Urovekkjande frå barnemunn
Om Forsiktig glass av Ingeborg Arvola.
Anmeldelse. Publisert 8. september 2004.
Forsiktig glass
Ingeborg Arvola
Roman
Cappelen, 2004
Det er mange unge forfattarar som prøver å fanga den barnlege forteljarstemma og barnet sin måte å tenka og oppfatta omverda på. Av ein eller annan grunn er forma på desse tekstane ofte den same: korte, fragmentariske episodar som tilsaman sjeldan strekk seg over meir enn 150–200 sider. Til tider er tekstane kryptiske og innfløkte som til dømes i Inger Bråtveit sin roman frå 2002, Munn mot ein frosen fjord. Repetisjonen går igjen som fast verkemiddel i Bråtveit sin roman, men også i Miriam Kristensen si bok Dagene er gjennomsiktige, frå 2000, skapar desse eit messande og insisterande preg som til tider går i retning av det lyriske.
Barnet som formidlar kastar eit underleggjerande lys over romanen sitt røyndomsunivers. Det som driv lesaren framover er mellom anna å leita seg inn til ein slags kjerne av sanning om det fiktive universet som ligg bakanfor og innimellom barnet sine omskapingar, fantasispring og mogelege misforståingar. Både hos Bråtveit og Kristensen er dette universet prega av ein familie i krise grunna eit tragisk dødsfall. Det forteljande barnet er offer for omgjevnadane si sjølvsentrering i sorga og prøver så godt det kan å halda familien saman, samstundes med at det einsamt og aleine skal takla si eiga sorg og sitt eige sakn.
Tragedien kan lett ta overhand i slike historier om barnet som det stakkarslege og uskuldige offer for dei vaksne sin blinde egoisme. Trass i at den vesle forteljaren i Ingeborg Arvola sin siste roman, Forsiktig glass, også er eit offer for omsorgssvikt og egoisme, er dynamikken, humoren og absurditeten som kjenneteiknar Arvola sin stil så gjennomgåande at det tunge, såre og tragiske aldri får overtaket. Men fordi det absurde og sprelske er så tett knytta saman med den barnlege leiken og fantasien og ikkje, som til dømes i Straffe frå 2003, er ein del av det vaksne universet, rokkar det ikkje ved inntrykket romanen gir av å vera ein av Arvolas minst tullete og karikerte og mest realistiske.
Lausrivne episodar
Som dei to romanane eg nemnde innleiingsvis, er også denne sett saman av små tekstbitar. Dei 49 tekstbrokkane heng berre tidvis saman med kvarandre og fungerer mest som små lausrivne episodar. Tekstane er korte historier med kvar sine høgdepunkt, heller enn ei samla forteljing med tilhøyrande tradisjonell spenningskurve. Det er derfor ikkje forventninga om ei løysing eller eit klimaks som driv lesaren framover, men heller ønsket om å koma nærmare og betre forstå det miljøet som blir skildra. Tekstane er likevel organisert under talande overskrifter som «Velkommen til oss», «C/O», «Poste Restante» og «Ukjendt Adresse». Overskriftene etablerer hovudproblema i den vesle forteljarjenta sin kvardag, nemleg ustabilitet, oppbrot og manglande faste rammer. Det vil derfor vera feil å hevda at romanen ikkje fokuserer på barnet som offer og som lidande under vaksne menneskers sjølvsentrering, mistak, og i dette tilfellet fikse idéar. Men det forteljande barnet er ikkje eit stakkarsleg og passivt offer; det er ei viljesterk, kreativ, overlevingsdyktig, men også svært einsam lita jente som viser fram kvardagen sin.
