Et system så hvitt at man blendes?
Om mangfaldsspørsmålet i norsk bokbransje.
Artikkel. Fra Vinduet 3/2020.
Det er august, og det er tid for lansering av Gyldendal si haustliste. Forlagsdirektør Anne Cathrine Knudsen tittar ut over forsamlinga som sitt spreidd utover Ibsenhallen, vaglande på kvar sin stol med éin meters avstand til sidemannen, med notatblokka klar og kaffi i eingongskrus innan rekkevidde. Den litterært orienterte pressa er, om ikkje mannssterke, så i alle fall til stades: Ein representant frå bransjenettstaden Bok365, ein (pensjonert?) NRK-journalist, eit par ukjende fjes. Informasjonen dei skal få servert er strengt tatt ikkje av meir eksklusiv art enn at han allereie er, eller snart blir, tilgjengeleg på nett, men det er vel noko med å kunne samlast i eitt og same rom til dette årvisse ritualet. Ikkje minst etter eit halvår med heimekontor og Zoom-møter over heile linja.
Knudsen ynskjer velkomen til det som – «nok ein gong» – er tidenes bokhaust. Etter dei fyrste innleiande frasane går ho rett inn i problemstillinga som har prega det offentlege medvitet – i Noreg og internasjonalt – dei føregåande månadane meir enn noko anna, med koronaepidemien som det einaste moglege unntak: Black Lives Matter og den antirasistiske aktivismen som blussa opp i kjølvatnet av drapet på George Floyd i Minneapolis i slutten av mai. Forsøk på å rette søkelyset mot ekskluderande og rasistiske mekanismar i det norske samfunnet har dels blitt heia fram, dels blitt møtt med påstandar om ukritisk import av amerikanske forståingsmodellar. Men i Ibsenhallen denne dagen finst det visst ingen spor av relativisering eller forsøk på forminsking av problemet. I alle fall ikkje frå talarstolen:
«Eit forlag skal representere tida ein lever i, og eit norsk forlag skal representere heile Noreg», slår Knudsen fast, før ho seier at Gyldendal har måtte gå i seg sjølv denne sommaren.
«Gjer me som forlag jobben vår i dette? Representerer me eit land godt nok?»
Utan så mykje som ein pause for å trekke pusten, held ho fram:
«Svaret på dette er nei.»
Jakta på den store norske...
Forteljinga om norsk bokbransje som ei høgborg for den kvite, høgt utdanna middelklassa er langt frå ny. «Fortsatt er norske forlag kritthvite», slo Morgenbladet fast då dei i 2018 pløgde seg gjennom lista over tilsette i Gyldendal, Aschehoug, Cappelen Damm, Oktober, Flamme og Samlaget, og fann seks personar (av 601) med «navn med opprinnelse fra en etnisk minoritet».
Årsaka til at avisa henta fram prosentkalkulatoren, var tiårs-jubileet for «mangfoldsåret 2008» – eit år som tilfeldigvis også representerte eit toppunkt i omtalen av «Den store innvandrarromanen» i norsk presse. Eller, snarare: omtalen av jakta på den store norske innvandrarromanen. Opp gjennom åra har omgrepet for det meste vist til eit luftslott, til noko som ikkje var skrive endå.
Som i: «Forfattar X har med denne debutromanen ikkje skrive Den store norske innvandrerromanen».
Eller: «Forlaga ventar framleis på Den store norske innvandrerromanen.»
Startskotet for jakta etter den definitive skildringa av norsk diasporaverkelegheit gjekk ifølgje litteraturforskar Tonje Vold av tidleg på 2000-talet, då den britiske forfattaren Zadie Smith brakdebuterte med Hvite tenner (Aschehoug, 2001) og med det gav europeiske forlag trua på litteratur frå eit minoritetsperspektiv. Som Vold skriv i Å lese verden: Frå imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk (Universitetsforlaget, 2019), hadde Khalid Hussains ungdomsbok Pakkis (Tiden, 1986) på denne tida allereie brote ei norsk barriere, som det fyrste litterære verket skrive av ein ikkje-europeisk innvandrar til Noreg.
«Pakkis var den fyrste romanen eg las av eiga fri vilje», fortel Aon Raza Naqvi, initiativtakar og redaktør for antologien Third Culture Kids: Å vokse opp mellom kulturer (Gyldendal, 2019). «Eg såg tittelen då eg gjekk forbi boka i biblioteket, og tenkte: ’Kva faen?‘»
Men boka var lenge den einaste av sitt slag.
