Umoglegheitas kunst
Geoff i Edinburgh.
Essay. Fra Vinduet 3/2013.
Første gong eg såg Geoff Dyer i levande live, var tysdag 13. april 2010. Det var alt eg skulle den dagen: sjå og høyre Geoff Dyer. Dette forventingsfulle tunnelsynet var nokså symptomatisk for livet mitt denne våren, der store delar av tida gjekk med til å sitje med nasen i ei av bøkene hans. Men baksida av dette opphenget resulterte i skofting av det eg verkeleg, som eg sa til meg sjølv, var komen til Skottland for å gjere, nemleg å skrive.
Geoff Dyer, sjølv ein varm talsmann for lediggang og dagdriveri, er fødd i 1958 og voks opp i Cheltenham i Sørvest-England. I skrivande stund har han fire romanar, to essaysamlingar og sju bøker som ikkje umiddelbart lèt seg plassere i den eine eller andre sjangeren, på samvitet. Debutboka frå 1986, Ways of Telling: The Work of John Berger, er ein presentasjon av den vidfemnande karrieren til Dyers mentor. Bok nummer to, The Colour of Memory, ein roman basert på åra han budde i Brixton, festa og dreiv dank, har sine augneblink, i likskap med hans andre roman, The Search, road movie noir og noko av ein Paul Auster-pastisj, men ber preg av mangel på retning, ein karakteristikk som seinare har vorte forfattarens fremste dyd. På eit tidspunkt i Colour seier ein av rollefigurane, som eit dårleg skjult og nokså klønete talerøyr for forfattaren: Plots – there’s no need for them these days, ein kommentar som først langt seinare, lik eit ekko, fann gjenklang i hans eigen skrivemåte.
I hans førebelse siste roman, Jeff in Venice, Death in Varanasi, som kom ut i 2009, møter vi den blaserte engelske frilansjournalisten Jeff Atman, som dreg til Venezia for å dekkje biennalen og villig lèt seg bli riven med i eit hedonistisk dragsug. Romanen er delt opp i to delar, og i bokas andre del møter vi ein namnlaus frilansjournalist, noko eldre enn Atman, som kanskje eller kanskje ikkje er same person, som har komen til den heilage indiske byen ved Ganges for å skrive ein reisereportasje. I intervju har Dyer forklart at han forkasta ideen om å gjere sambandet mellom dei to forteljingane eksplisitt, og såleis løyste problemet ved å ignorere det. I staden la han inn ei mengde ekko mellom dei to delane i form av scener og motiv, samt mellom romanen og førelegget antyda i tittelen. Resultatet er ei litterær dobbelteksponering, eller, som forfattaren sjølv vurderte å setje på omslaget, eit diptykon.
Implisitt i dei sjangeroverskridande bøkene ligg sjølvsagt òg ein kritikk av hierarkiet kor skjønnlitteratur, og især romanen, tronar øvst. I det som etter kvart har vorte noko av ein klassisk dyersk manøver – innfallsmetoden – gir han opp boka han har flytta til Paris for å skrive (som rett nok fire år seinare vart romanen Paris Trance, hans Tender is The Night) og dreg til kyrkje-
garden Somme i Nord-Frankrike. Boka, The Missing of The Somme, er eit vasskilje i forfattarskapen, eit langt essay som kretsar kring artefaktar knytt til den store krigen – statuar, dikt, fotografi – og kva dette gjer med ikkje berre måten ein minnast på, men korleis det formar ein heil nasjon og dei etterkommande generasjonane.
Med ei uttalt forakt for tørre akademiske forfattaravhandlingar som vikarierande motiv, smeller han i 1997 til med Out of Sheer Rage: In the Shadow of D.H. Lawrence, ei bok som gir seg ut for å vere eit mislukka forsøk på ei avhandling om Lawrence, og som bokas hovudperson, som ligg tett opptil Dyer sjølv, stadig flyktar frå. I denne boka har han perfeksjonert sitt alter ego: ein lat nysgjerrigper med eit skakt, men sylskarpt blikk, ein hedonistisk lekmann med forkjærleik for digresjonar. I intervju med The Believer seier Dyer at i Out of Sheer Rage fann han ein måte å skrive på der han kunne hoppe frå ei analytisk stemme til nesten-slapstick, så å seie utan girskifte. Under sterk påverknad av Thomas Bernhard, er boka eit komisk, men samtidig djuptloddande meisterverk om utsetjing, kjedsomheit og reising. Og D.H. Lawrence.
Seks år seinare kom ei bok som i tone og innhald minner mykje om D.H. Lawrence-boka, Yoga for people who can’t be bothered to do it, ei reiseskildring kledd ut som noveller, eller omvendt, eit upåliteleg kart, ifølgje forfattaren, over landskap som utgjer ein spesiell fase av livet hans, stort sett byar han har oppheldt seg i rundt ikring i verda – New Orleans, Roma, Kambodsja, Amsterdam og sju andre stader. Men i staden for flanering langs Amsterdams kanalar og anekdotar frå byens historie, les ein blant anna om vanskane – uoverkommelege, skal det vise seg – med å iføre seg ei nyinnkjøpt bukse på toalettet i ein av byens mange kafear. Alt det som ikkje finn vegen inn i reiseskildringar, irritasjon og trass, unektelege komponentar ved utanlandsreiser, er tilbørleg omtalt. Likevel er det svært vanskeleg å ikkje bli gripen av ekstrem utferdstrong under lesinga.
