Litteraturen og loven
Om Far og barn i moderlandet av Arild Linneberg.
Anmeldelse. Publisert 20. mai 1998.
Far og barn i moderlandet
Arild Linneberg
Fag, 161 sider
Gyldendal, 1997
Far og barn i moderlandet er tilsynelatande ei sakprosabok om kampen for delt foreldreansvar etter skilsmål. Den kan vera skriven som ei handbok for andre som kan komma i samme situasjon som denne faren, i kamp for samvær og liv med sine barn. Boka går til felts mot tanken om at mor naturleg er mor og essensielt den beste forelder og difor skal ha foreldreretten; den argumenterer altså ut frå ein feministisk ståstad: kjønn er eit kulturelt konstrukt. Og det er ein konstrukta, sjølvlært og unaturleg far som talar faderskapets sak, ut frå praksis, men også ut frå dei teoriar og den kunnskap han har funne til beste for sitt konstrukt. So far so good. Det er ein indignert tone i boka, ein såra tone. Det er ein indignasjon over at kvinner, mine likesinna, ikkje følgjer spelereglane. Det er eit ubehag over å møta den tvetydighet som inngår som overlevingskompetanse i det kvinnelege konstruktet. Det er eit ubehag over å møta på kvinners halvdel, med sin private person og sitt privatliv, som "bevis" i retten: leverte han regnbuksa på rett stad til rett tid? Det er eit historisk faktum at dei fleste kvinner, ofte ufrivillig!, har større privatkompetanse; lesing av romanar bidrar ikkje lite her. I romanar blir romanar direkte eller indirekte både tilslørte og avslørte som romanar; dette kallar Einar Økland romantikk.
For å møta denne ubehagelege situasjonen - postromantikken - velgjer Linneberg å l e s a det som skjer og å dra inn litteraturen som bistandsadvokat og forståingspartnar. Og det er utruleg kor mykje glede og forståing og medleving litteraturen og teoriane om litteraturen kan hjelpa eit menneske med i ein praktisk livssituasjon: litteraturen overgår andre vitskapar om mennesket, som kompas og machete i livets jungel, ikkje berre i Bergen (som har eit ekstraordinært potensiale for å pusha kollektive fiksjonsflak a la politifantasmer). Dei som tvilar på litteraturens nyttefunksjon, les denne boka. Dette er bokas hovudmoral: har du lese din litteratur, din litteraturteori og din kritikkhistorie er du ein uovervinneleg mann! Kan du lesa, går det deg godt. Det går godt til slutt; dette er ingen tragedie, snarare ein melodramatisk farse: der går to dagar med i forhandlingane til ein marsvin.
Kvifor er litteraturen så god ein ballast, også i møtet med samfunnet og rettsvesenets konvensjonar. Her kan me med Linneberg sitera Derrida: "Litteraturen oppstår på det stedet hvor lovene blir laget."
Mange må venta på dei stadene der lovene blir laga; dette viste Kafka tydeleg i sine skriftstykke. I kanons kanon, Bibelen, er hovudrefrenget: Venta på Herren! Det som plagar Linneberg kanskje aller mest er å venta. Når lovene blir laga og lagt om, må andre venta enn dei som venta før. Ventingas dialektikk rammar ikkje minst barna, som før venta på far, men som no ventar på flybussen, på flyet, på å bli henta. I eit maktperspektiv har Kafka lært oss å stilla spørsmålet: Kven ventar? Også Beckett stilte dette spørsmålet. Virginia Wolf venta på så mange rørsler og flikar av fantasmer og bilde at det blei desse ventande, stillstandsbølgande setningane. Vente-temaet er eit endetidstema, "der lov/ene lages." Linneberg viser som alle veit at kjernefamilien er ein av fleire malar; det er fraktalfamilien som rår, med X-ar og Y-ar og dine barn og mine barn: ein ventande storfamilie i stadig forskyving. Eit resultat er den relasjonelle mannen, den ventande mannen.
Linneberg reagerer på å bli gjort til ein romanperson, invadert, både som mannstype og som omsorgsperson og privatperson i løpet av rettsprosessen. Dette må vel vera den viktigaste opplevinga for ein litteraturprofessor. Endeleg sjå og oppleva kva ein romanperson må gjennomgå, dvs. kor frekt folk går rett igjennom ein romanperson og skaltar og valtar med ein romanpersons innerste og ytterste liv. Arils Linnebergs neste kampprosjekt må bli: Romanpersonar i alle land, til kamp mot lesarar, kritikarar og litteraturprofessorar!
Som pamflett synest eg Far og barn i moderlandet, er for lang, for repeterande. Som analyse av "lovene som lages" er den for overflatisk, for mykje prega av defensorat. Her manglar også lesenøklar i knippet: viktige kvinneleg teoretikarar som Kristeva (Histoires d'amour) og Elaine Showalter (Hystories).
Karin Moe
Født 1945. Forfatter og kritiker.
Født 1945. Forfatter og kritiker.