«[Norsk litteratur] representerer ikke den virkeligheten mange av oss opplever», sa dåverande Aftenposten-journalist Mala Wang-Naveen til Dagbladet meir enn tjue år seinare, då ho i 2010 debuterte med romanen Desiland. «Det finnes for mange historier og virkeligheter som vi ikke hører om i dag. Det er med på å skape avstand.»
Nesten ti år etter det igjen gjev Tonje Vold ho støtte: «Norge og litteraturen som skrives her, [har] unektelig beveget seg saktere i retning av utforskinger av kulturell hybriditet og transnasjonale familieliv enn tilfellet er i mange andre europeiske land».
Utover 1990- og 2000-talet skjedde det likevel noko, med ei rekke utgjevingar som utforska og utvida det Vold omtalar som det postnasjonale litteraturomgrepet. Sjølve omgrepet «innvandrarroman», det være seg av kva storleik som helst, fekk då også eit stadig klammare preg, og vart i aukande grad ramma inn av hermeteikn for å markere distanse og/eller ironi. Då romanen Tante Ulrikkes vei av somme vart plassert inn i kategorien etter lanseringa i 2017, peika forfattar Zeshan Shakar, presist nok, på at romanen faktisk handlar om to gutar som er fødde og oppvaksne i Oslo.1
Så har ein spørsmålet om korleis forlagas tilsette kan famne om ei større del av folket enn kva tilfellet er i dag. Også dette har vore oppe i fleire omgangar dei siste tiåra. Arbeidsgrupper har blitt nedsett. Seminar er blitt arrangert. Men i 2020 – eit år der ikkje berre openlys diskriminering, men også systematiske forfordelingar og strukturelle skeivheitar er blitt satt ettertrykkeleg på dagsordenen – er det likevel ikkje forfattarstanden eller forlagsverda som har markert seg mest på den sjølvgranskande fronten. Samanlikna med det visuelle kunstfeltet, eller med film- og teatermiljøa, har det eigentleg vore påfallande stilt. Er spørsmåla stilt for mange gongar allereie, er svara allereie gitt? Er problemet allereie løyst?
Antakeleg finst det viktigare ting her i verda enn originalitet i formulering av problemstilling. Vinduet spør difor: Kvifor er den norske bok(bransje)heimen (framleis) så homogen? Kva er konsekvensane? Og kor mykje angrar forlaget som refuserte Tante Ulrikkes vei i dag?
Heng med vidare, for svar på (nokre av) desse spørsmåla.
... forlagsredaktøren
For å starte i forlagsverda, så er det ikkje mykje research som skal til for å slå fast at lite har endra seg sidan Morgenbladet gjorde sine undersøkingar i 2018. Blant redaktørar for norsk skjønnlitteratur for vaksne er talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn per i dag null, også om ein utvidar lista til å omfatte Vigmostad Bjørke og Solum Bokvennen. (Det same gjeld, i sjølvinnsiktas namn, for redaktørane i dei forlagseigde tidsskrifta Samtiden, BLA, Syn og Segn – og Vinduet.) Kva ringverknader kan ein vente seg av noko slikt?
«Eg trur det har kjempekonsekvensar! Mangfaldet som eksisterer i Noreg vert ikkje fanga opp», seier Nazneen Khan-Østrem, forlagsredaktør for sakprosa i Aschehoug og forfattar av fleire bøker, seinast «London: Blant gangstere, rabbiner, oligarker, rebeller og andre ektefødte barn av det britiske imperiet» (Kagge, 2019). I løpet av sine ti år i forlagsbransjen, er ho blitt van med å vere ein av svært få med minoritetsbakgrunn – og, så vidt ho sjølv veit, den einaste med muslimsk bakgrunn.
«Dette handlar om erfaringar og nettverk. Det seier seg sjølv at når eg har ein annan hudfarge og har hatt ein annan type oppvekst, opplever eg verda på ein annan måte enn kollegaene mine. Eg har difor også eit anna nettverk, og ser andre forteljingar. Samstundes er det ikkje til å kome utanom at forlagsredaktørane kjem frå ei bestemt sosiøkonomisk gruppe. Og der skil eg meg ikkje vesentleg ut, sidan eg er frå middelklassa og ikkje har gjort noko klassereise», seier ho.
