2021: Ein valkampodyssé
Politikarane har gitt folket sitt ja. Vil folket gi seg over til politikarane? Dette er forteljinga om den fem veker lange jakta på 3.876.200 nordmenn over 18 år.
Reportasje. Publisert 10. september 2021.
(Les et etterord til reportasjen i Vinduets nyhetsbrev nr. 15.)
Eg er rusten, eg må innrømme det. Eigentlig hadde eg tenkt opninga slik: Heilt svart, heilt stille. Så lyd. Så Richard Strauss sin Also Sprach Zarathustra. Blåsarar. Paukar. Så lys. Så morgon. Kloden som langsamt kjem til syne i teksten, flytande poesi ute i rommet.
Men her trampar Erna Solberg rett inn i reportasjen min, kledd i blått, alt rundt ho er blått, ja, ikkje bare blått, veldig blått, blåare enn planeten, blåare enn det engelske boybandet Blue.
Ingenting kan stanse statsministeren, aller minst kan eg stanse ho. Solberg som kjem marsjerande gjennom Clarion The Hub i Oslo, ho som går opp midtgangen til tonane frå Prince.
Let’s go crazy
Let’s get nuts
Let’s look for the purple banana
Until they put us in the truck
Let’s go
Og herfrå og ut sklir valkampreportasjen i alle retningar, blir til ein lavine eg ikkje har kontroll på. Eg er bare ein rusten gonzo, eg har ikkje jobba med reportasje sidan 2001. Framleis blir eg introdusert som forfattar og journalist, seinast i sommar på nasjonal radio. Det med journalist er eit vedheng eg aldri blir kvitt, det er som om eg blir presentert som forfattar og kattemordar, eller som forfattar og sexavhengig.
Eg er bare rusten. Eg bare stirer på direktestrømminga frå Høgres valkampstart.
Vel framme på talarstolen tar Erna imot ståande applaus frå sine eigne. Før ho bryt dei av med lett nasal røyst:
– Veeeldig hyggelig. Takk, takk.
Og så, fordi gruppekonferansen ser ut til å ha tatt Prince på djupaste alvor og no er klar for å gå såpass nuts som høgrefolk kan gå nuts, blir ho til Tante Blå:
– Nå må dere sette dere ned.
Dette er måndagen 9. august. Sola har fått litt mattare glans, fargane er umerkelig blitt bleikare, sommarvarmen heng framleis i. Dette er dagen då 497 nye nordmenn er smitta med covid-19. Dette er dagen då halve Brann-laget går på nattlig nachspiel. Dette er dagen då dei politiske partia for alvor rullar ut sine slagord og one-linerar, sine stjerner og fotsoldatar, sine kaffikokarar og spinndoktorar. Fem veker til stortingsvalet.
Høgre has left the building. Gjett korfor: (1) Få fart på Norge igjen, eller (2) Ta gruppebilde med Erna ute i streeten?
Det er også dagen då rapporten frå FNs klimapanel blir lagt fram. Etter ein bibelsk sommar med flaum, skogbrannar, pandemi, issmelting og varmerekordar sender 234 forskarar frå 66 land ut ein Kode Raud. Alle er no varsla. Det er tid for handling, det er tid for endring.
Eg innbiller meg at dersom eg hørte ekstremt godt, ville eg ha hørt rop og sukk frå bakromma til dei norske politiske partia. Jubel frå somme. Stønn frå andre. Eg ville ha hørt spinndoktorane banne over at dei vakre planane, med sine kulepunkt og omfattande to-do-lister, no sannsynligvis ryk rett ut vindauget:
– F**K!!!
På Ingensteds ved Akerselva arrangerer VG denne måndagskvelden valkampens første debatt mellom statsministerkandidatane Solberg, Støre og Vedum. Trioen må svare på særs enkelt vis på særs komplekse spørsmål. Dei får utlevert kvar sin blå JA-plakat og kvar sin raude NEI-plakat. Programleiaren viser til dagens oppfordring frå FNs generalsekretær António Guterres, og vil dei største norske partia no setje ein sluttdato for norsk oljeleiting? Svara kjem kjapt.
NEI
NEI
NEI
– Æ ææælske at politikeran byr på sæ sjøl, jublar Aslak Eriksrud fleire gongar i løpet av desse vekene.
Ja, sjølvsagt elskar Aslak Eriksrud at politikarane byr på seg sjølv. Aslak Eriksrud jobbar som kommentator i TV 2, og heile forretningsmodellen til TV 2 er vel å få folk til å by på seg sjølv?
Og bare for å bli ferdig med det med ein gong, politikarane gjør mykje rart i denne valkampen. Dei hoppar i fallskjerm, dei boksar, raftar, dansar, padlar, klatrar inn vindauge, dei kjører gokart, traktor, dieselbil, ribb, ATV. Til tider liknar det meir på ekstremsportveka enn valkamp.
Kven kan klandre dei? Ifølge SSB er det 3.876.200 nordmenn der ute som kan overtydast og lokkast inn i stemmeavlukket. Alt står på spel.
Ungdommens blåskap. Det er såkalt Høyre Walk i Bekkjarvik, og Erna-ungdommen har møtt opp, væpna til tennene med totebaggar, buttons og mobilar. Stemmerett ikkje inkludert.
FIRE VEKER IGJEN TIL VALET
Måndagen 16. august fell det menneske frå himmelen over Kabul. Dei klamrar seg til amerikanske militærfly. Dei gjømmer seg i hjulopphenga, dei sit oppe på flyvengene, dei sit oppe på flytaka, dei vil vekk, dei vil ut. Dei er dømt til å feile, dei er dømt til å falle.