Det kjem fram at forteljaren er ei lita jente, men me får aldri vite kva ho heiter eller kor gamal ho er. Det gjennomgåande inntrykket er likevel at ho er under skulepliktig alder. Det slår meg derfor at ho innimelllom synest overdrivent reflektert for sine unge år, og ein kan få kjensla av at ho er eldre og modnare i nokre av tekstane:
Verden stilner. Elva vider seg ut. Jeg vet hvor jeg er, nedenfor strykene. Det er bra fiskekulper her. Storlaksen sover i dypet. Båten glir gjennom vannet med meg i akterenden, uten årer, uten voksne. Snart vil elva krumme ryggen som en katt, skyte fart og blande seg med sjøen. Det er kanskje nå jeg merker at jeg er død, som fiskene, vi forstår hverandre. Det er noe tynnere enn blod som renner gjennom kroppen min. Jeg tenker ikke på noe som helst. Ikke en eneste ting. Det er bare tomt. Døden er tom. (s. 51)
Det blir ofte oppfatta som ein veikskap ved denne typen romanar at ei vaksnare stemme, ofte relatert til forfattaren, skin igjennom det barnlege uttrykket. Eit slikt brot er ikkje ein veikskap i dette tilfellet. Det gir ei form for djupn til tekstane at det aldersmessige tidvis kan synast å skifta, at ein innimellom får inntrykket av at forteljaren er tilstades, ikkje berre som barn, men også som ein modnare, tilbakeskodande storleik.
Menneska som omgjev barnet blir aldri kalla anna enn «de voksne» eller «mine voksne», men det er tydeleg at det handlar om ei gruppe menneske, og ikkje berre foreldrene til den vesle jenta. Den originale familiestrukturen utgjer eit slags kunstnarkollektiv med eit uortodokst syn på barneoppseding. Det kjem også fram at dei flyttar rundt heller enn å bu ein fast stad. Tidvis har dei eigen bustad, innimellom «bor [dei] på besøk» hos vener og familie, og ofte blir dei kasta på dør fordi dei festar og bråkar for mykje. Dette er deler av den «sanninga» ein som lesar kan nysta opp gjennom dei fantasifulle utlegningane til den barnlege og svært upålitelege forteljaren. Ho både gøymer, tydeleggjer og kommenterer denne røyndomen innimellom overdrivingar, usannsynlege hendingar, besjeling av paraplyar og kuffertar, ønskedrømmar og fantastiske historier.
Tydeleg problematikk
Trass i at den nakne sanninga kan vera vanskeleg å sjå, går det tydelege fram frå starten av kva den vesle jenta saknar og at dette saknet er den underliggande drivkrafta for dei fleste av handlingane hennar:
Jeg vil være hos de voksne. Det klør. Det kribler. Jeg vil være hos de voksne, ved de voksne, i de voksne, det kribler nedover ryggen, under tærne, bak tennene, kribler og klør, jeg vil være hos de voksne, men de vil ikke ha meg på fanget eller hengende i hånda. De har andre ting å ta seg til. (s. 11)
Ho vil kjenna eit større fellesskap med dei vaksne, vera nær dei og saman med dei, men dei vaksne er fråverande og har ein tendens til å forsvinna heilt, ifølgje forteljaren vår: «Om nettene har jeg mareritt om voksne og værelser som forsvinner.» (s. 58). «De voksne er flere steder på en gang. Jeg kler på meg og går ut. Jeg kler på meg og går inn. Jeg kler på meg igjen, og så snart jeg er ute, forsvinner de voksne inn. Jeg gir opp.» (s. 67). «De voksne forsvinner i alle retninger. De er stolte av meg, tenker de, før de slutter å tenke på meg.» (s. 122). Dei vaksne er dessutan ofte omgjevne av høg musikk og støy, og jenta har vanskeleg for å trenga igjennom og synast:
Det tar lang tid før noen av de voksne ser meg igjen. Såret har sluttet å blø, men musikken strømmer stadig utover gressplenen. Den er høyere enn mine snufs. Jeg tenker at ingen legger merke til meg, men akkurat da er det noen sandaler som stanser, skifter kurs og flapper i min retning. (s. 127)
Ho har det aller best når alle dei vaksne er samla rundt henne, som til dømes når dei er på reise i ein trong og varm lugar med senger tett i tett langs alle veggene: «Alle de voksne er en armlengde unna. Jeg står helt stille så ikke gleden skal forsvinne.» (s. 87).