«Samstundes har eg utan tvil eit anna blikk enn mange mine kollegaer. Forteljingane som utspeler seg utan for vindauget mitt i Groruddalen, der eg bur no, er av ei heilt anna verkelegheit enn den veldig mange av mine kollegaer tek stilling til. I tillegg er eg innvandrar frå Storbritannia, som har påverka meg svært mykje i måten eg ser Noreg på.»
Khan-Østrem understrekar at det finst mange redaktørar som gjennom ei genuin interesse for spørsmål om minoritetserfaringar, ei tru og litteraturen som ein arena for å spegle ei brei og mangslungen verkelegheit, gjer ein god jobb innan feltet. Ho trekk sjølv fram Trygve Åslund, tidlegare forlagssjef i Aschehoug, som ein «unik karakter» i bransjen, i kraft av si vektlegging av å hente inn perspektiv og erfaringar som låg utanfor hans eigen augeblikkelege sfære. «Men generelt tenker eg at forlagsbransjen treng å kome seg ut av sine eigne lukka rom. Når eg reiser på lanseringar og tilstellingar, så er eg jo nesten alltid den einaste melaninrike der», seier ho.
Madeleine Schultz, programkonsulent ved Deichman Bjørvika, og medstiftar av forlaget Brød og Roser, omtalar homogeniteten i forlagsverda som eit stort problem.
«Det er noko ein veit frå alle bransjar», seier ho. «Dei som sitt på toppen har noko å seie for kven som blir dratt opp frå golvet.»
Også Mohamed Abdi, lærar og samfunnsdebattant, understreker viktigheita av å opne opp for ein breiare horisont. «I dag er rekruttering den største utfordringa. Ein må ha redaktørar og andre som sitt på innsida av dei store forlaga, som aktiv leiter etter andre perspektiv og som strekk ut ein hand», seier han. Han oppmodar fleire til i forlagsverda til å sjå til Toni Morrison, og til korleis ho brukte sin posisjon til å fremje stemmer som elles kunne gått tapt. Mellom 1967 og 1983 var forlagsredaktør i Random House, som den fyrste afroamerikanske kvinna, og gjorde her eit avgjerande arbeid med å løfte fram ein heil generasjon svarte og afroamerikanske forfattarar for eit større publikum.2
Samstundes er det ikkje uforståeleg kvifor situasjonen i Noreg er som han er. Både Abdi og Khan-Østrem viser til at det totale talet på forlagsredaktørar er lågt i Noreg, og at utskiftinga såleis går sakte.
«Folk blir jo i forlaga til dei dauer. Så enten må ein opprette fleire stillingar, eller så må ein tenke at dei gongane det faktisk vert lyst ut stillingar, så må ein aktivt søke etter kandidatar med ein annan bakgrunn. Forlaga må vere mykje meir på. Me må ikkje sakke akterut her», seier Khan-Østrem.
Eit klassespørsmål
Ho understrekar at det ikkje berre er å «knipse med fingrane og så kjem ein masse melaninrike folk inn i systemet». Som kjend rekrutterer forlagsbransjen i hovudsak personar med universitetsutdanning innan humanistiske fag, der det framleis er ein relativt liten del studentar med minoritets- eller innvandrarbakgrunn.
«Barn av innvandrarar vel trygge yrke, og humanistiske fag fører ikkje til trygge yrke, med mindre ein blir lærar. Det er heilt naturleg», kommenterer ho, med tilvising til kjensgjerninga om at studentar som tek høgare utdanning som ein del av ei klassereise, jamt over tek færre sjansar med tanke på kva yrke dei siktar seg inn mot. Ei høg, stabil inntekt i ei stilling med dokumentert sosial status, heng høgare enn den meir ullent definerte kulturelle kapitalen.
Eller, som Aon Raza Naqvi, seier det:
«Om ein tenker på arbeidsinnvandrarane som kom til landet på 1970-talet, og korleis dei sto på for å arbeide seg opp, så forstår eg at bokbransjen ikkje var den fyrste skansen dei satsa på å innta».
Også forfattar Damien Vitanza, som har engasjert seg i spørsmålet i fleire fora, peiker på klasseaspektet og korleis det påverkar val av utdanning, som igjen påverkar kven som står igjen som kvalifiserte søkarar når ein redaktørstilling i norsk skjønnlitteratur ein sjeldan gong vert lyst ut offentleg.
