To dikt
Av
Finn Øglænd
Lyrikk. Publisert 10. juni 1998.
Antalya
Vi gjekk over stranda i Antalya og kunne ikkje seie
noko om dette, det var februar, 18 grader
og vår i lufta. Noko sprengde seg mot hinnene.
Februar, 18 grader, minnest ingenting
anna enn akkurat dette lyset, kanskje tobakkskioskene,
gatene, dei heilt vanlege gatene.
Men nokon spør
Du kan ikkje snakke deg vekk frå dette:
Lampen, senga, morgonlyset.
Den heilt idiotiske stilla og nokon som spør deg om noko,
og gir deg ein vanvittig kort frist til å svare.
Du reiser deg frå senga, lener deg mot døra.
Det er ein grå dag, og du har ingenting å seie til nokon.
Finn Øglænd
Født 1957. Poet, oversetter, forfatter.
Finn Øglænd
Født 1957. Poet, oversetter, forfatter.