Å vere eller ikkje få vere
Kajsa Ekis Ekman, ein av Sveriges «mest allsidige intellektuelle», leverer ei einsidig framstilling av det nye synet på kjønn.
Anmeldelse.
Publisert 10. september 2021.
Om könets existens
Kajsa Ekis Ekman
Sakprosa, 358 sider
Polaris, 2021
I Everybody: A Book About Freedom (Picador, 2021) fortel den britiske forfattaren og essayisten Olivia Laing om den fyrste gongen ho høyrte om konseptet ikkje-binær. Boka, som er den førebels siste i eit sylskarpt og djupt humant forfattarskap, er eit historisk blikk på kampen for kroppsleg fridom, og viser vegane som går på kryss og tvers mellom 1900-talets seksuelle frigjering og Susan Sontags sjukeleie, mellom etterkrigstidas kvinnekamp og Malcolm X' fengselscelle, mellom kroppar som protesterte i gatene for eit hundreår sidan og dei som framleis marsjerer i dag. Hennar eiga kjensle av å vere innelåst og motarbeida av sin eigen kropp ligg som ein personleg klangbotn gjennom det heile, men det er fyrst mot slutten av forteljinga ho hentar fram det punktet der ho byrja å forstå heile årsaksbiletet. Det skjedde for ti år sidan, ein gong ho snakka med ein ven om den transkjønna artisten Justin Vivian Bond:
I said something about Bond, and [my friend] gently corrected my description, informing me that the pronoun wasn’t he but v. At the time, my own gender was like a noose around my neck. I was non-binary, even if I didn’t yet know the word. I’d always felt like a boy inside, a femme gay boy, and the dissonance between how I experienced myself and how I was assumed to be was so painful that often I didn’t want to leave my room at all.
Olivia Laing er ein av dei mange forfattarane – Akwaeke Emenzi, Maggie Nelson og Jordy Rosenberg er andre namn som kan nemnast – som dei siste åra har gitt eit litterært språk til transpersonars erfaringar, til deira plass i historia og deira eksistens i eit moderne samfunn der dei har oppnådd ei aukande grad av aksept og juridiske rettar, men der motstanden mot desse framskritta også har vore sterk, og backlashen i fleire tilfelle brutal. Tvitydigheit, uløyste paradoks, opplevinga av å eksistere på utsida av samfunnets etablerte kategoriar – har ikkje dette alltid vore kjelda til god litteratur?
Jo, og på det grunnlaget kan ein seie at transerfaringa er eit framifrå skjønnlitterært og essayistisk emne. Men det er også eit emne som i rikt monn inspirerer til meir saksorientert drøfting, ofte prega av nærmast motsette forteikn. Fastlåste posisjonar, manglande vilje til å sjå motstandarens argument i augo, latterleggjering og forvrenging – har ikkje dette alltid vore kjelda til dårleg samfunnsdebatt?
Kajsa Ekis Ekman, svensk journalist, forfattar og, ifølgje biografien som står trykt på omslaget av hennar siste bok, ein av Sveriges «mest mångsidiga och uppmärksammade intellektuella», utløyste mykje merksemd då ho i vår gav ut debattboka Om könets existens: Tankar om den nya synen på kön (Polaris, 2021). Dette «nye synet», som anerkjenner at menneskes sjølvopplevde kjønnsidentitet kan divergere frå deira biologiske kjønn og vil at transpersonar skal bli tildelt rettar deretter, har ifølgje forfattaren på kort tid blitt «hegemonisk och allmänngiltig». Kritikk av einskildmenneskes rett til å sjølv definere sitt eige kjønn, for ikkje å snakke om spørsmålssetting ved dei praktiske konsekvensane av å opne opp kjønnskategoriane, er ifølgje forfattaren blitt nær sagt umogleg; mistenkeleggjering, skuldingar om transfobi og trakassering ventar den som forsøker seg. Resultatet, meiner Ekman, er ein stat- og opinionsstøtta nedbygging av «kvinne» som sosial og biologisk kategori, der sigrane frå dei siste tiåras kvinnekamp smuldrar mellom hendene på oss. At sjølve ordet «kvinne» mistar si mest intuitive meining, vil gjere det «svårt för någon kvinnorörelse att existera. Utan ordet kvinna blir det svårt att tänka och tala om kvinnors situation. Utan ordet kvinna blir det omöjligt att förstå kvinnoförtrycket.»
