Hysteriske kvinnfolk
Leiar. Frå Vinduet 3/2018.
I «Lapis Lazuli» skriv W.B. Yeats om «hysteriske kvinnfolk» som klagar over poetane og deira «paletter og felegnikk». Veit dei ikkje at om ikkje noko drastisk skjer, vil flya og luftskipa som svever over dei leggje byen flat?
Diktet – som Torstein Bugge Høverstad har gjendikta til norsk for fyrste gong til denne utgåva av Vinduet, som ein del av det me torer seie er den fyrste litt større presentasjonen av Yeats på norsk – er skrive i 1933. Den trugande, trykkande kjensla av å leve i ei tid der noko viktig er i ferd med å øydeleggjast, som vert formidla i mykje av kunsten som står att etter mellomkrigsåra, er i dag skremmande lett å kjenne seg att i. Er det hysterisk å ynskje seg handling heller enn felegnikk når det verkar som om himmelen kan dette i hovuda på oss når som helst?
Men kunstnaren si oppgåve, slik Yeats viser til via skodespelarane som gestaltar Shakespeare sine tragiske helter, er dels å vise fram det vonde, utan sjølv å knekke saman. I sitt essay om Joan Didion som politisk observatør (s. 28), peiker Jan Grue på den amerikanske essayistens evne til å avkle makta gjennom sjølve skildringa av maktas overflate. Hennar eigen posisjon er distansert, avmålt, og nettopp slik blottstiller ho tragedien som utspeler seg på den amerikanske politiske scena.
Tora Lane sitt essay om den russiske litteraturens overgang til å bli sovjetisk i åra etter den russiske revolusjonen (s. 72), viser ei anna tilnærming mellom kunsten og det politiske. Lane syner korleis revolusjonen av fleire forfattarar vart forstått som ei øydeleggjande kraft – men i øydelegginga låg også den utopiske moglegheita, eit vindauge mot ei ny framtid, der kunsten og politikken ville det same.
«Allting faller og blir bygd påny,» skriv Yeats, «og de som nybygger dem er fri». Diktarens svar på kva rolle kunsten skal spele i tragiske tider er ikkje eintydig, men han klatrar høgt opp på berget for å gje oss det store overblikket: Sivilisasjonar har oppstått og gått under, og kunstverk òg. Kunsten, ymtar Yeats om, kan likevel vise oss vegen til å godta at menneskelivet er grunnleggjande tragisk – samstundes som han peiker på moglegheita som ligg i denne innsikta. «Først den er fri som erkjenner sine vilkår», som Bugge Høverstad kommenterer diktet i sitt essay. Det å skapa kunst kan då tre fram som ein verdi i seg sjølv.
Fleire av tekstane i dette nummeret av Vinduet ser på kunsten som ein stad for forankring i verda. Nina Schjønsby skildrar den litterære utvekslinga og samhaldet mellom Camilla Collett og Emilie Diriks (s. 16), Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i teikneseriehunden Rocky si teneste (s. 56), Hilde Rød-Larsen viser til litteraturens evne til å bryte gjennom einsemd i sitt essay om Elizabeth Strout (s. 66).
Å gjere Yeats si stoiske haldning til si eiga, å godta at både me sjølve og samfunnet me lever i ein gong skal falle, er ikkje noko ein ganske enkelt kan (eller nødvendigvis vil) bestemme seg for – spesielt ikkje når du ber den neste generasjonen i og på din eigen kropp. «Eg tenkte på dei som ein filosofisk kategori,» seier den amerikanske forfattaren Sarah Manguso i eit intervju i dette bladet, om tida før ho sjølv fekk barn. «No er kroppane deira verkelege for meg». Det er ingenting hysterisk ved denne innsikta, som kan drive fram både kunst og konkret handling.
God lesing.
Maria Horvei
Oslo, 30. september 2018
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.