Tidsreiser og amputerte mysterium
Om Omars siste dager av Gaute Heivoll.
Anmeldelse. Publisert 31. mars 2003.
Omars siste dager
Gaute Heivoll
Roman
Tiden, 2003
Gaute Heivoll sin debut, Liten dansende gutt, som kom ut på Tiden Norsk Forlag i fjor, fekk sjangernemninga «fortellinger». Dei korte tekstane synest likevel å ha eit uavklart forhold til form og sjanger. Den manglande viljen til å markera byrjing og slutt, og dei få og repeterande motiva, knyter tekstane svært tett saman. Dei gir inntrykk av å vera brotstykke av ei lengre og samanhengande forteljing, og gir lesaren kjensla av å bryta inn i ein uferdig tekst. Dette skisseaktige er ikkje nødvendigvis eit minus, og i Heivoll sitt tilfelle er det utan tvil gjort heilt bevisst. Den blodferske romanen hans, Omars siste dager, forsterkar inntrykket av at me har med eit formprosjekt å gjera, og at Heivoll sine to fyrste bøker begge inngår i dette prosjektet.
Omars siste dager har fått nemninga roman, og er ein heilskapeleg tekst i større grad enn Liten dansende gutt er det. Romanen har det same fragmenterte, oppstykka preget, men samanhengen mellom historiene er tydelegare og meir uttalt. Heivoll bygger vidare på mange av motiva frå debuten her i andreboka og ein får kjensla av at han freista å seie noko gjennom korttekstane i Liten dansende gutt som han vil tydeleggjera her. Det vart nemnt i ei av dei mindre entusiastiske meldingane av debutboka at den registrerande og tilbaketrekte forteljaren gir historiene eit passivt og stilleståande preg. Dette karakteriserer på eit vis også Heivoll si nyaste bok. Notida som eg-forteljaren finn seg i er nærmast usynleg i det overkøyrande fokus på eit mangfald av digresjonar i form av minner og dokument frå fortida. Til tider er det lett og elegant gjort, og dei mange spranga i tid er lette å følgja, men når ein nærmar seg slutten, vert det for mange lause trådar og uløyste tankar til at prosjektet kan kallast vellukka.
Tekstane i romanen er delvis organisert av Adrian, den forteljande hovudpersonen i boka. Faren til Adrian har kreft og ligg på sjukehuset kor sonen kjem på besøk. Notida i romanen er etter eit slikt besøk, og Adrian sit i bilen på veg heim til farsgarden. Denne bilturen vert, klisjéaktig nok, som ei ukronologisk reise gjennom ulike deler av fortida. Han minnest i dominerande sekvensar barndom- og tidleg ungdomstid med veninna Maria, tidspunktet då faren fortalde om kreften og det etterfølgjande brotet med studiane, jobben hos fotograf Eliassen, den siste reisa saman med faren til Berlin samt ulike episodar frå sjukehusbesøka. Han fantaserer og rekonstruerer også hendingar kring foreldra si ungdomstid, som nygifte og spedbarnsforeldre, besteforeldra ved utbrotet av andre verdskrigen og faren som barn. Utanom desse delane av teksten som forteljaren sjølv reflekterer rundt, inneheld romanen sekvensar som ikkje direkte knyter seg til det organiserande medvitet. Blant desse er to hundre år gamle brev som gjeld spørsmål om pengestøtte til utbetringar av «Finsland Kirke», samt ei grotesk og merkeleg, men på same tid vakker og rørande skildring av ein kalvefødsel og det etterfølgjande forholdet mellom kua og den vesle nyfødde kalven.
