Må «klekkes ut i plenum»
Om Nede fortelling av Øyvind Berg.
Anmeldelse. Publisert 6. november 2000.
Nede fortelling. Dikt på vers og i prosa
Øyvind Berg
Kolon, 2000
Berre for å ha sagt det: denne teksten er skabbete, syndig, frekk og full i tull:
Hun sa det han sa; det står
for noe han ikke sa, sa hun
og la ut om hva som lå
under – da grep han ordet
og sa det han ikke mente
å si, men nå sa hun Stopp! det
er faen ta meg ikke til å tro…
(I omgang med det usagte, s. 8)
Det dummaste ein kan gjere når ein les Øyvind Berg sine dikt, er å byrje å leite etter teoriar å kle dei med. Med lettheit kunne ein gjort bukser av Barthes, jakke av Derrida og silkefora ho med de Mans tidlege skrifter. Til slutt kunne ein sett Blooms hatt på snei. Som ein stivpynta klovn, eller som ein statstilsett akademikar, kunne ein gått inn i rundt i samlinga og helsa til høgre og venstre:
Ha, ha, ha!
Dette er bra!
Men eg vil gå berrføtt langs sidene, skli på den glatte sølvglinsande bokoverflata og renne skallen mot «det møkkahvite papiret».
Kjenslevare blåe blomstrar har alltid hatt dårleg jordsmonn i bøkene til Berg og han har ikkje fraua med kunstgjødsel denne gongen heller. Han brukar møkk. Rein fin møkk som gir tjukt «ordsmonn». Diktet treng ikkje kunstig gjødsel. Diktet veks fram frå grunnen, opp gjennom gørra og gjer spede spirar til kvast spørjande språk:
Hvor mye er det plass til i et dikt
hvis totalbeskrivelsen av samfunnet
ble avromantisert, metrisk forplikta
og konsentrert til et enkelt vers
som med Marx’ ord
ikke er et speil for virkeligheten
men hammeren som hamrer den ut […]
(Lovende nøtt; til Kjartan Fløgstad, s. 9)
Sjølv om alle menneske framleis har ei naturleg trong i seg til å etterlikne – berre høyr på rapparane og deira utleggingar om skandalnavia – er mimesis for pyser. Det er ingen grunn i å dra meisterens ord i tvil. Han var den første til å påpeike at sjølv om måla og middela kan vere ulike, poppar etterlikningane fram i tide og utide. Historia har hatt sitt å dragast med, men like fullt snudd seg i vinden. Dei sentimentale tårane tørka inn, medan dei ideologiske stormane rasa som verst. Det er lenge sidan estetikken var læra om det skjønne og diktet det subjektive sitt uttrykk. Form og innhald har alltid hatt eit slags forhold til kvarandre, sjølv om kranglane ofte har vore oppheita og harde. I dag kler ein av tre seg i pengar og buktar kroppen som perlepynta siv i den forsteina tanke-hagen. Der veks det berre hår og mørkredde fossilar, og det er aldri store ting på Løvebakken lenger. Nokre vil gjerne kalle det Røynda. Andre trekkjer på skuldrene, ristar på hovudet eller jublar: Norge 2000!
Kor mykje av dette er det plass til i eit dikt? Alt! ropar Øyvind Berg, «metrisk forplikta» og konsentrert i mest kvart einaste vers. Med hammaren i språket, svingande mellom «krystall og klassekamp», fører han uttrykket fram til eit «synoptisk pust» – inn – ut – inn – ut – inn….