Dette er 2021, det minner meg på 2001, for her er Taliban tilbake, i løpet av elleve dagar har Taliban igjen tatt kontrollen over Afghanistan. USA har bestemt seg for å avslutte eit 20 år langt støvete, sandfarga mareritt i Asia. Operation Enduring Freedom hadde altså ein sluttdato. Den gode krigen er over.
Dei seier det ikkje rett ut, hemn er ifølge konvensjonane ikkje grunn god nok til å krige, men det er vanskelig å sjå det annleis enn at USA gikk inn i Afghanistan for å hemne terrorangrepet frå al-Qaida. Flya som den tragiske septembermorgonen i 2001 trefte mål i New York og Washington og Pennsylvania, drap til saman 2996 menneske, inkludert 19 flykaprarar. Krigen i Afghanistan har kosta ytterligare 172390 menneskeliv, av dei er 47245 afghanske sivile.
– Jeg gråter blod, seier Espen Barth Eide frå Ap.
– Alt har ikke gått etter planen, men det ville hatt store kostnader om vi ikke var der, seier Michael Tetzchner frå Høgre. Dei norske politikarane har denne svarte måndagen hamna på Arendalsuka, dei er i valkampmodus mens Kabul kollapsar, dei er på demokratiets dansegolv, som festivalen sjølv kallar det.
Eg også har ambisjonar om ta eitt trinn hit og eitt trinn dit der nede. Men det er skulestart, ungane må opp om morgonen, kona er på reise og fotograf Helge Skodvin må tene pengar ved å fotografere ute på Handelshøgskulen. Eg følger debattane på flatskjermen heime.
Norske politikarane står i ulike provisoriske tv-studio i Arendal, omlag 5100 kilometer frå Afghanistan, skråsikre på kva som har hendt. Det verkar som dei allereie har drilla inn sentrale talepunkt, jo, operasjonen har vore vellykka, jo, operasjonen er ein avgrensa suksess, fordi Vesten lykkast med å hemme al-Qaida og stanse terroren, det må vi ikkje glømme. Dette er på sett og vis rørande, om ein då ser bort frå at det ikkje er sant, at al-Qaida framleis finst i store delar av Afghanistan, at dei har fusjonert med lokale terrorceller og at dei sidan 2001 har gjennomført terroraksjonar over heile verda.
I partileiardebatten den kvelden slår Afghanistan inn som tema klokka 22:55. Då er det snart Kveldsnytt og programleiar Fredrik Solvang ber partileiarane skunde seg:
– Vi har litt dårlig tid nå.
Det har afghanske flyktningar også. Dei strømmer til Hamid Karzai International Airport i eit fortvila forsøk på å komme seg ut. Ein av dei er Zaki Anwari, ein 19 år gammal fotballspelar som er så talentfull at han allereie har debutert på det afghanske ungdomslandslaget.
Zaki blir funne død i hjulbrønnen på det amerikanske militærflyet då det landar i Doha, Qatar. Det siste han skreiv på Facebook var dette: Du målar sjølv ditt liv, ikkje gi målarkosten din til andre folk.
I KVALENS BUK
Eit par dagar seinare blir eg slukt av ein kval. Det er ein blåblå kval som glir under blåblå augusthimmel.
– Detta ække akkurat highwayen, seier Petter Tømta.
Han styrer den blå kvalen gjennom grønt landskap, under lette skyer med duse nyansar. Han har rett. Det er svingete. Det er smalt. Det er eit sjansespel. Det er Vestlandet. Eit landskap som faldar seg ut, vilt og vakkert.
Med jamne mellomrom stansar blåkvalen for å puste inn og puste ut. Han spyttar ut ministrar, statssekretærar, pressesjefar, rådgivarar, kommentatorar, fotografar, journalistar, meg.
Blått eller raudt? Høgrebussen er klar for å entre 1450-ferja til Husavik. Mopedisten kjem ikkje til å gi seg utan kamp. Aldri. Aldri.
Og ut av kvalens buk kjem landets statsminister. Ho snakkar inn i mikrofonane, ho står framfor kameralinsene, ho stiller opp på selfiane. Ho sprett opp på talarstolar, ho held appellar, ho snakkar med store og små. Veeeldig hyggelig. Veeeldig kjekt. Kjekt. Hyggelig. Kjekt.
Erna Solberg svarar på alle slags spørsmål. Kva skal vi leve av etter olja? Korfor heiter partiet Høgre? Kven vil du skal vere statsminister, om det ikkje blir deg? Korfor er Hordfast så viktig for Høgre? Kva gjør du på fritida?
Kva vil du skal stå igjen etter deg? spør BT i den blå bussen. Svaret kjem litt dempa frå ein stad bak Solbergs munnbind (av NATO-typen og ikkje av topp kvalitet, ifølge statsministeren). Ho tar til å snakke. Somme setningar er fullstendige, andre meir amputerte.
Ho snakkar som om ho var bedriftsleiar for AS Norge. Praktisk. Pragmatisk. Det handlar om konkret politikk, det er få ideologiske resonnement. Komme seg opp om morgonen, komme i gang, få opp farta, bygge, bore, skape, forske, utvikle, få jobben gjort.
Elevane på Leirvik skule vil gjerne vite kva ein norsk statsminister gjør på fritida. – Hvilken fritid? spør statsministeren.
Erna Solberg er no personifiseringa av partiet, ho som blir fronta på buss, på button, på handlenett, på plakatar, i tv-ruta. Det er ho som tar alt oksygenet i dei romma der ho dukkar opp.
Då Erna Solberg entrar valkampstanden på Lagunen storsenter, er fleire parti allereie på plass. Straks Solberg kjem, glor alle i blå retning, også konkurrentane, energien sklir fullstendig over mot høgre. Kjersti Toppe frå Sp blir ståande mutters aleine, med hendene fulle av partibrosjyrar. Hadde eg vore kroppsspråkekspert, hadde eg konkludert med akutt kognitiv irritasjon eller noko slikt, veit ikkje.
