Religionen vender tilbake og tilbake
Om religiøse ord og vendingar i to nye bøker.
Essay. Publisert 9. desember 1998.
Den alminnelige
Steinar Opstad
Dikt
Kolon, 1998
Renselse
Tore Renberg
Roman
Tiden, 1998
To forfattarar, begge født etter 1970, begge mottakarar av Vesaas sin debutantpris, har dette året gitt ut bøker der religiøse bilde og ord er viktige. Den eine boka, Renselse, av Tore Renberg, blir på omslaget presentert som "en slektskrønike og en religiøs roman". Det treogtjuande ordet og det første eigennamnet i Den alminnelige, den nye diktsamlinga til Steinar Opstad, er ordet "Jesus". Det er til gjengjeld eit namn som nesten ikkje blir brukt i Renberg sin roman. Renberg og Opstad sine bøker er svært ulike. Men det er rimeleg å spørje: Er denne tematiseringa av religion og bruken av religiøse ord eit uttrykk for at dei religiøse spørsmåla har blitt aktuelle og nærgåande igjen? Eller handlar det om at religionen sitt språk er blitt så fjernt at ein godt kan ta det i bruk utan å bli mistenkt for å vere brukar sjølv? Det spennande er dersom begge delar viser seg å vere tilfelle samtidig. Grunnen til at det kan vere mogleg, er at den / det / han / ho som vender tilbake aldri er identisk med ho / han / det / den som drog.
Raude jordbær, kvit snø
Tore Renbergs roman har undertittelen "Romanen om Jakob Malde / Den ved Gud evig forbundne / For verden alltid tapte / Sett, elsket, aktet / av / Tore Renberg". Dette lyd som ei gravskrift. Er det det det er? Mot slutten skriv Jakob Malde om det fine med gravsteinar: "Alle årstallene, alle navnene, ordene som skjuler sine mennesker. Nei, nei, de skjuler dem ikke, de viser dem." (s. 321) Ord skjuler og viser. Kva er den sanne historia om eit menneske? Det kjem an på augo som ser. Det kjem an på kven som fortel. Jakob Malde er ikkje eit sympatisk menneske. Kven er i stand til å fortelje den endelege sanne historia om han? Eller om nokon andre? Er det mogleg å fortelje den sanne historia? Og er det det siste ordet? Det siste ordet – det er nettopp gravskrifta sitt privilegium.
Utgangspunktet for det heile er Jakob Maldes visjon av Gud som elleveåring. Han fortel sjølv korleis han, raud på hendene etter intens jordbærplukking, såg Gud på ein utedass. Gud sa namnet hans og tørka tårer med varme fingrar. Denne dagen vart eit fast punkt for Jakob Malde, eit datum – fredag 29. juli 1983, eit utgangspunkt som peika mot målet for livet hans: Å sjå Gud igjen og dessutan å bli sett av Gud og å kvile i Guds fang. På samme måten som han eingong kvilte i farmora sitt fang. Jakob Malde såg Gud tydeleg som berre det. Og han fekk seg ikkje til å fortelje om det. Ikkje til faren, hjernespesialisten, ikkje til den nærast afatiske mora, han seier ikkje noko om det: "Nå var det hendt, men jeg kunne ikke si det til noen" (s.8). Kva var det som var hendt? Jakob hadde sett Gud for første gong og umiddelbart kjent han igjen. Som med Jakobs namnebror i Bibelen som kjempa med engelen, er ikkje identiteten den samme etter nærkontakten med det guddommelege: "Jeg var en annen, den jeg skulle være, den som jeg alltid hadde ventet på å bli. Han som har sett – hvem da? Gud." (s.9) Slik oppfattar no i alle høve Jakob det, når han femten år seinare startar ein køyretur tilbake til Vestlandet for å vere til stades ved gravferda til faren.