Dette er Kajsa Ekis Ekmans syn på kjønn. I den radikalfeministiske tradisjonen som Om könets existens no er ein del av, er skilnaden mellom kjønna i fyrste rekke eit spørsmål om kromosom og kjønnsceller: «Saken er ju den at kvinna inte är nogot annat än ordet för den grupp människor som föds med xx-kromosomer och äggceller». Dernest er det ein sosial konstruksjon (genus), der kategorien «kvinne» er koda annleis enn kategorien «mann». Likestillingskampen skjer på desse premissa: Kamp for tilrettelegging i tråd med fysiske realitetar, nedbryting av dei kunstige og undertrykkande skilja kjønna imellom: «Att förstå kön och genus är ett måste för att förstå patriarkatets uppkomst och kunna arbeta mot dess upplösning.»
Den politiske gjennomslagskrafta til det feministiske prosjektet Ekman her skisserer har vore enorm, i alle fall sett frå eit skandinavisk utkikkspunkt, og takk og lov for det. Ein kime til uro har likevel ligge der heile vegen, ein dissonans det dei siste åra har blitt stadig vanskelegare å overhøyre: Ifølge dette synet på kjønn har ikkje kjønnsidentitet, altså den meir djuptgripande og personlege opplevinga av kjønn, nokon avklart plass – om det då har nokon plass i det heile. Kjønn er i radikalfeministisk tenking ganske enkelt ikkje eit spørsmål om identitet. Dette står i skarp, eigentleg uforsonleg, kontrast til «den nya synen på kön»1 då dette nettopp er bygd over ei forståing av at det finst menneske som opplever å vere av eit anna kjønn enn sitt biologiske, at denne opplevinga er reell, og at likestillingskampen så vel som kjønnsomgrepa må inkludere også dei.
Ei forståing av denne ideologiske kollisjonskursen må ligge til grunn for lesinga av Om könets existens. Når Ekman mot slutten av boka argumenterer for parallellen mellom å «identifisere seg» som svart, sjølv om ein er fødd kvit, og det å identifisere seg som noko anna enn sitt biologiske kjønn, er det eit argument som held mål berre dersom du meiner at kjønn, lik hudfarge, kan reduserast til biologisk arv og sosial identitet. Dersom du dreg på smilebandet av sarkasmar av typen «Varför får bara får heta får? Varför får inte en ko lika gärna vara et får? Varför får inte en bil heta flygplan för att den inte har vingar? Bör inte ordet bil välkomna alla?», er det høgst truleg fordi du, lik Ekman, ikkje er overmåte bekymra for å framstå respektlaus overfor dei millionar av menneske som har lagt ned vitnemål om at dette er sant, dette opplever eg, dette er ikkje ein fiks idé planta i hovudet mitt av YouTube-algoritmar. Og dersom du, etter å ha lese så langt, mistenker at eg er ueinig med Ekmans syn på kjønn, har du rett. Eg trur kjønnsidentitet verkar saman med biologi, arv og miljø, og at dette til saman utgjer eit menneskes kjønn.
Dette påverkar sjølvsagt korleis eg les Om könets existens. Men dersom eg, stikk i strid med mi faktiske overtyding, skulle meine at kjønnsidentitet er ein alt for skjør og vanskeleg verifiserbar storleik til å basere handfast og inngripande politikk på, og at det å ta omsyn til transpersonar i så ueinsarta spørsmål som tilgang til offentlege toalett og kriminalpolitikk ville gjere uboteleg skade på det feministiske prosjektet, ville eg forhåpentlegvis ynskja meg ei betre talskvinne enn Kajsa Ekis Ekman.