Ord for ord oppdages verden
og historien kan fastslås, og hverdagen kan mestres
så vi skjelner nødvendig pine fra selvforskyldt
og lærer å tåle den første men unngå den siste
for verden stemmer med uttalt fornuft
og ordnaturen skiller oss fra dyra
men danner et ordsmonn
hvor kapital trives med mennesker verre enn dyr
og de språkmektige bukker under
for noen håndhever makthavernes taushet
og det kan gå grenseløst galt
når de som tar ordet blir dømt
ikke for noe de gjorde, men for
hvordan de ordla seg
i denne verden
hvor boltreplassen ruver høyt
over forstanden
(Variasjon over ¾ setning fra Isokrates’ Panegyrikos, s. 7)
Dette er politiske utsegner. Poeten viser seg som meiningsbrytande versemakar som lagar djupe rifter i eit land der dei folkevalde opptrer som poserande polerarar og fordumminga er sett i system på kjøpesentera. Klisjeen seier at poeten tar pulsen på samfunnet. Hovudstaden skryt på seg stort hjarte, men underslår det faktum at den plassen for lengst er teken av ein batteridriven, fuskande pacemaker. Regjeringa låser seg inne og suttar på oljerøyra sine, medan poeten nynnar fram ein refsande ballade:
En boreplattform er en snorkel
urtidsprinsessa puster i,
og svartånden hennes nører opp i menn
som kjøpslår om å suge henne
ingen kunne bunnmåle –
for de kan mine henne ut
med borehoder
rørlige som elefantpikker,
men kiles hun forkjært
går det med et nys igjennom røret,
og de som overlever iler hjem
og korser seg
som gudbenåda
revpulere skal – ja takke faen
og han Tykje, for ungeflokk og kjærring!
Og mannfolka spanderer hvite hus
som sikkert er vakre i mine øyne
om noen år; når de forvitrer
i lankene til ei lensa prinsesse
som endelig forgriper seg på land.
(Ballade om et julebord i Skagerak, s. 36)
Urtidsprinsessa si yngste søster går i joggesko og krompen har sett for mykje på TV2. Han lever i ein såpeserie og det er tiggarar over alt. Berre dei narkomane er flinkare til å bomme pengar enn kulturbyråkratane. Men ingen gir dikt til byråkratane og pengar får alltids raske føter. Øyvind Berg knekker ytene, kler naken og skjuler mindre enn ordet ingenting. Gørra blir vist som gørr: møkk, og møkka er grøderik. Taramtei!
Dersom ein er slegen til bakken må ein reise seg. Men dersom det er grunnfjellet som ligg nede – kva gjer ein da? Berg sitt svar er å skrive dikt. Heldigvis er det for mange dumme ordspel i denne teksten til at eg slepp å gå inn i tittelen. Han står støtt for seg sjølv – opnar opp det som ligg nede og gjer forteljingar om til poesi.
Ein kunne kanskje skrive at Øyvind Berg lar språket vise fram den verda vi lever i? På mange måtar er det dette dikta hans gjer. Han gir eit annleis bilete av den norske kvardagen enn den ein er i, eller les om i Dagbladet – eller Klassekampen eller Aftenposten for den del. Samanhengane blir dregne på ein ublu måte, for «Den som slår ut tenna på en hel by lever lenger/ får Kongens medaljer og fisfin sprit» (frå «Tjuagutt til siste slutt», s. 25). Dyre dråpar gir ikkje meir intelligent fyll enn heimkoka. Røynda er ein subjektiv ting som dikta gjer allmenne. Dikta kritiserer og er samstundes ein del av det dei kritiserer.
Det for lett å skrive at språket får ein til å erfare verda på ein ny måte. At språket får ein til å oppdage – skape: O’hoi: poiesis – noko nytt. Berg sine dikt skapar ingenting nytt. Men dei teiknar derimot ei ramme kring kvardagane og historia, litteraturen og livet, sidan allitterasjonen er ein trope som opnar for dei store orda, og legitimerer det svulstige. Ramma kan både teiknast og spikrast, men knappast hengast opp på veggen. Dei bileta ho femner er flyktige og (u)foranderlege på same tid. Og heldigvis, til tider, uendeleg plumpe. For det er gudskjelov ikkje berre Sissel Solbjørg Bjugn som DEPPar. Det plumpe løyser seg opp i og løyser opp dei politisk-poetiske påstandane, og held samstundes fram medvitet om at det som blir kritisert innanfor ramma, er det same som rammar og som rammast inn. Diktet undergrev på same tid si eventuelle evne til å fungere kritisk, med det same det viser ramma fram. Dikta ligg ikkje nede for telling, men veltar fram som semantiske flaumbølgjer. Store kritiske bølgjer, fulle av bibelske og litterære allusjonar, som fører med seg kvinner, øl og fyll og annan poetisk rekved Berg kastar på bålet. Det vermer og lyser, medan pløsene blir grilla.
