Mulig eg er mindre intolerant om eg skjønar kva du meiner
Om Sannheten av Anne Oterholm.
Anmeldelse. Publisert 20. oktober 2004.
Sannheten
Anne Oterholm
Roman
Gyldendal, 2004
1)
Det er mange måtar å nærme seg omgrepet sanning på. Ein kan mellom anna skrive ein roman med Sannheten som tittel, slik at lesarane kan tru at det er denne, den endelege slike, ein skal få presentert. Lesarar som kjenner notidig litteratur, vil imidlertid sannsynlegvis ikkje tru at dei skal få presentert den endelege sanninga. Dei vil snarare tru at tittelen lovar ei ny problematisering av omgrepet sanning, og ettersom Anne Oterholm sin nye roman Sannheten har ein nyfrelst hovudperson, kan eg bruke ei samtale mellom Jesus og Pontius Pilatus for å illustrere gammal problematisering av omgrepet sanning:
Jesus: I look for truth / And find that I get damned
Pilate: And what is truth? / Is truth unchanching law? We both have truths / are mine the same as yours?
Crowd [ettersom dei hadde villa hatt ei anna sanning enn den det viste seg at Jesus leita etter]: Crucify him, crucify him.1
Mats Sjølie er i byrjinga av tjueåra, og han har nylig blitt kristen. Han føler seg misforstått og plaga av søstera si Trine, av ekskjærasten sin Lena og av mora, fordi ingen av dei vil godta at han har byrja å tru på Gud. I romanen oppheld han seg i den franske feriebyen Saint-Malo, og det romanen fortel at han gjer, er å lese bibelen, tenke og å små- og storprate med folk han møter. Det han tenkjer på er Gud, det han les i bibelen, at han må ete, at Lena var utru, at Pedro, mannen til Trine, var utru mot henne og at mamma, Trine og Lena kvar på sitt vis er feige og dobbeltmoralske når dei ikkje godtar at han er kristen. Til dømes har Trine lovd i Satans navn at Gud ikkje finst:
Mats, fakta faen, jeg lover deg det, fakta faen, det fins ingen Gud. (s. 8)
Mot denne frekke innstillinga, forsvarer Mats seg med følgande tankeverksemd:
Poenget er at en ikke trenger å la tanker om at Gud er en figur som gjør det moderne mennesket utilpass, få slå rot i seg og bli værende. Mennesket er ikke bare engstelig, det er helt avvisende overfor det det ikke kjenner, og det gjør det mye lettere for Trine å avvise Gud enn det er å avvise Pedro. (s. 15)
Så langt er alt vel. Sjølv om språket til Mats består av mengdevis av irriterande slang av typen «mega», «megabarnslig» og «fuck, fuck!», og sjølv om vi får høyre om alskens små keisame ting han foretar seg, har eg stor sympati med tankeverksemda og grublinga hans, i alle fall den som gjeld hans eige forhold til Gud og måten han forsvarer seg mot fordomsfulle antikristne på. Dei fordomsfulle antikristne får eit kroneksempel når Mats møter seksten-sytten-attenåringen Stian, som har eit endå meir irriterande slang-språk enn Mats («spotter deg gjennom rekken av suprisingly giga-ukule klistremerker der på sekken din.» (s. 54)), og som stiller spørsmål ved Mats sin kristendom på ein provoserande, melodramatisk og usamanhengande måte. Rett nok undrar eg meg over at Mats ikkje kan svare tenåringen på om han tar «Bibel’n bokstavelig», ettersom svaret på dette spørsmålet ville interessert meg, men eg er likevel på hans lag i dette irriterande møtet. Etter kvart blir eg imidlertid meir og meir utolmodig når eg les, ettersom Mats er seg sjølv lik når han nektar å svare på spørsmålet til Stian. Grublinga han foretar over bibeltekstane, blir alltid klipte og brote av når dei byrjar å nærme seg noko interessant. Det vi får i staden, er nemleg som regel noko irriterande keisamt og daglegdags, ettersom Mats nesten alltid mistar konsentrasjonen på grunn av at han er svolten, trøytt, for heit eller kåt.