But Beautiful, den første av bøkene hans som sjangermessig fall mellom to stolar, kom ut i 1991 og vart året etter tildelt the Somerset Maugham Award. Boka, som Dyer sjølv har kalt imaginative criticism, er portrett av ulike jazzmusikarar som Charles Mingus, Thelonius Monk og Lester Young. Dyer spinn vidare på faktiske hendingar, som til dømes korleis Chet Baker mista tennene sine, og lèt seg inspirere av fotografi og anekdotar og – ikkje minst – musikken deira for å bringe desse ikoniske musikarane sprell levande fram på sida. Thelonius Monks musikk fangar han til dømes ved følgjande signalement: «He played each note as though astonished by the previous one, as though every touch of his fingers on the keyboard was correcting an error and this touch in turn became an error to be corrected.» Keith Jarrett hevdar dette er den einaste boka om jazz han anbefaler til vener.
I But Beautiful, som for å kome surmaga kritikarar i forkjøpet, understrekar Dyer at han langt ifrå er skolert innan jazz. Eit liknande atterhald kjem han med i byrjinga av den essayistiske boka om fotografi frå 2005, The Ongoing Moment, der han opplyser lesaren om at han ikkje eingong eig eit kamera. Ambisjonane hans i denne boka – noko av ein dyersk kongstanke, som også er avspegla i tittelen – er å foreine det samtidige og det suksessive, ein slags umoglegheitas kunst som dei to kunstartane fotografi og jazz tilstrebar. Ein les om beundrande og betente forhold fotografar imellom, om bevisste og ubevisste likskapar i val av motiv – benker, bensinstasjonar, hattar, menn i frakk (med hatt). Til liks med But Beautiful kan også The Ongoing Moment lesast som eit kjærleiksbrev til Nord-Amerika, til drive-ins og barbershops og vegar som strekkjer seg inn i æva.
Essaya hans famnar, ikkje uventa, breitt. Dei fleste tekstane, bokmeldingar, artiklar, forord til bøker, er forholdsvis korte og har som oftast tidlegare vore publisert i avisar, tidsskrift og antologiar. Men her er òg tidlegare upubliserte tekstar som krinsar rundt hotellsex, jakta på den perfekte donut og refleksjonar rundt føremonene ved å vere åleinebarn, vekse opp, få sparken og gå på trygd og (dei stort sett positive) konsekvensane dette har hatt for skrivinga.
Dyers hittil siste utgjeving, Zona: A Book about a Film about a Journey to a Room, publisert i 2012, er ein hommage til Andrej Tarkovskijs Stalker og på-verknaden, for ikkje å seie danninga, den har øvd på Dyer heilt sidan han første gong såg filmen for vel tretti år sidan. I Zona gjenfortel Dyer Tarkovskijs vel tre timar lange science fictionaktige spelefilm frå byrjing til slutt. Denne ved første augekast keisame gjennomgangen av ein langsam film der fint lite skjer, er alt anna enn kjedsommeleg, og fungerer dessutan ypparleg som springbrett for eit utal assosiasjonsrike dyerske avstikkarar, ein klagesong over ei forsvunne Freitag-veske, ein anekdote om Tarkovskijs perfeksjonisme; sjølv etter at ein har fjerna løvetann frå bakken før ei taking, er regissøren enno ikkje nøgd. Han kan framleis kjenne nærværet til løvetanna! Nettopp ei slik fininnstilt merksemd til det tilsynelatande trivielle, til detaljane, stundom usynlege for dei fleste andre – i livet, i kunsten – er ei haldning, eit blikk, den store filmskaparen delar med Dyer sjølv.
Akkurat denne dagen, tysdag 13. april 2010, hadde Dyer tatt turen frå London til The National Gallery of Scotland for å snakke om Diane Arbus, i anledning ei utstilling av fotografia hennar på The Dean Gallery. Det var ei av dei få tinga som kunne få meg opp av den turkise sofaen i St. Claire Place og bort frå Dyer-bøkene denne spede vårdagen, nemleg Geoff Dyer sjølv.
Linsa Dyer såg Arbus gjennom – fotografia hennar, men også andre fotografars fotografi, motiv som likna hennar, og fotografi andre fotografar hadde tatt av Arbus sjølv – hadde ein særeigen optikk som i tillegg til å utdjupe hennar tilnærming til fotografi, også forstørra hans eigen poetikk. Dermed oppstod ein kaleidoskopisk effekt der scener og motiv frå hans eigne bøker gradvis blanda seg med fotografia ein PowerPoint synte på eit lerret bak han. Eg drog kjensel på denne teknikken frå bøkene hans. I The Ongoing Moment siterer han fotografen Dorothea Lange: «to know ahead of time what you’re looking for means you’re then only photographing your own preconceptions, which is very limiting.» Det er nesten så ein kan skimte, som ein palimpsest, eit halvvegs utviska «writing» under «photographing».
