Dirty details – meir enn tilfeldig attrå
Rapport frå Røynda, Avd. Grünerløkka. Om tilfeldigvis begjær av Anne Oterholm.
Anmeldelse. Publisert 18. juni 2001.
tilfeldigvis begjær
Anne Oterholm
Roman
Gyldendal, 2001
Jeg underholder meg selv med overveielser om politikk og kjærlighet, smak eller filosofi. Min bevissthet får lov til å streife om som den vil. Jeg lar den forfølge den første tanke som dukker opp, forstandig, eller meningsløs, akkurat som man ser våre unge flanører i allé de Foy sette efter en kurtisane som spaserer forbi med et lettsindig blikk, med smil om munnen, livlige øyne og nesen i sky, og så slippe henne for en annen, gi seg i kast med dem alle uten å holde fast ved en eneste. Min tanker er mine gledespiker.
Denis Diderot: Rameus nevø, Gyldendal (1994:5)
Spørsmål? Søk etter «Nytt forsøk».
* * *
Dei som vart med:
tilfeldigvis begjær, ein roman av Anne Oterholm, Gyldendal 2001
Tyra Åsen, 29 år, funksjonær på eit bibliotek, singel, fiktiv.
Lise, verpesjuk, Tyras kusine.
Espen, gift med Lise, IT-konsulent.
Rameus nevø.
Ein sjølvoppteken kvinneleg ordkløyvar.
Ein mannleg forfattar som ikkje anar noko om det han blir dregen inn i no.
Ymse andre, på ymse barar, bibliotek og strender.
Tre tidlegare romanar av Anne Oterholm.
To ulike redaksjonssekretærar i Vinduet.
Ein halvskriven artikkel frå 1999.
Ein tilfeldig monolog (rappa) frå Det Norske Teatret.
* * *
For nokre år sidan møtte eg ein forfattar på byen. Det vart fuktig og seint. Eg vart med han heim og vi gjorde det som gjerast skal ved slike høve. Sidan har vi aldri sett kvarandre og han skriv tjukkare bøker enn meg.
Tilfeldig? Ja.
Spennande? Ja.
Fint? Nja ... har vore med på verre og betre.
Attrå? Ja. Definitivt!
* * *
Dette er den sanne historia om ... og av og til er det utruleg kort veg mellom dei Blå sidene og Litteraturen. Er det dit du vil – livet og litteraturen og alt det der i mellom! I dag skal vi balansere på slakk line. Det er langt ned til bakken og det akademiske treningsgrunnlaget kunne vore halde betre ved like. Ingenting blir lettare til daudkjøtt enn musklar. Men, men ... Joda, livet kan til tider vere utruleg trivielt. Litteraturen likeså. Kanskje blir dette for plumpt, men eg trur det er viktig at ein erkjenner det plumpe som meir enn berre ei bakhtinsk vending.
Så var det avsløringane: Kjensler er fandensk vanskeleg. Av og til kan det å tenkje øydelegge alt og det irriterer meg noko grenselaust at kvar gong eg les Anne Oterholm tenkjer eg «dette kunne vore meg».
Hei! Eg er ein type! Typen «markerer den organiske forestillingen av det allmenne og det individuelle i en syntese», skreiv Georg Lukács. Her har du meg: singel-øldrikkande-friknullande-intellektuell-periodeblakk-forfengeleg-hybrisberte-rundt-tretti. Ja, da: Grünerløkka ... Men ikkje faen om eg tel kaloriar! I romanen heiter ho Tyra og tar med seg Ulysses på hyttetur.
* * *
Sist gong Anne Oterholm var ute med roman, vart eg også oppringt frå Vinduet. Dette var i 1999. Joda, sjølvsagt kunne eg skrive om Avslutningen. Berre send romanen til meg og gi meg nokre veker ... skvaldra eg som ei svolten skjære i telefonen og såg det skrinne honoraret blenkje i det fjerne.
Tabbe!
For det vart ingen avslutta artikkel.1
Anne Oterholm!
