Me spole te di slåst!
Håpet var raudgrønt då sonderings-kameratane samla seg ved Hurdalssjøen sine breidder. Men dramaet munna ut i eit beckettsk meiningstap.
Kommentasje. Publisert 16. oktober 2021.
The future is going to be boring.
J. G. Ballard
Dette essayet byrjar på do. Normalt ville eg aldri vurdert å situere meg sjølv i dette avlukkket for intime gjeremål i ein tekst som skal gjerast offentleg, og eg hadde definitivt ikkje tenkt å gjere det denne gongen heller, men så hende noko som fekk det til å framstå som både naturleg og nødvendig.
Det var dagen etter valdagen, og eg var på den indiske restauranten Masala Politics, eit eigedomsmeklarsteinkast frå Stortinget, i lag med seks kollegaer som skal få vere anonyme trass i at det neppe ville skada deira omdømme i vesentleg grad om dei ikkje fekk vere det. Masala Politics er, som namnet jo antydar, ein restaurant som set det politiske i sentrum for restaurantopplevinga på ein annan måte enn kva restaurantar flest har for vane. «Dette er ikke en meny, men vårt politiske program», står det på menyen. Du bestiller ved å levere ein «stemmesetel» kor du skriv nummeret på «kandidaten» du ynskjar å velje og også må krysse av på ein skala for kor sterk mat du vil ha. 1, det lågaste punktet på skalaen, er definert som «norsk politikk». Spørsmålet om kor vidt norsk politikk verkeleg er så u-spicy, skal vi kanskje kome tilbake til seinare i denne teksten, men det er ikkje dét som er grunnen til at denne teksten må byrje her på Masala Politics. Det som derimot er grunnen, er det noko spesielle grepet restauranten har vald å utsette gjestene for i toalettsituasjonen.
Dei spelar politiske talar på do.
Ja, du las rett. Dei har installert høgtalarar inne på toalettet og sett i hop ei speleliste med talar av kjende politikarar frå dei siste hundre åra eller så, frå Winston Churchill til Barack Obama, og denne går i ein evig loop medan gjestane utfører sine nødvendige, private ærend. Tilfellet eller lagnaden ville det slik at eg, då eg vitja toalettet etter måltidet, fekk høyre Noregs dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland sin vidgjetne nyttårstale frå 1. januar 1992, kor ho postulerte at det er typisk norsk å vere god. Det er eit sitat dei fleste nordmenn kjenner, det er så gjennomkanonisert at det til og med har si eiga side hjå Wikipedia, den frie encyklopedi. Ja, kanskje går det til og med an å seie at sitatet er sjølve kjernen i norsk politisk diskurs dei siste tre tiåra. Men det vert ofte sitert utanfor kontekst. I ein litt lengre versjon lyd det slik: «Fotballjentene, håndballjentene, skigutta og Oslo-filharmonikerne. De hevder seg i verdenstoppen. På samme måte skal vi vise at norsk næringsliv klarer seg internasjonalt. Kanskje er det på tide med et nytt slagord? Det er typisk norsk å være god.» Nøyaktig korleis statsministeren, eller taleskrivaren hennar, førestelte seg at næringslivet skulle oppnå resultat «på samme måte» som idrettsutøvarar og eit symfoniorkester, er uklart, men det interessante her er uansett det underliggjande premisset. Politiske talar er trass alt som regel ferskvare, og utanfor statsvitskaplege nørdekrinsar vil dei færraste ha høyrt Brundtlands nyttårstale frå 1992 i sin heilskap sidan ho heldt han, viss dei då ikkje har sete veldig lenge på do hjå Masala Politics. Men det ho skildrar er altså eit samfunn som har vore gjennom ei krise. «De økonomiske problemene vi har slitt med de siste fem årene, er de vanskeligste siden krigen», seier statsministeren. I dag opplevest det som fjernt og framandt å førestelle seg eit Noreg i økonomisk krise, og ingenting framstår som mindre påkravd enn eit slagord som skal gje nordmenn betre sjølvtillit, men dette er ikkje lenge sidan, sett i eit historisk perspektiv.
Den som har studert fotografi og TV-opptak av statsminister Brundtland ute i felten på denne tida, vil kanskje ha lagt merke til ein pen, ung mann som følgte stille etter i kjølvatnet hennar, ofte berande på ei dokumentmappe. Denne mannen er i skrivande augneblink Noregs påtroppande statsminister. Men det norske politiske landskapet er mildt sagt ganske annleis enn då Brundtland styrte, og det same er den komande regjeringssjefen sin eigen posisjon. «For øyeblikket er det helt utenkelig at dette landet skal kunne styres av et annet menneske enn Gro», hevda den eksentriske rikssynsaren Elling i Ingvar Ambjørnsens roman Utsikt til paradiset (1993).
