– Og så naturen, den blir dei aldri lei av!
Norske litteraturmytar og hang-ups, sett gjennom irakiske, eritreiske og palestinske auge.
Reportasje. Publisert 23. desember 2024.
Å lese bøker skrivne innanfor ein annan litteraturtradisjon enn ein er van med, kan vere krevjande. Førestillingane om kva språk som er «litterært» er annleis. Forventningane til ein forfattar si offentlege rolle er annleis. Det er andre motiv, ein annan tone og humor, og det er andre stilleie som blir sett pris på. I tillegg tek mange av dei som skriv og les innanfor denne tradisjonen det for gitt at det er nettopp desse trekka som er smakfull/interessant/vellukka litteratur.
Fleire av forfattarane som har søkt tilflukt i Noreg gjennom fribyordninga dei siste tjue åra har likevel gjort jobben. Gjennom iherdig lesing og turar i felten, på litteraturfestivalar- og arrangement, har dei prøvd å forstå norske litteraturmytar, førestillingar og hang-ups, og vi vidareformidlar med dette nokre av deira observasjonar.
Då den irakiske journalisten og forfattaren Selma Yonus kom til Stavanger i 2009, var ho ikkje særleg kjend med norsk litteratur. Ho skreiv sjølv innanfor den store arabiske litteraturtradisjonen, på eit språk som er snakka av 300 millionar menneske. Det var i heimbyen hennar, Ninive i Irak, ein oppdaga det som ofte reknast som eldste forteljinga i vestleg litteraturtradisjon, Gilgamesj-eposet (ca. 2000 år fvt.). Det vesle hjørnet av litteraturtradisjonen som er den norske hadde ho knapt høyrt om, og dei einaste namna ho knytte til den var Henrik Ibsen, Knut Hamsun – og Jostein Gaarder.
Forfattaren var nysgjerrig på kva ho ville oppdage, då ho gjekk på sin fyrste norske litteraturfestival, Kapittelfestivalen i Stavanger.
– To poetar las opp eit felles dikt, som verka å handle om Afghanistan, noko eg ikkje fekk til å stemme. Kvifor i all verda skreiv to norske forfattarar om dette landet?
Den gongen kunne ikkje Yonus nok norsk til å få med seg kva diktet eigentleg handla om, og kvifor Afghanistan var nemnt. Men etterkvart som ho har lært seg språket har ho støtt på stadig fleire døme på norske bøker som skriv seg inn i heilt andre samanhengar.
– Det verkar som norske forfattarar godt kan skrive bøker om til dømes Afghanistan eller Midtausten, utan å ha noko med landa å gjere. For meg er det veldig rart. Som om eg, som er irakisk, skulle ha skrive ein roman lagt til Sudan.
Nokre av bøkene har Yonus vore kritisk til, utan at ho vil nemne namn, fordi dei vidarefører mytar og unyanserte førestillingar om landa som blir skildra. Andre gongar oppfattar ho det berre som merkeleg, som når forfattaren Tore Renberg gav ut ei bok med tittelen Assalamu alaikum i 2021. («Det er som om eg skulle ha skrive ei bok på arabisk, for eit arabisk publikum, og kalla den Hei sveis!»)
Ho merka seg eit nytt døme seinast for nokre veker sidan, på Vinduet sine nettsider. Poeten Gunnar Wærness sitt dikt «(Bokens folk)», som ifølgje presentasjonen på sida blei skrive med utgangspunkt i den israelske presidenten Benjamin Netanyahu sin tweet om «mørkets og lysets barn». Yonus las det som eit dikt om situasjonen for palestinarar.
– Som før blei eg veldig nysgjerrig på kvifor ein norsk poet skriv om dette, og eg fekk liksom heller ikkje heilt tak på kva diktet ville seie. Det er ein veldig annleis måte å skrive om dette på enn dei dikta eg les av arabiske poetar no. For dei kjennest det nok ikkje som tida for verken historiske referansar eller fleirtydigheit, seier Yonus, som strekar under at dette elles er kvalitetar ho set pris på.
– Eg meiner heller ikkje å seie at eg ikkje likte diktet. Eg sette pris på strukturen, dei filosofiske innslaga og måten poeten tek opp denne tematikken på. Det er berre vanskeleg for meg å forstå kvifor han skriv om det.
