Ut på tur
Leiar. Frå Vinduet 1/2019.
Det var ein gong at det å reise sto for meg som sjølve målestokken for eit godt liv. Fram til min fyrste London-tur som 16-åring var mi eigenopplevde erfaring av verda avgrensa til dei tre skandinaviske landa, med spesiell vekt på den vestlege delen av Sverige, der det til gjengjeld kjendes ut som det var få campingplassar og vandreheimar eg ikkje hadde besøkt. Sjølv om desse bilturane med familien var meir enn gledesfylte nok til at eg låg vaken fleire netter før avreise og tenkte på all den svenske isen og alle dei svenske strendene som låg føre meg, brukte eg også tida utanom sommarferiane til å lese meg gjennom alle bøkene eg kunne finne som handla om det å reise til meir eksotiske og/eller glamorøse destinasjonar enn Stora Höga, Åsa og Karlstad. Aurora i Holland, 5 på reise og Mormor og én til hos Rosa av Anne-Cath. Vestly var soleklare favorittar, saman med ei rekke bøker av forfattarar eg no har gløymt, om jenter og gutar som reiser på ferie til Paris, til Hellas, til Spania. Mi litterære reiselyst var heller ikkje strengt avhengig av ei forteljing; i fleire rundar fekk reiseguidar til New York, Praha og Roma bli med heim frå bibliotekshyllene, og eg kunne enkelt ha kome med ei restaurantanbefaling for kvar av desse byane, om nokon berre hadde spurt.
Sjølv om eg ikkje såg det slik då, var reisevanane mine den gong eigentleg eit eksempel til etterfølging. Dersom me skal håpe å bevare eit godt liv også i framtida, er feriering i relativ kort avstand frå heimen, med langturar lagt inn via lesing, ein strategi god som nokon. Og bøkene er jo der, så klart: Frå Odyssevs og Den guddommelige komedien til Don Quijote, Robinson Crusoe og alle eventyr og klassiske reiseskildringar som følgde, har litteraturen alltid handla om å frakte lesaren til stader hen av ulike årsaker ikkje kan besøke sjølv.
Til grunn for fleire av tekstane i denne utgåva av Vinduet ligg det også ei form for reise, det vere seg fysisk eller litterær. Nils Henrik Smith reiser til Balkan for å skrive om ei reise til Balkan – og lukkast også med det. Carline Tromp reiser i forfattaren Arnon Grunberg sine fotefar i Midtausten, for å fylle eit kunnskapshol eller forstå meir av si eiga manglande forståing. Ole Robert Sunde er på Svalbard, medan Kåre Bulie og Merete Røsvik er ute og flyr med Tor Eystein Øverås og Olga Tokarczuk. Billetten til å bli med heldt du allereie i handa – så god tur.
Maria Horvei
Oslo, 8. mars 2019
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.