«Det er vanskeleg å klandre forlaga for ikkje å tilsette fleire redaktørar med fleirkulturell bakgrunn, når det er så få stillingar det er snakk om, og såpass få kvalifiserte kandidatar», seier han. «Ein må gå bakover i systema, og sjå på kven som vert utdanna. Altså: Korleis kan humanistiske fag gjerast meir attraktive?»
På Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo er dei, ifølgje dekan Frode Helland, klar over utfordringa dei står overfor. Han gav i 2019 ut boka Rasismens retorikk (Pax forlag), og hadde auka likestilling og mangfald som eit sentralt punkt på agendaen då han gjekk inn i dekanstillinga same år. Utan at det vert ført statistikk på etnisitet blant studentane, fortel Helland at ein har klare indikasjonar på at underskotet på etniske minoritetsstudentar er reelt, samanlikna med studieretningar som til dømes medisin eller juss.
«Det er noko me har ein ambisjon å gjere noko med», seier Helland. Demografien på HF bør ikkje vere veldig annleis enn demografien elles i Oslo, eller elles i landet.
I fjor lanserte han «Handlingsplan for likestilling og mangfold ved Det humanistiske fakultet 2020-2023». I tillegg til å arbeide for å synleggjere relevansen til humanistiske fag, vil fakultetet mellom anna tilby mentorprogram og støtteapparat til studentar, utvise større medvit om kven som vert rekruttert til ulike komitear og korleis ulike arbeidsgrupper vert sett saman.3
«Me skal bli flinkare til å synleggjere at det er ei relevant utdanning også for minoritetsungdom, som leier til trygge og ordentlege jobbar i skule og offentleg forvalting. Me er også leverandør av folk til kultursektoren og media, som også fører med seg eit vesentleg ansvar», seier Helland.
Ut i feltet
Det frie kunstfeltet opererer ikkje med handlingsplanar. Kan det likevel vere mogleg å sette inn tiltak? Med utgangspunkt i den studentinitierte debatten om avkolonialisering av Kunsthøgskolen i Oslo som gjekk over fleire plattformar i sommar, tok Demian Vitanza tidlegare i haust til Facebook. Som ein som var kritisk til somme av forslaga KhiO-studentane fremja for å motverke rasisme og sneversyn i kunstutdanninga, gav han seg sjølv i oppgåve å kome med forslag til kva han meiner kan gjerast i møte med eit skeivt kulturliv. Blant punkta han nemner med relevans for det litterære økosystemet, står analyse av rasisme, mangfald og representasjon i dei einskilde institusjonane og meir utstrekt bruk av manuskonsulentar med minoritetsbakgrunn – som eit lågterskel alternativ til den mykje meir saktegåande fornyinga av redaktørstallen. Eit aspekt av klassespørsmålet er òg kor naturleg det kjennest for potensielle forfattarar å oppsøke forlag eller sende inn manus. Vitanza trur difor leddet før forlaga kan utgjere ein stor skilnad.
«Ein må snakke med skriveskulane og folkehøgskulane, og sjå om dei kan stimulerast til å gjere meir oppsøkande arbeid», seier han.4 «Ein kan òg snakke om skrivestipend for ungdom, eller gratis skrivekurs. Kanskje kan ein tenke seg skrivekonkurransar der det ligg pengar i potten – 10 000 kroner for ei novelle, til dømes. For mange ungdommar kan dette vere den motivasjonen dei treng for å sette seg ned og skrive. Slik kan ein underskog oppstå».
Han legg til:
«Ein må ut. Ein må snakke med folk.»
Aon Raza Naqvi har ei litt anna tilnærming, når han seier:
«Eg har aldri sett på det som nokon annan sitt ansvar at eg skal skrive».
Naqvi, som for tida arbeidar med eit skjønnlitterært prosjekt som deltakar ved Gyldendals årlege skriveskule, ser likevel at forlaga i seg sjølv utgjer ei mogleg barriere.
«Forlaga har ikkje vore så veldig proaktive. Det er ein bransje der ein sender inn manus, og er det bra nok så kjem du gjennom. Det er ikkje nødvendigvis ein ekskludering, men folk må vere interesserte og orienterte nok til å sende inn manus», seier han.