Du må ha meg unnskyld. Eg seier meg lei for det. Eg greidde ikkje skrive om den førre romanen din eg, og eg veit ikkje om eg greier å skrive om denne heller. Eg tek meg i å lage setningar som ein berre finn på Det Norske Teateret.
Eg greidde det ikkje.
Eg fekk det ikkje til.
Eg greier det ikkje
Eg får det ikkje til.
Eg fekk aldri til å skrive det eg tenkte.
Eg får ikkje til å skrive det eg tenkjer.
Eg veit ikkje om eg greier å skrive.
Eg veit ikkje om eg tenkjer.
Eg veit ikkje om tankane mine er interessante.
Høyrer du meg?
Høyrer du kva eg seier?
Kan du forlate meg?
Kan du?
* * *
Nei, dette går ikkje.
«Han: Ikke press meg for jeg er konsekvent». (Diderot: 1994:14)
* * *
Anne Oterholm er ein viktig forfattar! Ho skriv flotte bøker! Ho er ein medviten stilist! Teknisk utfordrande! Romanane hennar er gode! Dei er svært interessante og spenstigare enn Ørstavik og Marstein sine til saman!
Men argumentasjonen da?
– Nææ ... hmm ... eg ...
Kvar har du argumenta dine?
– ... berre vent litt ...
Har du berre store ord?
– ... vel, eg skal prøve ...
Hæ?
– ... men eg ...
Og forresten – kva er det du skriv om eigentleg?
– …
Herregud – kom til saka!
* * *
Nytt forsøk (kan også lesast som den eigentlege artikkelen): I april lanserte Gyldendal Anne Oterholm sin fjerde roman. Med brask og bram, og bilete i alle aviser slik det skal vere. Romanen heiter tilfeldigvis begjær, og handlar om den 29 år gamle bibliotekaren Tyra Åsen. Ho bur i Oslo, er singel. Ho har ferie snart, men har ingen store planer. Nei, ho vil berre vere heime i ferien. Nyte den sjølvbestemte sexpausen. Ha late dagar, drive rundt, vere open og impulsiv (planlegg ho) og så la det bli med (og med på) det. Tyra har eit lett og tilforlateleg forhold til menn. Ho vil ikkje binde seg, tenkjer ikkje på gardinstoff, rekkehus eller trappevask. Det enklaste er å sjå kva som skjer, når det skjer. Og treng ein no eigentleg besøke familien kvar gong ein har ein lengre friperiode?
Handlinga i romanen strekk seg over tre veker. Tida er konsentrert og det er sommar, varmare enn ein kan vente, og kroppane. Sexpausen ryk. Det meste av handlinga er langt til ein hyttetur som kusine-venninna Lise, inviterer til. Tyra, Lise, Espen og ein nyskilt kamerat av ekteparet, Fredrik, drar på Sørlandet. Men den intenderte fiksinga mellom dei to single, lar vente på seg. Lise flørtar i staden med Espen, ligg med han og ein annan ung adonis som tilfeldigvis er ute og går i sommarnatta.
Det er ingenting spesielt med Tyra, og ho er ikkje den umoralske mannetaren andre kritikarar vil ha henne til å bli. Sjølvsagt fører handlingane til Tyra med seg fleire kinkige og problematiske situasjonar, men, ærleg talt! Moralske føringar i litteraturkritikk interesserer meg lite. Nei, eg trur Anne Oterholm, gjennom Tyra, har greidd å lage eit svært så tidstypisk kvinneportrett. Tyra er ei sjølvstendig frittflytande kvinne som lever ut «den veldige lengselen i bodyen min», for å låne undertittelen frå ein heller dårleg roman.