Likevel, når eg i dag, vel tre år seinare, ser tilbake på denne formiddagen i kjellarauditoriet i The National Gallery of Scotland, må eg vedgå det er fint lite anna eg hugsar av Arbus-presentasjonen hans. Slik har det alltid vore med meg: eg blir lett distrahert. Til og med no, når eg skal skrive om at eg hugsar fint lite av Dyers presentasjon, blir eg distrahert av potensielle årsaksopphav til denne lyta som for all ettertid, om eg no for ein gong skuld skal ordleggje meg bombastisk, sådde kimen til det som no berre kan karakteriserast som kronisk uoppmerksemd. I grunnen synast heile denne vanen med å skrive å ha sitt opphav i distraksjon. Skriving var noko eg begynte med i mangel av noko betre (eller verre, for den del) då eg sette meg til for å gjere lekser. Norskstilar kjeda meg, eg var ikkje særskilt oppteken av bøker, i alle fall ikkje såkalla spanande historier. Men eg likte å distrahere meg sjølv med ord. I ettertid ser eg på denne tida, frå rundt tolvårsalderen og eit par år framover, som min eksperimentelle periode, der eg dreiv med det som eg seinare kunne slå fast var automatskrift og Georges Perec-aktige Oulipo-øvingar. Eg skreiv fordi eg kjeda meg, og fordi eg kjeda meg mindre då eg skreiv.
Nei, no har eg utsett det lenge nok! lyder det frå dei handlekraftige, som ein knyttneve mot bordet. Ikkje eg! Eg seier nei, eg har ikkje utsett det lenge nok! Sant nok har distraksjon, og ikkje minst parhestane nøling og utsetjing, skapt mykje unødvendig hovudbry for meg oppigjennom, men også, må eg seie til meg sjølv, ein god del nødvendig. For enkelte kjem det naturleg, for andre krev det omhyggjeleg planlegging. Kva er til dømes ferie, om ikkje ein einaste stor distraksjon frå livet ein elles fører? For Schopenhauer var distraksjonen det einaste som kunne skape illusjon om meining, og gjere livet uthaldeleg ei stakka stund, i ei elles meiningslaus verd.
Også i litteraturen finn ein distraksjonen som form, nemleg essayet. Montaigne, essayets far og meister, skreiv for vel fire hundre år sidan:
Jeg vet godt at denne reiselysten min innerst inne vitnar om et rastløst og ubesluttsomt sinn. Men dette er ogsÃ¥ menneskets mest fremtredende trekk. Ja, jeg tilstÃ¥r gjerne at jeg selv ikke i drømme kan finne et fast holdepunkt, ikke ønsker jeg det heller. Hvis det er noe jeg har utbytte av overhodet, sÃ¥ er det selve forandringen og dette skiftende liv, som er mitt. Hva som særlig tiltaler meg ved reiser, er at jeg kan stoppe spontant og rolig nyte det som mÃ¥tte by seg.Â
Ei haldning som slekta på denne, rett nok langt mindre elegant formulert, var det eg reiste med i bakhovudet då eg sette meg på flyet til Edinburgh seinsommaren 2009. Eg ville bu der litt. Ikkje feriere, men heller ikkje slå røter. Målet var den reisandes gylne middelveg: å bli verande på ubestemt tid. I lengre tid hadde eg vore noko plaga av utferdstrong, i mine auge ofte eit symptom på at ein har køyrt seg fast på eitt eller anna vis, men det var ei mild form for utferdstrong, og den skotske hovudstaden syntest tilstrekkeleg.
Utsetjingsstrategiar er ein kunst Dyer meistrar til fingerspissane. Ta berre tittelen på den ti år gamle boka hans: Yoga for people who can’t be bothered to do it, der alt har skjedd i røynda, sjølv om ein del, som forfattaren påpeikar i forordet, berre har funne stad i hovudet hans. I likskap med Out of sheer rage, eit samvitsfullt og uhyre presist studie i uthalingas kunst, er også denne boka gjennomsyra av utsetjingar, distraksjonar, prolongering, sjølvsabotering. I det heile tatt, ei bok spekka med eit vell av kreative utflukter, ikkje nødvendigvis av di ein gruar seg for å gå i gang med eit arbeid, og slett ikkje fordi alternativet verkar meir forlokkande, men beint fram, som Dyer skriv i Lawrence-boka, «because it is something else». Dette når sitt høgdepunkt (eller for Dyers del – lågpunkt) i stykket «The Rain Inside» i Yoga, då Dyer i eit forsøk på å forhindre eit samanbrot, i alle tilfelle minke omfanget, flaksar av garde til Detroit for å gi seg i kast med ei bok om antikke ruinar: «At its most extreme I would think, I’ll sit down, and then, as soon as I had sat down, I would think, I’ll stand up, and then, as soon as I had stood up, I would want to sit down again.» I ei forvrenging av John Cheevers melankolske epifani – «I’ve been homesick for countries I’ve never been, and longed to be where I couldn’t be» – når Dyer rastløysas endestasjon då han på eitt tidspunkt skulle ønskje han var i Roma berre for i neste augneblink å komme på at han allereie er der, utan at det hjelper stort.
 I fleire månader hadde eg gått og gledd meg som ein liten gris til å flytte til Edinburgh, men då eg først var på plass, lurte eg på kva i all verda eg gjorde der. Eg hadde gløymt noko, eitt eller anna, men kva?
Ein jobb. Eg hadde ikkje arbeid.