Til slutt plukkar Kjersti Toppe fram mobilen og ringer ein venn.
Statsministeren oppdagar meg på første ferjekai:
– Skal du skrive ein roman? ler ho.
– Eg skal skrive tre, seier eg.
– Det blir ein trilogi.
Ny latter. Dette er problemet med å vere embedded hos Høgre, ein blir mindre og mindre kritisk, ein blir meir og meir happy. Urovekkande. Særlig når ein i utgangspunktet er eit så mildt vesen som eg. Det er heller ikkje spesielt vanskelig å like Erna Solberg når ein er fanga i blåkvalen. Drivet. Kondisen. Korleis ho kjenner alle saksfelta, korleis ho kjører på, utan fakter, utan å gjøre seg til. Ho har ein aura av upåverkelig, alt ser ut til å prelle av, som om ho har ein usynlig bergensk regnfrakk på. No og då sprekk ho opp, som til dømes når ho snakkar om rusomsorg og hòl i cv-en og folk som fell utanfor.
Eg noterer i boka mi: Soft spot.
Dette kan vere siste reis som statsminister. Meiningsmålingane lovar ikkje godt. Scania-bussens blå folie, inkludert slagordet: Vi tror på Norge, er gjerne meir melankolsk enn håpefull.
Bare ein liten, fredfull augneblink. Bare vinden frå fjorden. Bare sola som leikar i håret. Bare ferja som jobbar seg over mot Austevoll. Bare Erna Solberg som sit for seg sjølv i nokre minutt.
Men for ein statsminister er også den augneblinken, sitjande stille og harmonisk ute på ferjedekket, perforert og spidda og allemannseige. Fotografane vaktar ho. PST vaktar ho. Folk vaktar ho. Eg vaktar ho.
Ei stille stund på M/F Husavik. Landets statsminister til venstre for ein gongs skuld. Annette Kaland og Kaja Seterdal til høgre.
TRE VEKER IGJEN TIL VALET
Fru Strand snik seg inn i denne reportasjen, litt uventa sjølv for meg. Eg har ikkje tenkt på fru Strand på mange år. Fru Strand og eg budde ein gong i same gata. I ein ulykkelig periode var eg styreleiar i sameiget. Eg var ein dårlig styreleiar, eg er ikkje brukande til å vere styreleiar.
Fru Strand gjorde ikkje situasjonen lettare. Seint og tidlig dreiv fru Strand lobbyverksemd. Ho hadde dette problemet med ei dump i gangvegen utanfor rekkehuset. Når det regna mykje, som det jo gjør i Bergen, samla regnet seg nede i dumpa.
Eg meinte at det beste var å fikse problemet. Fru Strand meinte at det beste var å få regndumpa opp på generalforsamlinga. Eg sa med streng røyst at dette ikkje var ei sak for ei generalforsamling. Fru Strand gav seg ikkje, ho ringte, sende epostar, stansa meg borte ved postkassane.
På generalforsamlinga i juni ville ho ha regndumpa inn under Eventuelt. Eg måtte grave djupt i meg sjølv og heilt rolig forklare at det ikkje finst noko som heiter Eventuelt på ei generalforsamling. Like etter gikk eg friviljug av som styreleiar i sameiget.
Eg kjem til å tenke på fru Strand då eg ser eit bilde frå årets valkamp. Sp-toppane Ola Borten Moe og Sandra Borch er på turné, dei er ute i felten, dei er nær folk, dei er i alle fall nær ein fylkesveg, den vegen som går mellom Gratangen og Lavangen. Partikollega Ivar B. Prestbakmo peikar på ei lita dump og eit lite hòl i asfalten.
Kloden brenn. Klodens lunger kollapsar. Og Ola Borten Moe står oppe i Nord-Norge og stirer på eit hòl i fylkesvegen.
NORGE, MITT NORGE
Er dette kva som skjer med rike nasjonar? Norge utmerkar seg i sommarens Tokyo-OL, litt på medaljestatistikken, mest på klagestatistikken. Sanden på sandvolleyball-banen er for sandete. Ballane på handballbanen er for klissete. Vinden på robanen er for sterk. Sengene er for mjuke. Dommarane er for dårlige. Det stinkar i hamna der dei arrangerer triatlon. Gjert Ingebrigtsen klagar på absolutt alt i Tokyo, sjølv om sonen hans spring inn til suverent gull.
Eg leitar etter ein passande metafor for Norge anno 2021. Eit bilde. Ein figur. Eit tog eller ein båt? Ein yacht? Eit cruiseskip, kanskje? Prince sin lilla banan? A world of never ending happiness.
Vi ligg på hjul etter partitoppane. Ved Storebø på Austevoll snik ein lastebil seg inn mellom oss og Høgre-bussen. Oppe på planet er det festa ein jacuzzi. Nokon på Austevoll skal boble seg lykkelig. Eg tar bilde med mobilen og sender til ein lokal informant. Det kryr av dei her, kjem det straks tilbake.
Litt seinare den ettermiddagen er det såkalla Høyre Walk saman med statsministeren. Vi blir ståande i hamna og glo på alle luksusbåtane.
Lucas Ek er Vestlands største Erna Solberg-fan, muligens slått av kompisen, som faktisk har tre Erna-buttons på hettegensaren. Lucas nøyer seg med to, som ein kan sjå.
– Er det Dubai eller Bekkjarvik? spør fotografen.
Dette rike Norge. Dette boblebadande Norge. Var det bare eit blaff? Var det bare ein augneblink i historia? Er det snart over? Kva skal vi leve av etter olja? Nicolai Tangen?