Dei vaksne sine teoriar om barneoppseding er prega av stor fridom og sjølvstende for barnet, noko som gjer at den vesle jenta ofte lengtar etter det motsette. Ho drøymer om gamle koselege damer, kjøttkaker og ein tradisjonell familiestruktur. Det beste er dessutan dei stundene ho kan klemma seg mot ein varm og trygg vaksenkropp:
Er det her du sitter, sier en av de voksne og bærer meg tilbake til senga. Gikk du deg vill, spør han, og først nikker jeg høflig. Så lar jeg meg drukne i en klem som bare blir bedre jo lenger den varer.(s. 89).
Dei kloke vaksne
Dei vaksne sine idéar synest å vera i nærmast krampaktig opposisjon til tradisjonar og det konvensjonelle. Etter å ha blitt kasta ut av ein leilegheit kjem dei troppande opp hos «gubben og kjerringa» som tydeleg berre er sånn middels nøgd med det, og som i tillegg er skeptiske til den frie oppsedinga som pregar jenta:
Hør her, di gamle kjerring, sier en av mine voksne, denne jenta her er ikke født til verden for å lære bordskikk og manerer og høflighetsfraser! Armene knuger kroppen min. Det flammer varme mellom oss. Vi er et helt bål. Fingrene mine brenner og stritter ut i lufta. Mine voksne fortsetter. Denne jenta her skal ikke lære seg å bli noen nikkedukke, og slett ikke noe borgerlig fjols […] (s. 74)
Avsnittet gir ei ubehageleg kjensle av at dei vaksne har mista perspektivet og at barnet har blitt ei slags fanesak i dei vaksne sitt opprør mot foreldregenerasjonen; det heile har kome til å handla meir om ei generell trass mot det etablerte enn om barneoppseding og omsorg.
Det krampaktige og inkonsekvente ved dei vaksne sine idéar, blir indirekte kommentert av den vesle forteljaren som grunnleggande oppfattar dei individorienterte vaksne som ei gruppe menneske som for det meste held seg i flokk-konstellasjon. Når ho spør ein av dei om ho kan få rosa klede fordi dei andre jentene har det, får ho uforståelege svar frå eit av gruppas medlemmer:
En av de voksne slenger seg ned ved siden av meg. Han spør om jeg vet forskjellen på en gruppe og et enkeltmenneske. Jeg rister på hodet. […] Grupper dilter, sier den voksne og stikker fingeren inn i en av tårene på vei nedover kinnet mitt. […] Enkeltmenneske skiller seg ut, tilføyer han, strekker seg dovent på veg til et annet sted. (s. 121)
Det einsame barnet
Barnet sine vinklingar viser fram vaksenverda i eit nytt lys, og dei radikale vaksne blir kategoriske og einspora. Den ideologien som ser ut til å fullstendig styra liva deira og som også pregar oppsedinga, skapar eit barn som lever i eit einsamt vakuum utan særleg kontakt med andre enn seg sjølv og sin eigen fantasi. Ho lengtar sårt etter samvær med andre, men dei vaksne trekk seg unna, og den vesle jenta meistrar dårleg å omgåast andre born. Alt i henne skrik etter å vera som dei andre, vera med dei andre, tilhøyra eit fellesskap, men det einaste svaret ho får frå den lukka klikken av vaksne, er at ho skal fortsettja å dyrka seg sjølv og si eiga einsemd. Reslutatet blir ei rastlaus og svært forvirra jente som kastar opp når ting blir for vanskelege og kosar kvart einaste eitt av dei små kjæledyra sine til døde.
Overordna tek Arvola for seg eit tema som ho ikke er ukjend med. Også i hennar førre roman, Straffe, får hovudpersonen kjenna på kroppen gruppa si makt når ho vender deg ryggen, men også omtanken og støtta ein får glede av så lenge medlemskapet er inntakt. Den viktige skilnaden mellom dei to romanane er at i Straffe foregår alt i vaksenverda, medan det einsame individet her er eit barn som i mykje større grad blir forma og prega av den kvardagen som det blir påført av dei vaksne. Frå den vesle jenta sin ståstad er situasjonen uløyseleg fastlåst fordi dei vaksne si dyrking av seg sjølv og eigen ideologi har gitt dei ei slags forakt for menneske som ser ting på andre måtar. Dei ser nærmast ned på «dei andre» som ikkje følgjer innforståtte reglar, men kler seg i rosa, er «satte» eller er opptatt av faste klokkeslett, middagar og oppvask. (s. 64). «Dei andre» er altså ikkje bra nok, og til dei vaksne sitt fellesskap når ho ikkje fram. Til dagen ho frigjer seg frå dei vaksne, vil ho vera låst fast i ei opprivande einsemd.
