ALT
Om Dubbelheten av Birgitta Trotzig.
Anmeldelse. Publisert 30. september 1998.
Dubbelheten. Tre sagor
Birgitta Trotzig
Bonniers, 1998
«Tre sagor» er undertittelen på Birgitta Trotzigs siste bok, Dubbelheten. I ein kortfatta omslagstekst seier Trotzig om sagaen at det er ei form som har lov til å bevege seg fritt mellom fleire plan, slik at det blir plass til både realismen og det metafysiske aspektet, og eit meir fullstendig bilde får komme fram. Desse moderne legendene er solid forankra i kjente stader og historiske hendingar, sjølv om her er ein klangbunn av mystisisme, og eit religiøst tak. Men dei blir fortalte for å fortelje noko anna, og i eit språk som tvingar lesaren til å rette konsentrasjonen mot dette andre, utan heilt å vite kva det er. I skrifta finst eit stort og veldig alvor, som vil ned til det grunnleggande, som vil ned til føresetnadane for alt, for liv og død. Denne gongen bruker Trotzig dobbeltheten som tema for å tydeleggjere dette ho vil finne ut av, vise. Sjølve livsgåta? Dette som er alt. Og ingenting, for alt har jo ein motsats.
1. «Och vad händer i hemligheten?»
Den første soga er lagt til ei smie i eit førindustrielt Sverige. Smeden strevar med sonen sin, som viser seg å vere vanskelegare å forme enn det materialet han elles jobbar med. Sonen er farens motsats. Det farlege som faren kan kontrollere, elden og alkoholen, lar sonen seg overmanne av. Han får ikkje heilt taket på materialet, på elden og jarnet, han får ikkje innblikk i løyndomane. Ikkje før han opplever ei dramatisk hending som gir han innblikk i noko han ikkje kan dele med andre. Han blir funnen døddrukken i snøen, og lagt direkte på likhuset. Som ved eit under vaknar han opp, og styrtar ut derifrå med eit vræl. På overflata er dette ei morosam historie, men etter dykket ned i dødsriket er smedens son på ein måte delt. Han tilhøyrer både den levande verda med den varmande elden i smia, og den verda som lokkar med svart, tung mold. Han blir ein levande død. Verda blir dødsriket. Til sist opnar jorda seg og kallar på han.
Det er vanskeleg å seie noko om denne boka utan å ta ein sveiv innom Sammanhang, som kom ut for to år sidan og blei innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Trotzig har ikkje brukt legendeforma her, men tekstane bevegar seg i same sfære. I Sammanhang forsøker forfattaren heile tida å binde saman, gå opp grenser og bryte dei ned. I årets bok er taktikken ein annan, no snur ho på ting, doblar, speilvender. Bøkene heng saman, dei er tvillingbøker. Dei er to måtar å nærme seg det same på, det Trotzig i denne seine delen av sin forfattarskap er opptatt av: Elementa, materien, materialet. Det grunnleggande. Dette blir tydeleg ved at den første soga går føre seg i ei smie. Smia er arnestaden, staden der det blir skapt og smidd om. Sogene er skapingssoger. Hos smeden kan material bli smelta og forma om på same måten som språket kan, det dikteriske materialet Trotzig jobbar med. Og sjølv om tonen i begge dei siste bøkene hennar er mørk og apokalyptisk, ligg det eit stort håp i nettopp dette; at ting ikkje treng å vere stivna for alltid, at det går an å forandre, skape om, at grenser kan brytast ned. Og legenda om den ulykkelege smedsonen viser at det er ei verd under og attom denne.
2. «Men en dag slets allt sönder»
Andre del er lagt til Russland i perioden før og rundt revolusjonen. Det er forteljinga om to «mjølkesøstre», ei ekte og ei uekte dotter som får næring ved same bryst - og sidan blir skilte. Her ligg altså eit klart tvillingmotiv. Og situasjonen speilvendast, i det den ekte dottera blir adoptert bort, medan adoptivdottera blir igjen hos mora. Alt blir feil, det skjer ei forskyving, det oppstår ein uorden. Men håpet er der, vissa om at ein stad i verda finst ei søster. Det «uekte» barnet dreg på leiting etter søster si, ho freistar tilværet som forkynnar og dannar etter kvart si eiga sekt. Det «ekte» barnet, som hamnar hos velståande folk, blir skodespelar. Ho står på ei opplyst scene og stirar ut i den mørke salen. Teatret blir skildra som «en modell av ett världsalt», og samanlikna med «den svarta världsscenen». Medan smia altså er ein slags arnestad, illustrerer teatret verdsaltet. Så blir forandringas eld tent, i form av revolusjonen. Noko nytt blir skapt, men i dette nye er det mange ruinar og askehaugar. Det «ekte» barnet blir heimlaus når dei stenger teatret, og i ein av askehaugane endar det «uekte» barnet sine dagar. Dei to mjølkesøstrene møtast aldri att.
