search-button

Sonette 19

Gjendiktning av William Shakespeare.

Grådige tid, klypp løvas skarpe klo,
La jorda tære opp sin eigen grunn.
Brenn fuglen Fønix i sitt eige blod.
Plukk tann for tann frå sluken tigermunn.
Gjer glad og trist, alt ettersom du fér,
Gjer kva du vil med alt, lettføtte tid,
Øyd opp all bleike venleik som du ser,
Gjer slutt på alle ting som driv forbi.
Men ein ting skal eg nekta deg igjen:
Set ikke spor i venens anletsdrag.
Dra ikkje linjer der med alders penn,
Som mønster for ein ynglings morgondag.
Men skjer det vonde likevel, så høyr:
Eg veit at versa mine aldri døyr!

Født 1957. Poet, oversetter, forfatter.

Fotnoter

    Meld deg på Vinduets nyhetsbrev!