Om könets existens har, kort fortalt, som mål å idiotforklare omgrepet «kjønnsidentitet», for så å kritisere dei praksisane som har følgt i kjølvatnet av at kjønnsidentitet likevel har fått juridisk, medisinsk og sosial gjennomslagskraft. Kjønnsidentitet er nemleg det nye svaret på kva kjønn er, merkar Ekman seg, ettersom ein ikkje lenger skal gå utifrå at alle med xy-kromosom er menn og alle med xx-kromosom er kvinner. For Ekman verkar dette å vere einsbetydande med at biologisk kjønn etter det «nye» synet ikkje eksisterer, altså at det byggjer på ein fornekting av biologi: «Vad samtliga dabattörer som förordar den nya teorin om kön är överens om är att kön inte har något med könsorganen att göra.» Ein kjapp samtale med ein av desse debattørane ville antakeleg ha korrigert Ekman til at det er skilnad på å nekte for at biologi er ei greie, og å motsetje seg biologi som styrande kategori i vår forståing av kjønn. Elles ligg jo anerkjenninga av biologisk kjønn som ein realitet implisitt både i det ynsket nokre transpersonars har om å gjennomgå kjønnskorrigerande behandling, og i eit omgrep som «cis-person», som viser til den majoriteten av tilfelle der biologisk kjønn og kjønnsidentitet er samanfallande. Men dette er for Ekman ikkje teikn på at hennar kart ikkje stemmer overeins med terrenget; tvert imot meiner forfattaren her å ha avdekka at transrørsla er tufta på eit hittil upåtalt paradoks: Dei både fornektar og forsterkar dei biologiske kategoriane.2
For Ekman er svaret på kva kjønnsidentitet er, enkelt: «Tar man bort den materiella bas som tidigare varit grunden för kön, nämligen könscellerna, återstår föga annat än stereotyper och kulturella normer.» Dette poenget, som kjem tidleg i boka, er det berande elementet i Ekmans kritikk av kjønnsidentitet. Kjønnsidentitet er kjønnsrollar i ny språkdrakt, eventuelt er det, ifølgje det nye synet på kjønn, «ett personlighetsdrag», ein kategori du vert plassert i alt etter om du er mest glad i baking eller bilmekking, å ligge øvst eller nedst i senga. I staden for å aktivt motarbeide sosialt konstruerte kvinnelegheita, blir denne konstruksjonen ifølgje Ekman snarare forsterka gjennom transdiskursens sterke vektlegging av å «føle» seg som mann eller kvinne.
På dette tidspunktet, knappe tretti sider ut i boka, har forfattaren allereie kasta seg ut i ein nokså sprikande anekdotisk bevisførsel for å overtyde lesaren om det nye kjønnssynets hegemoni, ikkje berre i Sverige, men globalt. Med tanke på at kjønnsidentitet, og retten til juridiske rettar på grunnlag av dette, no er anerkjend av så høgtståande autoritetar som menneskerettsrådet i FN og den europeiske menneskerettskonvensjonen, skulle ein tru at tilhøva låg til rette for ein noko meir systematisk framlegging av kva dagens situasjon er og korleis me hamna her. I staden stiller Ekman tilvisingar til skandinaviske og argentinske lover side om side med ein artikkel frå Teen Vogue som slår fast at også kvinner kan ha skjegg, ein svensk organisasjon for funksjonshemma kvinner som har opna for å ta imot transkvinner som medlemmer, ein amerikansk guide til taktfull pronomenbruk (som eg reknar med at alle amerikanarar følgjer til punkt og prikke), ein britiske gründer av ein organisasjon som heiter Gender Intelligence og – om ikkje dette var nok til å rokke ved verdsbiletet ditt – ei finsk kunstnargruppe som erklærer at det framfor alt handlar «om att få syn på olika former av förtryck och inklusion och exklusion».3
Når det så gjeld å bevise kjønnsidentitetens grunnleggande reaksjonære karakter, hentar Ekman i fyrste omgang døma sine frå bøker – spesielt amerikanske – retta mot barn, unge og deira foreldre. Ho les Understanding Transgender, der ei ung jente ikkje kjenner seg som ei jente og ikkje likar «jenteaktige» ting, og konkluderer med at «Den är således flicka som tycker om rosa glitter, oavsett könsorgan.». Ho les den eine oppløftande historia om transungar som lever i tråd med eigen kjønnsidentitet etter den andre, og fortvilar: «Att få vara som man är, är inte möjlig». Kvifor, spør Ekman seg, kan ikkje gutar få lov til å leike med dokker og jenter med bilar, utan at dei får ei diagnose tredd ned over hovudet?