Ulempene ved ikkje å ha ein jobb – utanom dei meir opplagte, slik som for eksempel inntekt – var at eg heller ikkje skreiv noko. I staden las eg bøkene til Geoff Dyer, om korleis han òg gjorde alt anna enn å skrive. Paradokset, sjølvsagt, var at det ikkje ubetydelege talet på bøker han faktisk hadde skrive, og som eg sat og las, den eine etter den andre, ved første augekast effektivt syntest å dementere denne påstanden. Men eg las andre ting òg, først og fremst W.G. Sebald og Thomas Bernhard, som eg hadde fatta fornya interesse for på denne tida. Seinare fann eg ut at Dyer heldt mykje av desse to, og såleis overtydde eg meg sjølv at eg hadde kome påverknaden hans i forkjøpet, ein tanke som i seg sjølv, irriterande nok, var svært dyersk.
Seinhaustes begynte eg som heimehjelp, i BBC, som den misantropiske kollegaen som stod for den avskrekkande opplæringa mi omtala det: British Bottom Cleaners. Inn og ut av skotske heimar for å ta seg av skrøplige skotske skrottar, i ein evig skytteltrafikk mellom innestengte soverom, frityrfeittete kjøken og knøttsmå bad, på lyddempande vegg-til-vegg-teppe, med ein tekopp i den eine handa – four sugars, love – og ein skitten rumpeduk i den andre. Etter halvannan månad kasta eg inn handkledet i ein tilstand som veksla mellom raseri og resignasjon, hovudsakleg på grunn av dei sleipe utnyttarane i den privatiserte helsetenesteverksemda eg jobba for, Family Circle Care, der eg med eigne auge fekk sjå kor stygt og uverdig det blir når omsorgsyrket hamnar i marknadskreftene sine klamme hender: brukarar blir varar og dermed gjenstandar underlagt verksemdas jag etter profitt.
Dette var i februar. Eg vende tilbake til Dyer og den turkise sofaen i St. Claire Place. Mars, april, mai. I juni snubla eg over ei jobbutlysing som sjåfør for Edinburgh International Film Festival og slo til. Mannen som tilsette meg, passande nok ein stand up-komikar, heitte Leon. For løna var ein vits, på grensa til fornærmande, og talet på timar ein oppheldt seg bak rattet i strekk var hårreisande. Det var perfekt: endeleg hadde eg, på den eine sida, ikkje tid til å lese og, på den andre sida, ei unnskyldning til å ikkje skrive. Endeleg hadde eg noko å sakne. Ei kort stund var eg inne på tanken på å skrive noko om regissørane og Hollywood-stjernene eg svinta på kryss og tvers av byen – forteljingar frå baksetet kunne eg kalla det.
Eg kunne for eksempel skrive om då eg plukka opp Stephen Frears, som var svært bakfull eller berre trøytt, eventuelt begge delar, og som slokna i det same han dumpa ned i passasjersetet og vi svinga ut frå Caledonian Hotel og køyrde oppover Lothian Road. I løpet av dei par og tjue minutta til flyplassen vakna han med jamne mellomrom, løfta hovudet eit par centimeter opp frå haka – i sakte kino så å seie – gløtta bort på meg og sa: thank you very much, thank you very much indeed. Aldri noko meir, berre desse døsige replikkane, framsagt halvt i søvne, men med utsøkt diksjon: thank you very much, thank you very much indeed.
Stephen Frears Asleep in the Passenger Seat: Ikkje akkurat materiale til ein kioskveltar, men likevel.
Stephen Frears-håret var svært ustelt og ein ikkje heilt behageleg odør fylte Mercedesen, utan at eg vil seie det låg ein dempar for bilturen. Eg likte å ha ein sovande Stephen Frears ved mi side, sjølv ein sjabby ein, og sidan, når eg frå tid til annan har sete bak rattet, har eg ofte sakna å ha ein søvndrukken Stephen Frears i kupeen saman med meg.
Ein morgon eg stod rett opp og ned på kjøkenet og glodde på skyene som dreiv over himmelen på den andre sida av takvindauget og grubla på kva i all verda det var eg dreiv med, ringde Leon.
«How’s the viking?»
«Not too bad. A bit tired.»
«Must be tiring, all that looting and raping.»
«Right.»
«So, Rona, listen, I need you to pick up somebody.»
«Okay.»
«Right away.»
«Sure.»
«Grand. You’re picking up a guy called» eg høyrde Leon bla gjennom nokre papir, «Geoff Dyer.»
«What?»
«Dyer. Geoff Dyer. Canongate Books. 14 High Street. Take him to restaurant Hotel Du Vin in Bristo Place. Speak soon.»
Leon la på. Inne i stova bladde eg hektisk gjennom den komplette oversikta over deltakarar på EIFF 2010, og der var han: Geoff Dyer. Panel: Documentary Judge. Den første tanken som slo meg, var: Geoff Dyer er på filmfestivalen! Den andre: Eg skal køyre Geoff Dyer! Så denne tanken: Eg kjem til å ta livet av han!
Det ville vore typisk.
