Kva for noko anna enn Anneli?
Om Alt er noe annet av Synne Lea.
Anmeldelse. Publisert 14. januar 2004.
Alt er noe annet
Synne Lea
Dikt
Cappelen, 2003
I 2003 debuterte Synne Lea med boka Alt er noe annet.
I 1977 gav Eldrid Lunden ut diktsamlinga Mammy, blue. Mange av dikta i Mammy, blue begynner med «Eg er Anna,» og dei heldt til dømes fram med «eg / kan ordne opp, eg / arbeider med å stanse / eit ope ras i ryggrada.» Anna i dikta til Lunden vekslar mellom å vere a) villig, synleg og sterk og b) usynleg og svak. For å overtyde seg sjølv om at ho finst, gjentar ho stadig at ho er Anna (enn usynleg og svak). 'Noko anna' på nynorsk er det samme som «noe annet» på bokmål, og sjølv om det lyriske subjektet til Lunden ikkje alltid er noko, er det altså ofte Anna. Viss ein går på nordisk grunnfag, lærer ein truleg at det er viktig at diktsubjektet til Lunden kallar seg «Anna», og det finn eg ingen grunn til å tvile på. Det er paradoksalt å kalle seg sjølv med navn samstundes som ein påstår at ein ikkje har gripe seg sjølv ved navnet. Alle som heiter Anna bør tenke på dette neste gang dei presenterer seg. De må seie: Eg HEITER Anna, viss de seier ER, kjem de til å bli utydelege1.
Det er ikkje sikkert at Synne Lea kjenner til Mammy, blue, men eg nevner Lunden likevel, ettersom det i boka Alt er noe annet stadig heiter «jeg er Anneli», men til tider blir sådd tvil om det verkeleg er Anneli «jeg» er. Anneli er vel likevel på tryggare grunn enn Anna, i alle fall viss vi tenkjer oss at det er verre å sjølv vere Anna enn at alt anna er anna, slik det er her. Her er det «nye hus hver dag», og det er Anneli som bygger dei:
Tanken er et tau
og jeg er den som trekker.
Jeg vil vite henne når jeg våkner. Jeg vil sette
det helt enkle sammen;
Mori og huset. Meg
i hjørnet
av alt. (18–19)
Språket er reiskapane Anneli brukar for å bygge huset sitt, og huset (husa) hennar må vere å lese som byggverket(a) ho brukar som ramme for å forstå seg sjølv, omverda og Mori på. Mori er den andre navngitte personen i diktsamlinga, og om ho er vanskeleg å få tak på av Anneli, er ho kanskje endå vanskelegare å forstå for lesaren. Kven er ho? Det er lett å tru på ei Anneli som stadig seier at det er det ho er, men Mori kjem ikkje til orde sjølv, og det blir påstått at ho både er i og utanfor Anneli. Ho blir meir diffus, og vanskelegare å få grep om. Eg har lese andre meldingar av denne boka, og alle meldarane vegrar seg for å påstå noko om kven Mori er. Det er ikkje så rart, for ikkje berre er det kjekt å dvele ved dikt som er utydelege og fleirtydige, det er også dumt å stadfeste noko når det er snakk om ei bok som alt i tittelen påstår at alt er anna, og som ikkje nokon stad, verken på framsida eller på dei første sidene, påstår at ho er dikt. Men eg tenkjer likevel at det eg har lese er dikt, og eg likar nok best ei viss grad av stadfesting, så ei stund valde eg å tenke at 'Mori' måtte bety «død»2. Det er ikkje alltid det passar så bra, men det er verdt eit forsøk, til dømes med desse dikta:
[...]