Jonas Gahr Støre, derimot, har tilsynelatande slite i motbakke heilt sidan han overtok som partileiar i Arbeiderpartiet i 2014. Han har måtta handtere sviktande oppslutning og skandalane kring dåverande nestleiar Trond Giske, han har vore skulda for å framstå som vag og blitt nærast kontinuerleg mistenkt for å mangle handlekraft. I januar i år var Ap nede på 17-talet i enkelte meiningsmålingar, samstundes byrja det å svirre rykte om at «krefter» i partiet ynskja å byte Støre ut med byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen. Så seint som i juni gjekk Trygve Slagsvold Vedum, leiar i det antatt raudgrøne regjeringssamarbeidspartiet Senterpartiet (Sp), ut og peikte på seg sjølv som statsministerkandidat. Sjølve valkampen har min høgtæra kollega Frode Grytten allereie dekt på forvitneleg vis i desse spaltene, så her skal me elegant hoppe bukk over heile det sirkuset og i staden nøye oss med å konstatere at Ap gjekk tilbake i oppslutning samanlikna med førre stortingsval, noko dei òg gjorde ved førre stortingsval og ved stortingsvalet før dét. Likevel, då Støre rusla frå Arbeiderpartiet si valvake i Folkets Hus til Stortinget seint på valkvelden 13. september, omgitt av eit myldrande mediekorps, var det likevel ingen tvil om at her var det ein vinnar som gjekk. Äntligen! At the final shot he won the war, after losing every battle, som Bob Dylan så profetisk song.
Morgonen etter valnatta var Det Norske Politiske Kommentariat™ rørande einig med seg sjølv om at det som hadde framstått som Støre sin fremste veikskap som opposisjonsleiar no ville syne seg å vere hans største styrke som statsminister in spe. Den veloppdragne guten frå Oslo Vest som føretrekk å snakke i små bokstavar, syner aversjon mot pompøse og bombastiske utsegner og konsekvent nektar å kome med perfide og usaklege åtak på meiningsmotstandarar, var ikkje særskilt godt eigna til å hamre laus på den borgarlege regjeringa frå avmaktens korridorar på Stortinget. No, derimot, skulle vi få sjå. Støre var ein diplomatiets Diego Maradona. Ein forhandlingsfyrste. Kompromissets kronhjort! Han skulle sameine agrarnasjonalistane på Sp sin høgrefløy med verdsfjerne natursvermarar lengst til venstre i SV. Han ville overtyde sine prospektive regjeringspartnerar om at det var mogleg å drepe alle ulvane utan å drepe ein einaste ulv. Noreg skulle pumpa opp all olja som oppumpast kunne utan å pumpa opp ein drope olje! I denne verda er alt mogleg viss mennesket berre vågar å føre ein open og fordomsfri dialog.
Ap hadde altså oppnådd fleirtal i lag med dei partia dei ynskja å ha fleirtal med. Likevel hadde Støre eit problem, eller rettare sagt ei «utfordring», som det heiter på positiv tenkingsk, det dominerande maktspråket i vår tid. «Utfordringa» var at det eine fleirtalspartiet, Sp, gjennom heile valkampen hadde oppført seg som hen du sikkert hugsar frå barnehagen, hen som berre vil leike med bestekameraten og vert sur viss bestekameraten seier at nest-bestekameraten òg får vere med å leike. Dei ville regjere med Ap, sa dei, men kunne kome til å hive alt som var av bøtter og spader og plastlastebilar ut av sandkassen viss SV fekk vere med. SV, på si side, prøvde å late som om dei ikkje syntest at Sp oppførte seg barnsleg og teit, og sa at dei gjerne ville vere med å regjere, og at Sp kanskje til og med kunne få lov til å låne den nye trøbilen deira, under føresetnad av at partimedlemmene godkjende det i ei uravstemming først. Dette var altså det Støre hadde å hanskast med, og innleiingsvis såg han ut til å lukkast brukbart med det. Den første veka etter valet var ei oppvisning i koreografert jovialitet. I rein og skjær inkluderingsiver valde Ap-leiaren å møtast ikkje berre med sine presumptive regjeringskollegaer, men òg leiarane for dei to andre partia på raudgrøn side, Raudt og MDG. Jonas og Trygve! Jonas og Audun! Jonas og Bjørnar! Jonas og Une! Alle vart dei fanga i pressefotografane sin krysseld og eksponert på fronten til alle landets nettaviser med sine pavlovsk betinga smil.