Det blir nemleg for enkelt, tykkjer eg, å lese denne romanen som eit døme på den kvinnelege attrå. Vil ein snakke gjennom ein stor støvete feminist ropert, kan ein seie at romanen viser (Dei: endeleg!) eit døme på kvinna som den aktive forførararen. Ein kan seie at Tyra er eit døme på ei seksuelt frigjort kvinne som går inn i den (tradisjonelt = fy!) mannlege aktive strategien for forføring og viser at den kvinnelege attrå kan vere like sterk som den mannlege (Hurra!). Attrå er ei sterk kraft. Ho styrer, lar seg ikkje temje og til tider verkar ho svært så skremmande på dei puslete og lett forførte mennene Tyra legg ned. Ein kunne vist til kobbelet av feministiske teoretikarar, eller teikna trekanta modellar over i kva retning attråa til ei kvar tid går i, eller ein kunne lese det heile inn i ein kontekst som problematiserer kjønn på eit meir generelt plan Det hadde sikkert vore både interessant, hyggeleg og spennande nok i seg sjølv det.
Romanen er dessutan full av diskusjonar og funderingar over attrå, kjærleik og sex og om kvar skilja mellom desse går. La oss få Tyra oppsummere det heile for oss: «Definisjonene er uklare. Skillene mellom elskere, kjærester, one night stands, vennskap med sex ... Hva der er meningen sex skal bety mellom de forskjellige skillene. Jeg tenner en røyk» (s. 48). Eg stumpar ein annan. Romanen er spekka med slike refleksjonar. Ein kunne sikkert også fått mykje ut av å forfølgje Tyra sine ansatsar på eit meir teoretisk eller jukse- (eg juksar!) -filosofisk plan, men eg vil ikkje gå meg vekk på dei myrene. Nei, da er det meir morosamt å lage seg sine eigne fallgruver.
Kvar var vi?
Eg har aldri sett på truverd som eit litterært kvalitetskriterium, men presis type- og miljøskildring er noko anna. Gjennom å lage dette super-realistiske rommet rundt Tyra, gjer Oterholm miljøet til noko meir enn ei ramme. Slik eg etterkvart har teke meg i å lese romanane hennar er det miljøet og ikkje personane, som står fram som dei sentrale figurane i teksten. Det er i tida, tidsbileta og miljøet spenningane i teksten spelar seg ut. Tyra, Espen og Lise og alle dei andre som opptrer i teksten, blir såleis ikkje å rekne for noko anna enn ein del av romanen sitt strøkne interiør. Romanpersonane Oterholm skriv fram er flate, eindimensjonale, lette å kjenne att på gata og lette å møte seg sjølv i. Dei blir typar. Tisdstypar! Romanen blir eit tids- og miljøportrett og så langt frå til dømes danningsromanen som du kome.
– Nei, god kveld, du!
– Ute på livet?
– Ja da, må da det veit du ...
– Kven var det du møtte i døra?
– Det? Nei, det var no berre meg sjølv det ...
Det første som slår ein når ein les tilfeldigvis begjær er at dette er ein roman som i all hovudsak inneheld dialogar. Romanteksten er scenisk bygd opp og strukturerer seg rundt dei samtalane og dei indre monologane som Tyra har med vennene sine og seg sjølv. Det trivielle og kvardagslege står i fokus både som tema og prinsipp for struktureringa av plottet. Dialogen blir eit ferniss – som slår sprekker. Personane viser seg i teksten som sjablonar gjennom det dei gjer, seier og gjennom den måten dei snakkar med kvarandre på. Utsegnene deira er lett og enkel daglegtale. På ein måte blir personane kven som helst. Dei er lett utbyttbare stemmer som ber fram trivielt snikksnakk. Ein kveld går Tyra på besøk til Lise:
[...] Kan jeg ta en brødskive, Lise?
– Ja, ja, selvfølgelig.
Jeg går ut på kjøkkenet. Går inn i stua igjen etter at jeg har smurt den.
– Leverpostei?
Hun fniser.
– Hva er galt med leverpostei, Lise?
– Nei, da.
Hun fniser igjen.
– Jeg vet ikke.
– Du er overtrøtt ... Det er sannsynligvis langt over sengetid for deg.
– Kanskje.
Jeg setter meg ned ved siden av henne. Vi begynner å le samtidig.
– Har dere malt taket her inne også?
Hun rister på hodet. (s. 32f.)
Og slik held det fram, side etter side. Situasjon for situasjon. Og dialogen blir da heller ikkje særleg djupare om kusinene diskuterer litt meir alvorlege ting:
Lise ser på meg.