Men idet eg ein augneblink seinare klauv inn i festival-Mercedesen utanfor leilegheita i St. Claire Place, var eg godt i gang med å tenkje oppbyggjelege tankar, for det meste enkle mantra av typen: Dette kan du. Slapp no berre av. Du køyrer som ein prest (spesielt dette siste gjentok eg så ofte at det einaste eg til slutt tenkte, utanom du køyrer som ein prest, var: dette er tvangstankar, og så sa eg til meg sjølv: du køyrer som ein prest, men dette må då vere tvangstankar, tenkte eg før eg straks, inni meg, la til: du køyrer som ein prest, etc.).
Verst var det ein kveld eg skulle køyre ein gjeng amerikanske skodespelarar til ein ny restaurant eg ikkje ante kvar var, eit oppdrag som vart ytterlegare forpurra i og med at gata eg hadde fått oppgitt, ikkje lèt til å eksistere. Restauranten låg aust i byen ein stad, i nærleiken av ei gate med Terrace i namnet, som engelskmannen Leon sa, uvitande om at praktisk talt alle gatenamn i Edinburgh har anten Terrace eller Crescent som vedheng.
Undervegs til restauranten (forhåpentlegvis) begynte skodespelarane i baksetet å bli utolmodige:
«Excuse me, driver. Do you know where we’re going?»
«Oh, yes. Certainly. I only have to find it.»
«The restaurant?»
«Oh no, just the street.»
Ein annan skaut inn:
«What’s the difference?»
Frå å vere oppbyggjelege tankeremser hadde den indre monologen gradvis endra karakter; det som starta som optimistiske motto hadde nokså umerkeleg glidd over i militante kommandorop: Konse! Konse!
«Hm?» sa eg og prøvde så godt eg kunne å ignorere tankane eller stemmene, det er ikkje alltid så godt å seie, som pludra uavlateleg, utan at eg lèt det påverke mitt elles, innbilte eg meg, sindige ytre.
«It’s just, it seems to me we’re going in circles.»
Då eg ikkje gav noko form for respons på denne påpeikinga av det openberre, heldt utspørjaren fram:
«If you find the restaurant, you find the street.»
«And vice versa,» la ein annan raskt til, tydeleg nøgd med denne biopplysinga.
«That’s one way of looking at it,» sa eg ettertenksamt, som om det var eitt av fleire relevante syn på ei filosofisk nøtt. Etter ein meiningslaus ekskursjon i eit fasjonabelt nabolag øvst i Leith Walk, følte ein av amerikanarane i baksetet seg kalla til å halde fram den kvasifilosofiske utspørjinga:
«Let me get this straight: Say we come across the restaurant and not the street, does that mean we have to keep looking?»
Eg hadde måla meg opp i eit hjørne no, difor bestemte eg meg for at det beste ville vere å leggje ballen død, i beste fall mumle eitt eller anna meiningslaust.
«Yes, yes,» sa eg djupsindig og møtte eit spørjande blikk i bakspegelen. «Streets and restaurants, streets and restaurants.» Imens hadde den indre stemma no gått fullstendig av hengslene og hylte hysterisk: Hjelp! Hjelp!
Då eg omsider fann restauranten, eller gata, alt etter som, hadde bilturen antatt mytiske proporsjonar. Ikkje berre hadde eg, som ved eit mirakel, funne ei gate som tilsynelatande ikkje eksisterte for inntil berre få minutt sidan, eg hadde, på ufatteleg vis, halde hovudet kaldt mens syrlege kommentarar frå middelmåtige skodespelarar (utan at eg kjende til dei, rett nok) regelrett hagla over meg.
Akkurat denne sommarmorgonen, på veg til Canongate Books for å plukke opp Geoff Dyer, gjekk det derimot leikande lett å få den indre stemma i godlune. Dette går bra, mumla ho omsider søvnig, går så bra atte.
Mens eg vekselvis gjentok desse søvnige mantra inni meg og samtidig pønska på passande opningsreplikkar til dette høgst impromptu møtet med Mr Dyer, ringde mobilen igjen. Det var Leon. Geoff Dyer hadde bestemt seg for å ta beina fatt til restauranten Hotel Du Vin, plukk han opp utanfor om to timar. Eg var i botn av High Street no, svinga inntil Parlamentet, skrudde av tenninga og steig ut. Framfor meg trona Arthur’s Seat. Sola stråla som eit lydlaust vulkanutbrot eit stykke over fjellryggen; på stien nedanfor, i ei skrå hylle kald skugge, gjekk ein straum av turistar som i heilag prosesjon, mot høgda og lyset og, i mine utkøyrde og halvvegs deliriske auge, utslettinga, og igjen kom han over meg, denne lammande kjensla av å vere fanga mellom barken og veden, bokstaveleg talt caught between a rock and a hard place, ein mellomting av turist og fastbuande, verken det eine eller det andre, ikkje riktig framme, men alltid på veg, men kvar?
Mobilen ringde. Det var Leon igjen. Kvar var eg? Geoff Dyer hadde ombestemt seg og spasert tilbake til hotellet sitt for å skifte jakke. Nytt oppdrag: dra til Hotel Novotel og plukk han opp og køyr han til restauranten Hotel Du Vin.