Svaret på dette er så klart at det er fullt mogleg, sjølv om gudane veit at samtidas rosa/blå-fargekoding av barndommen er ei trist utvikling. Men når Ekman skriv at «Då man förr tog bort klänningen från barn med penis, vill man nu ta bort penisen från barn med klänning», har ho ikkje skaffa seg ryggdekning for det som er ein svært sterk påstand. Seinare i boka viser ho megetsigande til dei internasjonale psykiatriske retningslinjene for diagnostisering av kjønnsinkongruens: «Åtta kriterier finns för att barn skal diagnostiseras med könsdysfori; fem av dem handlar om könsroller». Det ho ikkje skriv ut, er at for at ein diagnose skal bli stilt ifølgje kjelda ho viser til, må det fyrste av desse kriteria oppfyllast, nemleg: «A strong desire to be of the other gender or an insistence that one is the other gender (or some alternative gender different from one’s assigned gender)». Vidare kjem lista med følgjande merknad: «As with the diagnostic criteria for adolescents and adults, the condition must also be associated with clinically significant distress or impairment in social, occupational, or other important areas of functioning.»
Dette dømet på selektiv informasjonsdeling – som ville vore utilgiveleg for ei sakprosaomgjeving om det så berre var snakk om eit einskild tilfelle – står ikkje aleine. Den svenske kjønnsmangfoldsorganisasjonen RFSL, motstykket til norske FRI, gav tidlegare i år ut eboka 100 fel i ’Om könets existens' i respons på Ekmans bok. I tillegg til reine faktafeil og tilfelle av feilsitering av kjelder, påpeiker forfattarane her mange av dei tilfella Ekman baserer analysa si på at kjønnsidentitet er det same som kjønnsroller, tendensiøs framstilling av eit fenomens storleik og utbreiing, feilsitering av kjelder osb.
*
Kritikken Ekman fremjar av transrørsla – i den grad ho kan omtalast med eit så samlande omgrep – er, tru det eller ei, ikkje banebrytande. Då den amerikanske forfattaren og aktivisten Janice Raymond gav ut The Transsexual Empire: The Making of the She-Male i 1979, var eitt av hovudpoenga hennar at «transseksualitet» (som den gong var ei medisinsk diagnose) forsterkar tradisjonelle kjønnsrollemønster, der medikaliseringa og psykologiseringa av transpersonar skjer i tråd med eit patriarkalsk kvinnesyn. I eit ideelt samfunn, slik Raymond såg det, burde ikkje transpersonar vore ein kategori; ho ynskja både å eliminere dei faktorane som gjorde at menneske ynskja å endre kroppane sine, og dei medisinske og sosiale systema som «støttar transseksualisme». Med andre ord: I eit samfunn utan kjønnsrollar, ville ikkje transpersonar eksistert, og me burde difor heller ikkje behandle transpersonar som eit reelt fenomen. At denne posisjonen vart hylla i 1979, men er sterkt kritisert i dag, har mykje å gjere vår aukande anerkjenninga av og kunnskap om kjønnsinkongruens. Dessutan er det ikkje lenger så enkelt å sleppe unna med å oversjå ikkje-binære transpersonar, transpersonar som ikkje ynskjer å gjennomgå medisinsk behandling, eller andre gruppe som beviseleg bryt med tokjønnsmodellen i ei drøfting av temaet.