Men den som vil danne regjering kan ikkje berre drive og sose rundt inne i Oslo og ha møte med andre partileiarar, det er noko alle veit. Det eksisterer ein eigen kodeks for dette, ein urgamal og uhyre intrikat prosedyre som må haldast i hevd for all tid. Det i særklasse viktigaste punktet i denne prosedyren er at dei vonleg framtidige regjeringskameratane sine respektive forhandlingsdelegasjonar må samlast på eit hotell i landlege omgjevnader. Denne gongen fall valet på Hurdalsjøen hotell ved Hurdalsjøen i Hurdal. Som dei fleste val fekk også dette utilsikta konsekvensar. Dei tre partia valde nemleg å booke heile hotellet, eit grep som kunne minne om italienske fotballklubbar på 1960-talet, då dei var på sitt mest paranoide og innbilte seg at motstandarane spionerte på dei overalt. Dette førte til at Dagsavisen si leiarsamling ved Hurdalsjøen måtte flyttast til eit anna hotell. Det same måtte bryllaupsfesten til eit lokalt par. «FIKK BRYLLUPET AVLYST AV STØRE!», stod det i VG, endå dét umogleg kunne vere sant. Brura stod fram i avisa og fortalde om «et vondt døgn». Ein venta berre på at eit utval norske artistar skulle gå i studio og spele inn ei låt til inntekt for det hardt råka paret. Hurdal Aid. Do they know it’s regjeringssonderingar at all?
For det var det det var. Sonderingar. Vanlegvis når ein gitt konstellasjon har parlamentarisk grunnlag for å danne regjering, går dei rett til forhandlingar om regjeringsplattforma, men denne gongen skulle det altså sonderast først. Å sondere tyder ifølgje Store norske leksikon å «undersøke noe forsiktig; skaffe seg kunnskap om en oppfatning, stemning eller lignende». Dette høyrest unekteleg nokså abstrakt ut, og nasjonen heva sine kollektive augebryn i undring. Sjølv er eg heldigvis litt for ung til å ha vorte traumatisert av «Pompel & Pilt» i oppveksten, men no kunne eg likevel høyre psykopat-røysta til Gorgon vaktmeister for mitt indre øyre: «Sondeeere, evalueeere, prokrastineeere». Den påtroppande statsministeren hadde heile tida gitt uttrykk for at «stemninga» var særs god og at «oppfatninga» hans var at dei tre partia som deltok i sonderingane ville kome til å danne regjering. Det måtte altså vere «eller lignende» som var grunnen til at sondering var nødvendig. «Eller lignende» bestod i at Sp gjerne ville kvitte seg med SV viss mogleg, samstundes som SV gjerne ville i regjering, men ikkje for ein kvar pris. Begge partia hadde gått fram, men SV ikkje så mykje som håpa og Sp ikkje så lite som frykta. Audun Lysbakken hadde ikkje til hensikt å la seg overkøyre, medan Trygve Slagsvold Vedum slett ikkje var parat til å la ein juniorpartner han ikkje ville ha, diktere premissa for eit eventuelt samarbeid. Sett utanfrå kunne det sjå ut til at SV og Sp var ueinige om det meste, sett vekk frå det dei begge var ueinige med Ap om.