Eg jumpa inn i bilen igjen og gassa på. På veg til Hotel Novotel, opp High Street, til venstre ned South Bridge, rundt hjørnet av Jazz bar, opp Chambers Street, deretter til venstre ned Teviot Place og så langsetter Lauriston Place, kom eg til å tenkje på Harold Pinters første møte med Samuel Beckett i Paris i 1961:
He drove his little Citroën from bar to bar throughout the whole evening, very quickly indeed. We were together for hours, and finally ended up in a place in Les Halles eating onion soup at about four o’clock in the morning and I was by this time overcome – through, I think, alcohol and tobacco and excitement – with indigestion and heartburn, so I lay down on the table. I can still see the place. When I looked up he was gone.Â
Dyer sat i sofagruppa midt i foajeen med ryggen til inngangsdøra. Den slåpne hovud-og-skulder-silhuetten var ikkje til å ta feil av. Borte ved resepsjonen, der eg gløtta bort på han og funderte på korleis eg no skulle gripe saka fatt, la eg merke til at han sat med ein berbar pc på fanget. No og då såg han opp, utan at fingrane slutta å klapre på tastaturet. Han var tydelegvis inne i ein god flyt. Forstyrrar eg han no dukkar eg garantert opp som ein irriterande parentes i den neste boka hans. Difor var det med ei underleg kjensle av å bevege meg rundt i eit uferdig manus eg luska rundt i foajeen på Hotel Novotel. Faen ta denne dritjobben! tenkte eg, i røynda berre ein annan måte å uttrykke erkjenninga som langt på veg har vore hovudkilda til all bekymring i livet mitt: at ingenting er for trivielt til at eg kan bekymre meg for det.
Samtidig var ikkje denne bekymringa fullstendig ubegrunna. I Yoga for people who can’t be bothered to do it skriv han følgjande, om eitt av fleire irritasjonsmoment og distraksjonar på hans omstendelege veg til dei romerske ruinane Leptis Magna, rett utanfor Tripoli:
I did not like my driver. He was young, smartly dressed in an overcoat and smart shoes. His hair was cut short, his lips had the dryness of the habitual smoker, and – though he tried hard to conceal it – he had the look of someone who was on to a good thing.
 Tingen med å ha ein hang til grubling, er at ein blir handlingslamma. Berre spør Hamlet. Eller Dyer: «Claudio Magris identifies a recurring figure in European literature as the man who records all the little inconveniences life inflicts upon him and, in so doing, triumphs over them.»
Eit trist fyndord gjorde seg gjeldande der eg gjekk lutryggja og gjerandslaus: Å skrive gir næring til mismotet som berre meir skriving kan lindre. Slik er det. Av overdriven grubling blir det bøker. Ja, slik er det verkeleg, tenkte eg igjen på mitt bernhardske vis og retta meg noko opp i ryggen. Overdriven grubling kjem av ei manglande evne til å skru av tankeverksemda. Difor kan ein langt på veg, utan å kokettere, påstå at bøker skriv seg sjølv. Såleis er bøker ofte på ei og same tid årsaka til problemet og løysinga på det. Slik er det, tenkte eg der eg gjekk i mine litt for skinande sjåførsko og prøvde å manne meg opp til å gjere jobben min, det vil seie forstyrre Geoff Dyer, som framleis sat i sofagruppa midt i foajeen på Hotel Novotel og klapra iherdig på tastaturet.
Etter å ha forkasta nok ein opningsreplikk, trekte eg meg utandørs, tende ein sigarett og heldt fram uverksamheita mi, berre no ute i det fri. Løysinga var like enkel som ho var tung. Er det noko eg har lært, så er det at løysinga til dei fleste problem ni av ti gonger er latterleg enkle (utan at det lèt til å ha hjelpt meg noko vidare, får eg leggje til). Løysinga var, i ordets bokstavlege tyding, sjølvforgløyming: gløyming av sjølvet.
Dette visste eg. Slutt å gå rundt grauten. Kutt ut grubliseringa. Kort sagt, for å seie det med ein av rollefigurane mot slutten av Deconstructing Harry: Stop worrying and get on with your life!
Av og til volda sjølv dei minste gjeremål meg kvalar. Frukost: blings eller to sjølvstendige snaiar? Brått stod alt, heile mi framtids lukke, og fall på denne evalueringa av skivestorleik. Heile livet mitt syntest å stå på spel i grovbrødet på skjerefjøla. Sjølv om eg inst inne var klar over at dette burde vore automatiserte handlingar som ikkje trong nitid evaluering, hende det eg kapitulerte, og i tilfellet med det eksistensielle brødvalet, landa på havregryn og mjølk i staden. Kvar gong eg hamna i slike idiotiske og ærleg talt uverdige situasjonar som gav meg kjensla av å skusle bort store delar av livet på visvas, måtte eg minne meg på strategien min, noko som berre førde til ytterlegare auka merksemd på problemet, at eg ikkje sleppte unna mitt eige hovud, som var fullt klar over kva som gagna ein – han var ikkje tapt bak ei vogn, den gamle hjernen – men som likevel, med ei form for pervers sjølvsabotering, heldt fram å klekkje ut snedige måtar å overliste seg sjølv på og setje meg i den eine slitsame situasjonen etter den andre.
Gåande fram og tilbake framfor inngangen til Hotel Novotel gjekk det opp for meg at det gjeld å snu sin svakheit til sin motsetnad. Eventuelt, tenkte eg umiddelbart i neste omgang og svinga sigaretten i ein triumferande lita sløyfe framfor meg – eventuelt! – om ein ikkje er av den støypinga; gi faen og heller fyre opp under svakheita si. Ikkje berre vedgå ho, men verkeleg og utan omsveip gå fullt og heilt inn for å utnytte det fulle spekteret av sitt negative potensial. Så kan ein i alle fall ikkje bli lasta for å sitje på gjerdet!
