Ei tid for alt
Leiar. Frå Vinduet 1+2/2021.
«Åndsliv og papir», skreiv Vinduets fyrste redaktør Nic Stang i sin andre leiarartikkel, «er det en nøye sammenheng mellom.» Året var 1947, og papirrasjoneringa Vinduet og andre trykksaker på denne tida kjempa med, skulle kome til å vare til 1952. Stangs poeng, som han sirklar inn på elegant (om enn noko omstendeleg) riksmål, var at åndslivets forkjemparar aksla ein urimeleg stor del av denne børa, medan den staten som sjølv handheva dei papiravgrensande lovane «ikke bare forsinker all trykking her i landet ved å rekvirere trykkeriene til trykksaker på de merkverdigste målformer. De samme tingene trykkes om igjen og om igjen, bl. a. fordi stortingsmenn åpenbart ikke er i stand til å lese korrektur, er ukjente med de hittil kjente norske rettskrivninger og endog vil ha en ny trykksak for hver instans.»
Spol fram til notida, og Vinduet skal ikkje lenger trekkje på verdas (framleis ikkje uendelege) papirforråd. At tidsskriftet i alle dei åra som har gått har levd opp til den fyrste redaktørens korrekturstandard, kan ikkje garanterast, men eit tidsskrift er heldigvis meir enn sin ortografi. Som … Ja, som kva då?
«Tidsskrifter er både midt i og langt utenfor sin egen tid. De er dobbelt aktuelle: oppdatert i og for sin samtid og kumulert, arkivert aktualitet for ettertiden», skriv Eirik Vassenden i eit essay på s. 52 i dette bladet – som altså er eit jubileumsnummer!1 Samspelet mellom fortid og notid vert dermed ikkje berre ein underliggande, men ein godt synleg premiss for korleis utgåva er sett saman. Tekstar om Vinduets historie, fortalt gjennom lesingar av ei rekke einskildnummer henta frå ulike redaktørperiodar og gjennom tematiske djupdykk, står side om side med tekstar som drøftar aktuelle litterære problemstillingar, eller vurderer framtidsutsiktene for ein litteratur som ikkje berre vert formidla gjennom, men i aukande grad forma av, digital teknologi.
For ja, det er jo denne framtida som ventar Vinduet. Forbi er tida då spreiinga av det skrivne ord var eit nullsumspel, der åndslivet måtte vike etter kvart som statlege instansar vann fram. No er det lesarane, og framfor alt lesarenes tid, det står om. Det er hardt, men som nokre timars blafring gjennom Vinduets 74 føregåande årgangar vitnar om: Det har alltid vore hardt. Den breie offentlegheita har alltid vore svolten på meir lettfordøyeleg kost enn kva eit litterært tidsskrift vanlegvis byr på. Somme Vinduet-redaktørar har tatt det som ein utfordring, for andre har det vore ei turn-off, ein grunn til å gje dei som faktisk er interesserte meir av det dei vil ha. Resultatet er eit stykke tidsskriftshistorie der kontinuitet (åndslivet!) og kontinuerleg fornying (storm palasset!) har vore like markerte storleikar.
Apropos tid: I 2021 er det mykje det er freistande å gje internett og den digitale omveltinga skulda for, som om våre dagars sorger kan sporast direkte tilbake til introduksjonen av den fyrste www-tenaren, som igjen førte til framveksta av digitale ekkokammer, ukontrollert spreiing av hatretorikk og feilinformasjon, overvakingssamfunnet og «akkurat nå»-pushvarslar frå dagbladet.no.2 Men det samfunnet som i dag omgjev oss, der skilnadane mellom fattig og rik aukar, menneskeliv vert tingleggjort i stor skala og apati og profittjag står i vegen for ein effektiv respons på vår tids største globale utfordring, klimakrisa, er ikkje digitale fenomen. Dei er eldre enn som så, og for å kunne forstå dei, må tidsperspektivet vårt innstillast deretter. Fortida må leve side om side med notida.
Det finst ei tid for alt, seies det. Alt til si tid. Og akkurat no er det på tide å gje seg i kast med denne siste utgåva av Vinduet på papir.
Maria Horvei
Oslo, 10. mai 2021
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Fotnoter
Mange er dei som trur at det betyr at papirtidsskriftet Vinduet går av med pensjon som 75-åring, men slik er det ikkje: Papirhandkledet vert kasta inn i bladets 75. årgang.
For meir om norsk tidsskriftsoffentlegheit tvangsmessige trong til å rakke ned på Dagbladet, sjå Simen V. Gonsholts tekst på s. 164.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.