Her er vi framme ved eit interessant paradoks, som gjer at vi skal snakke litt om Gro Harlem Brundtland igjen. Etter valet i 1989 hadde Ap, Sp og SV nemleg òg fleirtal i Stortinget, men den gongen var det sjølvsagt ikkje aktuelt for nokon av dei tre partia å verken sondrandle eller fordere. For det første fordi det var utenkjeleg at Ap skulle regjere i lag med nokon som helst: Når Ap styrte, styrte dei åleine, sånn var det berre og slik skulle det halde fram med å vere heilt fram til 2005. For det andre fordi Sp på denne tida var trygt plassert på borgarleg side. Regjeringa Gro II måtte difor gå av og vart erstatta av regjeringa Syse, kor Høgre, KrF og Sp regjerte på nåden til Frp, som hadde gjort eit brakval. Men allereie året etterpå gjekk denne regjeringa i oppløysing fordi H og Sp byrja å krangle om nokre obskure detaljar knytt til forhandlingane om den på dette tidspunktet framtidige folkerettslege avtalen mellom EU og EFTA, det såk. europeiske økonomiske samarbeidsområdet, eller, for å seie det med eit akronym vi alle kjenner så godt: EØS. Sp gjekk dermed ut av regjeringa. Mange venta likevel at statsminister Jan P. Syse og resten av dei borgarlege kumpanane skulle halde fram med å styre, men så føretok den dåverande Sp-kronprinsessa Anne Enger Lahnstein ein snedig, frekk og oppsiktsvekkjande manøver. Direkte på Dagsrevyen – for eit drama, mine damer og herrar! – peikte ho på Gro Harlem Brundtland, som dermed måtte trå til som regjeringssjef for tredje gong. Denne manøveren lever vi framleis med konsekvensane av i dag. EØS-avtalen tråtte i kraft 1. januar 1994, berre nokre veker før den ultimate manifestasjonen av det Gro-lanserte typisk norsk å vere god-paradigmet: OL på Lillehammer. Paradoksalt nok kan det vere at den gladnasjonalistiske parademarsjen under OL spente bein på statsminister Brundtland sitt store politiske prosjekt under hennar siste regjeringsperiode, nemleg å få folket med seg på å gå inn for norsk EU-medlemskap. Prestasjonane med ski og skøyter på beina gjorde nordmennene så ellevilt begeistra for seg sjølv at dei konkluderte med at landet ikkje trong nokon andre, og heller enn å følgje 'a mor inn i EU sin trygge famn, valde dei å vende Europa ryggen og kåre Lahnstein til nei-dronning. Den gongen kunne Gro neppe sett føre seg at noko slikt ein dag skulle bli mogleg, men 27 år seinare skulle eks-dokumentmappeberaren hennar, den fransktalande verdsborgaren Støre, sondere om moglege regjeringsforhandlingar med to parti som ikkje berre er mot norsk EU-medlemskap, men til og med har programfesta å trekkje landet ut av EØS. Alt heng saman med alt.
Men no: Til Hurdalsjøen! Immer nach Hurdalsjøen! Det finst som nemnt ein slags implisitt protokoll, eit sett av uskrivne reglar, for regjeringsforhandlingar (eller i dette tilfellet: sonderingar), men for å gjere det litt enklare for oss sjølv kan vi jo skrive eit par av dei ned.
For det første er det altså viktig at hotellet kor forhandlingane finn stad, ligg landleg til. Dette er for å vise at dei komande regjeringspartnerane trivst i naturen. Det er umogleg å bli elska av Det Norske Folk™ viss du ikkje trivst i naturen. Støre har rett nok gått på eliteskule i Paris, men trivst likevel visstnok så godt i naturen at det på eit tidspunkt blei spekulert i at han grudde seg til å flytte inn i statsministerbustaden når han vart statsminister, då denne ligg midt i Oslo sentrum og ikkje like ved Marka, slik Støre sin private bustad gjer. Ettersom regjeringsforhandlingar så godt som alltid går føre seg på hausten, då den norske naturen er på sitt vakraste, er dette grepet særskilt effektfullt. Gyllent lauv dalte gjennom lufta idet dei svarte bilane med sonderingsdelegatane rulla inn på parkeringsplassen framføre hotellet.
For det andre er det viktig å framstille situasjonen som mest mogleg «uformell», noko ein til dømes kan gjere ved å kle seg mindre politikaraktig enn politikarar vanlegvis gjer. Mannlege deltakarar kan med fordel unngå dress, og slips er under alle omstende tabu. Ta heller på ei kvardagsbukse og ein litt comfy genser. Kvinner bør ditche businesskvinnedraktene sine og i staden framheve si mjuke side ved å iføre seg eit stort sjal.
For det tredje er det essensielt at alle er i påfallande godt humør, eller i alle fall framstår som om dei er det utad. Inne på hotellet, under konferansesalen sitt bleike lysstoffrøyrlys, kan det sjølvsagt vere annleis. Første gong desse tre partia regjeringsforhandla, i 2005, skal dei tre kvinnene som utgjorde Sp-delegasjonen ifølgje fleire innbyrdes uavhengige kjelder ha vore «møkk sure hele tiden». Men slikt kan ein jo ikkje snakke høgt om. Det strid mot heile forhandlingssituasjonen sitt etos. Sure damer, nei takk, du! Forteljinga om senterpartistinnene sin bruk av «dårlig humør som forhandlingstaktikk» nådde ikkje ålmenta før fleire år seinare.