Dei poetiske bilda opnar og lukkar, og «ord for ord oppdages» altså verda. Samstundes viser dikta at det er ei form for makt (eller vald?) til stades. Denne makta finst både i og utanfor språket, i og utanfor diktet. I diktet viser ho seg gjennom indre motsetningar, eller interne negasjonar. Verseliner som følgjer kvarandre negerer ofte kvarandre i Berg sine dikt. Slik kan det einskilde diktet ofte snakke med ein to-tre-fire ulike tunger utan å bable. For korkje språket, eller diktet, kvardagen eller historia, kan kontrollerast av den som eig orda. Dette gjeld både for poeten og politikaren.
Døsig nå, tanketom, drømstinn
løfter jeg hodet fra askebegeret
for utafor piper trafikklyset
som en uthungra gjøkunge
og du, som er lagt i Aldris reir, du
som la sjela i ei teskje og kokte opp –
du ber meg komme, du kan ikke bli
(Siste levering, s. 10)
Språk er meir enn klar tale. «[T]idsfrista» kan ein klamre seg til kjærleiken. Håpe at det kan finnast opningar mellom to. Men mellom to, kan orda bli ein tredje, og dei modale hjelpeverda for vage. Møkka kan rive seg laus frå ordsmonnet og låne stemma di:
[…].
Jeg sluker livskiten rå, og gulpes opp
via en englestrupes
drittgjennomstrømte kropp
som holdt både ord og et helvetes leven
og utgikk pr. dato.
(Egyptisk høyt og lavt; til Per Højholt i andakt, s. 19)
Egg blir knuste når dei fell i bakken. Skalet kan ikkje limast saman, og det livgivande innhaldet blandar seg med golvrusket, brødsmulane som datt ned for nokre dagar sidan, og blir gusjegul slimete gørr. For, «Jeg spiser brød, jeg drikker øl, og jeg drar opp/ kjortelen […]» (Egyptisk høyt og lavt; til Per Højholt i andakt, s. 19). Kunstnarar kan sikkert lage mosaikkar av eggeskal. Med ikonoklastisk fandenivoldskheit kunne ein lagt farge på bitane. Lima dei saman og trått åskodande tilbake for å ta verket i augesyn. Sjølv om bitane er fine i seg sjølve og passar saman i fugemassen, kan mosaikkar bli stygge. I denne teksten, som ikkje er eit egg, seier sjølvsensuren gu’ kor slurvete du legg bitane. Biletet er uferdig, boka blir borte og det bilete du skulle lage av Berg blir meir ei skisse av eit sjølvlagt egg, knust og lima saman til mosaikk. Orda er ureinare enn tanken, og sitatsamansetningane dårleg fugemasse. Skam ta!
Men kvifor må skisser gjerast ferdige? Over berga ligg viddene. Dei løftar opp og gir klarare utsyn til innsikt «Fra et skapforfatterskap» (s. 14): «hvem faen gidder slåss mot gjendiktningstabber og feiltolkninger? Det er for dumt». Det er «Et under at Teksten holdt seg i live!/ Men ett under gir ingen undertekst./ Mer er det ikke å si om den saken» (Ordholden attpåklatt etter Chr. Gunheim: Gamalt fraa Telemark, s. 33).
Nora Simonhjell
Født 1970. Forfatter og universitetslektor.
Født 1970. Forfatter og universitetslektor.