Natur og kultur
Leiar. Frå Vinduet 3/2019.
Står kritikken overfor i ei krise? I så fall: Sidan når? Har det eigentleg vore ei tid der den seriøse kulturkritikken ikkje har vore under press – eventuelt kjent seg pressa – frå eitt eller anna hald? Dei trugande fuglane som i dag sviv over kritikkhimmelen har namn som klikkøkonomi, digitalisering og merksemdsindustri, men kjensla den gjengse kritikaren har av på eitt eller anna vis å vere truga, har lengre historikk enn alle nettlesarar. Når denne utgåva av Vinduet vier ein temabolk til kritikken er det likevel ikkje kritikkens rammevilkår som vert satt på dagsorden – sjølv om dette for all del er viktig nok. Heller er det ein annan meir eller mindre konstant storleik på nemnde himmel som har landa på desse sidene, nemleg kritikkens emne til sjølvkritikk. Under overskrifta «Kritiske blindsoner» får me her eit knippe ulike perspektiv på kritikkens evne og moglegheit til å møte nokre av dei dilemmaa og kunstnariske uttrykka som samtida byr på. Carline Tromp ser på kritikarens posisjon i eit hyperpolarisert digitalt ordskifte, Carina E. Beddari drøftar kritikarens møte med sterke forteljingar frå verkelegheita, Pål C. Halvoren rettar eit sosiologisk blikk mot amerikanske og norske kritikarar, Bjørn Ivar Fyksen framfører eit forsvar for litterær sentimentalitet, Kåre Bulie ser på litteraturens ofte oversette materielle aspekt og Hilde Rød-Larsen inviterer fleire litteraturarbeidarar inn i den kritiske samtalen.
Aksel Kiellands grundige kartlegging av det norske podkastlandskapet kan sjåast som ein satellittekst til temaet, all den tid podkasten er eit kulturelt uttrykk som det i dag ikkje finst ein velutvikla kritisk resepsjon av. Audun Vingers gjennomgang av den nærmast litterære historiefortolkinga som ligg i ei rekke samlealbum av musikarane i Saint Etienne, er del av ein meir etablert kritisk tradisjon – som det ikkje desto er mindre gledeleg å sjå falde seg ut.
Elles er det ei udelt glede, på tampen av eit globalt annus horribilis, å kunne presentere noko av det beste USA har hatt å by på dei siste femti åra, nemlegg Eve Babitz. Forfattaren, som her vert introdusert og for fyrste gong omsett til norsk av Anna Kleiva, var lenge ein blindflekk på den litterære horisonten, men har dei siste fem åra opplevd ei solid gjenoppliving. Ho er då også lekamgjeringa av alt me som elska Amerika no sørgjer over undergravinga av: Eit ektefødd barn av etterkrigstidas kulturelle høgkonjunktur, ei solbrun vestkystjente med avantgarde i blodet, ei magnetisk tiltrekkingskraft med ei formuleringsevne som – for å låne Kleivas glitrande samanlikning – sender tankane til Oscar Wilde.
Faktisk er Babitz ikkje heilt ulik nokre av dei frittenkande kvinnelege kunstnarane Ali Smith strør sine romanar med referansar til – inkludert den nyss avslutta årstidskvartetten, som Eiler N. Fleischer oppsummerer for Vinduets lesarar. For analyse av og innblikk i framleis pågåande prosessar, er Preben Jordals lesing av Jon Fosses septologi og Hanna Nordenhöks intervju av Steve Sem-Sandberg å tilrå – for ikkje å snakke om utdrag frå komande bøker signert Jan Grue og Ida Lødemel Tvedt.
Denne utgåva markerer slutten på mitt åremål som redaktør, og det er også den siste ordinære papirutgåva av tidsskriftet Vinduet. Eg vil nytte høvet til å takke alle dei bidragsytarane – skrivande, omsettande, teiknande, fotograferande, korrekturlesande, rådgivande – som eg har vore heldig å få jobbe med dei tre siste åra. Om desse årgangane ikkje har nytta seg av alle dei moglegheitane eit papirtidsskrift byr på (for dei er jo tallause), har dei forhåpentlegvis synt fram noko av det som gjer det fysiske formatet så forlokkande: Tekstar som står i kryssingspunktet mellom sakprosaen og skjønnlitteraturen, samanliknande kritikk som ville sprengt grensene til det knappe avisformatet, djuptpløyande samtaler og intervju, poetisk formleik og litterære krumspring, vidtfemnande essays om meir eller mindre aktuelle litterære fenomen, introduksjonar av meir eller mindre kjende forfattarar til nye lesarar.
Så er det ei kjensgjerning at same kor veleigna eit visst format er til ein viss type tekst, så kan teksten i seg sjølv leve i nær sagt kva form som helst: Skribla ned på ei notatblokk, rissa inn i stein, sendt som ein e-post. Eg er glad for at mange har peika på at Vinduet – takka vere designer Erland Banggren, i samarbeid med alle dei visuelle bidragsytarane – dei siste åra har vore eit vakkert tidsskrift, og eg vil i forlenging av dette hevde at korleis sidene er utforma, korleis tekstane er illustrerte og på kva måte den ytre utforminga inviterer lesaren inn i teksten, ikkje er eit vedheng til tidskriftet i seg sjølv – det er det berande elementet i kva tidsskriftet er.
Eller, for Vinduets del: Kva det har vore. No ventar nye tider og nye moglegheitar, som eg er sikker på at vil utnyttast til fulle. Men enn så lenge: God lesing av det du har mellom hendene.
Maria Horvei,
Oslo, 20. november 2020
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.