Sommarkroppen 2018
Leiar. Frå Vinduet 2/2018.
Kvar vår, når dei fyrste varme solstrålane endeleg treffer tørr asfalt og vinterjakkene brått forsvinn frå gatebiletet, vert eg forundra over kor mykje meir kropp ein vert eksponert for i sommarhalvåret. Det er sjølvsagt ei banal innsikt, men etter fleire månadar der tjukke lag av ull og dun har ligge mellom meg og dei fleste menneska eg går forbi på gata, er det eit aldri så lite under igjen å vandre rundt blant synlege kroppar, med alle sine lange ryggar, hårete leggar og spisse skulderblad.
Denne årvisse undringa er eit teikn klart som noko på kor lett det kan vere å gløyme kroppen, i alle fall i ikkje-seksualisert meining. At kroppen også er åstad for kunnskapsproduksjon og meiningsskaping, at du tek imot heile verda med heile deg, er rett nok godt tematisert i akademiske sirklar. Det enkle skiljet mellom ånd og materie, som postulert av René Descartes, er ikkje så enkelt, om det i det heile tatt eksisterer.
Samstundes legg sjølve språket ut snublesteinar på vegen mot å snakke om kroppane våre som noko anna enn ein åtskilt del av oss: det er nettopp «kroppen din», slik det også er hunden din og veska di. Kroppen er noko du skal «ta vare på», «vere glad i», «trene opp» og «lytte til». Den innebygde dualismen er vanskeleg å sleppe unna.
I langessayet «På sviktende grunn», som vert meldt i dette nummeret av Vinduet, trekkjer Siri Hustvedt fram Simone de Beauvoir, som skreiv om kroppen ikkje som ein ting, men som ein situasjon. Hustvedt kommenterer: «Hvis en kropp løsrives fra den spesielle verden og behandles helt og holdent som et separat objekt […] vil en del av dens virkelighet gå tapt.»
Fleire av tekstane i dette nummeret av Vinduet forsøker å sirkle inn ei form for kroppsleg og kjenslemessig røynd. Men her er også tekstar som – ikkje heilt på beauvoirsk vis – følgjer kroppar som speler fotball, som det vert gjort urett mot, som er på reis, som forsøker å finne ut av det.
Og som skriv, så klart.
God sommar!
Maria Horvei
Pinsehelga 2018
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.