Ikkje i teorien, i alle fall. Meir enn førti år har gått sidan Raymonds bok, utan at dette har gjort desse menneska noko meir synlege – gjennom eksempelbruk, drøfting, innlemming i analyser – i Om könets existens. Ekman anerkjenner heller ikkje den saka at kampen for å leve utanfor dei definerte kjønnskategoriane står sentralt i dagens lhbti-kamp, noko som til dømes er reflektert den norske organisasjonens FRIs føremålsparagraf. Tvert imot slår ho fast, med referanse til det nye synet: «Att könen har så olika position i samhället och forväntas att klä sig och bete sig på olika sätt er inget som tycks att gå att ändra.» Fleire gongar framstiller ho dessutan kjønnskorrigerande operasjonar som ei form for homoterapi, ettersom det ifølgje Ekman i hovudsak er homofile som gjennomgår slike prosedyrar, og at dei etter dette «blir» heterofile.
*
Finst det då ingenting å utsetje på korleis helsevesenet, det juridiske systemet, skuleverket og samfunnet elles har gått fram for å tilrettelegge for transpersonar? Jo, sjølvsagt gjer det det. I 1987 kom den amerikanske akademikaren Sandy Stones ut med boka The Empire Strikes Back: A Posttransexual Manifesto, delvis som eit svar til Janice Raymonds The Transsexual Empire. Her kritiserer ho populærkulturelle framstillingar av trans for si vektlegging av overgangen mellom mann og kvinne, kvinne og mann, og også helsevesenet (som primært sysselsette heterofile mannlege legar) for å forsterke stereotype kjønnsrollar i deira behandling av transpersonar. Diagnosekriteria for trans, synte Stone, var rigga for å skape ein feedback loop der transpersonar måtte tilpasse seg eit sett kriterier basert på ein binær oppfatning av kjønna, for i det heile tatt å få tilgang på medisinsk hjelp. For Stone munna dette ut i behovet for at transpersonars stemmer og reelle erfaringar må bli løfta fram og lytta til, slik at det er systemet som tilpassar seg deira behov, og ikkje omvendt.
Det er umogleg å lese Om könets existens utan å ta innover seg skilnaden mellom å kritisere eit system med siktemål om å gjere det betre for dei det gjeld (Stone), og kritikk med mål om å avvikle systemet (Raymond). Kajsa Ekis Ekman tek ikkje eit like klart standpunkt som det Raymond i si tid gjorde, og for alt eg veit er årsaka til at amerikanaren ikkje er nemnd i boka at Ekman er ueinig med ho på viktige punkt. Ekman seier ikkje rett ut at transpersonar eine og aleine er eit produkt av eit kjønnsundertrykkande samfunn, og at dei difor, ideelt sett, ikkje burde eksistert.
Men kva, må ein likevel spørje seg, er konsekvensen av det Ekman skriv i Om könets existens? Om kjønnsidentitet ikkje er reelt, slik ho argumenterer for, er då transpersonar reelle? Korleis definerer du eventuelt transperson, utan å ta i bruk omgrepet kjønnsidentitet? Om kjønnsidentitet er eit produkt av stereotypiar, som igjen er eit teikn på at noko er gale med vårt samfunn, er transpersonar då eit teikn på at noko er gale med samfunnet vårt? Ingen stader kjem Ekman med konkrete løysingsforslag til korleis eit system som skal forvalte ein enormt kompleks etisk, sosial og menneskeleg problemstilling, og som ikkje alltid lukkast eller har kome fram til beste praksis, skal forbetre seg på ein måte som tek vare på alle partar. Ekmans kritikk er fyrst og fremst negativt innretta: Det er for enkelt å endre juridisk kjønn, og personar som ikkje har tatt nokon skritt i retning kjønnskorrigerande behandling bør heller ikkje forvente å bli behandla som noko anna enn sitt biologiske kjønn. Men det er også for enkelt å starte hormonell behandling, for enkelt å gjennomgå kirurgi. Transkvinner bør ikkje ha tilgang til dei romma som tidlegare har vore reservert cis-kvinner, dei bør ikkje reknast inn i den språklege kategorien kvinner. Ein bør, kort sagt, ikkje forvente seg at samfunnet endrar seg nemneverdig for å ta høgde for eksistensen av det Ekman, med rette, kallar ein svært liten majoritet. Men kva er eigentleg alternativet, og kor stor må ein minoritet vere før dei kan forvente ikkje berre fraser av typen, «Eg er sjølvsagt imot diskriminering mot transpersonar, alle må få leve slik dei vil!», men den reelle juridiske og sosiale likestillinga dei etter både svenske og norske lover har krav på?