Eg forsøker å få grep om Gini-koeffisienten, ikkje-kvotepliktig sektor, leiterefusjonsordninga, pakkeforløpet, innslagspunktet, uttaksbanen. Eg følger tv-debattane, men det hender eg zappar vidare til Eliteserien. Eg les kommentarane i nettavisene, men det hender eg blir sitjande og glo på dyrevideoar.
Eg kjem i skade for å sjå reprisen på årets siste Allsang på grensen. TV 2 har no fått Staysman frå Fredrikstad til å by på seg sjølv. Vår nye nasjonalskald takkar for sommaren slik som dette: Ra ra, en blodtrimma traktor og en godt stekt pizza. Ta med deg blandevann og drekk dæ te møkkamann. Ungar og foreldre syng med. Alle kosar seg. Alle skal med.
Eg vaknar om natta og skriv i notisboka mi. Om morgonen ser eg kva eg har skrive: «Det er forskjell på barskap og farskap.»
Også i denne valkampen syg politikarane intenst på den norske folkesjela. Det er uklart for meg kva for eit Norge dei faktisk snakkar om når dei ustanselig snakkar om Norge. Det må vere eit Norge dei meiner er gått tapt eller er i ferd med å gå tapt, eit Norge der flagget vaiar i vinden og der ein kvar dag kan ta rasjonelle og fornuftige val i ei rasjonell og fornuftig verd.
Alle slagorda og alle utsegnene blandar seg, alt som er blitt sagt, alle partiprogram og utspel blir til dikt, blir til poesi, transformerer seg og morfer til mitt livs første valkampdikt.
Vi tror på Norge
Vi tror på hele Norge
Vi tror på Norge, fordi vi tror på deg
Vi tror på et land med muligheter for alle
Vi skal få fart på Norge igjen
Vi skal forenkle Norge
Hele dette flotte landet
Ja, vi elsker dette landet
Norge er vårt land
Det Norge vi er så glad i
Vi bygger Norge videre
Her i Norge spiser vi svin
Her i Norge drikker vi alkohol
Her i Norge viser vi ansiktet vårt
Klipp deg og kom deg i jobb
MELLOMSPEL PÅ VESTLANDSK FERJEKAI
Kva med Trygve Slagsvold Vedum? Jo, Vedum kjem stigande inn i reportasjen på Skjersholmane. Overraskande nok stig han ut av ein Audi på ferjekaia. Han stig ut av Audien og inn i reportasjen. Vi ventar eigentlig på at Erna Solberg skal komme over med M/F Hillevåg. Ho har vore på Hydro Husnes, no skal ho vidare på skulebesøk.
Ventetida nyttar vi til å studere bilparken. Bransjen klagar stadig over at snittalderen på norske bilar er altfor høg, men alvorlig, heilt seriøst, her skin og funklar og glitrar det i krom og panser og karosseri.
Og ut av den kanskje aller heftigaste bilen, ein svart blankpolert Audi, stig Trygve Slagsvold Vedum, ein enkel bonde frå Stange.
Eit sjølverklært medium for bygdebrølet, traktekaffiens riddar, han som fører vidare ei av dei lengste konfliktlinjene i norsk politikk, by mot land, agrarpopulisten i opposisjon til Oslo, den urbane eliten og alle regjeringas reformar. Mister Jo-Jo-Jo-Jovial!
Eg presenterer meg og seier at eg skriv for Vinduet, det litterære tidsskriftet til Gyldendal. Vedum opplyser straks at han er glad i bøker, han les på turneen, det blir mest politikk og ved leggetid er han stuptrøtt, men han les litt før han sovnar, no er han i gang med Birøkteren fra Aleppo.
– Er ikke det en Gyldendal-bok? spør Vedum.
Jo, det er det, men det får så vere. For her kjem statsministeren, ferja er i ferd med å legge til. Vedum fortel at han sjølv kom for seint til ferja, han er på veg til Hydro Husnes.
– Du òg? Er det ope hus der i dag? spør eg.
Vedum ler sin ikoniske latter.
Så går han inn i modus operandi. Ferja er ved kai.
– Skal jeg ta av meg genseren? spør Vedum spinndoktoren sin.
Og doktor Vangen nikkar, doktor Vangen vil at Vedum skal ta av seg den mørkeblå genseren, må ikkje bli for høg og mørk. Vedum tar av seg den mørkeblå genseren.
Under genseren har han ei grå, småkrøllete flanellskjorte.
Statministeren kjem over ferjelemmen med kaffi og svele. Det er ein fin augneblink, to politiske motstandarar som tilfeldig treffer kvarandre på ei ferjekai vestpå. Augustdagen er varm, himmelen lettskya. Dei småkranglar litt om EØS og energipolitikk. Journalistane flokkar seg som bananfluger rundt dei to. Så må dei vidare. Ein austover. Ein vestover.
Skjersholmane på Stord er valkampens nye episenter. To tredjedelar av landets statsministerkandidatar møtast tilfeldig ein fredag føremiddag.
Men dette er også dagen for sjokkmålinga i VG. Senterpartiet er ned over fire prosent. Trygve Slagsvold Vedum er med dette offisielt tildelt rolla som valkampens tapar, trass at Sp framleis ligg langt høgare på målingane enn ved tidligare val. Men han har flaksa for høgt, han har komme for nær sola, ein falsk fugl av typen som skal skremme vekk andre fuglar. No har han visst tatt til å skremme vekk veljarar også.
Pressefolka som nettopp genierklærte Vedum, idioterklærer han. Har du prikka inn forma for tidlig? Er det klimasaka som skapar trøbbel for deg? Burde du ha erklært deg som statsministerkandidat?
Vedum seier at slike målingar går opp og ned.
– Det kommer en god en i morra, seier Vedum og smiler lurt til journalistane før han går inn på ferja.