Parallelt med og innimellom dette havet av historier, tider og brev, presenterer Adrian utdrag frå Omar, ein tidlegare nabo, si dagbok. Med denne dagboka gir Heivoll seg i kast med eit svært så ambisiøst tilleggsprosjekt som aldri på noko vis blir ein integrert del av det vage omrisset av heilskap i romanen. Omar fortel gjennom dagboka historia om det merkelege fenomenet på Soltjønn: Der har ein regelmessig gjennom vel førti år kunna observera ein lysande, sigarforma gjenstand svevande over skogstjernet. Dagboka skapar eit samband mellom Omar og Andreas, far til Adrian, som også observerte fenomenet ein gong i barndommen. I dagboka skriv Omar at han freistar å få tak i Andreas slik at dei to kan diskutera det merkelege fenomenet saman, men det lukkast han aldri heilt å få Andreas i tale. Utdraga frå dagboka var dei siste notata Omar gjorde før han forsvann på mystisk vis.
Alle desse historiene og dokumenta vert fletta inn i kvarandre heile romanen igjennom, meir eller mindre utan at samanhengane mellom dei vert kommentert og utan forklarande overgangar mellom dei ulike delane. Det fungerer også til tider svært bra fordi dei utelatne forklaringane overlet mykje til lesaren og fordi samanhengane ofte gir seg sjølve. Dei glidande overgangane mellom notid og barndom då Adrian køyrer frå sjukehuset i faren sin bil og fortida overtek medvitet, er elegante og nærmast umerkelege:
Jeg sakker farten og stanser ute på Nykfoss-brua. Maria og jeg stod rett der borte og holdt oss i rekkverket. Jeg husker det helt tydelig; det må ha vert den samme kvelden vi så far bade oppe i Soltjønn, jeg husker det helt tydelig, det må ha vert i begynnelsen av mai. (Heivoll, s. 71–72)
Og då han i ein lang sekvens er tilbake i barndommen på brua saman med Maria og far hennar, og bestefar sin lastebil køyrer forbi og tidene glir fullstendig inn i kvarandre:
(…) hjulene virvlet opp støv, jeg så for meg at det var den mørkeblå tyskerlastebilen til bestefar som kjørte forbi oss, som hadde nesten usynlige overmalte kors på hver av dørene og foran på det butte panseret, at det var pappa og bestefar som satt der oppe bak det lynende glasset, pappa og bestefar som hadde vært i fjordbygda på den andre siden av fjellet, og på en høydott i lasteplanet lå den lille kalven bundet fast til lemmen og i hendene holdt pappa den nye gullklokka til bestefar. Pappa var like gammel som meg, der han satt med nesa klemt flat mot glasset og så ned på Maria og meg, et hvitt månefjes bak glasset. (Heivoll, s. 76)
Her møtest tre tider på eitt spesifikt geografisk punkt: Tre ulike tider på den same plassen i verda på same tid i Adrian sitt medvit. Adrian som vaksen møter seg sjølv som barn, som igjen vert sneia av far sin som jamgammal i bestefar sin lastebil på veg over brua. Desse knutepunkta er karakteristiske for romanen. Ved å kopla saman episodar på denne måten skapar forteljaren ein tettare samanheng mellom personar og situasjonar. Han lagar ein kunstig nær kontakt mellom notid og fortid, som om at minnene ikkje er nok, det må vera direkte kontakt, berøring. Dette ønsket om direkte tilgjenge til fortida vert tydeleg idet Adrian høyrer på faren sin gamle opptakskassett i bilen:
(…) klokka er åtte, opptaket bare fortsetter, hvor er pappa? – hvorfor slår han ikke av kassetten? Jeg kjører oppover dalen mens jeg hører Dagsnytt fra sikkert femten år tilbake – jeg skjønner det på nyhetssakene – det er OL; Geir Karlstad skal gå titusenmeteren på skøyter. Opptaket bare fortsetter, Dagsnytt er ferdig, neste program fortsetter, hvor er pappa? Hvorfor lar han opptaket fortsette? Har han sovnet? Er han ute? Er han oppe på loftet og hjelper meg med leksene? Med matteoppgavene? Er det jeg som har ropt han opp, og så har han glemt å slå av kassetten? Er vi der oppe nå, begge to? (Heivoll, s. 70)
Opptakskassettar og fotografi er minner som kan opplevast med sansane, handfaste minner. Desse motiva dominerer også forteljingane i Liten dansende gutt. Her er musikk og fotografi sentrale som utgangspunkt for fleire av tekstane for å forsterka minner, eller for å sjå for seg og gjenskapa mor og far som unge, mor saman med veninnene sine, mor før ho blir mor og før ho møter far. Den tilbaketrekte forteljaren si notid er også her nærmast ikkje-eksisterande. Ein finn den same desperasjonen etter å halda fast ved fortida, oppleve seg sjølv som barn; gjera den lineære opplevinga av tida om til eit rom kor alt, alle tider eksisterer samstundes.
