Tre dikt
Dikt. Publisert 28. oktober 1998.
Ennå ikkje halvvegs, eg er allereie etterlyst, så mistrudd
lenge før, og slik det sømer seg; dei ser meg koma død og
drægga, nakne meg, ein spinkel jentegut med brune brystvorter
under kvitskjorta; eg løftar ingen tommel, men let hofta
kvila mjukt mot autovernet, tørkar hendene på buksa, lukkar
munnen, men er mistrudd lenge før og stadig like open.
*
undrande begjærleg, ifrå elskar til elskar, så kronisk debuterande
og usjølvstendig; når ein framand kler seg naken, blir eg kvinne,
blir den kvinna eg elskar, og gløymer, med hennar kjølege hand mot
panna; eg er eit sjukt barn.
*
eldgammalt busskur, nedkjørte skilt, eit strippa bilvrak. Kvitt
lysande steinar i oljegrusen, langstrakte spor av brent gummi.
Vegen er smal og smuldrar i kantane. Yr i lufta, lukt av kyr og
nyslått gras. Han seier at han elskar meg. Her! seier mannen, her
kan eg elska. Han har så store føter, går med små små steg over
ferista.
Ingvild Røstbø Kausland
Født 1974. Poet og forfatter.
Født 1974. Poet og forfatter.