To dikt
Dikt. Publisert 3. februar 1999.
(frå kjennskapen til morgonar tidleg om hausten)
før
augene mine
opnar seg i ein uverstyngd skalle
i dette sekundet som jagar mot ei framkalling
søv eg med andletet vrengt mot veggen
ei veksande skråning
uvitande om at eg er meg sjølv
ligg eg framleis utstrekt på chaisselonguen
og les strofer av swinburne og shelley
om opprøret i napoli, steinkastet
mot ruta, forgreiningane
av knust glas
(internianimate)
eg held dei mellom hendene
dei som ruslar langs fjørene og pirkar under steinane
med harde kvistar eg held dei fast dei som stør seg
til sykkelstyret og tel svanene i vassenden kvar kveld
som snakkar med små vindkast i bregnene
eg kjenner leppene deira usløkkjelege i ein lummer song
tonar som tilber alt eg ikkje kan forklare
eg held dei fast
Øystein Orten
Født 1962. Poet og forfatter.
Født 1962. Poet og forfatter.