I Omars siste dager blir liknande koplingar gjort mellom ulike personar i Adrian sitt liv. Ting, episodar og menneske får meining fordi dei vert knyta saman, ikkje fordi dei er meiningsbærande i seg sjølv. Det vert skapa linjer og samanhengar mellom personar ved å påpeika kor alle liknar på kvarandre. Adrian liknar på far sin som liknar på sin far, Adrian liknar til og med på Maria, og frøken, ho liknar på faren sin pleiar og på ei av damene på betalingskanalane på hotellrommet i Berlin. Adrian si frøken frå barneskulen får slik ein kunstig skapt aktualitet, han dreg henne på ein måte fram frå fortida. Fleire av kvinnene i romanen får verdi på liknande vis: Dei to merkelege og utydelege kvinnene Ruth og Pauline vert som historiske søstrer av den meir tydelege frøken. Den einsemda som ein berre anar i dei to fyrste, einslege kvinnene, kjem klarare fram gjennom lærarinna til Adrian sin triste og kjærleikshungrige skapnad. Dei tre speglar seg i og får meining og verdi gjennom kvarandre.
På mange måtar har Gaute Heivoll og romankarakteren hans Adrian, samanfallande prosjekt – Heivoll på eit tekstkompositorisk nivå, og Adrian på eit meir eksistensielt plan. Dei freistar begge å pressa fram meining ved å kopla saman element på ein krampaktig og desperat måte, enten det er tekstelement eller episodar og personar i eit liv. I Adrian sitt tilfelle fortel metoden noko om forholdet hans til si eiga fortid, ønsket om å halda fast ved det som var: Å huska når han føler at han mister alle som betyr og har betydd noko for han: Mor døydde då han var spedbarn, bestevenninna Maria drukna i ungdomstida og far er snart borte, han også. Han vil ha tilbake og kjenna opplevingane av «mammas ansikt, den kjente følelsen av å ta på kinnet hennes, håret, munnen, alt det som nå er umulig å huske, som om det aldri har funnet sted. Eller finnes det et sted hvor jeg ennå vet hvordan det kjennes? Der jeg husker alt, der alt ennå finnes?» (Heivoll, s. 171).
Uheldigvis så speglar romanforma til tider denne desperasjonen i for stor grad og gir meg lyst til å stryka og luka vekk. Det gjeld mellom anna dei gamle breva om Finsland Kyrkje:
Høiærede og høiverdige Hr. Biskop.
Da deres Høiverdighed var på Bjelland Præstegaard den 13. August 1799 og holdt Visitas, var nogle Mænd af Finsland hos Dem og gav tilkjende at Finsland Kirke var noget brøstfeldig saa at den ikke længe kunde staa førend den enten maatte bygges av nye eller sættes istand. Siden den Tid haver her indtruffet saa dyre og besværlige Aarringer, at Almuen som eier kirken, ikke haver seet seg istand til enten at bygge ny Kirke, eller at sætte den gamle istand. (Heivoll, s. 25)
Desse tunge, kjedelege breva om kyrkja på Finsland, er regelmessig representert gjennom heile romanen. Dei vert ikkje kommentert av forteljaren på noko tidspunkt eller sett i samanheng med resten av teksten. Kyrkja er ein del av Adrian sitt lokalmiljø, og han er der på besøk med klassen sin, men dette er ikkje hendingar som synest viktige i romanen som heilskap. Breva kan lesast som ein del av Heivoll sitt formprosjekt: Å spegla Adrian sitt desperate ønske om å skapa fortetta tyding og knyta saman fortid og notid. Men dei får for stor plass og skapar forventningar om oppfølgjande klargjering, og fell til jorda når dette ikkje skjer. Dei vert ståande som kjedeleg lesing utan meining.
