Munnvikemumlinga mi
Om Song for to stemmer og ein lukka munn av Fanny Holmin.
Essay. Del av artikkelserien «Røyksignaler fra The Badlands» (for introduksjon av serien, se bunn av teksten). Publisert 1. oktober 2001.
MUNNVIKEMUMLINGA MI
… står ikkje i stil med det klare og tydelege språket til Fanny Holmin, men HENSIKTA MED DENNE TEKSTEN ER Å GJERE POTENSIELLE LESARAR MERKSAME PÅ PROSADIKTSAMLINGA SONG FOR TO STEMMER OG EIN LUKKA MUNN1 AV FANNY HOLMIN, OG SÅ NYFIKNE PÅ BOKA AT DEI GÅR OG LES HO og gjerne gløymer å undersøke om det var noko i det eg mumla.
«Veit ikkje kva ord det er rett å starte med.
Har heller ikkje i dag noko særleg du skulle ha sagt.
Men den valdsame lengten etter å seie det.»
Eg trur ofte det ikkje skal vere nødvendig å forklare kva det er som gjer ein tekst til ein god tekst, ei god oppleving; eg trur det skal vere nok å vise han fram, peike på han og sei SJÅ HER!
SJÅ HER!
og dersom det ikkje er nok å gjere det, (viser eg teksten fram for å gje nokon ei god oppleving, eller for å få åtgaum for mi eiga gode oppleving? Er det noko ved meg eg viser fram, eller?) kan den eg viser teksten til berre ha det så ignorant godt, det er denne vedkommande som er dum, ikkje eg, denne vedkommande skal faen meg kjenne seg dum òg, men det gjer han ikkje, («vedkommande» er eit hankjønnsord, og på nynorsk er det rette pronomenet ikkje den, men han), (i nødvendig parantes bemerka), han går heller lattermildt rundt og seier SOM DET SEG HØR OG BØR I EN BOK AV DENNE ART, OSER DEN AV BILLIG PARFYME, SVETTENDE ARMHULER OG KLUMPETE MENSTRUASJONSBLOD2
Det er tydelig at feil vedkommande ikkje har lest denne boka noko særleg godt.
Ofte når eg les diktbøker, lar eg meg sjølv berre lese blindt. Det betyr at eg ikkje følger med, eg berre les og forsvinn så godt eg kan, lar meg vekke når det vil, eller eg vil; når det skjer. Ignorante kjerring, kan vi av den grunn kalle meg.
«(Du har gitt deg sjølv det namnet)»
«Det er meg og pust./ Meg og pust. // Det eg ikkje kan hugse er det eg verkeleg høyrer.»
Fanny Holmin, eg har drive og fortalt deg løgner om at eg skal ha lese prosadiktsamlinga du har skrive og som kom ut i 1997:
SONG FOR TO STEMMER
OG EIN LUKKA MUNN
Eg hugsar ikkje kvifor eg begynte å lyge om dette. Den første gangen eg møtte deg, sa eg berre, som sant var, at eg hadde høyrt deg lese, og at eg hugsa den der teksten om augestikkaren som ein hugsar ein har vore redd skal stikke ut auga, men så skal den jo ikkje det, kjem ein på, han berre ser på ein – men når eg først var begynt å lyge, var det vanskeleg å dementere dei tidlegare påstandane mine; eg måtte rett og slett berre halde fram med å lyge. Det var trivelege løgner, eg gav tekstane dine rikeleg med ros.
No er det imidlertid ikkje løgn lenger, og det er eg glad for. Eg veit no kvifor den heiter det den heiter, og eg kjenner igjen den måten å forstå ei ytring (ein song) på, for meg ein tiltalande tittel. Og eg har nesten kjent svipennen i auget (det med at augestikkaren berre ser på ein, veit eg no fordi eg nettopp har lese boka, eg hugsa eigentleg berre at ein kunne vere redd at han skulle stikke ut auga, eller at eg var redd for det; er redd for det) slik at eg veit at den og augestikkaren liknar på kvarandre, eller er kvarandre sine motsetningar, den eine står og ser meg med auget sitt, den andre brenn hol i auget mitt for at eg skal kunne skrive det som er på innsida i staden for å henge meg opp i at eg ser at det glir unna, i staden for at det er augestikkaren som ser, men held munn. «Ho forstår at med dei unemnelege orda er det på same måten: slepper ho dei ut av seg vil dei pumpe som ei raud elv, og leggje henne sjølv øyde og tørr bak seg. Det er dei orda ho vernar om som held henne i live. Og berre innestengde i henne kan dei gi liv. For andre vil dei verte søl og katastrofe.»
Til slutt vil eg nemne at
Armholemørker3
er ein tittel som lovar godt.
*
(Daværende redaktør John Erik Rileys introduksjon av artikkelserien Røyksignaler fra The Badlands:
Svært få bøker får den oppmerksomheten de fortjener. Det har vi i Vinduets redaksjon lenge irritert oss over. Derfor ba vi en rekke ulike kritikere og forfattere om å skrive om én utgivelse som de mener har fått ufortjent dårlig mottagelse. Eneste betingelse var at boken måtte ha utkommet i løpet av de siste fem årene.
Selv om ikke alle velger å holde seg til denne enkle regelen, er vi svært fornøyd med responsen så langt. Det ser ut til å være mange frustrerte, men også takknemlige lesere dere ute: lesere som ønsker å løfte frem det de mener er blitt glemt eller oversett.
God lesning!
JER)
Olaug Nilssen
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.
Fotnoter
Aschehoug, 1997.
Sagt i Dagbladet, 17.12 1998, om Sonja, av Kristine Næss, Tiden, 1998.
Ingvild Røstbø Kausland, Det Norske Samlaget, 1997.
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.