For det fjerde er det fint om aktørane på ein eller annan måte kan vere litt «personlege». By litt på seg sjølv. Jonas Gahr Støre framstår som ein nokså privat mann som ikkje er spesielt gira på å by på seg sjølv, så under pressekonferansen på første sonderingsdag valde han i staden å by på nokon andre, nærare bestemt Trygve Slagsvold Vedum. Støre kunne avsløre at Hurdal var ein plass som tyda noko heilt spesielt for Vedum. Han var nemleg unnfanga der! Denne saksopplysinga vekte stor åtgaum mellom dei tilstadeverande journalistane og gjorde at dei i stor grad gløymde å stille kritiske oppfølgjingsspørsmål, som til dømes: Kven er det som går rundt og veit kva for kommune dei vart unnfanga i? Rett nok er sjølvsagt Sp-leiaren over snittet oppteken av distriktspolitikk, men likevel. Heile episoden var så pass bisarr at eg, då eg skulle skrive om han fleire veker seinare, vart nøydd til å dobbelsjekke at detaljane faktisk stemte, noko som, kjære lesar, tydar at eg faktisk har googla «Trygve Slagsvold Vedum unnfanget», og sjølv om eg kan slette det frå søkehistorikken min, kan eg aldri slette det frå minnet mitt.
Medan pressefolka stod utanfor og tenkte på herr og fru Vedum sitt seksualliv på slutten av 1970-talet, gjekk delegatane inn på hotellet for å byrje sonderingane. Hurdalsjøen Hotell er (ifølgje Hurdalsjøen Hotell sine nettsider) «en arkitektonisk perle som speiler seg vakkert i Hurdalsjøen» og «garanterer det beste for kropp og sjel». Men kunne det garantere at landet fekk ei ny regjering? Sjå, dét stod att å sjå. No vart det spanande! Hurdalsjøen Hotell profilerer seg òg som eit slags kunsthotell: Dei har ein skulpturpark med fleire verk av mellom andre Nico Widerberg og Ole Martin Skaug, og i lobbyen heng eit stålrelieff av sjølvaste Jørleif Uthaug, ein av mine personlege favorittar. (Han er ein av mine personlege favorittar fordi kunstnarskapet hans er spennande, men først og fremst fordi han heitte Jørleif Uthaug.) Temaet for hotellet si kunstsatsing er «mangfold», og det passa jo godt no når Jonas Gahr Støre skulle freiste å sameine eit mangfald av motstridande interesser og preferansar. Sjølv om Sp og SV sat i regjering i lag i åtte år under Støre sin forgjengar Jens Stoltenberg, er det vanskeleg å unngå kjensla av at dei to partia ikkje eigentleg likar kvarandre særleg godt. Sett frå ein senterpartisk ståstad er SV-arar naive hippiar som aldri har hatt møkk under neglene, trur ulven er eit kosedyr og at alle samfunnsproblem kan løysast ved å halde eit seminar. Medan i SV oppfattar ein den jamne Sp-ar som ein litt vulgær og udanna person som ikkje har forstått at i det moderne samfunnet går det faktisk an å både dusje og bruke deodorant. Det verka ikkje som noka enkel oppgåve å få desse kamphanane til å bli kumpanar, men Støre, pragmatismens Pelé, hadde jo lova at han skulle klare det, så då kom han vel til å klare det, vel? Vel?