Andre gonger fungerer denne indirekte kommenteringa betre. Det gjeld for eksempel dei kursiverte skildringane av kua og den vesle kalven. Desse er også fri for forteljarkommentarar, men perspektiverer på vakkert vis viktige hendingar i Adrian sitt liv. Som den gongen han såg far sin skyta ein liten forkrøpla kalv på garden, og då faren var barn og var med til byen for å henta ein liten kalv som døyr på lasteplanet på veg heim. Desse små, triste historiene gir ein ekstra dimensjon til skildringa av kua og kalven, og er frampeik om den nyfødde kalven sin ulukkelege lagnad.
Dessutan får tekstbitane ein estetisk verdi som lausriven tekst fordi skildringane er gode, både groteske, nesten motbydelege og rørande vakre på same tid. Romanen vert innleidd av kalven sin fødsel:
Det er et svart hode. Smalt, slimete, før det synker innover og nesten forsvinner, som om det var følehornet til en snegle og ved den minste berøring trekkes inn i seg selv. Men så kommer det til syne igjen, og denne gangen strekker det seg lenger ut, glir langsomt og seigt utover, til det henger fritt, dinglende ut av mora, akkurat som om det ser seg nysgjerrig rundt i den nye verdenen det har kommet til. (Heivoll, s. 9)
I desse lydlause og svært visuelle skildringane, syns eg Gaute Heivoll er på sitt beste. Han skildrar det stumme avhengighetsforholdet mellom dyra på ein underleg vakker måte som gjer at ein får lyst til å stoppa opp og lesa sekvensane om igjen:
Noe som kan komme og ta fra henne alt. Alt som kom til henne ut av ingenting. Hun stanser i søla, kaster hodet bakover, glaner bakover i mørket, den lille skapningen står et stykke bak henne, tynn, vaklende. Den kommer mot henne, hun venter, det lille hodet skubber under henne, borer mot juret, drikker av henne. Et stikk gjennom juret. Hun sparker noen ganger i lufta for å komme seg løs, går videre, stamper gjennom søla, gjørma. Kalven blir stående noen meter bak, hun går videre, kalven blir stående, den blir borte i mørket, det drypper melkedråper fra mulen og ned i søla. (Heivoll, s. 52)
I motsetnad til dei daterte breva om kyrkja, vert ikkje desse skildringane knyta til tid før heilt mot slutten av romanen, der dei glir inn i notida og til Adrian sin biltur gjennom dalen:
Skikkelsen kommer mot meg, det er en kvinne. Du må hjelpe meg, sier hun, hun stanser rett foran meg så den ene delen av ansiktet kommer i lyset, jeg har kjørt på noe, sier hun (…) Jeg står nede i grøfta og ser opp på den mørke bilen der oppe, jeg kan se hodet til kvinnen bak rattet, bilen hennes blir gjennomlyst av nærlyset av bilen til far, hodet er svart, som det er en skygge, det beveger seg. Hun har kommet ut av bilen, hun kommer mot meg. Hva er det? En kalv, seier jeg, den er død. (…) En ku rauter plutselig rett ovenfor veien, jeg kan ikke se den, den drar inn luft og presser lyden ut, gang etter gang, voldsomt, den river seg opp innvendig. Det er moren, sier Line. Nei da, sier jeg. Jo, hør da, det er moren, og jeg har kjørt på kalven. (Heivoll, s. 144–145 og s. 148)
Skildringane verkar, i motsetnad til mykje anna i romanen, samlande på heilskapen: Dei initierer teksten, står innleiingsvis tilsynelatande uavhengig av resten av romanen, men får verdi ettersom dei vert knyta opp til sentrale hendingar i hovudpersonen sitt liv, og avrundar med å få direkte innverknad på dette livet.
