Det onde språket
Om Vi har så korte armar av Olaug Nilssen.
Anmeldelse. Publisert 3. juni 2002.
Vi har så korte armar
Olaug Nilssen
Roman
Samlaget, 2002
Skoddeheimen er ei lita bygd som ligg i kommunen Stor-Skoddeheimen ein plass på Nordvestlandet. Staden har fått namnet sitt frå den tunge skodda som ligg tjukk nedetter fjellsidene store delar av året. Skodda hindrar både innsyn og utsyn for dei bufaste. Ei trongsynt grunnhaldning pregar den trauste befolkninga og driv dei til stadige grubleri om tunge religiøse spørsmål, samtidig som dei har mindreverdskompleks overfor byfolk og er nyfikne på kva naboen kan halde på med. Det er med andre ord ein plass der Aksel Sandemoses Jantelov rår. Frå denne einfaldige og trongsynte plassen dreg ungdommen til Bergen for å studere og å «finne seg sjølv».
Ølgjer Bjørnsson og Liv er to ungdommar som rømmer frå Skoddeheimen for å studere ved Universitetet i Bergen. Notidsplanet i forteljinga fortel livet deira i Bergen og reisa dei gjer tilbake til Skoddeheimen for å besøke folkemusikkfestivalen der. Teksten består samstundes av tilbakeblikk på deira eigen barndom og oppvekst. Forma forteljinga har fått gjer teksten til eit virvar av forteljarteknikkar. I tillegg til ein romanliknande del inneheld teksten dikt (tilsynelatande produsert av karakterane i teksten), fotnotar, kor frå den greske tragedie, sceneanvisingar, ein underleg forskingsrapport og ei dagbok. Teksten vekslar mellom svært overflatiske skildringar og nære og personlege meddelingar i ei form Olaug Nilssen sjølv har kalla tilstandsrapportar. Som lesar vert ein først introdusert for «Dei som er med». Dette er det første av ei rekkje element henta frå dramaets konvensjonar som ein møter gjennom heile teksten. I den korte presentasjonen av karakterane vert lesaren opplyst om at spenningskurva i teksten går frå «Vi etablerer oss» til «Vi mistar grepet». «Vi» vert i opningskapittelet etablert som ein forteljarinstans i teksten:
Vi er dei jentene som drikk rødvin og ler høgt. Vi får ikkje blå tenner og slørete blikk, men vi drikk rødvin og ler høgt … Vi slit ikkje. (s. 11) … I morgon skal vi for alvor begynne å kikke inn gjennom vindauga til folk for å kunne fortelle noko spanande til dei som har lyst til å høyre på, og dei vil at vi skal fortelle meir. (s. 14)
«VI» har forteljarposisjonen i dei mest romanliknande delane av teksten. Denne forteljaren har ein overflatisk og sladderprega stil som er svært utleverande, fordomsfull og dømmande. Gjennom teksten følgjer lesaren hovudpersonane sin gang mot ei frigjering frå «Vi» sitt undertrykkande språk.
Ølgjer blir framstilt gjennom «Vi» som ein som bur aleine og er svært uavhengig. Seinare i teksten får vi innsyn bak fasaden i ei svært sart og tander forteljing om eit fiktivt forskingsprosjekt. «Vi» og det undertrykkjande språket vert sett til side. Ved eit skifte til kursivert bokmål vert Ølgjers indre liv framvist. I si einsemd gjer han seg sjølv til gjenstand for undersøking av «korleis unge gutar som bur på landet har det». (s. 50) Han set i scene sin eigen barndom som forsøksperson 3665. Forsøksperson 3665 vert stadig audmjuka og mobba av forsøksperson 3666. «3666 er veldig slem enda forsøksperson 3665 ikke har gjort han noe. Forsøksperson 3665 er ikke så mye sammen med de andre barna, men det gjør ikke noe, han vil helst være i fred, han.» (s. 53) I tillegg til hundsinga av 3665 er overvakingsprosjektet ei skildring av eit barns forståing av mindreverdet og tungsinnet som pregar Skoddeheimen.