Jakob Malde er ikkje god. Han er sjuk. Epilepsien frå barndomsåra har eit stadig sterkare tak på han. Han er ikkje god. Han er i stand til å utføre ubeskrivelege og vonde handlingar: Vegen tilbake til barndommens land blir etterkvart raud av blod frå vergelause menneske. Raud og kvit. Kvit som snøen som dekker den døde guten, kvit som prestekjolen til den gravide prestevikaren som også blir offer. Jakob sjølv fortel om desse ubeskrivelege gjerningane i eit språk kirurgisk reinsa for kjensler. Han framstiller sjølv desse handlingane som nødvendige inngrep og ikkje som forferdelege overgrep. Gud grip ikkje inn og hindrar at det skjer. Jakob Malde held fram på vegen tilbake til utgangspunktet.
På veg dit får lesaren vite ein god del om Jakobs bakgrunn: Om den arvelege sjukdommen, om mor og far og slekta elles. Lesaren får høyre forteljingar om mangel på kjærleik og rykte om overgrep. Slektas løyndom om oldefaren som opererer si eiga dotter med kniv, blir avslørt. Alt dette kastar lys over Jakobs liv og skjebne. Men forklarar desse glimta frå slektskrønika alt, også den intense gudsopplevinga – og lengsla, også dei vonde handlingane? Det gjør dei langt på veg, dersom ein vel å lese det slik. At den sjuke ikkje trur det er vrangforestillingar, utelukkar ikkje at det er akkurat det det er. Når hovudpersonen i Sult ser for seg at Gud sjølv rotar i hjernen hans, treng ikkje lesaren å tru det var sånn det skjedde. På den andre sida: Ein skal ikkje utelukke at folk med paranoia kan bli forfølgd.
Galskap og religion
Religionspsykologen William James (bror til romanforfattaren Henry) understrekar at sjølv om dei fleste religiøse geni har "synt merke på eit ustødt nervesystem", gir ikkje det grunnlag for å forkaste sanninga i dei religiøse visjonane deira. Friske folk har slett ikkje monopol på å oppdage sanningar.1 Også på bakgrunn av alle avsløringane om slektas fortid (romanen lese som "slektskrønike), er det fullt mogleg å lese boka som ei framstilling, ikkje berre kritikk og avsløring, av spesifikt religiøse erfaringar. (Med andre ord å lese den som "en religiøs roman".)
Jakob Malde kjem til slutt fram til utgangspunktet. Hans siste ønske er å bli lagt til kvile i nysnøen. Det heile startar "på forklarelsens jorde" med raude jordbær. Handlinga tar slutt like ved i den kvite snøen. Frå rødt til kvitt. Er det den reinsinga som har gitt boka tittel? Dei gamaltestamentlege allusjonane er tydelege (s.302). I Salme 51,9 vert David lagt denne bøna i munnen etter at han hadde synda med Batseba: "Reinsa meg for synd med isop, vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!" Og profeten Jesaja skriv: "Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull." (Jes.1,18). Dersom det er ei slik reinsing som blir framstilt i romanen, er det ubehageleg. For Jakob Malde er ikkje god og han har gjort ubeskriveleg vonde handlingar.
For meg er det nettopp dette ubehaget som gjer denne boka til ei viktig lesaroppleving, til ein tekst som framstiller ei viktig side ved religionen. Skuggesida, kanskje. Noko mørkt som også er ein del av erfaringane med det guddommelege. Jakob, han som såg Gud og kjempa med Guds engel, blir her ikkje framstilt som ein søndagsskoleidyll med pastellfargar. Fargane er reine og sterke. I staden for den religiøse idyllen får vi sjå litt av smerta ved lengsla som ikkje blir oppfylt, av galskapen og av noko mørkt, noko valdeleg. Alt dette er ein del av religionens skuggeside, ei skuggeside som også er med på å konstituere det særprega ved det religiøse i det heile. Dette er ei skuggeside som på ulike måtar heftar ved alle formar for religiøst liv. Det er ikkje heile sanninga. Men det er ei ubehageleg side av sanninga. Noko mørkt og uforståeleg rundt og i Gud. I teologisk tenking er dette ein del av problemkretsen med det gåtefulle namnet "den skjulte Gud".
