Spenning og keisemd
Kor flatt språk er ein overraskande slutt verdt? Det må vere opp til lesaren av Aslak Nores nye roman Havets kirkegård å vurdere.
Anmeldelse. Publisert 11. oktober 2021.
Havets kirkegård
Aslak Nore
Roman, 483 sider
Aschehoug, 2021
Det er mange velkjende forteljingar om krigen, og det er mange ukjende forteljingar om krigen. For begge delar finst det ein marknad, det siste stadig større, i takt med at tidsvitna og sigersherrane (som, som kjend, skriv fyrste versjon av historia) døyr ut. Aslak Nore – Balkan-veteran, journalist, forfattar, krimspaltist og forlagsredaktør – har skrive fleire fortelingar frå fleire krigar: Han debuterte i 2007 med sakprosaboka Gud er norsk, om norske soldatar i utlandet, og kom seinast i 2017 med spionromanen Ulvefellen, sentrert kring ein tidlegare frontkjempar.
Og no har han skrive ei ny: Havets kirkegård, ein thriller sentrert kring arvingane til ein skipsredar og krigshelt som omkom under forliset av hurtigruteskipet DS «Prinsesse Ragnhild» hausten 1940 – eit forlis som er eit historisk faktum, sjølv om årsaka til at skipet gjekk ned aldri er blitt eintydig slått fast. Den rådande hypotesen peikar på ei mine, men skal ein tru eit vitnefråsegn som ifølgje Nores forord til romanen ikkje er ålment kjend, kom eksplosjonen, som kosta meir enn 300 menneske livet, innanfrå skipet sjølv. Denne diskrepansen mellom den offisielle forteljinga («truleg ei mine») og eit tidsnært vitnemål («definitivt ein innvendig eksplosjon») gjer forfattaren til si plottmessige og tematiske overbygning. «Oslofalanksen» av den omkomne redarens etterkommarar, med patriarken Olav Falck i spissen, vert nemleg kasta ut i uroleg farvatn når Olavs mor, den tidlegare forfattaren Vera Lind, tek livet av seg utan å etterlate eit testamente. Den bankerotte bergensavdelinga av slekta augnar moglegheita til å ta tilbake ein større del av den enorme formuen Olav Falck har bygd opp i etterkrigstida, og får overraskande hjelp frå Olavs lojale dotter Sasha, som vert trekt mot løyndommane i farmoras liv: Kva var det eigentleg som skjedde under forliset der ektemannen mista livet og ho så vidt berga eige liv og den nyfødde sonen sin? Svara peikar i ei retning som går på tvers ikkje berre av den forteljinga familien i alle år har fortalt om seg sjølv, men av den offisielle forteljinga om den andre verdskrigens heltar og fiendar. Eit omfangsrikt persongalleri, som òg inkluderer ein tidlegare etterretningsagent med lang fartstid i dei mest betente områda av Midtausten, trekker trådane mellom andre verdskrigen og dagens geopolitiske situasjon, og rettar søkelykta mot dei løyndommane som framleis ikkje toler dagens lys.
Er det spanande? Absolutt. I ein Twitter-tråd som kommenterte Karl Ove Knausgårds overgang til sjangerlitteraturen i og med romanen Morgenstjernen, kom Aslak Nore med ein merknad om at Min kamp-forfattaren kanskje mangla noko av den tekniske kompetansen forfattarar av sjangerlitteratur elles legg mykje stoltheit i. Ettersom eitt av poenga i Knausgård-intervjuet denne tråden tok utgangspunkt i, var at verken Morgenstjernen eller dei to planlagde oppfølgjarane er «plotta», var ikkje dette ein heilt urimeleg påstand frå Nores side. Ikkje var det feil kjeft det smalt frå, heller: Thrillerforfattaren Nore kan handverket sitt, framdrifta i Havets kirkegård er jamt over god, sjølv om ein del parti er vel pratsame, og sjølv om opptil fleire tsjekhovske pistolar som vert ladd i fyrste halvdel, ikkje går av i andre. Mykje av det som kunne vore overraskingsmoment, vert spelt ut ganske tidleg i boka, men den oversikta ein som lesar etter kvart får over Falck-familiens grumsete fortid og koplingane mellom denne og notida, er mangelfull på avgjerande punkt: Det kjem ei overrasking til slutt, som det jo skal gjere.