Den gode målinga kjem ikkje. Eg studerer målingane dei neste dagane, og alle viser nedgang for Sp. Vedum må ha funne opp den målinga. Han må ha drømt ho, liggande på eit hotellrom ein stad i det Norge som vi er så glad i, ein drøm om svarte Audiar og mørkeblå dressar, med Birøkteren fra Aleppo liggande på nattbordet og flanellskjorta hengande over stolen.
Og her dalar Trygve Slagsvold Vedum sakte ut av reportasjen min. Eit første haustteikn? Bladet som losna frå treet sitt?
TO VEKER IGJEN TIL VALET
Måndagen 30. august går general Chris Donahue over flyplassen i Kabul. Han er fotografert i grønt nattmodus, med rifla i handa, med faste steg i retning eit C 17-transportfly. Dei siste støvlane på bakken. USA er no heilt ute av Afghanistan. Joe Biden kallar evakueringa for ein ekstraordinær suksess.
I den hemmeligstempla evalueringsrapporten Afghanistan Papers fortel informantar om den gongen i 2001 då USA gikk inn. Då blei lokale rådgivarar spurde av amerikanske spesialstyrkar: Where are the bad guys? Afghanarane forstod at dei måtte komme opp med eit kart over venn og fiende.
Denne verda er meir vrien enn som så. Desse dagane held Taliban pressekonferanse i Kabul med Antibac på bordet framfor seg. Dei snakkar om fred og forsoning. I Brussel held NATO-sjef Stoltenberg pressekonferanse med trugsmål om å bombe Afghanistan på ny.
Her heime har helseministeren gitt løfte om at vi snart kan ta opp igjen one-night stands, danse tett, gå nuts. SK Brann lyttar nøye til Høie, men smitten stig og stig, denne dagen er det 1349 nye tilfelle av covid-19. Til og med Espen Nakstad dukkar opp igjen, nesten som Taliban, aktuell både med biografien Kode rød og den velkjente, bekymra mina.
Seinsommaren kjem med ei vill oppblomstring av smitte og meiningsmålingar og pressekonferansar. Norsk Skiforbund kranglar så den verbale snøføyka står. Politiangst blir til varsel på Nyheitskanalen: – Folk er sultefôret på fest! Pensjonistpartiet får sitt eige ungdomsparti. Eit desperat KrF ser ut til å gå etter muslimske røyster i valkampen.
Where are the bad guys?
Eg les eit intervju med Nicolai Tangen som fortel at han har jobba med sinnepsykolog i London, og at Oljefondet no har ein strategiplan som er veldig kul fordi den er veldig spesifikk og er delt opp i punkter. Han fortel også at Oljefondet har fått humor inn i strategiplanen.
Ikkje altfor nær folk. Blå rockeringar sikrar nødvendig avstand. Amche Ali får sin Erna-autograf i Nygårdsparken, Bergen.
Og her er det eg lirkar Sindre Finnes inn i reportasjen. Han deltar på Høgres valkampstand i Nygårdsparken. Nasjonens førstemann er nylig blitt kalla partiets lause kanon i Aftenposten. Men til oss fortel Finnes denne laurdagen ope om at han nettopp har frisert hagen, urolig for at pressa skal drive gravejournalistikk og finne ut at ikkje alt er på stell i Høgre. Saka med Jan P. Syses ustelte åttitalshage sit framleis tungt i.
Eg skundar meg med å legge til at dette er humor. Høgre-humor. Men Sindre Finnes seier at han trur kona er i siget no. Han merkar det på Erna, ser det på ho. Dette kan gå, veljarane er i rørsle, og den sitjande regjeringa kan få drahjelp frå Hulda Holtvedt. Sindre Finnes viser til avisoppslag der Hulda Holtvedt har gått imot alle typar bilbruk i byane. Sindre Finnes meiner at Hulda Holtvedt skremmer folk.
Hulda Holtvedt er dei grønes poster girl, ung MDG-ar, irriterande for alle over femti, lite lysten på kompromiss. Alle partia snakkar ustanselig om det grøne skiftet, men eg tenker: Har det gått opp for dei etablerte at det grøne skiftet gjerne kan bety eit grønt skifte i politikarstanden?
Denne valkampen gir oss politikarar som for ein gongs skuld vil trekke frå, ikkje legge til, politikarar som lovar oss mindre, ikkje meir. Det må vere politikkens tøffaste øving. Valkampens stavsprang: Å nytte ein lang pinne til å klatre seks meter og 15 centimeter opp i lufta.
Eg overhører ein veljar med utanlandsk opphav som på valstand uttrykker uro over at MDG vil utfase olja. Den kvinnelige MDG-aren forsøker å roe han ned:
– Utfasinga vil ikkje skje over natta.
Veljaren blir endå meir urolig:
– Hæ, skal det skje om natta?
Kommentarfelta verkar ekstra febrile grunna MDG, som Bente Michelsen skriv hos BT, om den nye politikartypen ho har observert nøye: «De sitter vanligvis å spiller på data, har en mobil med musikk i øret og har ikke peiling på hvorledes et land skal styres.»
Seinare viser det seg at uroa blir delt av rikingane austpå. Whatsapp-gruppa Politikk, med Øystein Stray Spetalen i spissen, vil vere med og påverke verda. Den norske investoren Ola Mæle skriv: «En apokalyptisk dommedagskultus er altså i ferd med å sette politisk dagsorden i Norge og den vestlige verden.»
Denne valkampen markerer noko nytt. FrP luktar Old Spice. Høgre luktar olje. Sp luktar diesel. Ap luktar ingenting.
HALLO, SPACEBOY
Sitjande med den berbare framfor seg på ein benk i sola, ropar Norsk Telegrambyrå ut i lufta:
– KA HETTE DETTE STEDET?
Null svar frå lokalbefolkninga. Norsk Telegrambyrå gir seg ikkje, Norsk Telegrambyrå har ei dødlinje:
– KOR E ME HENNE?
