Et dikt
Av
Gunnhild Øyehaug
Lyrikk. Publisert 14. april 1999.
Eg stig inn i ansiktet ditt,
eit audeland der naseryggen,
augetuene, leppesteinane
kring ein uttørka brønn er dekt over
av hud, eit bleikt trekk som i ei gamal stove
til vern mot det du fryktar:
oska fra mitt utbrende blikk.
Du tende det, du let det brenne ut.
No sit eg, ørkentrøytt, på stupet av eit augnebryn
og osar som ein gamal kamin.
Det skjelv og dirrar under setet
når golvuret ditt røper seg
tikk for tikk
Gunnhild Øyehaug
Født 1975. Forfatter og skrivelærer.
Gunnhild Øyehaug
Født 1975. Forfatter og skrivelærer.