Av
Anna Kleiva

Reisebrev. Publisert 27. august 2024.

Av
Anna Kleiva

Reisebrev. Publisert 27. august 2024.

Anna Kleiva

Født 1985. Forfattar og gjendiktar. Siste bok: Solplomme (Oktober, 2024). 

1. *

Cécile Alduy: Den lyssky musaken til RN går under radaren og slår rot

Marine Le Pen, som såg klart og tydeleg kor mykje dei verbale fadesane til far hennar kosta i valrundane, bygde normaliseringa av Nasjonal Front på ein plettfri kommunikasjon. (…)

I heilt andre enden av skalaen har nokon av rivalane hennar til høgre og venstre dei siste åra verka å søkke stadig lenger ned i det ynkelege showet av buzz-kommunikasjon for å tiltrekke seg merksemd. Medan Nasjonal Samling i stadig større grad glattar ut diskursen sin for ikkje å la nokon få fatt, er det punchline-strategien som sigrar hos andre – og særleg to personlegdomar som for tida kaprar merksemda til journalistane, og dermed det medielandskapet som blir tilbydd borgarane, Emmanuel Macron og Jean-Luc Mélenchon.

Frå «ulydige gallarar» med «masse subsidiar» til franskmenn som han «tek på si kappe» «å gjere forbanna» har Emmanuel Macron gjort oss vane med kjappe svar som har til hensikt å sjokkere. Nyleg er denne hangen blitt meir kynisk, med ein kalkulert gjenbruk av eit idelogisk markert, lepenistisk vokabular: «menneskerettigheit-isme» i eit intervju med vekeavisa på ytre høgresida, Valeurs actuelles, «avsivilisering» då han snakka om opprøret utløyst av dødsfallet til den unge Nahel i juli 2023, og den 18. juni «immigrasjonistisk» for å snakke om det politiske programmet til den sameinte venstresida – ein ekte lepenistisk neologisme, utan humor. Vi gnir oss i auga før vi trur det.

(…)

2. *

Imidlertid er verknaden krystallklar: ei sjokkerande banalisering av det identitære språket frå ytre høgre, sjøsetting av eit verdssyn fundert på stigmatering av utlendingen, samanblanding av politiske skiljeliner og destruksjonen av moralske hindringar i offentleg debatt. Fungerer også som: fryktretorikk for å vekke dei primære driftene hos veljarane heller enn fornufta deira (for øvrig ein framgangsmåte typisk for ytre høgre), ein avleiingsstrategi der ein falsk semantisk polemikk blir fabrikkert for å rette merksemda mot eigen person
(…)
La oss ignorere han.

Når det gjeld Jean-Luc Mélenchon, som er ein person journalistane straks nemner i kvart einaste intervju med ein kandidat som støttar Den Nye Folkefronten (Nouveau Front Populaire), er han ingenting. Verken stortingsrepresentant, partileiar eller kandidat. På kva grunnlag blir han invitert til prime time, og på kva grunnlag vender ein stadig tilbake til hans namn når ein snakkar om samhaldet på venstresida, om det ikkje er for å auke forvirringa som ligg i lufta og viske ut det som eigentleg står på spel? Når det gjeld dei verbale angrepa hans, er dei berre bråk. Overlat han til pensjonistlivet sitt og ignorer den manipulative munndiaréen hans. Her også, la oss ignorere han.

3. *

Det kan verke paradoksalt at ei som er spesialist i analysen av politisk diskurs oppfordrar til å slutte å høyre på visse politiske leiarar (ikkje alle – så lenge dei har viktige ting å seie). Men å leite etter meining i det ubetydelege er å leite forgjeves. Når politikarane brukar språket berre for å få publisitet, når dei kynisk reknar ut kva ord som vil skape polemikk og politisk strid og splitting, når dei brukar språket på destruktivt vis, la oss ignorere dei. La oss ikkje lenger gi merksemd til dette narrespelet, som går ut på å styrte til for å kommentere spydigheitene til umodne narsissistar.

I ein så alvorleg situasjon som no bør vi bruke all energien vår på å avkode det som verkeleg står på spel. Viss ikkje brukar vi opp all vår mentale kapasitet på å prøve å skilje bråket frå det som har meining, skilje den patetiske kaklinga til nokre få agitatorar frå det meir dempa, men seigliva signalet som vi står i fare for å ikkje få med oss konsekvensane av, for det kjem så heilt i skuggen av denne parasitteringa. Det er avgjerande at alle (borgarar, analytikarar, medverkande og ikkje minst media) får denne fresinga til å teie, for det er presserande å høyre etter om vi skal kunne oppfatte, under den glatte og motstandslause diskursen til Nasjonal Samling, dei underliggande og koda beskjedane frå ei brutal ytre høgreside. 

(…)

4. *

Eg legg ved den omsette teksta til Désenchantée:

Desillusjonert, avfortrylla

Symje i morgondagens urolege vatn / Vente her, på slutten / Sveve i den altfor tunge lufta / av nesten ingenting / Kven skal ein gi handa til?

Viss eg må falle høgt oppe frå / måtte fallet mitt bli treigt / Eg har ikkje funne kvile / i anna enn likegyldigheit / Og likevel vil eg så gjerne finne att uskulda / Men ingenting gir meining og ingenting funkar

Alt er kaos her i nærleiken / Alle ideala mine: uthola ord / Eg søker ei sjel som kan hjelpe meg / Eg høyrer til ein desillusjonert generasjon / avfortrylla

Kven skulle kunne hindre meg / i å høyre alt / Når fornufta smuldrar / korleis skal ein vite ut eller inn / Kven kan påstå / dei voggar oss i magen sin

Viss døden er eit mysterium / har ikkje livet noko ømt ved seg / Viss himmelen har eit helvete / kan himmelen godt vente på meg / Sei meg, i slike motstridande vindar, korleis skal ein føre seg? / Ingenting gir meining lenger, ingenting funkar lenger

Alt er kaos her i nærleiken / Alle ideala mine: uthola ord / Eg søker ei sjel som kan hjelpe meg / Eg høyrer til ein desillusjonert generasjon / avfortrylla

Kaos kaos kaos / Kaos kaos kaos

Alt er kaos her i nærleiken / Alle ideala mine: uthola ord / Eg søker ei sjel som kan hjelpe meg / Eg høyrer til ein desillusjonert generasjon / avfortrylla

osv.