Den siste halvdelen av Sannheten er via til møtet og samveret mellom Mats og Sonja, som kjenner kvarandre litt frå før ettersom Sonja var Trine si veninne på ungdomsskulen. Begge gir hint om at den andre har vore avhengig av Trine sin omsorg, slik at ingen av dei har vore på like fot med henne, og desse hinta er noko av det som skapar sprikar av tvil vedrørande kor sjølvstendige dei har vore då dei valde religiøs tilhøyrsle. Men religiøse er dei i alle fall begge to. Den lange sekvensen med dei to sine samtaler, presenterer tidleg følgjande:
– Kristen?
– Ja …
Jeg ser tilbake på henne.
– Ja …
Hun kler bedre langt hår enn kort hår. Reagerer overhodet ikke på opplysningen om at jeg er kristen, så hvorfor spør hun?
– Både mamma og Trine får fullstendig spader av kristne …
– Godtar de det ikke? Når du først er det, så er det jo bare å leve med for dem også. De har vel ikke så mye valg.
– En skulle ikke tro det …
Hun biter negler, akkurat som Stian.
– Jeg hater intoleranse. Uansett så hater jeg intoleranse.
Jeg nikker.
Hun er egentlig litt pen.
– Vet du hva jeg er?
Hun slår ut med armene.
– Jeg er heks!
Heks? Hva mener hun med at hun er heks? Kødder hun? Jeg hadde nesten begynt å innbille meg at hun kanskje var kristen. Det kjentes nesten som om vi hadde noe felles. Fuck me!
Jeg skulle ønske hun hadde vært kristen.
– Heks som i Harry Potter?
Hun ser tilbake på meg. Temmelig forbanna.
– Beklager, unnskyld, jeg mente ikke å tråkke deg på tærne, men jeg aner ikke hva heks er, og derfor hørtes det plutselig litt ut som en eller annen form for barnebok.
– Kutt ut.
– Jeg bare spurte. Jeg skjønte ikke hva du mente … mulig jeg er mindre intolerant om jeg skjønner hva du mener.
– Faen ta deg! (s. 96)
Skilnaden på denne andre delen av boka og den første delen, er at vi her har to religiøse som må hale og dra forklaringar ut av kvarandre: Kvifor trur dei? Korleis utøver dei trua si? For ei som faktisk er interessert i både kva Mats meiner med kristendommen sin og kva Sonja sin Wicca-religion går ut på, så må ein vere tolmodig for å komme seg gjennom den fleire timar lange samtala deira. For noko får vi vite, men mellom kvart drypp av informasjon, er det side opp og side ned med urimeleg mistenkeleggjering, påstandar om fordommar, sinne og frustrasjon over manglande forståing frå motparten, slik som i dømet over. Likevel blir eg etter kvart meir og meir fanga og oppslukt av situasjonen, romanen er trass alt ikkje noko forsøk på å setje kristendom og wicca-religion opp mot kvarandre i ein fornuftig diskusjon, og når det ser ut til at dei to ulike og kranglevorne karakterane likevel skal finne saman i ein naken felleskap overfor ein Guddom, er intensiteten nærast påtakeleg. Spørsmåla blir: Korleis skal dette gå? Kor forbanna umoden og dum går det an å bli? Kan vi lese dette som eit ektefølt forsøk på å skildre ei grense-erfaring?
2)
Eg har vore fan av Anne Oterholm i fleire år og gjennom alle bøkene, men denne boka hadde eg problem med både på førehand og undervegs. Det første problemet mitt, var at romanen etter omslagsteksten å dømme er den siste av tre i ein «hemmelig trilogi». Den «hemmelege trilogien» har som prosjekt «å vise menneskers ubevisste strategier for å oppheve det individuelle og på den måten fjerne ensomheten og dødsangsten. Det kan vere begjær, det kan være forelskelse, det kan være religiøs tro». No har eg eigentleg ikkje noko imot lesarinstruksjonar, men eg har ein enorm motvilje mot bruken av ordet «hemmelig» i «hemmelig trilogi». Eg oppfattar det som om forfattaren har site og gøymt seg og si eiga tolking av dei to første bøkene medan ho klukklo og venta og såg kva andre klarte å finne ut at det handla om. Eller så er forfattaren så oppgitt over lesarane sine at ho når ho er komen til bok tre, er nøydd til å ta dei i skule og peike på den verkelege meininga; sjå her! Det er dette det handlar om, men det var tydelegvis skjult for deg, du ditt brød, og det trass i at eg nevnte døden i nesten alle intervjua eg gav i samband med både første og andre boka i trilogien2.