Litt mumling frå dei lokale. Norsk Telegrambyrå vil ha stadfesting:
– STOREBØ?? OG KOMMUNEN? AUSTEVOLL?? TUSEN TAKK!
Skrive! Sende! Publisere! Kjetil Kjær Andersland frå Dagbladet og Marius Helge Larsen frå NTB (t.h.) har mekka seg bortekontor ved ballbingen på Stord. Storebø neste bortekontor.
Korleis finne vegen til folks hjarte? Politikarane har allereie gitt folket sitt ja. Dei har erklært sin kjærleik til folk flest, dei er nær folk, dei set folk først, dei meiner at no er det vanlige folks tur. Men kjærleiken må formidlast. Frieriet må kringkastast. Jakta må finne sitt bytte.
For dei politiske partia er pressa ein potensiell mobil soundboks, av den typen fulle folk surrar rundt med i helgene og på sein kveldstid. Ikkje for å slynge trance og tropical house ut i det offentlige rommet, men for å fullbyrde frieriet, lufte saker og spinn og soundbites.
Valkampen er ei einaste lang direktesending frå soundboksen.
– Eg skal få det over til deg straks, så kan du bruke det som du vil på alle plattformar, melder NRK.
– Jeg er standby for å gå på, vi går nok på ganske presis, tenker jeg, melder TV 2.
Vi står på ei solfylt ferjekai og hører statsministeren snakke om vegsatsinga, omringa av pressefolk. Vi set oss inn i bilen og ut av radioen kjem Solbergs røyst, eit ekko av kva som nettopp blei sagt, allereie pakka inn og servert som nyheitssak på tretti sekund.
Live trumfar alt. Live er heilag. Live er liv. Live er lykke. På Amfi Os er fotograf Skodvin på skothald, Erna Solberg står naturlig og fin i samtale med nokre førstegongsveljarar. Nydelig. Heilt til TV 2 kjem trampande inn for å gå live. Etterpå er TV 2 heilt ute av stand til å ta sjølvkritikk.
– Hallo! Vi var jo live! Vi var live!
Bare intervju går kjapt nok. Journalistar som intervjuar politikarar. Journalistar som intervjuar andre politikarar om det intervjuet dei nettopp gjorde. Journalistar som intervjuar journalistar. Journalistar som intervjuar kommentatorar om kva dei synest om intervjuet dei nettopp gjorde med andre kommentatorar.
Journalist og politikar dansar saman, med ein meters avstand. Vaktar kvarandre, foraktar kvarandre, treng kvarandre. This waltz, this waltz, this waltz, this waltz. Politikaren har mest å tape, journalisten sonar gjerne ut, blir til ein spaceboy, lost på bygda, høg på seg sjølv, låg på blodsukker, likar aller best spel og spetakkel, skrur soundboksen opp på elleve.
Steinar Suvatne er mannen som styrer Dagbladets soundboks utanfor Stortinget. I forkant av årets satsing i Valgboden seier han:
– Det er skikkelig gøy med valg. Det er som å være fotballspiller når du nærmer deg en skikkelig toppkamp for Liverpool på Anfield.
Suvatne må gripe til maritime metaforar for å skildre eigen karriere, han meiner at han tok til i ein liten kano, no nærmar han seg ein yacht.
Sjølv kjenner eg på den motsette rørsla. Ein gong var eg ein yacht. No er eg ei jolle. Eg tuslar i utkanten, intervjuar ingen, forsøker å gjøre meg usynlig.
– Kvar kjem du frå? spør dei presseansvarlige der vi dukkar opp.
– Vinduet, svarar eg.
– Vinduet??? spør dei.
– Ja, Gyldendals litterære magasin, svarar eg.
Dei snur seg kjapt bort. Dei hadde von om ein soundboks. Dei fikk eit vindauge.
HALVANNA VEKE IGJEN TIL VALET
Tysdagen endar i raud seinsommarhimmel. Det er Deadline Day. Antoine Griezmann sjokkreturnerer til Atlético Madrid. Kristoffer Barmen går frå SK Brann til Aalesund etter det famøse nachspielet. Jan Tore Sanner legg fram nye skattereglar for oljebransjen.
Den fjerde statsmakt i aksjon. Nettavisens Heidi Schei Lilleås med halvdigital satsing under partileiardebatten hos TV 2.
Den lysande klokka oppe på Johanneskirken tikkar mot 21:40. Ut dørene i Media City Bergen kjem partileiarane. Dei har preppa og varma opp før partileiardebatten. Alle er plassert i kontor med namn etter ulike TV 2-satsingar. Guri Melby kjem ut frå IDOL. Audun Lysbakken kjem ut frå FARMEN. Erna Solberg frå GYLNE TIDER. Jonas Gahr Støre frå TOUR DE FRANCE.
Dei tar heisen opp til sjette etasje, entrar studio som til vanlig blir nytta i Premier League-sendingane. Sportsanker Jan Henrik Børslid presenterer alle. Programleiar Arill Riise bles i ei dommarfløyte.
Så følger nitti minutt med stor ståhei for ingenting. Det politiske språket fusjonerte med reklamespråket, leverte varene, leverte sine salsløfte, no sluker sportsjournalistikken politikken. Heia Brann!
Etter sendinga blir Media City Bergen til eit babeltårn, det ryk frå intervju og kommentarar og reaksjonar, det brenn i terningar og tv-lamper. Flatskjermane oppe på veggen er vrange å slå av. Ingen får dempa den høglytte reklamen. Alt blandar seg, blir ein direktesendt postmoderne symfoni. Popcorn Superhet Receiver.