Dei tre partia stilte til dyst med kvar sin sonderingsduo. Støre hadde med seg nestleiar Hadia Tajik, medan Lysbakken hadde med seg nestleiar Kjersti Bergstø. Vedum, derimot, valde å ikkje ta med seg nokon nestleiar, men satsa i staden på parlamentarisk leiar Marit Arnstad, ei av dei tre sure damene frå 2005. Veteranen Arnstad var den einaste i sekstetten som hadde erfaring frå regjeringsforhandlingar frå før (men hugs no for Guds skuld at dette ikkje var forhandlingar, men sonderingar), og vart i pressa gjerne omtalt som ein «slugger». Ein «slugger» er ifølgje Store norske leksikon «en bokser med stor styrke, hardførhet og angrepslyst, men ofte dårlig teknikk.» Jaha. Ein kan seie mykje om Bergstø og Tajik, og for så vidt òg om Lysbakken og Støre, men ingen av dei er sluggerar etter denne definisjonen. Vedum, derimot, kan nok med litt velvilje passere som ein over snittet blid slugger. Skulle dette sluggeraktige ved Sp sin delegasjon avgjere sonderingane til deira fordel? Kunne styrken og hardførheita kompensere for mangelen på teknikk? Angrepslysten til Sp var det openbert ingenting i vegen med, Vedum var jo trass alt på heimebane her i sin eigen unnfangingskommune. Men viss vi skal halde fram med boksemetaforane heilt til det vert pinleg, så var det utøvarar i ulike vektklassar som møttest til trekamp på Hurdalssjøen: The Rumble in the Skævv. Valresultatet – på politisk kommentator-munne ofte omtalt som «kjøttvekta» – bestemmer i utgongspunktet kor stort gjennomslag eit parti kan vente å få, men alle som stiller til forhandlingar (eller sonderingar) gjer det med ein ambisjon om å få oppfylt meir enn minstekravet sitt. Fjørvektaren Lysbakken og weltervektaren Vedum håpa begge å få inn ein uppercut eller to på tungvektaren Støre, samstundes som dei måtte prøve å slå knockout på kvarandre. Det var duka for drama on the shores of Lake Hurdal!
Det vil seie, det var det jo ikkje. Eller i det minste ikkje enno. Problemet med boksemetaforen i dette tilfellet er at han får det til å høyrast ut som om det var veldig spennande, medan det i røynda var ganske kjedeleg, i alle fall for oss som stod på utsida, det må det vere lov å seie, Egil. Vi hugsar at Masala Politics definerer norsk politikk som spice-nivå 1, og på dette tidspunktet var det vanskeleg å ikkje gje dei rett i det. Utanfor hotellet låg journalistar og fotografar og luska i buskane medan tida gjekk og ingenting tilsynelatande hende. Den tredje dagen, då Jesus som kjend stod opp frå dei døde, valde partia å utvide sonderingsdelegasjonane sine med ein tredje person kvar. Ap og Sv henta begge inn den av dei to nestleiarane sine som ikkje allereie var på Hurdalsjøen, nemleg Bjørnar Skjæran og Torgeir Krag Fylkesnes. Sp valde å satse på nok ein ikkje-nestleiar, stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik. I mangel på konkret politisk innhald frå sonderingane kunne ein jo spekulere litt i dette: Kva kunne vere grunnen til at Vedum valde å halde nestleiarane sine utanfor? Leid han rett og slett av nestleiar-aversjon? Eit irriterande, rosa utslett som spreidde seg oppover halsen og nakken og til slutt dekka heile fjeset hans viss det kom nestleiarar i nærleiken. Kva? Den offisielle forklaringa var at Gjelsvik sat i finanskomiteen på Stortinget og difor hadde litt peiling på dette med pengar, som jo er kjekt å ha med nokon som har peiling på ettersom pengar når alt kjem til alt er det norsk politikk handlar om. Vi har mykje pengar, men korleis skal dei fordelast? Kven skal få meir pengar, og kven skal få mindre? Kor stor vekt skal vi leggje på å tene endå meir pengar? Og kva, om noko, skal vi gjera med dei negative konsekvensane all denne pengeteninga vår får for natur, miljø og klima? Alt dette var dei tre sonderingspartnerane framleis til dels temmeleg ueinige om. «Kilder» skildra sonderingane som «krevende». Jonas Gahr Støre sa at grunnen til at ein valde å forsterke sonderingsdelegasjonane, var eit «behov for å gå litt dypere». Litt? Nøyaktig kor djupt er du viljug til å gå, Jonas? Hurdalsjøen er seksti meter djup på det djupaste. Uansett: Sjølv om det stadig var noko uklart nøyaktig kva dei tre nykomarane skulle bidra med, førte ankomsten deira til det næraste media kom eit såk. «skup» under sonderingane. Om ettermiddagen måndag 27. september lukkast det nemleg fleire av fotografane som låg luskande i buskane å knipse bilete av Bjørnar Skjæran som spelte biljard med seg sjølv i hotellobbyen! Konfrontert med dette erkjente Ap-nestleiaren dei faktiske forhold, men hevda at han «bare lekte seg litt» ved biljardbordet i ein pause. Bare lekte seg litt! Trur du dette er ein leik, Bjørnar? Hugs at forhandlingane er «krevende» og at det er behov for å «gå litt i dybden». (Av uforståelege grunnar var det ingen av dei kulturlause journalistane ved Hurdalssjøen som spurte Skjæran kva han syntest om det flotte stålrelieffet til Jørleif Uthaug som heng i den sjølvsame lobbyen, og som, tilfeldig eller ikkje, førestiller ein stor fisk.)
