Okk, det skal vel vera stillferdig i år igjen
Utdrag fra «Tre tekster» av Karin Moe.
Kortprosa. Fra Vinduet 2/1979. Første gang publisert på nett 30. august 1999.
Stillferdigt skal det vera, ja. Stillferdige bruksdikt til kvardags. Attpå stiltrar stillferdige kritikarar laus i usynlege annonsar og puslar om at her er meir stillferdigt enn det mest stillferdige frå ifjor. Og der sit dei, alle stillferdige diktarane. På støydempande rompeballar. Med isopor i pennane. Vil du veta ka eg trur, så trur eg at dei lurer seg til eit digert ark jamsides det stillferdige. Her havnar alle bannstorstygg og storord etterkvart som dei klør i fingrane. Og setningar som må heisast opp i flaggstengene for å nå bakkjen! Det arket sku eg likt å sett på trykk. Eg sku brukt det ihel sjøl om det ikkje kan brukast å pakke inn nistematen i. Svovel og englahår er enno ikkje vortne standard kvardagsurter i kjøkenkarmar og glitter er berre lov til jul. Lagå at du kan få problem med å bruka det arket. Torkar du deg med det, er der berre ein flik å halda i, så forseggjorde ord er der frå før. Kan nokon bruka eit ark med ein grøn sau på, som brækjer velsigninga over ein skokk søndagskledde kentaurar? Husk at den utfor glaset grasar grå og stillferdig.
Lagå, det stillferdige har noko for seg. Blir det berre skrive så lungene står ein meter framfor blyantspissen at no får det honen henta verta stilt. Det har vore stillferdigt lenge nok.
Karin Moe
Født 1945. Forfatter og kritiker.
Født 1945. Forfatter og kritiker.