Jeg er kvelden
men jeg blir
ikke gammel. Hun [Mori] er hånden
som heller
alt ut. (32)
Jeg er hestehodet
og Mori er seletøyet
spent for tankene. Vognen er
full av folk. (10)
I det første diktutdraget, er det lett å tenke seg at Mori er Døden: Ho sørger for at Anneli døyr ung, ho heller ut livskrafta hennar. I det andre diktet kan vi tenke oss at Anneli Hestehovud vil springe/tenke lenger enn Mori tillet henne, ettersom ho som Død øydelegger kroppen og som Hugs-at-du-skal-døy er så fryktinngytande at tankane ikkje vågar å bli vidløftige. Mori er ei som forsinkar Anneli, ei som er meir engsteleg, meir tilknappa og meir grinete. Men det er vanskeleg å tenke henne som noko så abstrakt som død når det heiter at «Mori er mitt / menneske» og det er vanskeleg å forestille seg at ho er fryktinngytande, når det så ofte ser ut som om Mori er ei Anneli har omsorg og ansvar for: «Så holder jeg himmelen / høyt og hun / kan krabbe inn» eller «Jeg vasker huset / og gjør himmelen blå.» (6) eller «Jeg er / den sterkeste i skogen. Jeg er den / alle kommer til / når de fryser.» (12)
Så kven er Mori? Er Mori sjukdom? Er Mori kroppen til den tenksomme Anneli? Er Mori medvitet til den praktiske Anneli? Er Mori noko mørkt og vanskeleg som av og til dukkar opp i medvitet til Anneli? Er Mori ein del av personlegdomen til Anneli? Er Mori fornuft? Er Mori barnet til Anneli? Er Anneli barnet til Mori? Ein kan prøve å lese alle desse alternativa inn i diktsamlinga, ingenting passar heilt, og ein blir kanskje nøydd til å finne seg i at ho er ubestemmeleg; «noe annet». Det kan også vere ein synest ho er for mykje av éin ting til at ein finn seg i at alternativa stadig må bli forkasta når ho brått skal vere noko anna enn ho var like før. Og så kan det vere at ho ganske enkelt er Anneli sin verkelege følgesvenn, og at det berre er biletleg tala når det står «Da blir jeg Mori» (43).3
* * *
Dikta i Alt er noe annet er å lese som ein samanhengande forteljing om Anneli og Mori og korleis dei forheld seg til kvarandre og omgjevnadane. Dei finst i eit univers som liknar på røynda; dei har hus, det er himmel og hav, sol og skog, og Anneli kan bruke og forme desse storleikane som ho vil – ho kan feie havet, lappe himmelen, gjete skyene, flette familiar, strikke søstre og like fram huset. Ho brukar orda ho har, og ho bygger hus, lagar dikt:
Stemmen er alene
og fyller huset
med navn. Lyden er møll
i luften; tørr
og flagrende.
Jeg fyller vasene
med ord, vinduene og veggene
hvisker dem
mot gulvene. Stolbena stemmer jeg
på plass. Rep av regn
ankrer himmelen.
Jeg forholder meg til Mori.
Hun fester meg til huset
hver natt. Jeg er ordene
og jeg er
lyden. Jeg
er Anneli. Jeg bygger huset
hver dag. (11)
Det at orda og elementa stadig må bli sett saman på nye måtar for at meininga, sjølvforståinga og verda skal komme fram, er både godt og vondt. Det er godt å vere ovanpå, det er godt å vere den som definerer og fortel. Det er godt å vere den som vaskar og ryddar og slepper andre inn til tryggleik i sitt hus og seier: «Slik ser det ut, ser de vel!». Men det er vondt å vere den som innser at ein ikkje orkar eller maktar å alltid halde byggverket saman:
[...] Noen må velge
hvem jeg er
når jeg sover og ikke lenger vet
hva øynene vil se.
Når jeg våkner plutselig
ser jeg huset
på vid vegg. Det slår
mot hodet. Jeg er kroppen
mot alt som skjer. Jeg holder veggene
sammen med rep. (42)
I Alt er noe annet vekslar Anneli mellom styrke og evne til å halde verda på plass, og vakling og motstand mot å slå fast. Ein gang er stemma så skarp og sterk som sola, slik at du blir blind av å sjå rett på den. Ein annan stad er munnen svikefull, det heiter at «munnen vet / mest. Den holder for øynene når den tenker.» Seinare i same dikt, manglar Anneli både ord og stemme: «Stemmen tenker / en sterk lyd / men tungen trår / ikke til.» (14)
Trass i denne vaklinga, består verda Anneli flettar fram av skarpe og klare bilete. Synne Lea har klart å overtyde meg om både Anneli og «noe annet», og sjølv om eg framleis er usikker på Mori, likar eg denne diktsamlinga svært godt. Når vi skal telle opp dei gode debutantane frå 2003, er ikkje kvinnene i mindretal lenger, og Alt er noe annet ligg høgt oppe på mi liste.
Olaug Nilssen
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.
Fotnoter
Øving: Prøv likevel å seie «Eg er Anna» med Tarjei Vesaas-stemme, og deretter med Olav H. Hauge-stemme. Kva føler de no? Eg tippar de føler kva det er å vere anna, og at det er ladd med djup meining.
Det var min første innskytelse etter å ha hugsa uttrykket 'memento mori', som eg meiner betyr «hugs at du skal døy!». Eg er overtydd om at 'memento' har med hugs å gjere, og at 'mori' dermed må bety «døy» eller «at du skal døy». Dessutan står det i framandordboka: «mors, lat,. døden.»
Eg håpar i alle fall at det ikkje betyr «då døyr eg».
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.