Og om dette emnet var «hemmelig» før, så er det slett ikkje «hemmelig» no. Her har vi Mats til Sonja på s. 100:
– Så din konklusjon er at en kristen er en tankeløs tulling som er så redd for å dø at han sitter og klamrer seg til et halmstrå?
Og her har vi s. 121:
– Syns du det er ubehagelig at du skal dø, Sonja? Spiller det noen rolle for en heks om hun dør? Er du redd for det?
– Hvem vet om jeg dør, kanskje jeg ikke dør …
S. 134:
– Syns du ikke det er ganske dust å snakke om ting en ikke har peiling på?
– Nei, alle gjør det, dessuten er det helt legitimt å lengte etter et felleskap, det er fullstendig menneskelig.
S. 153:
– Døden er helt umulig å forstå når den blir konkret. Jeg forstår den ikke. At mamma er død er jævlig.
Og arrgh! Det verkar så alvorleg meint når lesarinstruksjonen påstår at det handlar om det lesarinstruksjonen påstår, men når Mats og Sonja snakkar om døden prikk likt måten døden er omtalt på i lesarinstruksjonen, så blir også eg mistenksam, og ikkje berre mot det dei seier, eg blir mistenksam mot lesarinstruksjonen. I essayet «Det handler uansett om moral» skriv Trude Marstein om bøkene til Anne Oterholm:
Gang på gang lurer jeg på om noe er tåpelig eller smart; og en klarhet i den følelsen, en bekreftelse på det tåpelige eller det smarte, ville begge deler svekket teksten, men jeg får aldri klarhet. Bøkene får meg til å føle meg dum. Dum over det jeg forstår og dum over det jeg ikke forstår, dum fordi jeg blir engasjert, og dum når jeg er helt uinteressert.
Eg synest i første omgang det er tåpelig å insistere på at det handlar om Gud og Død og lengt etter Felleskap når Mats og Sonja berre nærmar seg, men aldri kjem heilt borti nokon av delane, i alle fall ikkje på måtar med meir enn nokolunde interessant erkjenningspotensiale, både for lesarar av boka og hovudpersonar i boka. Dernest tenkjer eg at dette er ei urimeleg og hoven haldning ettersom dei to personane som er skildra kanskje vel så mykje er opptekne av tvihaldinga på si eiga erkjenning, slik at denne eigne erkjenninga er å forstå som deira «ubevisste strategi […] for å oppheve det individuelle og på den måten fjerne ensomheten og dødsangsten.» Deretter finn eg fram Vinduet nr 1/2003 og les Anne Oterholm sitt essay «Det herreløse».
3)
Og dermed blir eg eigentleg berre endå meir irritert.
Eg siterer:
Leseren skal puttes inn i en sannsynliggjort, lukket struktur, den tilsynelatende ekstreme motiveringen av enhver bevegelse, i kontrast til det mangelfulle, og alt sammen bruksanvisningsløst, slik at en ikke kan unngå å stille seg spørsmålet: og hva er egentlig meningen her? Og hvor en av meningene er å leke med tanken om at gjensidig utelukkende motsetninger slett ikke er det. Fryde seg over tilstedeværelsene. Fordi det bidrar til å skape det uferdige. Bidrar til å undergrave Sannheten med stor S. Fordi Sannheten med stor S på alle plan skal undergraves. Overalt og hele tiden og ned til hver minste detalj, fordi det bidrar til at skriveren/leseren til slutt ikke kan unngå å tenke.3
Tenke på kva då? At eg lot meg lure til å prøve å skape samanheng?
Og så lar eg meg lure igjen: Er døden det einaste ferdige? Er sjølve skapinga av det uferdige det «hemmelige» i den «hemmelige trilogien»; at skrivaren og lesaren finn det uferdige meir behageleg enn den ubehagelege, ferdige døden? I så fall er det tydelegvis ein feilslått strategi å bruke overfor meg, som har trudd at alle bøkene handla om noko. Altså finn eg døden meir behageleg enn den «uferdige romanen», den ferdige «døde» romanen meir behageleg enn dei uferdige «levande» Oterholm-romanane.