Det gamle og det nye
Jakob Malde sitt religiøse univers er bygd på brokkar av gammaltestamentlege tekstar. Han skriv sjølv at det er Det gamle testamentet, og ikkje Det nye som er viktig for han. Jakob Malde lengtar etter å sjå Gud, som Moses, som Jakob, men Jesus trur han ikkje på (s.80). Namn viser fram noko: Namnet Jakob peikar mot ein samanheng mot dei ulike forteljingane om patriarken Jakob i 1. Mosebok. Det peikar også mot Jakobs brev som krev handgripelege gjerningar (Jakob 2,14; s.15). Namn skjuler også: Seier ein namnet Jakob, kling også Isak, Abrahams sønn og Jakobs far, med som ein fonetisk skugge. Under lesinga av Renbergs bok greip eg meg stadig i å tenke på ein av dei mest forferdelege og mørke tekstene i Bibelen, ei sentral forteljing både i jødisk, kristen og muslimsk tradisjon, nemleg Abrahams ofring av sønnen Isak. Skuggesida ved ulike formar for religiøs "renselse", ved forsøk på å skilje det reine frå det ureine, er dei ubeskrivelege mørke handlingane som no går under fellesnamnet etnisk reinsing.
Det er ikkje Jakob Malde som fører ordet i dei tre siste sidene i Renbergs bok. Gud sjølv, han Jakob lengta etter å sjå igjen, får dei siste orda. Han bekreftar hovudtrekka i Jakobs framstilling og vedkjenner seg møta med Jakob. Men det er likevel slett ikkje sikkert at han er identisk med den gudsforestillinga Jakob vedkjende seg. For den Gud som no kjem til syne, er ein Gud som har skapt menneska av kjærleik og som tar imot dei med opne armar fordi han elskar dei.2 Dette er ein Gud som ikkje forlater menneska, verken i den eine eller den andre overførte meininga av ordet: "Jeg forlater deg ikke, jeg går verken fra deg eller gir deg min tilgivelse." (s.333) Det siste ordet tilhøyrer i sanning deus caritatis, ein Gud som er teikna i Jesu bilde. Dei siste orda lyd: "All min kjærlighet, Jakob. All min kjærlighet, menneske."
Transe-transcendens?
I Steinar Opstad si nye diktsamling Den alminnelige, oppfølgjaren til debutboka Tavler og bud, er vi over i eit heilt anna landskap enn i Renberg si bok. Eg veit sant å seie enno ikkje heilt kor vi no befinn oss. Det er ingen geografiske stadnamn i samlinga, dei einaste eigennamna som finst er Jesus og Isak. Tid og stad veit vi ikkje heilt sikkert. Det vi etterkvart får handfaste møte med, er ein del element som stadig skiftar plass i forhold til kvarandre. Det er denne forvandlinga, korleis nokre få elementære storleikar framstår på nye måtar og blir annleis, eg opplever som det samlande grepet i boka, det som gir boka identitet. For dette er ei diktbok som ikkje består av ulike enkeltståande dikt, men som framstår som ein samla tekst nettopp gjennom desse forvandlingane og det ubestemmelege. Boka er disponert i fire delar: Den første heiter Den treenige kvinna, den andre Den barnløse og den tredje Den ene. Siste del ber namnet Slektsvalg.