Eit anna av Vitanza sine punkt, omhandlar noko så interessant som kvalitetsvurderingar og smak. På Facebook skreiv han:
«Jeg snakket med en redaktør en gang som forklarte meg at manus de får fra folk med annen kulturbakgrunn ofte er veldig romantiske og med sterk språklig ornamentering. Det kolliderer liksom med den minimalistiske og nøkterne stilen (eller trenden?) i Skandinavia. Men overser man da noe av kvalitet, fordi det ikke passer med egen smak?»
På telefon utdjupar han:
«Det er viktig å ha eit kvalitetsomgrep, eit som er fagleg forankra og som ikkje følgjer marknadskreftene. Men det betyr ikkje at kvalitet er noko solid og uforanderleg. Det er noko som kan endre seg, og som kan bli påverka av ulike subkulturar», seier han. «Med ein redaktørstand som er såpass homogen som han er i Noreg, kan det vere ei fare for å stivne i ei bestemt smaksretning, som vert standardisert.»
Spørsmålet er på mange måtar klassisk, ikkje minst formulert som kanonkritikk: Skal ein vere mest oppteken av i kva grad ei underpriviligert gruppe får moglegheita til å leve opp til eit kvalitetsomgrep dei i liten grad har vore med på å definere, eller skal ein gje den underpriviligerte gruppa definisjonsmakt over kvalitetsomgrepet?
«Eg tenker det er interessant å tenke begge deler», seier Vitanza, som minner om at dei fleste debutromanar går mange rundar med ein redaktør før dei når lesarane.
«Sjå for deg eit trekk som har nokre tydelege trekk frå Midtausten, og er skrive i det ein kan kalle eit svulstigare språk. På den eine sida kan det vere greitt opne opp for at det finst ulike smakar og ulike formar for kvalitet. Men det må òg vere greitt å gje forfattaren moglegheita til å teste ut ei form som ligg nærare deg som vert sett pris på i Noreg. Det er ikkje alle som har lyst til å bli lest som noko eksotisk».
Frå det partikulære til det universelle
Og med det er me ute av forlagsverdas inste korridorar, og ute i det litt opnare landskapet der forfattarar skriv bøker og lesarar les dei. Kristina Leganger Iversen, forfattar og kulturarbeidar med doktorgrad i kvitheit og kolonialitet i samtidslyrikken, peiker på at kvalitet og kvalitetsvurderingar er noko som går inn i ein større samanheng. Ho kjenner ikkje til forsking på om ikkje-kvite forfattarar vert vurdert som kvalitativt dårlegare enn kvite, men:
«Det ein ser, er at det er skilnad på kven som vert lest som universelle, og kven som vert lest som representantar for ei bestemt gruppe, som skriv om partikulære problemstillingar. Det handlar om førestillingar og fordommar om kven som kan skrive om kva», seier ho.
«Dette er ein dynamikk som går langt tilbake. Eit klassisk historisk døme er James Baldwin, som brakdebuterte med den semisjølvbiografiske Go Tell It on the Mountain, men som opplevde å få andreboka si Giovanni’s Room refusert av forlaget. Fordi forlaget meinte at han ikkje kunne lukkast med å skrive ei bok der hovudkarakteren var kvit og homofil. Slike førestillingar kan altså vere operative på ulike område, på ulike tidspunkt og i ulike kontekstar.»
Leganger Iversen viser til artikkelen «Assimilating into the mainstream?» (Berkers 2014), som omhandlar korleis minoritetsforfattarar har blitt omtalt i avismeldingar i perioden 1983-2009 i USA (meksikanskamerikanske forfattarar), Nederland (etniske minoritetsforfattarar generelt) og Tyskland (tyrkisktyske forfattarar). Det ein her ynskja å sjå på, var om bokmeldarane framleis klassifiserte forfattarane som minoritetsforfattarar, eller om dei blei lesne som ein del av den meir ålmenne hovudstraumen. Det dei såg, var at dette var tilfelle i større grad i USA og i Nederland, enn det var i Tyskland, noko som kan tyde på at den historiske og politiske konteksta speler inn for korleis ulike forfattarar blir lesne.
«Eit døme frå Skandinavia kan vere Magnus Nilsson, som forska på resepsjonen av den fyrste generasjonen svenske ’innvandrarforfattarar’ tidleg på 2000-talet, mellom anna Jonas Hassen Khemiri sine bøker, og vist korleis minoritetsbakgrunnen til forfattaren vert eit filter ein les boka gjennom. Ein ser etter markørar for denne bakgrunnen i boka, medan andre aspekt hamnar i skugga. Nilsson syner korleis dette kan føre til reduserande lesingar», seier Leganger Iversen.