Har du tid til en prat med VGTV? Familiepakka fra kun kroner 199. Det er litt kaotisk her. Vi har et studio i Oslo som triller terning. Maximum Taste. No Sugar. Tryve sleit litt. Erna mangla litt energi. Nå har Skeidar augustsalg. Guri var litt hektisk. Nå bygger vi 5G. Hvilket terningkast vil du gi deg selv? Billig hverdagsmat.
VG har sentralisert trillinga av terningkast. Oppgåva er så viktig at eit eige team i Akersgata tar den jobben. Utsendte Ane Mørk i Bergen vidareformidlar fem prikkar til debattanten Jonas Gahr Støre.
Endelig får nokon kontroll på flatskjermane, dei går i svart. Babel er framleis live. We're all excited, but we don't know why. Det ble en sterk treer. Du hadde Jonas på en firer? Dere er strenge i dag? Kan'ke du oppsummere debatten? Da runder vi av her. Torsdag skal vi dekke NRKs statsministerdebatt. Takk for at du så på.
Men hvor er festen nå, egentlig? Skal vi ta noen øl? Vi sender deg en melding, ok? Ja, ja. Ok? Ja, ja.
LITT OVER EI VEKE IGJEN TIL VALET
Det er ein litt grå dag. Morgontåke, låge skyer over byfjella. Ap har forsøkt å piffe opp den grå takterrassen på Haukeland sjukehus med raude faner, raude T-skjorter, raude jakker, kaffikrus i raudt. Ingvild Kjerkol har raud kjole under svart skinnjakke. Ap-toppane legg fram sine punkt for å gi landet ein betre helsepolitikk, ein ny sjukehusplan.
Kode Raud på Haukelands takterrasse. Marte Mjøs Persen, Ingvild Kjerkol og Jonas Gahr Støre legg fram sju punkt i Aps nye sjukehuspolitikk. Partikameratar har møtt opp.
Det er ein litt grå pressekonferanse. Litt grå energi så tidlig på dagen. Jonas Gahr Støre er også blitt heilt grå i håret. Terningkast tre på frisyra frå VG, kanskje? Men eg sit på ein benk og lyttar. Det verkar fornuftig, det gir meining, dei sju punkta får tyngd av ambulanse-helikopteret som landar og lettar og for nokre sekund avbryt politikarane.
Dette er grått og viktig. Meir pengar til sjukehusa. Betre tid til fødande. Meir rettferdig psykisk helsetilbod. Ein time seinare les eg på nettet kva NRK har fått ut av pressekonferansen: Høie om Aps sjukehusplan: – Noko av det tynnaste eg har sett.
Nyheita er altså kva ein som ikkje var tilstades synest om det som blei sagt av dei som faktisk var til stades på Haukeland.
Sola kjempar seg fram. Jonas Gahr Støre kjem og set seg på benken ovanfor meg:
– Hei, Frode, seier Ap-leiaren.
Eg noterer meg at i valkampen er vi alle på fornamn. Støre har eit relativt rolig program i dag. Puste litt ut på denne benken. Preike litt om vêr og vind. Deilig med sol, sommaren som strekk seg langt inn i september.
Tallknusarane gir Jonas Gahr Støre 95 prosent sjanse til å vinne valet og bli vår nye statsminister. Han har alt å tape. Om han ikkje lukkast denne gongen heller, vil Støres ettermæle nærme seg karikaturen som VG-teiknar Roar Hagen har dyrka fram. Ein litt livsfjern mann i hatt og frakk som ser ut som om han har spasert ut av Edvard Munchs Aften på Karl Johan.
Mannen som dukka opp i sosialdemokratiets skumringstime og kjørte partiet rett inn i veggen.
Karikaturen er slitesterk fordi han har ei kjerne av sanning. Jonas Gahr Støre kan i debattar prestere å få partiets slagord Nå er det vanlige folks tur til å bli Nå er det vanlig tur. Ja, no er det vanlig tur. Denne dagen er det vanlig tur. Inga gokartkjøring. Ingen tv-duellar. Støre flanerer med hendene på ryggen, svevar litt i eiga sfære.
Aslak Eriksrud poppar opp igjen i reportasjen. TV 2 sin mann er no i Trondheim. Men han var jo nettopp på Haukeland? Eg såg han med eigne auge! Nei, Eriksrud står med mikrofon i hand ved Gamle bybro i Trondheim, ved lykkas portal, han viser til dei siste målingane og kven som kan komme til å regjere med kven:
– Jonas Gahr Støre må nå selge styringsdyktighet inn som sexy, meiner kommentatoren.
Ein skal ha veldig spesielle seksuelle preferansar for å tenne på valkampen til Jonas Gahr Støre denne dagen. Sjukehusbesøk. Lunsj med lokale tillitsvalde. Eldresenterbesøk. Møte med ein familie som har mista brillestøtta.
Sorry, men det var Eriksrud som begynte! Og eg tvilar eigentlig på at veljarane vil ha ein valkamp som er sexy, ein valkamp som går nuts og lilla bananas. Eg tipper at dei fleste vil ha akkurat det dei får denne dagen i september, det dei får desse vekene. Politikarar som reiser rundt og lyttar, som ikkje ustanselig fortel folk korleis dei har det, men som vil vite korleis det går med folk. Som preikar med alle, som ruslar rundt, er på fornamn og hører på sjukepleiarar som strevar med å gjøre måltid for dei gamle til noko positivt og verdig.
– Eg kjempar for deg! seier Sara Bruarøy til Støre på Luranetunet.
Ho sit ute i hagen, lokkar til seg statsministerkandidatar og fullt pressekorps. Ho smiler lurt.
– Dette var artig. Skal dei ikkje filme oss meir? seier ho då vi forsvinn vidare til neste stopp.
– Du klarte deg fint, seier pleiar Marianne Hågensen.
Sara Bruarøy meiner ho er den nye Sophia Loren, denne dagen lokkar ho til seg både kameramenn og statsministerkandidatar på Luranetunet. – No blei vi litt kjendisar, seier Sara til pleiar Marianne Hågensen.