Lese saman, set desse overskriftene namn på ein mogleg tematikk i heile samlinga: Å velje og finne identitet (den eine) mellom mangfald og mangel. Identiteten til den namnlause "han" som går igjennom i alle dikta, er nemleg langt ifrå klår og eintydig. "Han" er ein diktar som blir skildra utifrå og i vekslande relasjonar til ein bror, ei søster, ein far, ei mor og ei anna kvinne. Desse andre kan gli over i kvarandre: "I søla finner han den fillete søstera / og ber henne kle av seg / så han får se / Og hun stiger opp over ham / som ei gammel kjerring / og han blir sint / og ber henne ta på seg noe pent / eller skynde seg hjem til moren / som fra nå av er søstera / og søstera moren / og en dag møter han begge" (s.59). Dei ulike personane blir avkledde og påkledde. Dei spaltar seg opp. Dei dukkar opp og går under. Er dei døde? Er dei enno levande? Eg veit ikkje. Dei trengjer kvarandre vekk. Sønnen veks opp med mora og ei anna kvinne. Kvinna fortel kva faren sa da han forlot dei: "Dere må reise avgårde med sønnen / for jeg ser bare ansiktet mitt i hans og du, dere / er ei kvinne, så to / er to kvinner, så en / men en sønn er alltid / den ene" (s.54).
Den allminnelige er ei samling dikt, ikkje ei eintydig forteljing. Det er noko draumeaktig over samanhengen mellom dei ulike sekvensane. Strindberg beskriv som kjent draumelogikken slik i forordet til Et drömspel: "Allt kan ske, allt är möjligt och sannolikt. Tid och rum existera icke; på en obetydlig verklighetsgrund spinner innbillningen ut och väver nya mönster: en blandning av minnen, upplevelser, fria påhitt, orimligheter och improvisationer. Personerna klyvas, fördubblas, dubbleras, dunsta av, förtätas, flyta ut, samlas."
Det første diktet i samlinga tematiserer sjølv forholdet mellom den muntlege forteljinga og dikt og skriftleg tekst:
Ved bålet leser han et dikt
og ei kvinne trekker ut en pinne
og sier at det ikke er noen fare med Jesus
så lenge det blir igjen kullbiter
Når veden er brent ned
ruller hun opp trøa
og ber han skrive teksten på ryggen
så bokstavene kan lyse mot folkene i strandkanten
og de slutter å fortelle
og istedet leser
fra kvinnas rygg" (s.7)
Dette diktet kan nesten lesast som ein varedeklarasjon, ei forteikning over det som skal komme. Ein kan trekke tråder frå ord og bilde i dette opningsdiktet til dei ulike andre dikta og vise korleis ting dukkar opp i stadig ny skapnad. Diktet sjølv som eit bål som kastar glør og aske i alle retningar. Vedpinnane møter vi igjen, også som trær, bark, rakler og frø. Avkledingsmotivet har vi allereie nemnt. Huden. Og strandkanten, som også blir kalla "sjøkanten", som er ei grense som kan forvandle det levande til noko dødt. Som bålet. Strandkanten er også ordas grense. For saltvatnet kan forvandle "ungene" til "upersonlige søsken" (s.11).
Kan ein tekst varme? Kan ein tekst lyse?
Diktet er kanskje ikkje ei forteljing, men lese som ei forteljing, framstår det som ei trist ei. Bål lyser opp. Og som vi veit, og som diktet s.19 også viser, bål varmar. Når bålet er slukna, sluttar folk å fortelje kvarandre forteljingar og dei må i staden for lese ein tekst som lyser frå ei avkledd kvinne sin hud.
Han som er diktar i desse dikta, vil gjerne fortelje forteljingar. For "menneskene i strandkanten / sier de trenger fortellinger". Men han får det ikkje til og han blir ståande åleine igjen i kulda: "Bålet har sluknet / og han dekker over barna som fryser / han klarer ikke å fortelle / noen historie nå / og heller ikke siden / og river av pleddene og ber dem stikke" (s.19). Kanskje utgjer ikkje dikta ein samanhengande historie, men er meir ulike bokstavar lesaren sjølv kan setje saman. For eit bruddstykke av "hans" historie er slik: "Da broren forsvant med søstera / kunne han flere alfabet / men nektet å sette sammen ordene / han lå i senga og så for seg bokstaver / spyttet på dyna" (s.14).