«Så skal ein ha med seg at slike kategoriar òg kan vere produktive», held ho fram. «Kategorien ’arbeidarlitteratur’ har vore viktig både for lesarar og forfattarar, fordi den har skapt eit rom for ein anna type erfaringar enn dei som elles har tatt plass i litteraturen, og fordi den har gitt forfattarar ein tydeleg posisjon å snakke utifrå. Faren er at det vert reduserande, men det er eit komplekst bilete, og det er ikkje statisk.»
Meir medvit?
Blant bøkene som vart presentert på Gyldendals haustliste i august, sto Zeshan Shakars Gul bok – forfattarens andre roman og den fyrste etter det som best kan skildrast som fenomenet Tante Ulrikkes vei. Boka – som vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris, har blitt gjort om til eit teaterstykke og til no er seld i meir enn 150 000 eksemplar – er på mange måtar ein prøvestein for korleis ei litterær offentlegheit som framleis er dominert av eit kvitt majoritetsperspektiv stiller seg til skildringar av, for å bruke Tonje Volds omgrep, norsk diasporaverkelegheit. I Å lese verden påpeiker ho korleis Tante Ulrikkes vei framheva kritikarstandens ambivalente forhold til det allereie nemnde «innvandrerroman»-omgrepet; den eine meldaren etter den andre understreka i sine omtaler at Tante Ulrikkes vei er god fordi det er ein god roman, ikkje fordi det er ein viktig roman. «Samtidig som anmelderne kvier seg for å bruke begrepet ’innvandrerroman’, kommer de ikke helt unna det, heller», skriv Vold.
«Då me lanserte denne boka, la me ikkje spesielt mykje vekt på det etniske aspektet, og framheva det geografiske knytt til Groruddalen og klasseaspektet», seier Kari Marstein, forlagssjef for norsk skjønnlitteratur på Gyldendal. «Men ein skal kjempe ganske hardt motstraums for at ein roman som Tante Ulrikkes vei ikkje nærmast automatisk vert halde opp mot ei førestilling om ’den store norske innvandrerromanen’. Eg syns at me som forleggarar og som resepsjonsapparat også har eit ansvar for at slike utgjevingar ikkje alltid treng å representere noko, men berre lesast som det litterære verket det er.»
Kristina Leganger Iversen meiner at det har skjedd ei utvikling på dette punktet dei siste åra:
«Om ein ser på resepsjonen av Tante Ulrikkes vei i 2017, og samanliknar med resepsjonen av Gul bok i år, meiner eg – utan å ha forska på det – at det har skjedd ei vriding i fokuset: Det er mindre vekt på representasjon og forfattarens innvandrarbakgrunn i dag enn for tre år sidan, og mykje meir vekt på klasseaspektet. Dels kan det sjølvsagt handle om boka i seg sjølv, men eg opplever det som eit tydeleg fokusskifte», seier ho.
«Då eg byrja å skrive doktorgraden min i 2014/15, var det ganske få som i det heile hadde omgrepet ’kvitheit’ present i dei sirklane eg bevega meg i – i alle fall i dei reint litterære. Eg trur at førestillinga om kvitheit og kva rolle kvitheit speler i lesing av litteratur – korleis ein kan bidra med rasialiserte lesingar – var noko ikkje så mange hadde tenkt på. Det kan ein også sjå utifrå litteraturmeldingar frå dei siste åra, det er ein del triste og dumme formuleringar der som tydar på at ein ikkje har hatt eit så høgt medvitsnivå i møte med denne litteraturen. Eg trur at dei diskusjonane me har hatt den siste tida, fører til at fleire får eit større omgrepsapparat kring desse temaa, både som kritikarar og som lesarar.»
Tante Ulrikkes vei har vore ein augeopnar for fleire. Manuset vart antatt på Gyldendal våren 2017, via ganske ordinær manusinnsending, etter å fyrst å ha blitt refusert av eit anna, sentralt forlag. Prosessen derifrå og fram til utgjeving seinare same år gjekk uvanleg raskt, i alle fall til debutant å vere; å bli skvisa inn midt i bokhausten vert ikkje vanlegvis sett på som eit føremon for eit tidlegare ukjend blad.