På lik linje med dei unge forfattarane eg nemnde i innleiinga, Bråtveit og Kristensen, er Arvola sin overordna påstand at vaksenverda har ein tendens til å ta for stor plass og at dei vaksne ofte kan synast å ha nok med seg sjølv. Her har individtenkinga utarta seg til rein egoisme og manglande omsut for andre. Dei vaksne sine kunstneriske ambisjonar og overordna idealistiske haldningar overdøyver den vesle jenta si stemme uansett kor høgt ho skrik om hjelp. Når jenta leikar med dei vaksne sine paraplyar, leikar at dei er hus for små, usynlege familiar, ropar dei vaksne opp om kreativitet og kunst utan tankar for det eigentlege motivet: «Det er en installasjon, sier mannen. En happening, sier han og ser meg inn i øynene. Jenta er begavet. […] De usynlige familiene, sier jeg på mannens skuldre. Alle de voksne nikker og mumler.» (s. 108). Dei vaksne sine feilgrep og gjennomgåande sjølvsentrering er tydelege og ikkje til å koma utanom. I Arvola sin roman er dei hefta til ei spesifikk tid og ikkje minst til ein spesifikk trend som på mange måtar ligg bak oss. Likevel er problematikken kring det einsame barnet like aktuell i dag i ei tid som er prega av kjøkken-allrum, Arne Jacobsen-stolar og utvida skulefritidsordningar: Her i København kunne danske aviser i sommar mellom anna melda om at fleire og fleire foreldre nyttar barnehagane også i feriemånadane slik at dei lettare kan dra på ferie utan born.
Avstand og frigjering
Arvola sin vesle forteljar held hovudet over vatnet trass dei tydelege problema ho har med å takla tilværet. Avstanden ho kjenner til dei vaksne gjer at ho lettare kan sjå dei utanfrå og innimellom, tvers gjennom dei: «Jeg tror ikke det er mulig å forklare dem om ting som forblir der de er, som ikke kjører til andre steder, som ingen plukker opp og blåser vekk sand fra. De voksne står jo aldri stille. De kjører på alle veiene og plukker opp alle tingene de finner.» (s. 104). Dessutan, som eg nemnde innleiingsvis, så trur eg den vesle jenta får hjelp til å vurdera situasjonar og menneske frå eit modnare sjølv, frå eit tilbakeskodane blikk som har frigjort seg frå dei vaksne som det som barn lengtar etter. Utan hjelpa frå denne storleiken trur eg ikkje jenta hadde kunna gjennomskoda dei vaksne i den grad ho faktisk gjer, og heller ikkje hadde ho søkt avstanden og frigjeringa så eksplisitt. Ho er alt på veg bort frå dei same vaksne som ho lengtar mot: «Det er sånn det skal være. Der er de, og her er jeg. De voksne. De går ut døra i samlet flokk.» (s. 102). På eit vis er det lovnaden om fridom og sjølvstende som skapar balanse i det såre og vonde, og som ei slags hjelpande hand frå ei overskodeleg framtid, held det motet oppe hos barnet. Denne frigjerande rørsla skapar også den nødvendige dynamikken i romanen som hindrar håplaus stagnasjon og monotoni. Barnet sjølv blir ei tydeleg motvekt til dei uklåre og fråverande vaksne og ikkje ein slapp storleik som let seg knuga av dei vaksne si sjølvsentrering. Det er også dette gjennomgåande ønsket om frigjering som får det siste ordet i romanen: «Jeg gjør det. Legger hånda over de voksne og tryller dem vekk. Etterpå greier jeg ikke å trylle dem tilbake.» (s. 134).
Gina Marie Nordberg Moe
Født 1976. Oversetter og kritiker.
Født 1976. Oversetter og kritiker.