Starten på moroa
Leiar. Frå Vinduet 1/2018.
I memoarboka The Odd Woman and the City, skriv Vivian Gornick om korleis ein tidlegare elskar tvinga ho til «å forklare det ho skulle ha fått lov til å utforske». Ho skildrar dette som ei byrde, som noko som tyngar all kommunikasjon mellom dei, og eg kan godt forstå frustrasjonen. For sjølv om det i mange samanhengar er tilfredsstillande å kome til poenget, markerer det også slutten på moroa. Å bli raskt ferdig med noko er som oftast eit teikn på at kvaliteten ikkje var heilt på topp i utgangspunktet; å luke vekk alt som er av tvil og gråtonar er også å lukke auga for at meining er noko som vert skapt, ikkje noko som finst.
Medan kunsten hentar mykje, for ikkje å sei all, si kraft frå det uutgrunnelege, har ikkje eit tidsskrift om litteratur heilt den same lisensen til å baske seg i tvisyn og ambivalens. Likevel kan også tidsskriftet streve etter å opne opp – for nye lesingar, for framhald av samtalar, for samanstilling av motsetnader – heller enn å late att. Og så sant det ikkje vert ei kvilepute eller ei unnskyldning for svake resonnement, kan det stundom også utforske meir enn det forklarar.
I romanen Høst parafraserer Ali Smith Charles Dickens, idet ho opnar med desse orda: «Det var de verste av alle tider, det var de verste.» På vegne av dette nummeret av Vinduet, kan eg på litt uhøgtideleg vis seie:
Det var slutten på kjærleiksromanen, det var utforskinga av ein roman om kjærleik. Det var kvinner utan stemme, det var kvinner med svært mykje dei skulle ha sagt. Det var mange bilete, det var mykje meir enn tusen ord. Det var ei verd som gjekk under, det var ei verd som vaks fram.
Det var byrjinga på noko heilt nytt, det var framhaldet av noko riktig gamalt.
God lesing.
Maria Horvei,
Oslo, 8. mars 2018
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.