Nei, eg VIL ikkje tenke, eg vil faktisk helst gløyme at eg har lese og prøvd å seie noko om ei einaste Oterholm-bok. Eg er sur. Eg synest Anne Oterholm inntar ei arrogant, ansvarsfråskrivande og nedlatande forfattarhaldning. Ho innrømmer at den einaste sanninga i bøkene sine er strukturen, at ho lyg og prøver å manipulere, og at eitkvart forsøk på å skape meiningsfull samanheng, er ei misforståing av bøkene. Dermed vil alle som ikkje avfeier bøkene som reinspikka løgn og fjas ha misforstått, og vere mulige å le av. Likevel er ikkje bøkene reinspikka løgn og fjas. Det er ein vinn-vinn-situasjon for Anne Oterholm, ho kan uansett respons sitje igjen på den høge hesten og seie: Jaja, slik las du. Eg ville foretrekke at du i staden konstaterer at det berre er slik det er. Og eg sit på bakken under den vrinskande hesten og den leande Oterholm og surmular: Eg har tapt! Eg var ein velvillig lesar som utsette meg for forsøk på forklaring og forståing, men eg måtte tape!
4) No skulle eg komme med nokre formildande omstende, eller ei høgare innsikt, innrømme at undergravinga av Sanninga med stor S i Sannheten fekk meg til å tenke djupt og høgt og på kryss og tvers. Men nei, det nektar eg å innrømme, for eg er framleis sur, og dessutan fekk eg inga høgare innsikt. I staden kan eg minne om at eg i det siste punktet har essaymeldt (essaysutra over) intensjonsessayet til Anne Oterholm, og ikkje bokmeldt romanen Sannheten.
5) Ha-ha, no er det ingen som veit kva eg eigentleg meiner! Ha-ha, nok ein gong fekk Anne Oterholm ei bokmelding som IKKJE forheld seg til om ho har klart å gjennomføre den essay-nedskrivne intensjonen på ein vellukka måte.
6) I essayet skriv Oterholm også at ho dyttar på lesaren ein tolkingsfridom lesaren ikkje vil ha. Lesaren verkar skikkelig dum som ikkje vil ha denne tolkingsfridomen, lesaren verkar skikkelig dum som heller går laus på teksten fordi han ikkje innbyr til å bli forstått på vanleg vis. For det er vel det å vere lesar handlar om; å overliste forfattarens eigne knep, gjennomskode og sette på plass? Det er i alle fall dette denne lesaren får lyst til når ho synest forfattaren har sett henne kraftig på plass med essayet sitt.
7) Men kvifor har eg denne gjennomsyrande frykta for å bli utledd av forfattaren? Kvifor orkar eg ikkje å jobbe meir med tolkingane av bøkene hennar? Kvifor viser eg i staden fram at eg er fornærma over å ha blitt lurt? Korleis kan eg tru at dette er av interesse for lesarar av denne bokmeldinga og potensielle lesarar av Sannheten?
Fordi eg skal avslutte med å påpeike at eg med dette er prikk lik både Mats og Sonja, og at den harde jobbinga med å avfeie dermed på ingen måte var vellukka. Tenke måtte eg, anten eg ville eller ikkje. Svara på spørsmåla frå avsnitt nr. 1) blir at det ikkje går så bra, at det går an å bli svært umoden og dum og at Mats nok føler at han erfarer noko heilt på grensa grenselaust og grensesprengande. Det er ikkje usannsynleg at lesaren synest ho erfarer noko liknande.
Via den barnslege omvegen må konklusjonen vere: God bok, god trilogi, godt essay!
Olaug Nilssen
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.
Fotnoter
Tim Rice: Jesus Christ Superstar, 1973
Det høyrer med til historia at eg har bokmeldt både første og andre bok i denne «hemmelige trilogien», og at eg mistenker at eg har misforstått begge.
Vinduet nr. 1/2003.
Født 1977. Forfatter. Tidligere redaktør av Kraftsentrum.