No er det femten år sidan Yonus kom til Noreg som fribyforfattar. Ho har arbeidd som redaksjonssekretær for tidsskriftet Samtiden og gjeve ut ei eiga bok på eit norsk forlag, Vuggesang for liten kriger (2021), i den tospråklege utgjevingsserien Parallell på Aschehoug, i samarbeid med Leser søker bok. Erling Kittelsen, Geir Juell Skogseth, Per Olav Kaldestad og forfattaren sjølv har stått for gjendiktinga til norsk. Med tida har Yonus fått meir oversikt over dette nye hjørnet av bokheimen. Norsk litteratur vil ho generelt karakterisere som djup, filosofisk og melankolsk. Av motiv er det særleg eitt som i overveldande grad peiker seg ut:
– Norske forfattarar fokuserer veldig på naturen, seier Yonus.
– Det sluttar ikkje å forundre meg korleis dei skildrar dei minste detaljar i den med enorme ordmengder.
Yonus sin teori er at dette har med kor dempa den norske naturen kan vere, grå og stille, slik at ein forfattar blir nøydd til å skrive den fram for å gje den liv. Kanskje gjer det også at det blir ei interessant utfordring. Å bruke mange ord synest ho også er typisk for norsk litteratur generelt:
– Det er 70 prosent skildringar, og 30 prosent handling eller bodskap. Forfattarane kan fortsetje og fortsetje, over hundrevis av sider. Det er fascinerande! I arabisk litteratur er idealet heller størst mogleg konsentrasjon, seier Yonus.
Ho har lese Karl Ove Knausgård sin Min kamp-serie, eit krondøme i samanhengen. Sjølvbiografisk litteratur er elles noko ho har endra meining om etter at ho flytta til Noreg.
– På arabisk ville ein handsame dette som mindre kreativt, mindre verdig. Men eg synest norske forfattarar får veldig mykje ut av å skrive så direkte som dei gjer, utan omsyn til «reglar». Så det er litteratur eg har kome til å setje pris på.
Blant favorittane er nemnte Knausgård, men også Hanne Ørstavik, Linn Ullmann og Vigdis Hjorth. Yonus blir stadig forbløffa over kor mange forfattarar Noreg har i høve til folketalet, noko ho knyt til dei gode støtteordningane for litteratur. Underleg for henne er også stjernestatusen ho oppfattar at somme norske forfattarar får.
– Det skjer nesten aldri hjå oss. Og viss det skjer, så skjer det med mannlege forfattarar. Men i Noreg kan både mannlege og kvinnelege forfattarar bli som ein slags stjerner, som er overalt, og eg blir så nysgjerrig at eg må lese dei. Marknadsføring påverkar lesinga mi her i mykje større grad.
Kva slags erfaringar som pregar fleirtalet i eit samfunn påverkar også kva ein ser på som estetisk vellukka og tematisk interessant, noko Yonus har reflektert ein del rundt i møte med norsk litteratur.
– Det norske samfunnet har leve i ei trygg boble veldig lenge, og kan seiast å ha eit avgrensa erfaringsrom i høve til mange andre land, meiner ho.
– I litteraturen brukar ein mykje plass på relasjonen til mor eller far, på familieliv, og på parforhald, seier Yonus, som fortel at mange bøker for henne verkar veldig like, sjølv om dei er skrivne på ulike måtar.
– Det er ting der eg kan kjenne att, sjølvsagt, og spørsmål vi også balar med, men som det ikkje ville ha slått meg å grave seg sånn ned i. Hjå oss ville det nok bli sett på som litt smått.
Då forfattaren og psykologen Haile Bizen flytta til Kristiansand i 2011, var det fyrste han merka seg biblioteka.
– Dei ligg alltid sentralt, og kvar har ulike byggestilar. Når eg kjem til ein ny norsk by er biblioteket alltid det fyrste eg går for å sjå på, fortel han.
– Biblioteka er fantastiske. Det er der eg lever livet mitt no. Eg brukar dei til å lese bøker, til å gå på arrangement. I Eritrea har vi kanskje eitt eller to, og dei er ikkje gratis, som her.
Bizen kom som fribyforfattar frå Asmara i Eritrea. På dei ti åra han har budd her har han rukke å bli kjend med sine norske kollegaar, både dei døde og dei levande, og gjort seg sine observasjonar.