– Jeg aner ikke, Lise. Jeg tror jeg skal gå opp og skifte, jeg også.
Hun nikker.
– Hva ville du gjort da Tyra, hvis mannen din fant ut at han måtte være fri fra deg etter tjue år?
Jeg legger hodet på skakke.
– Jeg har ikke noen mann.
– Men hvis ...?
– Det føles lite nærliggende
– Men hvis, Tyra ...?
Jeg ser på henne.
– Det kom an på hva som satte det i gang.
– Hvis det kom som lyn fra klar himmel?
– Ingenting trolig,
– Du ville bare latt han forsvinne?
– Ja
– Det ville jeg ikke.
Hun reiser seg.
– Og det tror jeg ikke du ville heller, Tyra.
– Nei vel.
Hun ler.
– Jeg skal gå og finne grillkull til du kommer ned igjen, så vi kan tenne opp.
Jeg kikker på klokka.
– Kan du ikke ta på deg kjole, du også? Så kan vi pynte oss.
Jeg ler.
– Selvfølgelig! (s. 118)
Elles om når Tyra er ute saman med Espen:
Jeg ser på ham. Han nikker.
– Første kafeen høres bra ut.
Vi går ved siden av hverandre. Espen er litt forbeholden, ser det ut til, men lar seg altså forlede. I en del tilfeller kan jo det være en fornuftig væremåte. Jeg merker at han ser på meg.
– Du er rastløs.
Jeg ler.
– Et definisjonsspørsmål.
– Nei.
Jeg stopper.
– Her?
– Her. (s.39)
For lesaren kan desse endelause replikkvekslingane – om alt og ingenting – kanskje bli litt lange i lengda. I denne teksten finst det mest berre framgrunn. Romanen har ei blank sommarleg havoverflate (og sjølvsagt er det fint vèr og mykje bading under hytteturen), men som vi jo allereie har sett korleis dei sterke erotiske kreftene ligg under og gjærer. Vidare har vi sett korleis dialogen er uttømmande. Romanen er uttømmande og trøttare ein ut. Men det blir heilt feil å nemne dette for keisemd. Romanen går nemleg ikkje berre føre seg på overflatenivået. Det er bak dialogen, bak samtalane og under knulla (ikkje bokstavleg) at denne romanen har sin styrke. Klisjeen om det som finst mellom linene er faretruande nær: Tut! Tut!
Kva er det som blir sett i spel? I dei tre siste romanane sine har Anne Oterholm medvite gått inn for å punktere kvardagens trivialitetar. I den førre romanen Avslutningen, møtte vi Mona. Ho var i ferd med å avslutte hovudfag i litteraturvitskap, singel og på jakt etter meininga med tilværet. Studielånet sjølvsagt alt for lite og pengane sine tente ho på gamleheimen. Mona prøvar å distansere seg til det lette og overflatiske (representert ved søstera, Jone, og venninna som berre snakkar i telefonen, festar, sit på café og shoppar). Ho avskyr den livslette haldninga deira og står på mange måtar fram som ein akademisk snobb og klysete hovudperson. Men det er stadig nokon som fell for eige grep og sjølvsagt må ho forelske seg i feil mann: kjærasten til venninna til søstera (for å gjere det enkelt). Trekantdramaet i Avslutningen, var like opplagt som handlinga var triviell. Men dette skal ein ikkje kritisere. Det er romanene sitt grep og Oterholm sin metode: ei gjennomført tømming av situasjonane og dei trivielle klisjeane. I tilfeldigvis begjær er denne metoden blitt perfeksjonert. Gjennom ein konsekvent og til tider nådelaus «utleverande» måte skisserer ho det ekstremt kvardagslege og trivielle.