Barna på landet spiser det de får, og klager ikke, for de er generelt noe fattigere enn barna i byene. De har ikke så tøffe klær som barna i byene, men det bryr de seg ikke noe om, for de vet at det er viktigere ting i livet enn klær og statusjag. Barn i byer er veldig opptatt av statusjag, det er bevist. Landsens barn er høflige og veloppdragne (unntatt 3666). (s. 54)
Skiftet i målform uttrykkjer avstanden Ølgjer kjenner til si eiga fortid. Den vonde fortida må ikledast eit nytt språk. Gjennom det nye språket klarer Ølgjer å skjøne kven han verkeleg er. Han set ord på redslene frå Skoddeheimen som har krype inn i ryggmergen hans. Angsten viser seg når han ser at han er i ferd med å bli det han lærte å frykte: ein som bur i byen. Det nære og sarte blikket på innsida til Ølgjers liv har sin klare parallell i Livs dagbok. I motsetnad til Ølgjer si iscenesetting av seg sjølv gjennom et nytt språk, vert Livs indre liv avslørt ved at «Vi» stel dagboka til Liv. I den vert til dømes svært personlege detaljer kring hennar seksualliv vist fram. Ho barberer kjønnet sitt: «Eg gjer det for å glede nokon.» (s. 118) Men motet sviktar og skamma set inn. «Eg veit ikkje korleis barberte kjønn skal sjå ut … Og dersom det var meininga at nokon skulle komme å sjå på kjønnet mitt utan hår og bli glade, så blir nok nokon ikkje fullt så glade når det er eit skrukketroll som møter den glade tunga …» (s. 119) Usikkerheita kring eigen seksualitet vert ytterlegare understreka i hennar påfølgjande møte med sin elskar: «KROPPEN MIN KLER SEG NAKEN FOR SIN ELSKEDE, MEN BLIR AVVIST.» (S. 120) Liv klarer ikkje å lausrive seg frå det vonde språket. Dagboka hennar er prega av Skoddeheimens skam og angst. Dei spede forsøka på eit nytt språk, som kursiveringa viser til, reagerer ho på med harme: «NO MÅ DET BLI SLUTT PÅ DENNE OVERDRIVNE OG UNØDVENDIGE KURSIVERINGA!»
I både Ølgjer og Liv sine intime notat vert det avdekka at dei kjenner ei gjensidig dragning mot kvarandre gjennom minnet om at dei ein gong var elskarar.
Å Liv, å, Liv. Det var Ølgjer som brølte. Han var den overjordiske. Han bora henne fast til jorda med kyss, med varm pust, med voldsam kjærleik. Å Liv, å, Liv, han sa han elska henne og berre ville han kjenne huda si inntil hennar, han kunne bruke heile kroppen sin som hudbørste når han strauk over det nakne, glatte, mjuke, varme som var Liv, å, Liv! Sa han og kyssa, kyssa, kyssa med mjuke lepper på alt som var henne og som ikkje var redd for han, ho var ikkje redd og ho skreik så høgt ho kunne av overjordisk glede (s. 126)
Men angsten trampar på det lukkelege minnet og «ho tenker ho er redd han, vi er redde for kvarandre …». Flukta kjem gjennom ein ønskedrøm: «Eg kan gå og ringe på. Eg kan gi han bind for auga og såleis gi han ei fullstendig nyting når eg kler han naken under meg og kyssar han overalt.» (s. 126) Elskarane lengtar etter kvarandre, men snakkar forbi kvarandre. Det er språket som held dei frå kvarandre. Ironien og den burleske humoren bryter ned kjærleiken mellom dei to. Dei er i valden til eit ondt språk der dei dominerande språklege figurane ikkje kan uttrykke kjærleikens ordforråd.