Nokre av dei praktiske utfordringane Ekman løftar fram, krev ikkje djup filosofisk verksemd for å augne løysingar på, om løysingar er det du er ute etter. Andre, som foreldres medbestemmingsrett over eit barns ynskje om å byrje på eit medisinsk løp i retning kjønnskorrigerande behandling, er enormt kompliserte spørsmål – også om ein lukar vekk dei faktafeila Ekman fremjar i si framstilling, og også om ein kontrollerer for den faktoren det er at ho hentar mange av døma sine frå USA, der praksisen er mindre strengt regulert enn i Skandinavia. Dette er det sjølvsagt også i transrørslas interesse at det skjer grundige drøftingar av. Det Ekmans bok ikkje vitnar om nokon forståing av, er at desse drøftingane finst også blant menneske som støttar kampen for transpersonars rettar. The Empire Strikes Back vert rekna som ein føregangstekst innan transgender studies, som i dag er eit rikt og tverrfagleg akademisk felt, der du nettopp finn den typen kritikk av essensiell tokjønnstenking som Ekman etterlyser. Denne hausten utgjer Gyldendal Akademisk antologien Frihet, likhet og mangfold: Kjønnsidentitet og seksuell orientering i norsk og internasjonal rett (red. Anne Hellum og Anniken Sørlie4), der ei lang rekke av dei dilemmaa Ekman på sitt vis løftar i Om könets existens – slik som dei medisinsk og etisk vanskelege vurderingane helsepersonell må gjere i ei tid med aukande tilvising av barn som opplever kjønnsinkongruens, og der både barnas og foreldra skal takast omsyn til – vert drøfta og satt inn i ein historisk, politisk, rettsleg og sosial samanheng. Slike bidrag handlar ikkje om å bejuble eitkvart tenkeleg skritt som vert tatt på vegen mot transpersonars likestilling, men om ei seriøs drøfting av terreng, kart og kompass.
*
I «Nordisk råd»-spalta i Klassekampen Bokmagasinet 22. mai i år skreiv den svenske litteraturprofessoren Magnus Nilsson at Kajsa Ekis Ekmans bok har avdekka eit dårleg debattklima i Sverige. Som døme trekk han fram to skribentar i Aftonbladet, som hevda at Ekmans argumentasjon fekk dei til å kjenne seg uvel, eit feministisk tidsskrift som påsto at Ekman framsnakkar vold mot og utreinsking av transpersonar, og debattant i Göteborgs-Posten som skreiv at Ekman sjølv måtte ta sin del av ansvaret for at debatten om boka hadde spora av. Dette var forstemmande, meinte Nilsson: «Ekman stiller store og viktige spørsmål i ’Om könets existens’. De fortjener å diskuteres og debatteres. Om det ikke er mulig, er vi ille ute.»
Nilsson framstår i sin tekst sober og dialogvillig, som ein god akademikar skal. Problemet, som ein må ha ein viss kjennskap til Ekmans bok for å forstå omfanget av, er at dei prinsippa som Nilsson legg til grunn for ein sunn debatt ikkje vert følgd av Ekman sjølv. Nilsson påtalar ikkje Ekmans raljerande tone eller stråmannsargumentasjon. Han kommenterer ikkje faktafeila hennar, utover å nemne at nokon har trekt kjeldegrunnlaget hennar i tvil. Når Ekman retorisk samanliknar transpersonar identifisering med eit anna kjønn enn sitt biologiske, med sauer som ynskjer å vere kyr, må ein kunne spørje: Er det slik store og viktige spørsmål skal løftast fram, er det slik dei skal debatterast?