Omars siste dager er ein roman kor metoden er viktigare enn innhaldet: Det er fyrst og fremst måten Adrian som forteljar strukturerer historia på, som gjev innblikk i motivasjon og tema, meir enn innhaldet i det han fortel. Samstundes speglar den romanforma Heivoll har valt det tematiske innhaldet og Adrian sitt innerste ønske om foreining av uforeinelege element. Og kanskje ligg svaret på mitt siste store problem ved teksten nettopp her, ved det uforeinelege: Kva betyr Omar si dagbok og dei merkelege ufo-liknande fenomena for romanen? Kor skal eg plassera dei? Er dei uforeinelege med resten? Ein stad i romanen lagar Adrian ei kopling mellom noko fotografsjefen hans, Eliassen, kallar kjempeknusaren i California og mysteriet Omar. Eliassen gir ei lengre utgreiing om kjempeknusaren, som etter alt å dømme er (og her måtte eg få assistanse) ein partikkelakselerator. Dette er ein maskin som ved hjelp av bl.a. magnetisk kraft får ladde partiklar til å gå i voldsom fart rundt i bane, slik at forskarar kan observera kva som skjer når dei til slutt krasjar inn i aluminium og det berre er «bruddstykker av atomkjerner igjen» (Heivoll, s. 34). Kjempeknusaren opptek, etter Eliassen si utgreiing, tankane til Adrian og fell i den drømmeliknande passasjen som avsluttar romanen, saman med mysteriet Omar:
Klyngen av hvite frakker deler seg og danner ei trang gate der pappa og jeg presser oss fram. Det lille vinduet lyser mot oss der framme. Det er vinduet alle kikker inn i – som et koøye inn i instrumentet, inn i den svære jernringen. Vi kommer helt fram: Der inne ser jeg at han står. Jeg kjenner igjen ryggen, bakhodet, den grå lusekofta. Jeg vet det er ham. (Heivoll, s. 202)
Omar er inne i partikkelakseleratoren …
Heivoll er god til å skapa spenningar i teksten. Han gir lesaren Adrian sine fragmenterte tankar og slik små spor av mysterium som gir lyst til å lesa og nøsta vidare. På denne måten skapar han spenning rundt kva som eigentleg skjedde med Adrian si mor, med Maria og ikkje minst, hovudmysteriet i boka: Omar og fenomenet ved Soltjønn. Slutten forblir irriterande uforløyst, og den dominerande og tilsynelatande viktige historia om Omar vert hengande i lause lufta. Sjølvsagt er det umogeleg å ikkje fundera vidare på kva dette tyder. Er det verkeleg ein ufo som blir observert over tjernet? Er denne så symbol på noko anna i Adrian sitt liv? Og kva tyder det at Omar er inne i partikkelakseleratoren? For meg endar dette i utgangspunktet spennande mysteriet berre i tull og irriterande spørsmål som øydelegg for det endelege inntrykket av romanen.
I den avrundande notida tek Adrian med seg Line som han møtte på veg heim til garden, opp i skogen for å visa henne Soltjønn. Line er saman med Adrian eitt av dei få levande menneska som vert omtala i romanen. Møtet mellom dei to vert som ein lukkeleg utgang på historia fordi notida igjen får overtaket og ting byrjar å skje også her. Dette dreg fokuset vekk frå minner, fortid, ufoar og Omar, og glad er eg for det!
Gina Marie Nordberg Moe
Født 1976. Oversetter og kritiker.
Født 1976. Oversetter og kritiker.