I Out of Sheer Rage kjem Dyer-personaen med følgjande programerklæring: «I’m going to seize on the most insignificant inconvenience, annoyance, hindrance, set-back, disappointment and am going to focus all my rage, anger, bitterness and frustration on it.» Dette, skriv han i ein liknande kontekst litt tidlegare, er truleg det motsette av visdom. Men i det minste er erkjenninga – og trassen, motvekta – hans, i godt selskap med Bernhard og Céline, og ikkje milevis unna, andføttes kunne ein kanskje seie, Anne Cath Vestly, som i ei omkalfatring av Dyers strategi landa på eit kompromiss mellom misantropi og klokskap: Angsten kan du stole på, sa ho, han er alltid trufast.
No vel, tenkte eg og kasta eit blikk gjennom glasdøra på Hotel Novotel, utanfor manus så å seie, og såg rett i bakhovudet til Geoff Dyer: vi kom neppe til å ete lauksuppe saman fire om morgonen uansett. Dermed stumpa eg sneipen og gjekk inn og presenterte meg, og etter ei kort ordveksling, eit studie i britisk høflegheit, avtala vi å møtast utanfor hotellet når Dyer hadde tilkalla resten av jurymedlemma, som eg antok framleis var på hotellromma sine over hovuda våre ein stad.
Thank you very much, sa eg, thank you very much indeed.
Køyreturen frå Hotel Novotel til restauranten i Hotel Du Vin tok i underkant av tre minutt. Latterleg kort, men sånn er livet: latterlegt kort. Samtalen jurymedlemma imellom i løpet av denne vesle turen dreidde seg om ein dokumentar om det afghanske cricketlandslaget. Dyer hadde ei rekkje ting å utsetje på denne filmen, blant anna musikken, som han meinte var outrageously homosexual. Idet eg slukøyra køyrde vidare, kom eg sjølvsagt på ein heil del eg kunne sagt til han, utan at det hadde vore malplassert eller påtrengjande, men då eg vende tilbake til Hotel Du Vin to timar etter at eg hadde sleppt dei av, var Dyer og resten av jurymedlemma allereie drege.
Eit par dagar seinare møtte eg veggen. Det var vorte sein ettermiddag etter nok ein lang dag (og natt) bak rattet og eg hadde nett parkert øvst i Lady Lawson Street, med snuten på Mercedesen peikande nedover mot the pubic triangle, eit uhyre uoversiktleg vegkryss der fire vegar møtast og vanlege trafikkreglar tilsynelatande opphøyrer, og som ikkje vart mindre forvirrande på grunn av dei tre strippeklubbane som pryda kvart gatehjørne og var opphavet til staden sitt kallenamn, samt ei rekkje nesten-ulukker.
Ei stund vart eg sitjande og gruble over livet mitt. Eller kanskje eg ikkje tenkte på noko som helst. Kan hende eg meta-grubla: grubla over kvifor eg ikkje grubla. Det eg prøver å seie med at eg denne ettermiddagen parkerte øvst i Lady Lawson Street og tok til å gruble over livet mitt, er vel at eg var heilt på felgen og ikkje eingong visste om eg hadde det bra eller dårleg eller heilt på det jamne. Det var dét. Eg følte ingenting. Berre denne forma for uverkelegheit som følgjer ein lenger periode med underskot på søvn og restitusjon.
Er dette den berømmelege veggen, spurde eg meg sjølv idet eg la hovudet på øvste del av rattet, mellom ti og to. Har eg møtt veggen no? Bak den rattruglete panna var hjernen som sedvanleg i sjølvbevisst beredskap, og snart vart forsøket på å kvile erstatta med førestellinga om at eg for menneske som spaserte forbi utanfor, denne solfylte juniettermiddagen, stod fram som eit klassisk bilde på utmatting og fortviling. Eg var, i ordets fulle betyding, fullstendig utkøyrt.
Sola skar i auga då eg sette meg opp att i setet. Litt etter litt fall detaljar på plass, den rustraude muren til Edinburgh College of Art til høgre, dei store vindauga med innsyn til den tomme spisesalen til Hotel Novotel umiddelbart til venstre, og gjennom frontruta ei folketom Lady Lawson Street, ei gate som tømt for menneske, trafikk, ting i rørsle – tømt, praktisk talt, for tid, lyste mot meg lik ein representasjon av seg sjølv, som eit overeksponert fotografi.
Frå bak frontruta, utanfor bildet så å seie, sat eg med ei besynderleg kjensle av ein augneblink å ha kome over eit smutthol i tida, noko som i grunnen gjer sjølve uttrykket ein augneblink overflødig, eit parameter som skildra fråveret av nettopp det parameteret, nemleg tid. Sakte, lik skuggane bygningane rundt meg kasta i gata, voks det i meg ei erkjenning av å vere levande, ei ekstatisk og avklart eksistensbevisstheit. Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg falle for freistinga å kalle tilstanden zen, men det verka som ein usannsynleg destinasjon, for eg kjende framleis ei tørst i den verdslege verda, spesielt etter øl.