I våre dagars offentlege samtale er dette ei sørgjeleg velkjend vending: Å stå opp mot ureielege debatteknikkar, samstundes som ein er mistenkeleg blind for at dette råkar begge vegar.5 Ekman gjer det same sjølv, til dømes når ho skriv om bruken av «terf» (transekskluderande radikalfeminist) som nedsetjande nemning på feministar som ikkje ynskjer eller er sterkt kritiske til å innlemme transkvinner i kategorien «kvinne». Eg er einig med Ekman i at dette er ikkje-nøytral og tidvis aggressiv ordbruk, sjølv om eg gjerne skulle sett at drøftinga hennar i større grad tok innover seg kva rolle sosiale media speler i denne nedbrytinga av offentleg debatt. Men argumentet hadde stått stødigare om Ekman her ikkje sjølv nærma seg slutten på ei bok der ho gjennomgåande har feilkjønna transpersonar og latterleggjort all den innsatsen som er blitt lagt ned for å skape forståing for at å kalle ei transkvinne ein mann, ikkje er nøytralt når det skjer med viten og vilje, igjen og igjen: Det er ein språkleg kode for å seie at du ikkje anerkjenner vedkommandes eksistens anna enn på dine eigne premiss. Eg har ikkje noko ynskje om å forsvare den netthetsen J.K. Rowling vart utsett for etter sine fråsegn om trans, for eg syns ikkje hets fortener eit forsvar. Men når Ekman skriv at i «de många artikler som skrevs om Rowling bemöttes hon sällan eller aldrig i sakfrågan», er ikkje det riktig – tekstane som gjorde dette var talrike, og døma på forsvarar av Rowling som ikkje tok stilling til dei konkrete innvendingane Rowlings tekst vart møtt med likeså.6
I etterkant av den sterke kritikken Ekman sjølv har blitt møtt med, er ikkje Ekmans evne til å gå «sakfrågan» i møte imponerande. I artikkelen «Grundlösa påståanden skymmer viktig debatt» klargjer ho til ei viss grad kva kjelder ho har støtta seg på, i den grad det er til å misforstå ut frå fotnotane, og tilbakeviser fleire av RFSLs påstandar om faktafeil. Ho viser også til alternative kjelder til opplysingar ho har henta frå upåliteleg opphav, slik som alt-right-nettstaden National File. Fleire av dei reine faktafeila kritikarane har fremma, vert likevel hengande i lufta (slik som dei eg har vist til i denne teksten), og meir inngripande innvendingar – slik som ikkje-dekkande eksempelbruk, feilframstilling av meiningsmotstandarars standpunkt og springande argumentasjon – vert ikkje kommentert. Ekman avsluttar: «Ja, så här roligt kan man ha det. Eller så kan vi ha en seriös debatt. Om vad kön betyder i filosofin, historien, juridiken och för oss, i dag. Finns någon som vågar?»
*
Noko av det som kjenneteiknar Olivia Laing som essayist, er hennar evne til å setje seg inn menneskes idear, deira intellektuelle og kunstnariske verksemd, på ein måte som får fram det radikale og frigjerande potensialet dei står for, utan at ho dermed underslår deira eigne blindsoner eller er uklar på kvar ho meiner dei kjem til kort. I Everybody flettar ho den kjende, og i mange krinsar kontroversielle, feministen Andrea Dworkin inn i forteljinga, og drøftar hennar liv og bidrag til kampen for kvinners rettar. Like etter passasjen eg siterte innleiingsvis, skriv Laing:
You can hate what happens to bodies categorised as female while also remaining sceptical about the notions of two rigidly opposed genders, coloured pink and blue. Even Andrea Dworkin understood that. Though we think of her now as reifying gender, what she actually wanted to do was to dissolve the binary altogether, whatever the transphobes who’ve claimed her might say.