Det Knausgård til gjengjeld kan, er å skrive tekst som er interessant som litteratur. Det kan ikkje Nore, eller i alle fall gjer han det ikkje i Havets kirkegård. Til ei viss grad handlar dette så klart om sjangerlitteraturen som, vel, sjanger. La gå, så vert ein kvinneleg karakter introdusert via skildringar av kor stramt kleda sitt på kroppen hennar og kor blondt håret hennar er. La gå, så ligg dialogen omtrent like tett opptil korleis folk i verkelegheita snakkar med kvarandre som ein gjennomsnittleg radioreklame på P4. La gå, så vert same substantiv i bunden form gjenteke tre gongar i tre samanhengande setningar, utan at det er mogleg å forsvare som eit litterært verkemiddel. («For Olav Falck var livet en mannjevning. Selvfølgelig hadde han begynt livet med å kjempe for det. / Livet hadde fart godt med ham.») Og la gå, så kjenner mødrene i boka på ei brennande kjærleik til sine born når handlinga krev det, og plasserer med den største lettheit dei same barna i hendene til andre når handlinga krev det.
Dette er uansett ikkje nobelprismateriale, er det ikkje det ein seier? Det er i handlinga og på det tematiske planet det skjer: Etterretningstenesta som gjer jobben alle treng at dei gjer, men som ingen vil vite noko av! Fredsnasjonen Noregs skuggesider! Den glidande linja mellom eit nødvendig og eit uhaldbart forsvarsverk!
Jo då. Men Nore har no eingong etablert seg som Noregs fremste krimekspert – i konkurranse med forfattarkollega Hans Olav Lahlum og bloggkollega Asbjørn Slettemark, men med ein edge i form av at han kan hake av for å vere Riverton-vinnar, avisspaltist og forlagsredaktør. Han, om nokon, kjenner skilnaden mellom Graham Greene og John le Carré, og dei tvitydigheitane som ligg og vakar i deira kjølige, glasklare språkføring, på den eine sida, og ordinær forbrukslitteratur på den andre. Heller ikkje i spenningslitteraturen er form og innhald heilt separate storleikar – og det er noko med Nores avgrensa språklege register, som kjem til uttrykk gjennom hyppige gjentakingar og feilslåtte similar av typen «Han var (...) for pent kledd for anledningen, som en fyr i glatte pensko på nyttårsaften», som gjer det vanskeleg å halde fast på tanken om ein norsk Graham Greene.
Flatheita i språket, og dei manglane i karakter- og miljøskildring som følgjer av dette, vert ytterlegare framheva av at Nore har vald seg nettopp litteraturen som eit sentralt motiv i boka. Eit tapt manuskript av forfattaren Vera Lind, som var det siste ho skreiv før ho av mystiske årsaker la ned pennen for godt i 1970, er nemleg nøkkelen til skapet som husar dei siste, avgjerande skjeletta. Tittel: Havets kirkegård. Ein tidlegare forlagsredaktør gjev barnebarnet Sasha dette omrisset av prosjektet, tidleg i boka:
Hun ville skrive en ode til kystkulturen hun kom fra, med hurtigrutens seilas som ytre ramme. Men det var bare kulissene. Vera ville også skrive en annen fortelling om krigen. En fortelling som brøt med de rådende tanker om venner og fiender, skyld og skam. Krigsheltene var fremdeles i live den gang, Sasha.
Når dette manuskriptet så dukkar opp, vert det (på handverksmessig elegant vis) porsjonert utover romanteksten, slik at ein får lese Vera Linds eigen tekst i sin fulle lengde. Den gjev, for å seie det forsiktig, ikkje inntrykk av å vere ein underkjent forfattars endelege livsverk. Prosaen er ganske enkelt kliss lik Nores eigen, men skriven i fyrstepersonsperspektiv og med eit mindre komponert preg. Ifølgje romanen var manuskriptet klar til utgjeving då det vart beslaglagt med omsyn til «rikets sikkerheit», men ein litterært grunngjeven refusjon ville vore vel så truverdig.
Havets kirkegård handlar på eit grunnleggjande plan om sanning: Kva sanningar er det moglege for oss å leve med, som einskildpersonar og som nasjon? Kva er dei menneskelege kostnadane av å ikkje fortelje sanninga – som einskildpersonar og som nasjon? Nore gjev i sitt for- og etterord uttrykk for eit ynskje om å få kjensgjerningar som tidlegare har vore lite omtalte, fram i lyset: Motstandsarbeid innanfor den tyske hærens rekker under den andre verdskrigen, kva for ei enorm tragedie forliset av DS «Prinsesse Ragnhild» var, den heltemodige innsatsen til mannskapet på MK «Batnfjord» under redningsarbeidet. I kva grad ei skjønnlitterær forteljing, der historiske fakta vert spedd med så store delar fiksjon, er den beste forma for eit slikt oppreisingsarbeid, kan sjølvsagt diskuterast. Fyrst og fremst klargjer det eit syn på sanning som handlar om ytre kjensgjerningar, og ikkje den meir komplekse sanninga som litteraturen trass alt kan bidra til å avdekke om kva det er som styrer menneskas val her i livet.
Men det var vel ikkje ei overraskande avslutning for nokon.
Maria Horvei
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.
Født 1988. Kritiker og tidligere redaktør for Vinduet.