er ein ung jus-student i Bergen på midten av syttitalet. Han bur i bufelleskap på Skjoldhøgda, der han spelar bordtennis, les lekser og drikk seg full. På ferie i Paris, møter han den vakre Alicia frå Venezuela, og dei blir forelska i kvarandre. Ho besøker han i Bergen, og når ho reiser tilbake til heimlandet, lovar dei kvarandre å halde saman – Glenn må berre gjere seg ferdig med utdanninga si først, slik at han kan ha noko å tilby henne. Dei held kontakten med brev og eit par dyre telefonar, og sjølv om utdanninga tar lengre tid enn planlagt og besøk i Venezuela blir utsett og utsett, er Glenn stadig like forelska og trufast. Etter kvart blir det likevel usikkert om ho kjem til å halde lovnadane sine, og som lesaren nok hadde forventa, ser vi at avstand, kulturskilnadar og økonomi gjer den store kjærleiken vilkårleg.
Den andre hovudhistoria i boka vedgår Gustavo, som også kjem frå latinamerika. Han er ein av kameratane i Glenn sitt bufelleskap, og han opplever å bli banka opp av politiet etter å feilaktig ha blitt anklaga for å ha stole ei jakke. Dei største delane av romanen dreiar seg om korvidt Gustavo skal få oppreising – Kjem han til å melde politifolka? Vil han i så fall bli trudd? Og vil politifolka angi kvarandre? Glenn sin far er kriminalsjef på Bergen politikammer, og rådar sonen til å ikkje blande seg inn i saka – han kan jo risikere å setje juskarrieren på spel. Dermed blir Glenn sin lojalitet sett på prøve.
Kva er naivt med dette?
Han som fortel, er ein ung mann, men ikkje så ung at han ikkje veit at verda er meir enn han og det han ser. Det er mogeleg at det er naivt å tru at ferieforelskinga skal bli evig kjærleik og at det er råd å få has på politiet når dei har gjort noko gale, men om Glenn så trudde, så får han lære at vilkåra må ligge til rette for at både rettferd og kjærleik skal kunne bli gjennomført. I god danningsromantradisjon går han frå å vere ubekymra og livsglad til å vere bekymra og desillusjonert, men skilnaden på Glenn Laastad og til dømes unge Werther, er at Glenn Laastad aldeles ikkje er like inderlig. Når livet vender seg mot han, søker han tilflukt i fyll og dagdraumar. Det er meir humor enn tragedie i skildringane av fyllekulene hans, og det same gjeld dagdraumane, så lesaren får aldri høve til å tru at opplevingane hans er verre enn kva han kan tåle. Dessutan er denne typen danningsromanar eit så kjent fenomen at ein nesten kan synest at dei er naive i seg sjølv – dei skildrar noko kjent med eit språk vi kjenner så godt at det ikkje lenger har fleire enn ei tyding. Eg meiner til dømes at ein del isfjelltekniske noveller er så bundne til ein gjennomanalysert sjanger, at vi ser det som står mellom linjene like tydeleg som det som står på dei. Dermed kan eg påstå at isfjellteknikken er naiv, på same måte som eg kan påstå at Vaya con Dios er ei naiv bok, idet ho etterliknar røynd på ein velkjent måte. Ho fortel om ei kjent utvikling og ho brukar humor og ironi på ein overflatisk måte; ho spelar på ein gitar utan resonanskasse – what you see is what you get. Ja, dette synest eg er naivt, men det betyr ikkje at det er dårleg litteratur, i alle fall betyr det ikkje at det er uinteressant å fortelje noko på ein slik måte.
3)
Det er ikkje så uvanleg å finne ut at alle merkelappar kan diskuterast, og det kan nok i alle fall diskuterast korvidt det er fruktbart å kalle ein roman som Vaya con Dios for naiv. Likevel meiner eg altså at det er rettare å kalle Vaya con Dios enn Naiv.Super. for naiv dikting. Per Thomas Andersen skriv dette om nynaivismen til Erlend Loe: «Det er lett å forstå nynaivismen som en reaksjon både på avantgarde-dyrkelsen hos metafiksjonalistene og det rå og burleske i punken. Men nynaivismen har ikke forlatt senmodernitetens problemstillinger.» Det kan vi påstå at Frank O. Anthun har gjort, og eg kan plassere romanen hans i den populære båsen tilgjengeleg. Og ettersom eg trur at det vi meiner er «tilgjengeleg» med den «tilgjengelige litteraturen» som vi driv og hyllar og kallar etterlengta, er det eigentleg naive – det i vulgærschillersk forstand naive. Og i så fall står det jo bra til med den naive diktinga.
Olaug Nilssen
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.
Fotnoter
Sitert etter minnet. Tekstforfattarane på revyen, som heitte Pop, hadde etternavna Rønning, Pahle og Vik.
https://www.dagbladet.no/kultur/en-darlig-tid/65616425
«Slutt med denne tøysinga, her er nemleg løysinga» er eit sitat frå eit dramastykke Kristin Nilssen og Maria Tryti Vennerød skreiv i 1994.
www.skolenettet.no.
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.