I alle dei tre sogene får hovudpersonane eit syn. Desse syna er merkelege mellomting, glimt av noko som er både menneskeleg og ikkje menneskeleg. Smedens son ser inn i dødsriket, høyrer stemmar frå den andre sida. Den eine tvillingsøstera ser den andre som ein brent klump etter at ho er død, den andre fekk ein gong auge på ein gylling i skogen, ein stor, gul spurvefugl med svarte venger. Først flaug han gjennom skogen som eit lysblaff, seinare fann ho ein nebbete, råtnande bylt i skogbotnen. I Sammanhang er fuglen, især trekkfuglen, eit håp. Han er eit fritt vesen, uhindra av grenser. Og denne lysande fuglen i skogen, som sloknar, og denne forkynnande søstera som lever vidare som eit forbrent minne, løyser opp grensene mellom det levande og det døde. Det er ikkje snakk om liv eller død, men liv og død.
3. «Så uppstod alltså en dröm»
Tredje forteljing går føre seg i Granada på slutten av 40-talet, rett etter borgarkrigen. Enno ein gong lar Trotzig handlinga utspele seg i utkanten av ein stor krig. Denne krigen har gjort alt dobbelt: «alla visste allt om alla, om hur blodet och viljan verkligen går.» Elden finst her òg. Sola er elden, er død og oppstanding i eitt, som styresmakta er ho eit brennande auge som øver vold og terror mot den tause verda. «Men eftersom man inte kan leva i skräck hela tiden, måste man glömma.» Og kulde og varme, mørke og lys byttar plass, nettene kjem med fridom, draumane og gløymsla lindrar. Fattigjenta Filla har fem barn med fem forskjellige menn. Ho er berre latter og gråt, open for alt og alle. Men etter ei uventa kjærleiksoppleving blir ho taus, forandra. Og når det nye barnet dør, og grava har opna seg for å ta imot den vesle, er det verken latter eller gråt igjen i henne.
Trotzig skreiv om Granada i Sammanhang òg. Det er slagfelta i verda som har opptatt henne i dei siste bøkene. I Dubbelheten skildrar ho den store stilla som herskar etter ein krig, ei stille som eigentleg er eit dødsskrik. Og sjølv om eit system blir avløyst av eit anna, så vil den gamle tida eller det gamle systemet halde fram enno ei stund, eksistere side om side med det nye. Slik får alt dobbelt innhald. I forrige bok viser Trotzig forskyvinga, i denne boka viser ho doblinga, det er ikkje heilt det same, men er likevel eitt og det same. Det handlar om ei verd som har gått i vranglås. Feil oppstår i systemet. Filla har òg eit syn, noko rart står ein dag ved vegen der ho går. Det ser ut både som ein øydelagt påle og eit menneske. Igjen dette motivet: Ansiktet, det menneskelege som trenger fram frå noko ukjenneleg, uformeleg. I alle sogene er det noko som opnar seg, og noko som bryt seg ut. Dette noko stirer, og det stirer feil.
Etter Sammanhang, der tonen var apokalyptisk og Trotzig tilsynelatande tøyde grensene til det yttarste, var det vanskeleg å tru at forfattaren kunne bli meir djuptloddande. Men det er eit seigt stoff forfattaren jobbar med. I denne siste boka går Trotzig rett på grunnelementa, føresetnaden for liv. Ho skriv om verda som eit material, der grunnstoffa må gå i forsiktig balanse om ikkje systemet skal komme i utakt. Skrifta hennar er ein leik med forvandlingane. Som elden skaper skrifta liv, men har òg høve til å fortære det. Alle forfattarar skriv på sett og vis om dobbeltheten, i bunn og grunn er det kanskje dette all kunst dreier seg om: At alt har ein motsats. Men når Trotzig handsamar dette, så er det ikkje som eit grunntema eller sidetema, ikkje som klangbunn eller overbygning, ho går rett på. Det er midt i dette feltet ho er når ho skriv, eit rørleg felt, eit felt i forandring. Der plasserer ho også lesaren. Så det er vondt å lese det ho skriv. Det er vakkert og brutalt på same tid. Brutalt vakkert, kan ein kanskje seie, dekkande blir det i alle høve ikkje.
Brit Bildøen
Født 1962. Forfatter, kritiker og oversetter. Siste bok: Gult farevarsel (Samlaget, 2023).
Født 1962. Forfatter, kritiker og oversetter. Siste bok: Gult farevarsel (Samlaget, 2023).