Eg trur kanskje grunnen til at denne romanen har vorte utsett for så mange sure magar, er at det er ein roman som på ingen måtar gjer røynda vakrare, eller meir spennande enn det ho oftast viser seg å vere. Dette er ikkje kunst som forskjønnar. I staden er altså det kvardagen og det trivielle som blir sett i fokus. Dette må ikkje bli forveksla med motefenomenet skittenrealisme. Vel, det viktigaste er ikkje kva ein kallar det ... men, Oterholm lagar ein type super-realistisk litteratur som i all hovudsak registrer dei ytre handlingane. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal beskrive dette på den mest adekvate måten. Men på mange måtar minner denne romanen meg om ein fyr eg såg gå rundt i gatene for nokre dagar sidan. Han heldt eit lite videokamera framfor seg og berre gjekk omkring og let kameraet fange. Ein kvar som har teke i eit kamera, eller sett i ei filmhistoriebok, veit jo kor sårbart og arty farty eit slikt prosjekt er. Men det er noko i den tilfeldige registreringa av element som er samanfallande med Oterhom sin måte å skrive roman på. Ho utelet ikkje nok, ho redigerer ikkje situasjonane, men klipper i staden mellom dei. Dei ulike delane av romanen kan såleis lesast som scener, eller tablå: Oslo 2000/2001. Romanen fangar det aktuelle no. Bakhtin vinkar han vidare.
* * *
Ingen likar å sjå seg sjølv avslørt. Ingen likar å tenkje om seg sjølv som ein klisjé. Ein likar ikkje sjå seg sjølv springe rundt i løkker som hektar seg fast i kvarandre sitt før. Store delar av denne meldinga er skriven ute på kafear. Tyra har vekselvis sote på same bord som meg sjølv, eller på nabobordet. Eg har sett henne forlate lokalet åleine, eller arm i arm. Eg har forlate lokalet åleine, eller arm i arm.
* * *
Epilog:
[...] Hva er det med Dem? spurte han.
Jeg: Ingenting.
Han: De virker opprørt.
Jeg: Det er jeg også.
Han: Hva råder De meg til?
Jeg: Til å skrifte samtaleemne. Å, ulykksalige, for en tilstand av fornedrelse De er født i eller falt ned i.
Han: Jeg erkjenner det. Men la nu endelig ikke min tilstand gå innpå dem. Min hensikt med å åpne meg for Dem var jo ikke å plage Dem. Jeg har spart opp litt hos disse mennesker. De må huske at jeg ikke hadde behov for noen ting, virkelig ikke for noen verdens ting, og at jeg mottok rikelig til mine små gleder.
Så begynte han igjen å slå seg for pannen med en av sine knyttede never, å bite seg i tungen, han så opp i taket med et forstyrret blikk og tilføyet: Det er ingenting å gjøre ved det. Jeg har lagt litt til side. Tiden er gått, og så meget er jo i allfall vunnet.
Jeg: De mener tapt.
Han: Nei, nei, vunnet [...] Diderot (1994:29)
NOTE
Nora Simonhjell:
Å utsette blafringa
(Det følgjande er den uredigerte opninga av den artikkelen eg ikkje greidde å skrive for to år sidan, da Anne Oterholms roman Avslutningen vart ny. Det forsøket kollapsa av grunnar som er pinleg tydelege. Eg utsette avsluttinga av artikkelen så lenge at forfattaren altså greidde å skrive ein ny roman i mellomtida.)
Ein kan byrje på mange måtar.
Ein kan slutte på mange måtar.
Eller ein kan utsette slutten og byrjinga på mange måtar.
Halvpoetisk: Som eit blaffrande lauv. I vinden. Du ligg på ryggen. I graset. Ser opp i trekrona over deg. Veit det er sommar og at du ikkje kan bli eitt med dei. Lauva. Ser himmelen og solmosaikken innimellom. Eg huskar ikkje kven det var, men eg minnes ein forfattar som sa at å skrive var å gjere eit forsøk på å fange det som skjer mellom blada og solstrålane. Det er vinter medan eg skriv dette. Ute snør det sjølv om kalenderen seier vår. Blada på trea finst berre som minne. Som lovnadar om det som vil kome. Eller som ord. Til dømes som ord i Anne Otherholms siste roman Avslutningen. Og dei byrjar å blafre. Romanen blafrar, på same måten som blada på treet omslaget viser.