– Norsk opplevast for meg som eit stille språk. Forfattarane brukar enkle ord, men samtidig er det veldig djupt, meiner han, og nemner blant anna Jon Fosse som døme.
– Og så brukar dei naturen, den blir dei aldri leie av!
Bizen fortel at folk i Eritrea kjenner til norsk litteratur gjennom Henrik Ibsen og Sofies verden av Jostein Gaarder. Sjølv synest han at det er den norske dikttradisjonen som er sterkast.
– Eg les norske dikt kvar dag.
Bizen arbeider for tida med ein antologi med kjærleiksdikt, der han har valt ut ti norske forfattarar som han attdiktar til morsmålet tigrinja. Blant favorittane er Jakob Sande, Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Åse Marie Nesse og Hans Børli.
Frå før har Bizen omsett Thorbjørn Egner sin Karius og Baktus til tigrinja. Boka blei gitt til eritreiske flyktningar. Han er også interessert i ein annan norsk sjanger, som kanskje er den som resonnerer mest med den rike munnlege forteljekulturen i heimlandet.
– Norske folkeeventyr finn eg utruleg fascinerande. Det trur eg vil bli det neste omsetjingsprosjektet mitt.
Den eritreiske forfattaren hadde fleire dikt og novellesamlingar bak seg i heimlandet, då han blei tvungen til å flykte. I fjor kom den fyrste eigne utgjevinga hans på eit norsk forlag, La oss si at jeg er (2023), også den i den tospråklege Parallell-serien, der Lina Undrum Mariussen, Milena Tewelde, Arne Ruste og forfattaren sjølv har stått for gjendiktinga til norsk. Å skulle gje ut litteratur i ein ny samanheng gjer at ein må ta stilling til kven den implisitte lesaren av det ein skriv er. Kven er det som vil forstå desse referansane og kven vil ikkje gjere det? Kva gjer eit byte av implisitt lesar med metaforikken? Kva gjer det med humoren, temperaturen i teksten?
– I Eritrea skreiv eg veldig eigenarta dikt. Det var ikkje lett å kome til Noreg og skulle halde fram som forfattar, det er ein litt annan stil her, seier Bizen.
Skiftet av litteratursamanheng og korleis det har påverka, kan ein sjå heilt konkret i det han skriv, ifølgje forfattaren. Til dømes på tematisk plan, så er det annleis å skulle skrive om traumatiske erfaringar med eit undertrykkande regime for eit publikum som i liten grad har slike, og fort opplever det litterære uttrykket som «litt mykje».
– Eg blandar det med sarkasme, for at det ikkje skal bli så tungt, seier Bizen.
La oss si at jeg er lei og vil gjøre slutt på alt
Et tau er lett å få tak i, problemet er
at myndighetene eier trærne
Men bytet av publikum har også fått andre, meir gjennomgripande følgjer. Kanskje den mest grunnleggande har med sjølve utsegnsposisjonen i dikta hans å gjere.
– Det er til dømes nytt for meg å bruke «eg» i dikta så mykje som ein gjer her. Eg vaks opp i eit annleis sosialt system, der vi brukar «vi» i mykje større grad, seier Bizen.
– Kva ein tenkjer og kjenner er mykje meir avhengig av samfunnet rundt, enn for folk her i Noreg, seier Bizen. Det er det mange grunnar til trur han, blant anna styreformene ein har hatt i Eritrea, særleg den utstrekte erfaringa med kommunisme.
– Her i Noreg kan ein skrive om kva ein tenker som individ. Det tok meg mange år å kunne seie «eg» på den måten. Ein har så mykje plass som individ. I Eritrea har ein nesten ikkje slik plass. Du er del av eit kollektiv, eit nabolag, eit samfunn.
– For meg var det kvelande, legg han til.
– Og ... ok, i Noreg tek ein det kanskje litt langt andre vegen, men for min del – eg likar det! Eg har alltid trudd på individuell fridom.
Wesam Almadani kom frå Gaza til Larvik som fribyforfattar i 2018. Han lærte seg raskt norsk, og har byrja å setje pris på mykje av litteraturen, sjølv om han berre har budd her i seks år. Han har gjort seg nokre tankar utifrå det han har lese, men strekar under at den lista framleis er for kort til å kome med generelle påstandar.