Vinduet-redaktørane har sendt meg ut i felten inspirert av den amerikanske forfattaren George Saunders sin klassiske Trump-reportasje. Null press, liksom. Men hei, dette er Norge. Eg kan ikkje seie anna enn at valkampen gjør meg mildt oppløfta. Jo, eg blir mint på alle som ikkje sit i boblebadet, alle som ikkje kjem på direkten frå Media City Bergen, dei som sit åleine etter debattane, dei som må stå opp neste morgon klokka fem, dei som treng fellesskapet og oss alle.
Men dette landet har politikarar med gode intensjonar, politikarar som lyttar, ser, kjempar på, strevar og jobbar, politikarar som feilar no og då, som ein kan vere rykande ueinige med, ein og anna klovn sprett opp iført glitterjakke, ein og annan driv valkamp i kvite bukser, ein og annan bur framleis heime på guterommet, ein og annan strør om seg med for mange adjektiv, men slik er det vel i alle bransjar?
OG LIKEVEL
Norsk valkamp er ei fleire veker lang argumentasjonsrekke for at nordmenn skal halde fram med å leve slik nordmenn lever, for at nordmenn ikkje skal føle skam eller tenke at dei må endre seg fordi verda endrar seg. Are we gonna let de-elevator bring us down?
Norge finst ikkje på kartet. Vi er ein eigen sonde, vi er ein tenåring ute i rommet. Vi snur oss knapt for å sjå oss sjølv, vi tar ikkje inn over oss at folk lid og strevar og dør for at vi skal halde fram slik vi gjør. Vi har slitt oss, fridd oss frå smerta, fridd oss frå svolten, piskeslaga, døden, slakteria, skrika.
Men ein alarm er gått av. Hør. Hør. Menneskebrør. Vi har ein lekkasje i motorrommet. Norge svevar vidare, blant tusenar av stjerner, flyt til tonane av Johan Strauss II. Å du skjønne, blå Norge. Det hastar. Hæ?
Lekkasje? Kva lekkasje?
Nei, det er ingen lekkasje i motorrommet.
Jo, det er ein lekkasje i motorrommet, men ikkje på vår vakt.
Jo, det er ein lekkasje i motorrommet, men han må tettast i nærområda.
Korfor skal vi tette vår lekkasje når dei andre ikkje tettar sine lekkasjar?
Dette er ein norsk lekkasje, så eigentlig er det ein bra lekkasje.
Det er eit langsiktig mål å tette lekkasjen i motorrommet innanfor ein velprøvd norsk forvaltningsmodell med brei forankring og klare rammer.
Verda forsvinn. Verda blir borte. Planter. Dyr. Fisk. Korallrev. Isbrear. Det stabile klimaet vi voks opp med er i ferd med å bli erstatta av eit ustabilt eit. Vi endrar jorda til noko langt mindre levelig. Også det menneskeskapte forsvinn. Ja, nyheitsbyråa melder at sjølv delar av Donald Trumps mur mot Mexico no er tatt av monsunregnet.
Vi merkar endringa, men drar fram mobilen. Vi veit om dramaet, men stirer ned i leseruta. Det ufattelige redusert til noko som kan sveipast vekk.
Det ambulerande vallokalet VALGEIR skal vidare. Delar av folket har gjort si borgarplikt og røyster er samla i tre urner ved Solstrand i Bjørnafjord kommune. Turen går til Søfteland.
TRE DAGAR IGJEN TIL VALET
Sjølv ikkje slutten på denne reportasjen har eg heilt kontroll på. Ein kveld vel eg vekk valsendingane og ser igjen Stanley Kubricks 2001: A Space Odyssey. Filmen har heldt seg godt, det er eit meisterverk, ei episk historie om menneskets reise frå ape til engel.
Eg vurderer å rappe sluttscena, bare skildre fosteret ute i rommet, denne drømmen som endå ikkje har blitt ein drøm, denne karakteren i ein roman som ventar på å bli skrive, desse digre auga som stirer ned på den blå planeten. Men alvorlig, kven trur eg at eg er?
Så får det heller bli slik, dei få sekunda då vi kom kjørande med Erna-bussen over Fanafjellet. Landskapet som låg bada i sol, Øygarden der ute, eit blått innhav der Hurtigruta var synlig, på veg mot hamna. Og endå lenger ute, utanfor synsvidda, Nordsjøen med sine plattformer. Dei andre i bussen stira ned i mobilane og nettbretta og kameralinsene, travle, oppskjørta. Men i nokre sekund tok eg inn den ytre verda.
Jo eldre eg blir, jo meir søkk det inn i meg. For eit under, for eit unikum å vere her. Ho veltar inn over meg, denne instinktive kjensla av å vere uviktig. Å vere 182 centimeter under ein veldig himmel. Vinden mot ansiktet, årstidene som rullar gjennom ein, havet med sitt spel og sine tonar, sola som stig opp kvar morgon.
Det er ei trøst å vere liten og likevel kjenne seg som ein del av det heile. Kan ein vere anna enn forbløffa? Ja, forplikta?
Trass fleire freistande tilbod har eg ikkje mottatt verken alkohol eller koffeinhaldig drikke frå politiske parti i arbeidet med denne reportasjen. Fotograf Helge Skodvin har mottatt eit stykke gulrotkake frå partiet Høgre.
Vinduets dekning av norsk politikk høsten 2021 er støttet av Fritt Ord.
Frode Grytten
Født 1960. Forfattar og journalist. Siste bok: Den dagen Nils Vik døde (Forlaget Oktober, 2023).
Født 1960. Forfattar og journalist. Siste bok: Den dagen Nils Vik døde (Forlaget Oktober, 2023).