Då eg var barn, såg vi alltid på video i bursdagsselskap. Viss vi syntest filmen var langtekkeleg eller uengasjerande, hende det at nokon ropte «Me spole te di slåst!» Så vidt vi veit kom det aldri til handgemeng mellom dei sonderande partane ved Hurdalsjøen, men vi skal likevel tilate oss å spole fram til det einaste i denne etter kvart ganske lange soga som med ein viss velvilje kan kallast eit dramatisk høgdepunkt: Onsdag 29. september, då SV sin delegasjon forlet hotellet i all hast. Audun Lysbakken, som tidlegare hadde verka svært så innsats- og samarbeidsviljug i dei medierådgjevaroppbretta skjorteermene sine, gadd no på ingen måte å leggje skjul på kor misnøgd han faktisk var. «Det er med stor skuffelse at vi må erkjenne at det etter SVs syn ikke er politisk grunnlag for å danne rødgrønn regjering», sa han. Med dét meir enn antyda han at både det raude og det grøne aspektet ved den komande regjeringa i realiteten var avhengig av SV si deltaking. Både det han sa, og måten han sa det på, avslørte at han hadde vore irritert ei god stund. Ap og Sp «var ikke villige til å gi nok for å få en flertallsregjering», sa han. «Da måtte vi hatt [...] en mye mer kraftfull politikk mot forskjeller og en mer kraftfull klima- og naturpolitikk.» Han avslutta med å erklære at SV ville vere «konstruktive» i forhandlingar og at dei ikkje utelukka å gå inn i ei raudgrøn regjering på eit seinare tidspunkt, men at dei per no var å rekne som eit opposisjonsparti. Audun had left the building.
Kva no? Ein openbert litt forfjamsa Støre reagerte som om han var rektor på ein ungdomsskule og SV ein spesielt vanskeleg elev. «Jeg hadde håpet på et annet utfall», sa han, ikkje sint, berre veldig, veldig skuffa. «Jeg oppfattet at vi og Senterpartiet var klare til å gå i forhandlinger, men SV trakk konklusjonen om at de ikke var klare for det.» Men kvifor var dei ikkje klare for det? Korleis kunne det ha seg at han, Jonas Gahr Støre, ikkje hadde klart å overtyde dei om at det var rette vegen å gå? Han som liksom skulle vere ein så utifrå gjæv diplomat, og så klarte han ikkje ein gong å få storbønder og treklemmarar til å sitje side om side ved Kongens bord. Kva var greia? SV hadde heilt sidan før valet vore klare på at dei hadde til hensikt å sende ut ein eventuell regjeringsplattform til uravstemming mellom medlemmene. Lysbakken var sjølvsagt ikkje særleg hypp på å gå på eit prestisjenederlag i eige parti, altså kom han ikkje til å sende ut noko han ikkje var heilt sikker på at han ville få fleirtal for.
Heilt sidan 2014, då han tok over som partileiar etter Jens Stoltenberg, hadde målet til Støre vore å få til det same som forgjengaren gjorde, nemleg å verte statsminister i ei fleirtalsregjering. For å få det til, visste han at han måtte tilby SV noko, men han klarte ikkje å tilby dei noko dei ville ha. Det var logisk å anta at det var Sp som hadde sett foten ned for dei mest radikale SV-løysingane, men kjelder «tett på» sonderingane hevda tvert imot at partileiinga var mest skuffa over måten Ap hadde opptrått på. Sentrale Ap-politikarar, derimot, la sjølvsagt ansvaret for at det hadde gått som det gjekk på SV, og «stilte spørsmål» ved om partiet eigentleg hadde hatt noko ynskje om å gå i regjering i det heile tatt! Den «gode stemninga» frå då sondørane først møttest ved Hurdalsjøen, ei veke tidlegare, var forsvunne som dogg fyrr soli. Den einaste som hadde grunn til å vere nøgd var Trygve Slagsvold Vedum, som kunne smile i det skjegget han kanskje ville ha grodd viss han hadde hatt skjeggvekst.