– Men noko eg har lagt merke til er at identitetskrise og individet sitt møte med det store samfunnet går igjen, seier han.
– Det individet opplever i det møtet blir knytt til dets eiga danning. Fokuset ligg heile vegen på den individuelle erfaringa. Ikkje, til dømes, på eksistensen som heile, meiner Almadani.
Ein annan observasjonen han har gjort seg byrjar etterkvart å bli velkjent:
– Moderne norsk litteratur opprettheld eit djupt samband med naturen. Naturen blir ikkje skildra som ein bakgrunn for det som elles går føre seg i teksten, men som ein grunnleggande del av eksistensen til mennesket.
Blant by-forfattaren Almadani sine norske favorittar er Rolf Jacobsen, og måten han fekk fram kompleksiteten i det urbane livet på. Dei nye bileta han skapte i sine dikt er med på å inspirere nye bilete hjå Almadani, som ofte oppleverer det som kunstnarisk fruktbart å vere i kontakt med to ulike litteraturtradisjonar. Men det er ikkje berre byens metafysikk som gjeld, det norske opphenget på natur har også snike seg inn i Almadani sitt poetiske medvit:
– Eg brukar meir natur no, når eg skal lage metaforar, seier han.
– Det andre diktet eg skreiv her i Noreg heiter «Gammelskog», legg han til, og ler litt.
Almadani, som har fleire utgjevingar på arabisk bak seg, har ikkje gitt ut bok i Noreg enno, men han har fleire skriveprosjekt på gang. Han skriv på arabisk, men merkar godt påverknaden frå den nye litteraturtradisjonen rundt seg. Han opplever heile tida å vere i ei forhandling med tanke på kven som no er lesaren av det han skriv.
– Nokre gongar brukar eg språk som er vanleg i Midtausten, men som lesast som veldig mørkt i Noreg. Eg kan til dømes skrive «og sola gløymte å stå opp den dagen», som i Midtausten er heilt konvensjonelt, ein grå dag liksom, men som i Noreg blir lese som at det var ein forferdeleg dag. Sola er så ladd i Noreg!
I det heile teke er Almadani van med ein mykje høgare toleranse for store ord og mørk humor, noko han koplar til den brutale situasjonen folk rundt han har måtte leve med. Han ser fleire likskapar mellom den typen litteratur som blir sett pris på i Palestina og litteraturen til dei norske modernistane før og etter andre verdskrigen. Dikta til forfattaren Gunvor Hofmo, som skriv sterkt og ekspressivt om krigen, har verkeleg treft noko hjå den palestinske forfattaren.
– Eg elskar Gunvor Hofmo, seier han.
– Ein dag skal eg gjendikte henne til arabisk, for vi i Midtausten har ikkje lese henne. Ho fortener å bli omsett til mange språk! Eg ønskjer også skrive dikt til henne. Ho skriv fram korleis det er når alt du elskar blir brent, og eg føler at eg opplever akkurat det same med Gaza.
I tillegg til forma og tematikken i dikta identifiserer Almadani seg også meir personleg med forfattaren.
– Gunvor Hofmo og eg, vi er frå same familie. Ho var også skeiv, og venta på den ho elska, seier Almadani,
Hofmo sin jødiske kjærast, Ruth Maier, vart sendt frå Noreg med transportskipet Donau den 26. november 1942, til konsentrasjonsleiren Auschwitz, der ho vart drepen.
– Skjebnen til kjærasten, og korleis Hofmo skriv om det, treff meg. Og kjærasten var av det same folket, som no brenn mitt folk, seier han.
– Ikkje at det som skjer i Gaza har med jødar å gjere, eg har ingenting imot dei, det har med det brutale regimet i Israel å gjere, legg han til.
– Men det er noko der som verkeleg treff, og kanskje skal eg skrive ein tekst om det ein dag, i dialog med Gunvor Hofmo. Eg håper det.
Helene Hovden Hareide
Født 1989. Poet, gjendikter og journalist. Seneste utgivelse: Butikksongar (Aschehoug, 2020).
Født 1989. Poet, gjendikter og journalist. Seneste utgivelse: Butikksongar (Aschehoug, 2020).