«Vi» og bruken av nedbrytande ironi kan koplast til ei av dei meir humoristiske scenene i boka. I Skoddeheimen held Skoddeheimen Samtaleforeining stadige møter der ein diskuterer innbyggarar og utflyttarar sitt ve og vel. Som koret i ei gresk tragedie trer dei fleire gonger inn i teksten for å diskutere til dømes om Ølgjer kan være homofil? Felles for forteljaren og det greske koret er at dei representerar nedbrytande mekanismar. Dei er det vonde som held både Liv og Ølgjer nede. Ved tilbakevendinga til Skoddeheimen skriv dei begge lesarinnlegg i avisa Firda. Gjennom lesarinnlegga går det fram at Liv framleis er i valden til Skoddeheimens vonde språk. Ho skriv fordomsfullt og ironiserande og har sjølv blitt ein representant for alt ho rømde frå. Ølgjer skriv derimot:
Har de lagt merke til at det ikkje har vore ein einaste flekk av skodde under heile arrangementet? … Det er til å bli kvalm av å lese korleis de harselerer med seriøse artistar og med oss som har eit naturleg forhold til kjenslene våre, slik at vi vågar å vise fram at vi har blitt begeistra for noko. (s. 178)
Kva som skjer med dei to til slutt, får vi ikkje vite. Men eit gresk kor bryt inn: «Å, det var han Ølgjer. Å, det var ho Liv. No har dei tolt sine plager.» (s. 179)
Vi har så korte armar skriv seg inn i ein rik nynorsk tradisjon. Teksten viser spesielt til Kjartan Fløgstads «God stund» (1980), men det er likevel til Ragnar Hovlands Sveve over vatna (1982) at parallellane er klarast. Begge fortel om personar som reiser frå ei lita bygd på Vestlandet for å ta høgare utdanning i byen. Gjennom ein burlesk og svart humor vert hovudpersonane utlevert der dei rives mellom bondsk fornuft og skam – og eit forlokkande urbant bohemliv. Gjennom talrike surrealistiske innslag fortel begge om kvardagslege og fantastiske menneske sine liv i rifta mellom by og land. I Vi har så korte armar dukkar karakteren Styrkar opp slik den drikkfeldige Munk gjer det i Sveve over vatna. På same ubluferdige måte som Munk snakkar han høgt i tide og utide om drikking, damer han har hatt, eller ønskjer å ha seksuell omgang med.
Samstundes skil teksten seg frå Hovlands på viktige punkt. Der Hovland lar humoren og parodien på den bondske student ta overhand tvinger Olaug Nilssen fram eit botnlaust alvor. Brutaliteten i ironien og den svarte humoren tangerer eksistensielle problemstillingar hos både Liv og Ølgjer Bjørnsson. Viss dei ikkje handterer det Jante-inspirerte og undergravande språket, anar lesaren at historia kan ende verkeleg ille. Hovland let musikk opne verda for sine karakterar. Det er gjennom den hovudpersonane søker å realisere sine frigjeringsprosjekt. Munk, Vaglen og eg-personen i Sveve over vatna forlèt lesaren idet dei går på scena for å halde utandørskonsert i Nygårdsparken i Bergen. Ølgjer og Liv sitt fridomsprosjekt er eit oppgjer med språket dei har med seg som ballast, samt ei tilbakevending til heimstaden. Når Ølgjer og Liv besøker folkemusikkfestivalen, er det den overflatiske «Vi»-forteljaren som «mistar grepet» (s. 9) og «dei har tolt sine plager» (s. 179). I tillegg skil Nilssens tekst seg frå Hovlands i forma. Vi har så korte armar er ein tekst som stadig negerer seg sjølv, den har ei dragning mot å sprenge seg sjølv i filler. Den sterkt fragmenterte forma er samstundes Olaug Nilssens styrke. Gjennom den gjer ho seg sjølv til representant for noko nytt innan den vestlandske danningsromanen. Dei stadige negasjonane og kontrasteringane mellom dei ulike teksttypane klarar på ein særeigen måte å fråriste hovudpersonane deira inste sår. Til tider kan sprika mellom tekstbolkane være svært store. Nilssen overlet svært mykje av tolking til lesaren, noko som kan virke forvirrande. Eg vel å sjå det som ei klar utfordring.
Simon Malkenes
Født 1971. Lektor, forfatter og kritiker.
Født 1971. Lektor, forfatter og kritiker.