Også Ekman kjempar, i Om könets existens, ein kamp for å «dissolve the binary altogether». Her ligg det felles målet, for radikalfeminismen og lhbti-rørsla, same kva fiendebilete Ekman forsøker å skape av sistnemnde. Så er det éin sak at Ekman ikkje verkar kapabel til den same rause, tredimensjonale intellektuelle tilnærminga som Laing. Det mest presserande spørsmålet eg sitt att med etter å ha lese Om könets existens, er kor seriøs den debatten Ekman ynskjer seg kan bli, så lenge ein ikkje er samde om det mest grunnleggjande spørsmålet: Om kjønnsidentitet, og såleis den verkelegheita transpersonar vitnar om å leve med, er ein realitet. Dette er ikkje berre ein sak for filosofien, historia, jussen; det er eksistensielt. Ekman gjer i Om könets existens sitt beste for å overtyde lesaren om at hennar syn er det riktige, men resultatet kastar blår i auga på lesaren.
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Fotnoter
Skjønt, nytt og nytt. Olivia Laing skriv i Everybody om den tyske legen Magnus Hirschfeld, ein leiarfigur i Weimarrepublikkens knoppande seksuelle reformasjon, som i 1910 hadde rekna seg fram til «forty-three million possible combinations of gender and sexuality, a near infinite spectrum of possibility that goes far beyond our own era’s tentative acceptance of gender and sexual fluidity. Imagine telling J.K. Rowling.»
Denne logikken gjer seg også gjeldande når Ekman viser til forsøka som er blitt gjort innan biologien for å undersøke om kjønnsidentitet kan seiast å vere medfødd. I seg sjølv er dette eit teikn på eit bakstreversk prosjekt, meiner forfattaren; tidlegare var det kvinner og homoseksuelle kroppar som vart vegd og målt for å undersøke kva det «var» med dei. Skadefryden over at desse naturvitarane ikkje kom fram til eit klart svar, er likevel påtakeleg: «Forskningen vet med andra ord inte om det finns något som heter könsidentitet!»
Til dette kan ein sjølvsagt innvende at det er ikkje spesielt sjokkerande at biologar har satt i gang forskingsprosjekt for å undersøke om eit gitt fenomen kan seiast å vere medfødd eller ikkje, ei heller er det overraskande at dei ikkje har funne gode haldepunkt for at dette er tilfelle. Det finst trass alt mange foreldre som hardnakka hevdar at dei elskar borna sine, til trass for at det berre er foreldreskapet, og ikkje kjærleiken, som kan avlesast gjennom biologisk materiale. Vidare lukkast ikkje Ekman i å klargjere i kva grad medfødd kjønnsidentitet er eit viktig argument for den moderne rørsla for transpersonar rettar. RFSL, den svenske motsatsen til FRI, skriv i sin respons til Ekman at dei ganske enkelt ikkje syns det spelar noko rolle om det er mogleg å bevise kjønnsidentiteten biologisk eller ikkje – sjølv om dei forstår at det er eit forlokkande argument for dei som har som jobb å overtyde andre menneske om kjønnsidentitetens eksistens.
Dei mange tilbakestega i den globale kampen for transpersonars rettar i seinare år, den sterke motviljen, diskrimineringa og hetsen transpersonar som vel å leve i tråd med sin kjønnsidentitet møter i majoritetsbefolkinga, for ikkje å snakke om den store avstanden mellom juridiske rettar og faktiske erfaringar som eksisterar – alt dette glimrar, kanskje ikkje overraskande, med sitt fråvær.
Dette er sjølvsagt nært i slekt med tendensen til å stille seg sjølv i ein retorisk sterk posisjon i kraft av å vere undertrykt eller stå for eit marginalisert standpunkt. Dette er noko Ekman sjølv er svært oppteken av, men Om könets existens er ironisk nok sjølv eit eklatant døme på same dynamikk, der kritikk av «det nye synet» på kjønn som nemnd vert framstilt som ein Davids kamp mot Goliat.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.