Støre hadde ikkje vunne krigen likevel. Han hadde gått på eit bittert prestisjenederlag på det verst tenkelege tidspunkt, og autoriteten hans som leiar var dramatisk svekka allereie før han tok over som statsminister. Han kunne ikkje seie noko om det, sjølvsagt, men han må ha vore fortvilt. Han hadde vore så sikker på at dette skulle gå. Men så gjekk det ikkje. Det må ha vore fortærande. Jonas Gahr Støre er ein klok mann, som både vågar og evnar å tenkje strategisk på ein annan måte enn dei fleste norske politikarar har hatt for vane. Han er i stand til å forstå historiske prosessar og sjå føre seg ulike framtidsscenaria. Men i den avgjerande augneblinken i karriera hans, svikta denne evnen han. Det er vanskeleg å fatte, sett utanfrå, og har sikkert òg vore vanskeleg å fatte for han sjølv. Han hadde drøymt om å verte historisk, og det vert han, men ikkje på den måten han ynskja: Han vert historisk som den første Ap-leiaren som styrar ei koalisjonsregjering i mindretal.
Etter at sonderingane endte med SV sin uttogsmarsj, kunne forhandlingane ta til. Men det var vanskeleg å opparbeide det heilt store engasjementet for det som no gjekk føre seg ved Hurdalsjøen. Alle visste allereie omtrent korleis det ville gå. Dei to partia var einige om ein stø og uansvarleg kurs i oljepolitikken og ein streng, men urettferdig asyl- og innvandringspolitikk. Ap ville slengje ut nokre distriktskjøtbein som Sp kunne gnage på dei neste fire åra. Regjeringa ville gjere litt, men ikkje nok, på alle viktige saksfelt. Det kom ikkje til å skje noko spennande før dei måtte søke støtte for politikken sin i Stortinget, kor eit for augneblinken uventa opprørsk og iltert SV stadig var den mest sannsynlege samarbeidspartneren. SV stod no trass alt fritt og trong ikkje lenger uroe seg for å verte hakka laus på av MDG i miljøpolitikken og Raudt i sosial- og fordelingspolitikken, slik dei måtte viss dei hadde vore ein del av regjeringa. Støre visste sjølvsagt godt kva slags utfordringar dette kunne kome til å by på. Kanskje ville også Vedum i løpet av fireårsperioden erfare at det kunne ha vore klokt å love litt mindre og halde litt meir.
Då regjeringsplattforma var støypt og regjeringskabalen lagt, var det særleg to statsrådutnemningar som vekte stor merksemd. Det eine var at den nye justisministeren «berre» er 28 år, noko som fekk ein bråte gamlingar, som strengt tatt ikkje burde hatt tilgong til internett, til å ase seg voldsomt opp. Til dette er det å seie at ein 28-åring faktisk er vaksen, at Emilie Enger Mehl allereie har ein periode på Stortinget bak seg og at ho dessutan vann den første sesongen av Anno på NRK, noko ein bør ha respekt for. (Mehl vart til og med meister i faget bøkring. Kan du bøkre, gamle mann på Facebook?) Den andre var at Støre valde å regelrett trolle sektor for høgare utdanning og forsking ved å gje den i akademiske og intellektuelle krinsar nærast universelt forakta Ola Borten Moe ansvaret for sektoren. «Universitet har blitt et distriktspolitisk virkemiddel!», var gjennomgangstonen i sosiale medier.
Elles var det lite å seie. Vedum hadde fått det som han ville, men det står att å sjå om han får det som han vil. Støre må styre ei anna regjering enn den han hadde ynskja seg, og ingen veit korleis han kjem til å takle det. Det er vanskeleg å sjå korleis han skal klare å skape entusiasme for eit regjeringsprosjekt som er så gjennomført middle of the road. Men kanskje kan Støre kveike gløden i seg sjølv? Kanskje kan han finne ein ny giv, ei ny retning for eit politisk prosjekt som nett no verkar prega av stillstand, eit nærast beckettsk meiningstap. Kan han halde ein visjonær politisk tale som dei vil spele på do på Masala Politics om tretti, femti eller hundre år? Kanskje. Men det er ikkje lett å tru på, for å seie det svært mildt. Per medio oktober 2021 framstår det som om det er typisk norsk å vere middelmåtig. Det er typisk norsk å vere i mindretal. No er det vanlege folk sin tur til å verte skuffa. Atter ein gong.
Vinduets dekning av norsk politikk høsten 2021 er støttet av Fritt Ord.
Nils Henrik Smith
Født 1980. Forfatter og journalist. Siste bok: Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball (Samlaget, 2021).
Født 1980. Forfatter og journalist. Siste bok: Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball (Samlaget, 2021).