Fabulerande: – Tar det lang tid å tenkje?
– Ja. Det tar lang tid å tenkje.
Det er kanskje ikkje noko som tar så lang tid som å tenkje. No tenkjer eg ikkje på dei tankane som går av seg sjølve, rundt og rundt og som ein kan bli utruleg lei av seg sjølv fordi ein tenkjer dei: kva skal eg ha til middag, kva tenkjer han eigentleg om meg, skal eg ringe, eller la det vere, ta på meg den svarte korte jakka, den halvlage, eller er dette ein dag for den fotside svarte kåpa? Nei – ikkje desse trivielle kvardagstankane, tankane som gneg og gneg og som du ikkje får ut av skallen. Desse tankane stel timar. Dei fører ikkje til noko. Skallen mel. Det verste er, når ein er i ferd med å bli merksam på at ein går slik og mel i skallen, så set dei seg fast, som dårlege poplåtar, eller gamle slagerar som mamma plar nynne. BLA BLA BLA…KLARGJER: Har dette i det heile ein funksjon??
Nei, det er ikkje desse tankane eg tenkjer på, men dei såkalla vektige djupe tankane. Funderingane om litteraturen. Det gode. Det brutale. Meininga med livet, Gud – og kva skal eg gjere med livet mitt – tankane. Dei som kunne gi meg svara, tankane. Draumane. For, kven har ikkje erfart, gong på gong, at dei vektige tankane, glepp. Blir borte, kanskje kjem dei kanskje heller aldri i gang på ein ordentleg måte, for no må eg ta oppvasken og så kome meg på jobb, eller kanskje må eg handle litt først, rekk eg det, jo kanskje om eg spring. (STRYK DETTE?)
Presenterande: Avslutningen er Anne Oterholm sin tredje roman. Ho debutterte med ikke noe annet enn det du vil, i 1995. Dette er ein desperat, fragmentert fortalt roman om den absolutte undergangen der vi følgjer ein brors stadig meir maktesløyse forsøk på å hente inn søstera si frå det svarte. LITT OM Avbrutt selskap TENK OVER: KVIFOR HAR ALLE TITLANE HENNAR NOKO UFULLFØRT SOM ELEMENT
Romanen er delt i fem nummererte namnlause delar. Kvar av dei fungerer som avsluttingar på fasar i hovudpersonens meir og meir miserable liv. Mona er hovudfagsstudent i litteraturvitskap. I den første delen følgjer vi henne att og fram frå hybelen til lesesalen, er med henne på dei obligatoriske vaktene på sjukeheimen. Ein pengejobb….
Dette er romanen om kor ille det kan gå dersom du ikkje greier å gjere ferdig hovudfaget ditt i litteraturvitskap. Kanskje kunne ein reise eit krav: Avslutningen må takast inn som obligatorisk lesnad i byrjinga av tredje semester, for allereie Aristoteles understreka at verknaden av kunsten er avhengig av publikum si evne til å kjenne seg att i det dei får. Evna til å kjenne frykt og medkjensle – katharis og halleluja! Krumme ryggen. Skrive hovudoppgåva. Ta eksamen og det vil gå deg (meir eller mindre) godt og du vil leve arbeidslaus og pengelens, heilt til skuleverket, eller helsevesenet igjen omfamnar deg og ler av utdanninga di. Vi høyrer lyden av dei subbande helseskorne halvvegs i romanen og dette essayet blir skrive mellom vakter på ein annan sjukeheimen enn den fiktive (Korskirkehjemmet i Bergen).
Innlevande: Hovudpersonen Mona, sit heime på hybelen sin og prøvar å konsentrere seg om studiane sine. Ho skal skrive hovudoppgåve i litteraturvitskap om Caligula, men ho får det ikkje til. Det er vanskeleg å konsentrere seg og nett den boka som ho treng nett no, ligg sjølvsagt på lesesalen. Dessutan ringer telefonen heile tida, og veslesøstera Jone, som Mona tykkjer er overflatisk og dum, snakkar og snakkar, broderer ned dei finaste detaljane om kva ho og venninna hennar, Nina, til ei kvar tid gjer.