Hadde eg trass alt ikkje møtt veggen likevel? På same tid mismodig og munter vart eg sitjande og stire som hypnotisert på den elles ordinære gata som brått verka merkverdig lada. Var verkeleg dette veggen? Eller hadde eg brast rett gjennom? Framfor alt kjendest det som om eg plutseleg var trengd gjennom noko eg alltid har stanga mot, ei sval og hemmeleg bakside som også, kanskje på grunn av førestellinga av uforvarande å ha trådd over ei grense, fortona seg som eit punktum: lenger kjem du ikkje.
Allereie i Yoga for people who can’t be bothered to do it er Stalker, og især konseptet The Zone, ein stad der dine djupaste ønskjer går i oppfylling, eit fast referansepunkt. For Dyer handlar The Zone om opphevinga av tid, eller å oppleve tid som stad, og omvendt; ei sublim grenseerfaring der ein kjenner seg att ein stad ein aldri har vore før. Første gong han var der, i The Zone, var ved kyrkjegarden i Somme. Seinare har han vore der ein handfull gonger, blant anna under Burning Man-festivalen i Black Rock Desert i Nevada. Eg har vore der sjølv, i The Zone. Kvar gong har eg vore i utlandet, og kvar gong har eg vore åleine. Kjensla er den av å ha opna ei ny luke i seg sjølv, ei djupare bevisstheit, som om ein brått har tilgjenge til sjølve essensen av ein sjølv. Men tingen med The Zone, som Dyer seier, er at før ein veit ordet av det, er ein ikkje der lenger.
Slik er det: du prøver å tvihalde på noko, og til sjuande og sist er det berre kjensla av forsvinning du sit att med. Slik er det: alt skal bli tatt frå deg. Men samtidig: aldri kjende eg meg så levande som då eg møtte veggen! Nedst i krysset kryssa ein mann med hatt vegen. Ein Nat King Cole-song kom på radioen. Hadde radioen vore påslått heile tida? I eit frenetisk forsøk på å tvihalde på augneblinken gjenopptok eg posituren av ein fullstendig overmanna av utmatting og fortviling, no fortvilt i dobbelt forstand, men til inga nytte, sjølvsagt. Ut frå høgtalaren rett ved øyret mitt strøymde stemma til Nat King Cole som song om ein mann som ikkje fortente kjærleiken til ei kvinne som elska han eller omvendt, eg hugsar ikkje lenger.
Eg sette meg opp i setet og kasta eit blikk inn hotellvindauga. Inne i spisesalen hadde ei einsleg sjel slått seg ned midt i lokalet og sat stillferdig og åt, liksom utlevert til einsemda, ei øy i eit hav av tomme bord og stolar, lik ei emosjonell dobbelteksponering av meg sjølv, der eg sat og funderte på korleis kjedsomheit og utmatting ofte er tett samanbunde med augneblink av eufori. Med ei kjensle av å ha plagiert Dyer i tankane, kom eg til å tenkje på bøkene hans som eg hadde slukt desse vårmånadene, som i staden for å tilføre ein vesentleg dimensjon til mitt edinburghske opphald, snarare syntest å springe direkte ut av det. I røynda, som eg rett nok meinte å ha kome over ei rift i, var det nok heller snakk om ein karakteristisk eigenskap ved dei verkeleg gode forfattarane: dei gir deg eit nytt blikk på verda. Eller kanskje det er meir som ei forelsking (som manifesterer seg mykje på same vis).
Som oftast var det scener og sentensar frå boka om den forkvakla pilegrimsreisa i D.H. Lawrence sine fotspor, Out of Sheer Rage, som dukka opp når eg minst venta det, lik ein skuggeaktig undertekst til mitt eige liv. Denne ettermiddagen, derimot, gjekk tankane til skildringa av ein tur til Libya i Yoga, «Leptis Magna». Når Dyer omsider kjem fram til dei romerske ruinane i bufferen mellom havet og den nordafrikanske ørkenen, etter ein heil del surmuling og gjerandslause dagar på hotellrom og hotellrestaurantar, får han brått kjensla av å ha stige inn i eit kraftfelt. Stad og tid blir irrelevante storleikar: «It was not a place I had entered, but the dream space of the past. I was in the Zone.»
Mens eg sat der tok mobilen til å ringje i passasjersetet ved sida av meg, men eg valde å oversjå han, vel vitande om at han kom til å halde fram å ringje til eg omsider svara. Enn så lengje forheldt eg meg i ro, og til slutt opphøyrde ringinga. I stilla som følgde lèt eg blikket vandre. På andre sida av vegen fekk eg auge på eit skilt der det stod: Parking Zone. Ved sida av stod det eit anna, eitt av desse blå og raude trafikkskilta med ein omvend skråstrek som betyr tidsavgrensa parkering, men det var ikkje oppført tidspunkt – når ein hadde lov å parkere og ikkje – og dessutan hadde eg eit spesielt parkeringsløyve liggjande ein eller annan stad, som overskreid dei gjeldande reglar.
Runar Dahle
Født 1981. Forfatter. Siste bok: Forskjellen på blomster og ugras (Gyldendal, 2017)
Født 1981. Forfatter. Siste bok: Forskjellen på blomster og ugras (Gyldendal, 2017)