Diktsamlinga framstår som ei rekke med element, noko elementært, som er knadd utover og knadd om slik at dei framstår på stadig nye måtar i seg sjølv og i forhold til dei andre. Er det ei forteljing om å vere sønn og bli vaksen, ei forteljing om å ha ein far og sjølv bli far? Ei forteljing om å ha ein bror eller om å sakne ein bror? Og er søstera død eller levande eller kanskje ei sjukesøster? Kanskje alt dette er på ein gong. Det er ikkje så lett å lese eintydige sanningar når det berre er teksten som avgir lys og den er skriven inn i huda på ein kropp i rørsle og forvandling.
Det som gjer at det ikkje blir ei eintydig historie, er forvandlingane. Forandringa, grenseoverskridinga, noko som markerer eit skilje, mellom å ha ein far og å bli far, mellom det kvinnelege og det mannlege, mellom det nakne og det språklause. Også i det mannlege er det noko kvinneleg. Ei mor seier: "Sønnen min er sønnen min / og uansett om han blir mann eller kvinne / bøyer han seg / for faren" (s.18). Når det omsider dukkar opp ei jente i livet "hans", er ho så tynn at han trur ho er ein gut. Det første ho seier er "at hun ikke vil / være jente" (s.60). Det meste kan forandre seg og framstå i ny skapnad. På den andre sida er det som er annleis nødvendig for å bli seg sjølv. Til dømes for å ta på seg rolla som far når rolle(for)bilda er oppløyste: "han tør ikke ta ned hendene / for å stryke sønnen i håret / og roper på ei søster / Søsteras kjønn hjelper ham / å bli far" (s.18).
Familiekrønike eller religiøse tekstar?
Er det noko grunnlag for å karakterisere Den alminnelige som ei samling der den religiøse tematikken er fundamental på samme måte som i Renbergs bok? Ikkje utan vidare i første omgang. Samlinga framstår meir som ei utforsking av slekt- og familierelasjonar og av spørsmåla knytta til identitet. Eg les tekstane i stor grad som alvorlege tekstar om fundamentale eller elementære menneskelege spørsmål. Og det ligg ei sorg og ei smerte i mange av dikta. Ikkje veit eg heilt kva det er, men eg opplever at det ligg noko mørkt her som bokstavane ikkje er i stand til å kaste klårt lys over, at det også i denne boka er eit omdreiingspunkt av noko ubeskriveleg, kanskje noko språklaust som eit lite barn (s. 32 ).
Er det meiningsfullt å lese dikta også som tekstar som utseier noko om religion? I tilfelle vil eg gjere det ut frå tre språklege vendingar som dukkar opp fleire gonger, og som alle er ord henta frå eit religiøst prega tekstunivers: Dei to eigennamna Isak og Jesus og dei ulike samansetningane som har ordet "tro" i seg: "troens gulv" (s.42) og "trosorda" (s.46). I tillegg er sjølvsagt både "fødsel" og "vann" ord med sterke teologiske konnotasjonar. "Han" framstår i nokre av dikta med namnet Isak. Dette namnet peikar tydeleg tilbake til han som nesten vart ofra av sin eigen far. I kristen tradisjon har Isak som offer blitt tolka som eit teikn som peikar fram mot Jesu liding og død.
I eit merkeleg dikt har forfattaren skapt eit nytt ord: "gjærtegn". "Han" ligg under dyna og later urin eller sæd "og han spør etter gjærtegn i skyene / et grått forheng / å skjære / og stikke kniven i" (s.45). Seinare "jevner han ut / den seige himmelen / mens trosorda smuldrer / og armene stilner" (s.46). Smuldrar "trosorda" opp som ein gjærklump? I tilfelle er det i tråd med heile forvandlingstematikken i samlinga. På den andre sida er det først som smuldra og spreidd at gjær (og sæd) gir opphav til meir liv.