«Shakars manus peika seg ut fyrst og fremst på grunn av dei språklege kvalitetane og evna til å skape karakterar. I tillegg skreiv han frå eit miljø og eit geografisk område som er relativt underskildra i nyare norsk litteratur», seier Kari Marstein. «Me hadde allereie arbeida med manuset i fleire omgonger, og då den nyaste versjonen kom inn, såg me at, damned! dette er ferdig. Me var ellevilt begeistra for manuset, og det er alltid noko å hente på ei sånn fersk og brennande entusiasme når ein skal lansere ei bok. Me stolte på at me ville klare å få boka ut til medie og bokhandlarar sjølv om ho kom seint med i heatet. Og det gjekk jo bra.»
«Tenk på kva Gyldendal har tent på å få Zeshan Shakar inn som forfattar», kommenterer Mohamed Abdi. «Då tenker eg ikkje berre på det økonomiske, sjølv om det sikkert ikkje er ubetydeleg det heller. Eg tenker på kor mange lesarar dei har nådd ut til som dei heller ikkje hadde nådd.»
Abdi gjekk tidlegare i haust inn på nettsidene til Deichman Bjørvika for å undersøke ventelista til Gul bok.
«Det sto 1200 i kø for å lese boka. Ei så lang venteliste har eg ikkje sett før», seier han.
«Zeshan Shakar var heilt tydeleg eit kupp for Gyldendal, der gjorde dei ein god jobb», kommenterer Madeleine Schultz. «Men det er viktig å hugse på at litteraturen hans ikkje er ein fasit for mangfald. Det er ein grunn til at Tante Ulrikkes vei vart den suksessen den har vorte, og det handlar nettopp om å tore og om ta sjansen på nye og nødvendige forteljingar.»
Kari Marstein er einig.
«Me forsøker å late vere å tenke på at me skal finne ’den neste Shakar’. Forfattarskapen hans, som for alle andre, individuelt. Samstundes ser me ansvaret me har for å gjere den norske samtidslitteraturen så representativ som mogleg for dei som faktisk bur her i landet», seier ho. «Så det vert noko med å ha to tankar i hovudet: Å ha eit spesielt blikk og ei spesiell vilje, men samstundes aldri anta noko fordi dei ’representerer’.»
Demian Vitanza trur suksessen Shakar har hatt som viktig også i eit anna lys:
«Forfattaryrket er ikkje så godt betalt, men forfattarar er med på å definere korleis me ser Noreg. Det er ei stor makt. Zeshan Shakar viser det. Å bli ein Zeshan Shakar, det er status.»
Vitanza er likevel delt når det kjem til å lokke fleire ungdommar til forfattaryrket. Å vere forfattar er litt som å ta ein for laget, meiner han.
«Dei fleste som forsøker å bli forfattarar, greier det jo ikkje. Skal eg, vel vitande om kor risikabelt det er for psyke og lommebok, verkeleg oppmode ungdommar som kjem frå familiar der økonomisk tryggleik kanskje er det viktigaste, til å følgje draumen? For meg er det eit etisk dilemma.»
Ja, det kan nok vere eit vanskeleg spørsmål, som kan få følgje med eit enkelt: Kor mykje angrar forlaget som refuserte Tante Ulrikkes vei i dag?
Svaret seier seg sjølv: Svært mykje.
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Fotnoter
Abdirahman Hassan, «Debutanten fra Stovner», Universitas, 22. april 2018. https://universitas.no/sak/64014/debutanten-fra-stovner/
Sjå t.d. Hilton Als, «Toni Morrison and the Ghost in the House», The New Yorker, 20. oktober 2003. https://www.newyorker.com/magazine/2003/10/27/ghosts-in-the-house
Når ein les gjennom tiltaka for auka mangfald som her vert lista opp, med den offentlege samtalen frå sommaren 2020 friskt i minne, er det vanskeleg å ikkje legge merke til parallellen mellom desse, tilsynelatande ukontroversielle tiltaka, og dei svært så omdiskuterte, studentformulerte forslaga til tiltak mot rasisme og for eit breiare pensum på Kunsthøgskolen i Oslo.
Dåverande Dagbladet-kommentator Erle Marie Sørheim gjekk i fjor gjennom opptakslister til landets skriveskular, og kunne konstatere at svært få av studentane hadde fleirkulturell bakgrunn. Sjå «Like barn skriver best?», Dagbladet.no, 7. juni 2019. https://www.dagbladet.no/kultur/like-barn-skriver-best/71162247
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.