Mona skal skrive om hatet. Mona er fascinert av hatet og flørtar med tanken om at ho eigentleg hatar, i alle fall kanskje litt, søstera si, Jone. Det er lov det, eller?, nei kanskje ikkje hatar henne, men… for kvifor kan ho ikkje skjønne at eg må lese, at eg må tenkje, at studiane mine, tankane mine, er viktige. Ho respekterer meg ikkje. Ho studerer ikkje. Ho kan ikkje skjønne at mine tankar og mi tid, er viktigare enn det ho gjer. Ho som berre spring ute, er med venninnene, arbeidar i butikk, og som berre slarvar om venninnas kjærleiksforhold. Venninna som forresten er saman med han kjekke forelesaren på sosialantropologi, stakkars han, ho er ikkje tru mot han, han kan sikkert ikkje snakke med henne i det heile. Ho er inga dame for han…. Ganske trivielt og klamt altså. Enkelt plott. Trekanten opplagd og forteljinga triviell.
Det er kanskje ikkje spesielt interessant, men eg kjende meg kanskje litt for mykje att i Monas situasjon. For meg var det andre semesteret verst. Eg klarte aldri å stå opp i fredagane. Desillusjonert. Lamma av mine manglande akademiske evner og produserte sider låg eg stiv i senga og tenkte. Men det tar lang tid å tenkje, har eg tenkt i ettertid og ei avslutting er alltid også ei form for byrjing. Ei opning: klisjear! Dette er ei innsikt KK har rappa frå filosofien og som er så inne i tida. Vår eiga. Hu hei!
UTDJUP: korleis romanen fungerer som tidsbilete JF. MILJØ
Mona er ingen sympatisk hovudperson. Ho har ei svært sterk tru på seg sjølv og det ho held på med. Ho ser ned på søstera si og venninna som ho tykkjer lever overflatiske og tomme liv. Dei er ikkje på hennar nivå. Tenkjer ikkje. Studerer ikkje. Tar ikkje livet alvorleg på same måte som ho. Mona er i det heile ein svært usympatisk karakter. Ein får litt vondt av henne, kjenner seg kanskje litt att i henne, eller i det miste har ein sitte ved sida av henne på lesesalen. Den flittige, alvorlege hardtjobbande, litt naive studina: Hurpe!
UTDJUP: KARAKTERANE SOM TYPAR det sjablonaktige OG slutten: kva er det som skjer med denne romanen på slutten, jf. tittelen og slutten på den første romanen: Samanheng?? TENK!
Familien: Ein bør ikkje leike med dragar i vindstille ver, sa bestefar, men likevel er det rart, tykkjer eg, at Tom Egil Hverven, familie-teoretikar-mannen, ikkje seier noko om Oterholm sine romanar, der han leitar og les etter familien. Bror og søster, søster og søster er jo også familie og sjeldan har eg lese råare og meir kraftfulle tekstar om relasjonar mellom søsken enn det ein finn i Oterholms tre små romanar. I den første romanen hennar møter vi broren som spionerer på søstera si medan ho er i ferd med å drikke seg i hel. Han er ikkje i stand til å hjelpe henne, og han er ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ikkje i stand til å leve, å elske, å vere til, så lenge ho, søstera, finst. Romanen bare fordi du vil det er sår. Så uendelege sår. Og vond. Det handlingslamma skrik seg ut frå sidene, som i seg sjølve – gjennom Oterholms så sobre og så utruleg gjennomarbeidde stilistisk gjennomførte språk – er nedtona og avkjølte. Distanserte. I den motsetnaden dette etablerer skjer det noko. I språket. I lesaren. I tanken.
ER HVERVEN RELEVANT? DRA LINE TIL HØ OG TM. Korleis kan det ha seg at ein får tre så like romanar same året?
…
SPRÅKET SIMON! SPRÅKET! Kva skjer i språket jf. også narrasjon og struktur ….
Nora Simonhjell
Født 1970. Forfatter og universitetslektor.
Fotnoter