I to av tekstane som omhandlar "Jesus" blir han også forvandla, nesten gjort om til ingenting: "Han" set ei dokke framfor søskena. "Dette er Jesus, sier han". Diktet sluttar med at "broren slår Jesus / og river ham fra hverandre" (s.43). I det fjerde diktet brenn dokka i strandkanten. "I den søte røyklukta / er Jesus bare et ord, tenker han, / som jeg er i ett med / når jeg brenner / miniatyrer av meg selv" (s.10). I tilinkjesgjeringa identifiserer "han" seg med Jesus. På samme vis kan den som broren riv "fra hverandre", både vere Jesus og "han" sjølv. Jesus er altså eit namn, eit teikn, knytta til identitet, til oppløysing av identitet, men også, kanskje, til framvoksteren av ein ny, forvandla identitet. Veik og sårbar, men likevel ein ny type identitet. Dersom det er rett, er det ikkje urimeleg å kalle det ei post-moderne transcendens-erfaring. Ei av dei viktige nytestamentlege tolkingane av Jesu liv tar i bruk liknande ord for å få eit grep om inkarnasjonens mysterium. Jesus "tømmer seg ut", "gir avkall på sitt eige", "fornedrar seg" (Fil 2, 7-8).
Eller?
Eg trur ikkje spørsmål om vi enten står overfor religiøse tekstar eller skildringar av det menneskelege livet, er særleg interessante. For meg får slike tekstar som kanskje framstiller noko religiøst, først meining og interesse når eg ikkje er sikker på om dei beskriv noko allmennmenneskeleg med religiøse ord eller om dei set ord på ei religiøs erfaring med ord henta frå eit fellesmenneskeleg ordforråd. Estetisk sett framstår tekstar som berre kan lesast som religiøse, fort som kitsj. For ein teologi som har skaping og inkarnasjon som nøkkelomgrep, framstår dei lett som uinteressante. Eg synst det viktige og spennande ved bøkene til Renberg og Opstad er at dei kan lesast både som tekstar som gir ny innsikt om kva det er å vere menneske og som tekstar som kastar nytt lys over noko religiøst. Det er fruktbart å vere usikker på kva som er den bokstavelege og kva som er den overførte meininga. Begge tekstane er opne for ei religiøs tyding, ikkje først og fremst fordi dei gjer bruk av religiøse ord og vendingar, men fordi dei forbind slike vendingar til det grunnleggjande spørsmålet om identitet.
Ei religiøs vending
Karin Moe har i ein artikkel vist korleis svært mange skjønnlitterære tekstar i 1998 gjer bruk av religiøse ord og vendingar eller dreier seg om ein religiøs tematikk.3 Påpeikinga hennar er interessant og truleg sakssvarande. Men når Karin Moe stiller spørsmålet om vi opplever ein ny vekkjingsbølgje i tekstfetisjismens kjølvatn, får eg ein mistanke om at litt for mange ulike fenomen blir slått saman til eit temmeleg skjørt fellesnamn. For blant desse tekstane finn ein likt og ulikt: Nokre som gjer bruk av brokkar av eit religiøst språk kanskje fordi det religiøse ikkje gir meining lenger, og som oppfattar slike arkaiske ord og vendingar som skjønne eller kjenslefylte. Nokre er skrive av forfattarar som har skrive religiøse tekstar heile tida. Nokre av tekstane framstår mest av alt som det James vil kalle kjelder til det "andrehands religiøse livet".4 Og altså nokre som vi ikkje blir heilt kloke på. Og eg trur det er desse siste som vi kan få ny innsikt av.
Med denne flaumen av religiøse ord og vendingar i skjønnlitteraturen, er det fristande å tale om ei religiøs vending etter og som eit alternativ til den språklege vendinga. For meg gir ikkje det meining. Dersom det er meiningsfullt å snakke om ei religiøs vending, er det som ein del av endevendinga av språket og røyndommen. Religion er knytta til identitet, til spørsmålet om kva eller kven ein vel å knyte seg til, eller opplever å bli knytt til. Til identitet, men også til endring. Begge delar: Ny identitet. Det er åpenbart, for å bruke eit religiøst ord, at religion dreier seg om det som er hinsides språket sine grenser, noko ubeskriveleg. Men er ikkje arbeidet med språket ved språket sine grenser det som også kjenneteikner den gode skjønnlitteraturen?
