Mørketid
Leiar. Frå Vinduet 4/2018.
I skrivande stund går endå eit år går mot slutten, med alt det fører med seg av blikk tilbake på det som har vore og framover mot det me har i vente. Også dette nummeret av Vinduet snur hovudet og strekker hals etter tida som går, gjekk, har gått – om enn i eit litt større perspektiv.
Ikkje minst pregar dei femti åra som er gått sidan merkeåret 1968 utgåva på ulike måtar. Eldrid Lunden, som debuterte i nettopp 1968, ser tilbake på den litterære produksjonen som ligg mellom då og no i samtale med Mariann Enge (s. 8). Fire andre norske forfattarar – Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Rune Christiansen og Anne Oterholm – samlar seg på s. 54 til samtale om «Norsk litteratur i dag» (ikkje noko mindre!), i ein ny versjon av ein diskusjon dåverande Vinduet-redaktør Brikt Jensen inviterte til i 1968.
Blant forfattarane som den gong møttest var Dag Solstad. Han ser no tilbake på 1968-versjonen av seg sjølv i samtale med Kaja Schjerven Mollerin, og slår fast at han kanskje er blitt klokare sidan den gong, men at han stort sett meiner det same (s. 66).
Om det var éin ting som prega generasjonen som dreiv fram 1968-opprøra, var det trua på det nødvendige i å stake ut ein ny kurs for framtida. Men kven sine visjonar var det eigentleg som enda opp med å bli verkelegheit? I sitt essay om Aldous Huxley og hans Fagre nye verden ser Johanne Fronth-Nygren på kva lærdommar me kan trekkje ut frå denne dystopien, medan Eivind Buene les David Foster Wallace på jakt etter noko av det same: verktøy til bruk i møte med dagens distraksjonsvelde og merksemdøkonomi. (Huxley var dessutan eitt hakk føre hippierørsla også omgangen med psykedeliske rusmiddel, noko du kan lese meir om på s. 88).
Dystopi og mørke pregar også store delar av nummeret elles, det vere seg gjennom egyptiske Basma Abdel Aziz og biletet ho skriv fram av eit fiktivt, postrevolusjonært Midtausten (s. 24 og 32) eller gjennom dei nyskrivne, skandinaviske framtidsvisjonane som vert vurdert i meldingsseksjonen. For ikkje å gløyme tidanden som svever over oss her og no, og som vert drøfta i tekstar om Instagrampoesi (s. 16), komplekse konspirasjonsteoriars sprang ut i verkelegheita (s. 114) og andre, meir eller mindre oppløftande sider av verda slik den var i 2018.
Godt nytt år i vente.
Maria Horvei
Oslo, 1. desember 2018
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.