Det ekle og det fine
Det finaste eg veit, framstår ofte saman med det ekle. Det ekle og klisne har ein fabelaktig evne til å klistre seg fast til det fine. Eg er som trondheimar og som kristen oppriktig glad i Nidarosdomen. Men å oppleve høgstemte og kjenslefulle kyrkjemannfolk snakke om Nidaros som eit åndeleg kraftsenter, er nesten like pinleg som å treffe fulle Rosenborg-supportarar i København. Det er spennande når ein opplever at nokon brukar nye ord for å skildre gamle sanningar. Det er fint å oppdage at nokon tar i bruk gamle ord for å framstille nye sanningar. Best av alt, men nesten utopisk er sjølvsagt nye ord på nye sanningar. Ny vin i nye skinnsekkar er ein forsmak på den himmelske gleda. Men baksida av det heile er at velbrukte ord på velbrukte sanningar lett gjer meg trist. Eg finn ikkje ut av dei.
Når ein av dei andre "religiøse" bøkene utgitt i 1998 har ein tekst som heiter "Salme" med strofer som dette: "Han kjenner våre plager / for han er med oss her / Han lever våre dager / og har oss alle kjær", då er eg ikkje med lenger.5 Er dette ein ny religiøs bølgje, vil eg vekk frå strandkanten. Eg skjønnar meg ikkje på det. Eg skal heller ikkje skrive meir om denne boka. For som diktaren sjølv seier: "Er det da drapene / som er vår oppgave nei nei / Men Otto Bismarck ville ikke dø" (s.15). Kanskje ein skal la dei gamle i fred? Eg for min del er godt fornøgd, religiøs bølgje eller ikkje, med dei tekstane eg no har lese av forfattarar som er yngre enn meg sjølv. Men eg veit ikkje heilt om eg heilt har skjønt dei enno.
Rolv Nøtvik Jakobsen
Født 1957. Førsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.
Fotnoter
Religiøse sanningar må nemleg prøvast på sjølve saksinnhaldet akkurat som til dømes i naturvitskaplege sanningar: "Sankta Teresa kunde ha havt eit nervesystem som på den godslegaste ku, og det vilde likevel ikkje berga teologien hennar dersom det synte seg, når ein prøvde han etter dei andre merki, at han ikkje dugde. Og på hi sida, kann han greida prøva etter desse andre merki, så gjer det ingenting frå eller til kor hysterisk eller jamvegtslaus i sitt nervesystem sankta Teresa kann ha vore då ho var hjå oss her på jordi." Sjå William James: Religiøs røynsle i sine ymse former. Ein etterrøknad um mannanaturi. Umsett frå engelsk av Olav Raknes, Oslo 1920, side 16.
Karin Moe beskriv dette presist i artikkelen "Gud i litteraturen 1998": "Gud fører ikkje ordet som i Det gamle testamentet, det er ein mild tale, ein menneskeleg tale: ja, eg vil sei at det må vera menneskesonen, som her kjem til orde, det milde hjarta, den skarpe hjernen, Jesus." Sjå Klassekampen 31. oktober 1998, side 15.
Samme stad sidene 14-16 særleg s. 14
I motsetnad til det religiøse geniet, gjeld dette ein som berre er religiøs av gamal vane. Med James sine ord: "Han har ervt sin religion, som andre hev laga ferdig for han, so han berre hev turvt etterlikna den gamle formi og halda på ho av vane. Det vil lite nytta oss å studera dette andrehands religiøse livet." Sjå James: samme verk side 5
Sitert etter Arnold Eidslott: Passchendaeles ruiner, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1998, s. 176.
Født 1957. Førsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.